Denne lova gjeld tilsyn med ymsesidige sjøtrygdelag som etter sine vedtekter har eit geografisk avgrensa virkeområde, og som ikkje kan teikna større trygd enn kr. 25.000 for eiga rekning på ein vågnad, og berre trygdar farty, fiskereiskap, utstyr og fengd, og reiaransvar, tidstap og andre trygdingar som går inn som eit naturleg ledd i moderne fiskeridrift. Finanstilsynet kan i serlege høve godkjenne høgare sum enn kr. 25.000 for eiga rekning på ein vågnad, men ikkje høgare enn kr. 100.000.
Områdeavgrensinga i første leden gjeld ikkje for attertrygding i samsvar med attertrygdskipnad som Finanstilsynet har godkjent. Arbeidsområdet kan vera meir enn ti kommunar når det kjem av at talet på kommunar i området aukar etter at laget er skipa.
Har laget gjort ei attertrygdavtale som er godkjent av Finanstilsynet, kan høgstesummen for eiga rekning på ein vågnad aukast til kr 100.000. Dersom Finanstilsynet finn det forsvarleg, kan det for det einskilde lag godkjenne høgare sum, men ikkje utover kr 300.000.
Kongen kan endra summane i første og tredje leden for trygd for eiga rekning på ein vågnad.
Ein kjøl, garnlenk, anna reiskapseining eller ein lagringsplass vert rekna for ei vågnadseining.
Kongen kan fastsetja at lova og skal gjelda andre sjøtrygdelag når det er rimelegt etter den verksemd dei driv.
Kongen kan fastsetja at eit ymsesidig sjøtrygdelag skal gå inn under forsikringsloven1 når det trengst etter den verksemd laget driv. Eit slikt lag står då ikkje lenger under denne lova her.
(Oppheva)
Kongen kan gjeva reglar om lagskiping og styreskipnad.
Foretaksnamnet åt laget skal syna kva slag trygdeverksemd laget driv, og at det er eit ymsesidigt trygdelag. Laget må ikkje ta eit foretaksnamn som svarar til eller lett kan føra til mistak med noko namn som alt er nytta av eit anna norsk trygdelag eller av utanlandsk lag som arbeider her i riket.