Verkeområde
Forskrifta gjeld for opptak til grunnutdanningar ved universitet og høgskular. Med grunnutdanningar meinast høgare utdanningar som bygger på vidaregåande opplæring, og som ikkje bygger på anna høgare utdanning.
Forskrifta gjeld ikkje ved innpassing etter første studieår i fleirårige utdanningar, for opptak til anna utdanning på lågare nivå som byggjer på grunnutdanning og for opptak til etter- og vidareutdanning. For slike utdanningar kan institusjonane fastsette opptakskrav og rangeringsreglar sjølve dersom departementet ikkje har fastsett slike reglar.
Kvalifisering for opptak til høgare utdanning
For å vere kvalifisert for opptak til universitet og høgskular skal søkaren ha oppnådd generell studiekompetanse med mindre forskrifta opnar for opptak på anna grunnlag, jf. kapittel 3. Kva som gir generell studiekompetanse følger av §§ 2-2 til 2-5.
Opptak på grunnlag av norsk vidaregåande opplæring
Søkarar som har bestått studieførebuande norsk vidaregåande opplæring eller bestått fag- og yrkesopplæring med påbygging til generell studiekompetanse, får generell studiekompetanse. Sjå også § 7-2.
Søkarar som ikkje har bestått norsk vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, kan få generell studiekompetanse på grunnlag av 23/6-regelen. Vilkåra er at søkaren fyller 23 år eller meir i løpet av opptaksåret og har bestått faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnskunnskap og historie frå studieførebuande norsk vidaregåande opplæring i et omfang som fastsett i fag- og timefordelinga og tilbodsstrukturen med heimel i opplæringslova § 1-6 tredje og fjerde ledd.
Opptak på grunnlag av utanlandsk vidaregåande opplæring
Søkarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa får generell studiekompetanse når den vidaregåande opplæringa gir eit generelt opptaksgrunnlag til universitet og høgskular i dei respektive landa.
Søkarar som har utanlandsk vidaregåande opplæring frå land utanfor Norden, skal oppfylle utdanningskravet og språkkrava i vedlegg I (GSU-lista), for å oppnå generell studiekompetanse. Sjå også § 3-8. Ved særskilte høve kan anna utdanning godkjennast som likeverdig.
Søkarar som har utanlandsk vidaregåande opplæring frå land utanfor Norden og som ikkje oppfyller krava i andre ledd, er kvalifisert når dei kan dokumentere å ha bestått fag i samsvar med § 2-2 andre ledd.
Opptak på grunnlag av utdanning frå International Baccalaureate (IB)
Søkarar med Diplom frå IB som enten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgare nivå («higher level»), eller fyller kravet til norsk i vedlegg I (GSU-lista), får generell studiekompetanse. Sjå også § 7-2.
Søkarar som ikkje har oppnådd Diplom frå IB, men som har fått IB Diploma Programme Course Result (tidlegare IB-Certificate), får generell studiekompetanse om dei oppfyller norskkravet i første ledd, har meir enn 20 poeng og enten har bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgare nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgare nivå («higher level»). Slike søkarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3 i desse faga. For begge alternativa må faget Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay vere bestått.
Opptak på grunnlag av høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning
Søkarar som ikkje har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, kan få generell studiekompetanse på grunnlag av bestått 2-årig høgare yrkesfagleg utdanning (120 fagskulepoeng/studiepoeng frå fagskule).
Søkarar som ikkje har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, kan få generell studiekompetanse på grunnlag av bestått eitt år norsk høgare utdanning (60 studiepoeng).
Søkarar som har teke utdanninga omtalt i første og andre ledd på eit anna undervisningsspråk enn norsk eller eit anna nordisk språk, må dokumentere kunnskapar i norsk med éi av prøvane omtalt i vedlegg I (GSU-lista). Desse søkarane må i tillegg kunne dokumentere kunnskapar i engelsk med éi av prøvane omtalt i dette vedlegget.
Generelt om unntak frå kravet om generell studiekompetanse
Universitet og høgskular som ønsker unntak frå kravet om generell studiekompetanse utover det som følger av §§ 3-4 til 3-7, må søke departementet om det.
