Etter denne lova kan det vinnast hevd på eigedomsrett eller bruksrett til ting.
Med ting er meint fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdepapir. Med verdepapir er meint omsetningsgjeldsbrev og dermed likestilte dokument og omsetningspapir som representerer retten til ein part i eit selskap.
Likt med bruksrett er rekna handpantrett.
Det kan ikkje vinnast hevd til lausøyre som har arkeologisk, forhistorisk, historisk, litterær, kunstnarisk eller vitskapleg verde, og som er teke frå nokon
ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, eller
ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving.
Det kan heller ikkje vinnast hevd til lausøyre som vert omfatta av lov om godtroerverv av løsøre 2. juni 1978 nr. 37 § 2 nr. 2.
I avtale med framand stat kan det gjerast unntak frå føresegnene i lova her.
Den som har ein ting som sin eigen 20 år i samanheng, hevdar eigedomsrett.
For lausøyre og verdepapir er hevdstida 10 år.
Har to eller fleire ein ting etter kvarandre i samanheng og overgangen mellom dei er lovleg, er hevd fullført når hevdstida etter § 2 er ute.
Den som veit at han ikkje eig tingen, hevdar ikkje. Det same gjeld den som ikkje veit det avdi han ikkje har vore så aktsam som han burde etter tilhøva.
Heller ikkje kan nokon hevda når verja eller ein annan som styrer med tingen for han, har kunnskap som nemnt eller ikkje er aktsam nok.
Den som har tingen til forvaring, leige, lån eller pant, kan ikkje hevda eigedomsrett. Det same gjeld den som har ein annan rett til å sitja med tingen.
Hevdinga stoggar når det vert reist søksmål mot hevdaren om retten til tingen, såframt det endar med at saksøkjaren får medhald.
Det same gjeld når hevdaren misser tingen og ikkje får han att innan 2 år, eller ikkje innan same frist reiser søksmål om tingen eller krev tingen att frå den som sit med han i samsvar med lova om hittegods.
Kjem tingen til rette eigar, stoggar hevdinga i alle tilfelle.