Føresegnene i denne lova gjeld berre så langt anna ikkje fylgjer av avtale eller serlege rettshøve.
Når lausøyreting frå to eller fleire eigarar vert såleis blanda eller samanbundne at kvar ikkje kan få sitt utskilt att utan for stor skade og kostnad, vert det sameige.
Kvar eigar får så stor part som svarar til det verdet som skriv seg frå han.
Om ein av dei samankomne ting er hovudtingen i blandinga eller det samanbundne, får eigaren av hovudtingen retten til det heile.
Den som lagar ein lausøyreting av annan manns tilfang, får retten til tingen, når arbeidet er meir verdt enn tilfanget og det ikkje er nemnande grunn til å leggja han noko til last for det som er hendt. Eig tilverkaren noko av tilfanget sjølv, skal verdet av det leggjast attåt verdet av arbeidet.
Ved avgjerd etter fyrste stykket skal det i rimeleg mon takast omsyn til om tingen har eit serleg verde for nokon av partane.
Den som misser retten til tingen sin etter §§ 3 eller 4, har rett til vederlag, men ikkje meir enn det verdet som skriv seg frå han. Det same gjeld ein tilverkar som ikkje får retten til tingen etter § 4.
Er det grunn til å leggja vederlagskrevjaren noko til last for det som er hendt, kan vederlaget setjast ned eller falla bort.
For den som har bruksrett eller annen serleg rett, gjeld det same som for ein eigar etter §§ 2-5.