Opptak på grunnlag av realkompetanse
Søkarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret og som ikkje har oppnådd generell studiekompetanse og ikkje er kvalifisert for opptak etter føresegnene i §§ 3-4 til 3-7, har rett til å få vurdert sin realkompetanse opp mot eit konkret studium. Dersom realkompetansevurderinga viser at søkaren har dei nødvendige faglege føresetnadene for det konkrete studiet, er søkaren kvalifisert for opptak til dette studiet.
Med realkompetanse siktar ein til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse søkar har tileigna seg uavhengig av læringsarena gjennom formell, ikkje-formell og uformell læring.
Opptak på grunnlag av dispensasjon
Søkarar som ikkje har oppnådd generell studiekompetanse på grunn av funksjonsnedsetting har rett til å få vurdert beståtte fag opp mot eit konkret studium. Det er eit vilkår at søkaren kan dokumentere at det har vore umogleg for dei å oppfylle einskilde av dei krava ein normalt må oppfylle for å få generell studiekompetanse. Dersom dispensasjonsvurderinga viser at søkaren har dei nødvendige faglege føresetnadene for det konkrete studiet, er søkaren kvalifisert for opptak til dette studiet.
Opptak på grunnlag av fag- eller sveinebrev (Y-veg)
Universitet og høgskular kan ta opp søkarar som ikkje har generell studiekompetanse til følgande spesielt tilrettelagde studium dersom søkarane har relevant fag- eller sveinebrev:
Ingeniørstudium
Studium i akvakultur, havbruk og fiskeri
Studium i nautikk
Studium i marinteknisk drift
Studium i serviceleiing og marknadsføring
Studium i paramedisin.
Opptak på grunnlag av forkurs o.l. ved opptak til matteteknologi, tekniske fag og nautikk
Universitet og høgskular kan ta opp søkarar som ikkje har generell studiekompetanse til matteteknologistudium, integrert masterstudium i teknologiske fag, 3-årig ingeniørutdanning, maritime studium og nautikkstudium dersom søkarane har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014. For opptak til matteknologistudium kan også søkarar som har bestått 1-årig tilpassingskurs få opptak utan å ha generell studiekompetanse. Sjå også § 7-2.
Opptak til einskilde språkfag for søkarar med samisk, kvensk og finsk tilknyting
Universitet og høgskular kan ta opp søkarar som ikkje har generell studiekompetanse til samisk semesteremne og samisk nybyrjarkurs, dersom søkarane kan dokumentere samisk tilknyting. Institusjonen fastset nærare reglar for å dokumentere krav om tilknyting.
Universitet og høgskular kan ta opp søkarar som ikkje har generell studiekompetanse til årseining i kvensk eller semesteremne i finsk, dersom søkarane kan dokumentere høvesvis kvensk eller finsk tilknyting. Institusjonen fastset nærare reglar for å dokumentere krav om tilknyting.
Opptak til einskilde kunstfag for søkarar som har særskilde faglege føresetnader
Universitet og høgskular kan gjere unntak frå kravet om generell studiekompetanse for ein søkar som har særskilde faglege føresetnader ved følgande studium:
Studium i utøvande og skapande kunst, scenekunst og musikk
Studium i film, audiovisuelle media, og tv ved Høyskolen Kristiania
Studium ved Den norske filmskolen ved Universitetet i Innlandet.
Opptak med unntak frå kravet om norskkunnskapar
Kravet til norskkunnskapar i § 2-3 andre ledd gjeld ikkje søkarar med utanlandsk vidaregåande opplæring ved opptak til studium der norsk ikkje er undervisningsspråk.
Kravet til norskkunnskapar i § 2-3 andre ledd gjeld heller ikkje for dei som skal studere i Noreg gjennom deltaking i internasjonale utvekslingsprogram.
Opptak på vilkår på grunn av dokumentert fråvær ved eksamen
Søkarar som har dokumentert fråvær ved eksamen, jf. opplæringsforskrifta § 9-36, kan få opptak til høgare utdanning på vilkår av at søkaren har karakteren to eller betre i standpunktkarakter og består eksamenen ved første avhaldne eksamen etter opptaket. Det er ein føresetnad for opptak at søkarane oppfyller spesielle opptakskrav med sin standpunktkarakter.
Søkarar som får opptak etter første ledd, kan ikkje få reservert studieplassen til seinare opptak.
Studentar med opptak etter første ledd som ikkje fyller opptakskrava til studiet innan den fastsette fristen, mistar studieplassen og studieretten.
Studentar som går opp til eksamen i eit studium dei har fått opptak til etter første ledd, får ikkje utteljing i studiepoeng for denne eksamenen utan at opptakskrava er oppfylte.
Institusjonar som gir opptak etter første ledd, skal så langt det er mogleg og rimeleg legge til rette for at studenten både kan gå opp til eksamen i vidaregåande opplæring, og gjennomføre studiet. Dersom institusjonane ikkje kan legge til rette på denne måten, skal studenten få forlenge studieretten på same vilkår til neste gong det blir arrangert eksamen i det aktuelle faget i vidaregåande opplæring.
Opptak på vilkår for utanlandske søkarar utan opphaldsløyve
Utanlandske søkarar utan opphaldsløyve som har fått plass på årskurs i norsk, og som kan dokumentere at dei fyller dei andre krava for opptak til påfølgande, ordinære studium, kan få tilbod om studieplass på påfølgande studium på same institusjon på vilkår av at søkaren fullfører og består årskurs i norsk.
Generelt om spesielle opptakskrav
Universitet og høgskular som vil ha spesielle opptakskrav utover det som er fastsett i dette kapittelet, må søke departementet om det.
Spesielle opptakskrav gjeld i tillegg til kravet om generell studiekompetanse. Fagkrava refererer til norsk vidaregåande opplæring, studieførebuande utdanningsprogram.
Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar enn dei spesielle opptakskrava som er fastsett i dette kapittelet, kan godkjennast som likeverdig.
Spesielle opptakskrav til einskilde studium
Ved opptak til helse- og veterinærfag gjeld dei spesielle opptakskrav som følger av vedlegg III, tabell A.
Ved opptak til informatikk, realfag og natur- og miljøfag gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell B.
Ved opptak til arkitekturfag og teknologiske fag gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell C.
Ved opptak til økonomiske og administrative fag gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell D.
Ved opptak til lærarutdanningar gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell E. Departementet kan etter søknad frå ein institusjon innvilge unntak frå nivåkrava for opptak til lærarutdanningar dersom institusjonen har tiltak som varetek dei same omsyna som nivåkrava er meint å vareta. Kva dispensasjonar departementet har gitt følger av vedlegg III, tabell F.
Ved opptak til engelskspråklege studium gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell G.
Ved opptak til kunstfag gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell H.
Ved opptak til diverse andre studium gjeld dei spesielle opptakskrava som følger av vedlegg III, tabell I.
Om rangering, kvotar og karakterar
Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som skal fordelast mellom søkarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav. Alle kvalifiserte søkarar som innan fastsette fristar for opptaket dokumenterer at dei oppfyller kriteria for ein kvote, konkurrerer om studieplass i kvoten.
Rangering i førstegongsvitnemålskvoten skjer på grunnlag av karakterpoeng og eventuelle poeng etter § 5-7. Rangering i ordinær kvote skjer på grunnlag av karakterpoeng og eventuelle poeng etter § 5-7 og § 5-8. Ved berekning av karakterpoeng i ordinær kvote skal karakterforbetringar erstatte tidlegare karakter(ar) i same faget. Karakterpoeng er gjennomsnitt av talkarakterar, med to desimalar, multiplisert med ti.
Søkarar med høg poengsum skal rangerast framfor søkarar med låg poengsum. Søkarar med lik poengsum i ein kvote skal rangerast etter loddtrekning.
Ved opptak til spesielt tilrettelagde studium på grunnlag av fag- eller sveinebrev (Y-veg), jf. § 3-4, avgjer institusjonen korleis poenga skal bereknast. Søkarar med karakteren mykje godt på fag- eller sveineprøven skal rangerast framfor søkarar med karakteren godt når søkarane elles har den same poengsummen.
Søkarar som ikkje kan poengbereknast, skal rangerast i høve til poengberekna søkarar ved hjelp av ei individuell skjønnsmessig vurdering. For å få tilbod om opptak må søkaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengberekning.
Tidleg opptak
Institusjonar kan gi tidleg tilsegn om opptak til søkarar som har dokumentert behov for dette, og er kvalifisert for studia dei har søkt på. Institusjonane fastset poenggrense for tidleg tilsegn om opptak og avgjer kva for studium det er mogleg å søke om tidleg opptak til.
Opptak til ledige plassar
Når alle kvalifiserte søkarar som har søkt innan ordinær søknadsfrist har fått tilbod om plass på eit studium, kan institusjonane lyse ut studiet på nytt med ledige studieplassar. Kvalifiserte søkarar kan få tilbod om opptak til ledige studieplassar utan omsyn til reglane om rangering i dette kapittelet.
Rangering ved fleire kvalifiseringsgrunnlag
Søkarar som oppnådd generell studiekompetanse på fleire grunnlag kan berre rangerast på eitt av følgande grunnlag etter prioritert rekkefølge:
norsk vidaregåande opplæring, jf. § 2-2 første ledd
utanlandsk vidaregåande opplæring, jf. § 2-3 og § 2-4
23/6-regelen, jf. § 2-2 andre ledd
høgare utdanning, jf. § 2-5 andre ledd
høgare yrkesfagleg utdanning, jf. § 2-5 første ledd.
Grunnlag som kan poengbereknast, går likevel framfor grunnlag som ikkje kan poengbereknast.
Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote
Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkarar som ikkje fyller meir enn 23 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter opplæringsforskrifta § 9-47. Fram til 1. januar 2027 omfattar kvoten også søkarar som nemnt i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning § 7-2 første ledd andre punktum. Kvoten omfattar også dei som kvalifiserer for opptak med utanlandsk vidaregåande opplæring dersom dei har oppnådd generell studiekompetanse innan fem år etter oppstart og ikkje fyller meir enn 23 år i opptaksåret.
65 prosent av studieplassane skal tilbydast søkarar i kvoten for førstegongsvitnemål.
Søkarar som fyller kriteria for opptak i kvoten for førstegongsvitnemål, men som ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare i ordinær kvote.
Universitet og høgskular som vil ha unntak frå kravet om førstegongsvitnemålskvote, må søke departementet om det. Det er ikkje førstegongsvitnemålskvote ved yrkesfaglærarutdanning, trafikklærarutdanning, studium ved Steinerhøyskolen og tradisjonelt bygghandverk. Det same gjeld også desentraliserte studium og deltidsstudium som har eitt års arbeidserfaring som spesielt opptakskrav.
Omrekning frå utanlandske til norske karakterar
Søkarar med utanlandsk vidaregåande opplæring skal rangerast på grunnlag av § 5-1. Karakterpoenga skal bereknast slik som fastsett i vedlegg II. Dersom det er fastsett lineær omrekning og dette blir urimeleg, skal rangering skje etter § 5-1 fjerde ledd.
For søkarar med utanlandsk vidaregåande opplæring som kvalifiserer for opptak etter § 2-3 tredje ledd skal tilleggspoeng for fag som nemnd i § 5-7 som er avlagt i norsk vidaregåande opplæring, reknast inn i karakterpoengsummen etter ei gjennomsnittsutrekning som om søkaren hadde 25 karakterar frå det utanlandske vitnemålet.
Tilleggspoeng for realfag og samisk frå vidaregåande opplæring
Søkarar får inntil to tilleggspoeng for programfag frå programområde for realfag og eitt tilleggspoeng for samisk som førstespråk frå vidaregåande opplæring. Faga må vere bestått. Søkarar skal ikkje få utteljing for fag som overlappar kvarandre. Alle programfag frå programområde for realfag med eit omfang på 140 timar gir 0,25 tilleggspoeng, med unntak av faga matematikk R2 og fysikk 2, som gir 0,5 tilleggspoeng. Søkarar får ikkje tilleggspoeng for samisk som førstespråk ved opptak til studium med kvote for søkarar med samisk språkkompetanse.
Søkarar med vitnemål frå tidlegare norsk vidaregåande opplæring eller vidaregåande opplæring frå utlandet, kan få tilleggspoeng etter første ledd dersom søkarane har fagkombinasjonar som må reknast som likeverdige.
Tilleggspoeng for militær førstegongsteneste eller sivilteneste
Søkarar får eitt poeng for fullført militær førstegongsteneste eller sivilteneste.
Spesielle kvotar
Når særskilde omstende gjer det ønskeleg, kan departementet fastsette spesielle kvotar for einskilde studium. Universitet og høgskular som ønsker å bruke spesielle kvotar, må søke departementet om det. Dei spesielle kvotane følger av vedlegg IV.
Studieplassane i ein spesiell kvote skal fordelast slik at 65 prosent av plassane blir sette av til søkarar i førstegongsvitnemålskvoten og 35 prosent til søkarar i ordinær kvote. Søkarar som fyller kriteria for opptak i ein spesiell kvote, men ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare utanfor den spesielle kvoten, jf. § 5-5. Sjå likevel § 5-10.
Kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse
Når særskilde omstende gjer det ønskeleg, kan departementet fastsette kvotar på einskilde studium for søkarar med samisk språkkompetanse for å sikre eit visst antal studentar som er funksjonelt samiskspråklege på studiet og i yrket studiet fører til.
Kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse skal fyllast sist.
Følgande studium har kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse:
bachelorstudium i dokumentar- og TV-produksjon ved Universitetet i Innlandet
veterinærstudium ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet
studium i akvakultur, fiskerifag og fiskehelse, ergoterapi, ernæring, farmasi, vernepleie, odontologi og paramedisin, helsefaglege profesjonsstudium i sjukepleie, fysioterapi, tannpleie, bioingeniør og radiografi, profesjonsstudium i medisin og psykologi og integrert masterstudium i rettsvitskap og teknologiske fag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
For å kunne bli teken opp i kvoten for søkarar med samisk språkkompetanse, må eitt av følgande kriterium vere oppfylte:
søkar må ha hatt samisk som førstespråk i grunnskule eller vidaregåande opplæring
søkar må ha hatt samisk som andrespråk nivå 2 i grunnskule eller vidaregåande opplæring
søkar må ha bestått 60 studiepoeng i samisk som morsmål frå universitet eller høgskule.
Kvotar for søkarar med regional tilknyting
Når særskilde omstende gjer det ønskeleg, og det er i tråd med EØS-avtalen, kan departementet fastsette kvotar på einskilde studium for søkarar med ei nærare bestemd regional tilknyting for å sikre eit visst antal studentar med denne tilknytinga er representert på studiet og i yrket studiet fører til.
Følgande studium ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet har kvote for søkarar med nordnorsk tilknyting: studium i ergoterapi, ernæring, farmasi, vernepleie, odontologi og paramedisin, helsefaglege profesjonsstudium i sjukepleie, fysioterapi, tannpleie, bioingeniør og radiografi, profesjonsstudium i medisin og psykologi og integrert masterstudium i rettsvitskap og teknologiske fag.
For å kunne bli teken opp i regional kvote, må søkaren legge fram dokumentasjon på regional tilknyting frå offentleg myndigheit. Den skal vise at søkaren har budd i den aktuelle regionen dei siste ti åra, og framleis er busett der. Dersom søkaren ikkje har budd i regionen dei 10 siste årene, kan søkaren likevel konkurrere i kvoten dersom søkaren kan dokumentere minst to av følgande punkter:
vitnemål frå vidaregåande opplæring eller fag- eller sveinebrev i regionen
vitnemål frå grunnskuleopplæring i regionen
budd i regionen minst 10 år totalt.
Kvotar for sikre eit visst antal studentar av begge kjønn
Når særskilde omstende gjer det ønskeleg, og vilkåra i likestillings- og diskrimineringsloven om positiv særbehandling er oppfylt, kan departementet fastsette kvotar på einskilde studium for å jamne ut skilnader, oppnå meir likestilling mellom kjønna og sikre at eit visst antal studentar av begge kjønn er representert på studiet og i yrket studiet fører til.
Andre spesielle kvotar
Det er fastsett følgande spesielle kvotar for følgande studium:
kvote for søkarar med et halvt års relevant arbeidserfaring ved opptak til journaliststudium
kvote for søkarar med godkjent eittårig forkurs med full fagkrets ved opptak til ingeniørutdanning (bachelor). Søkarane blir poengberekna på grunnlag av karakterpoengsum frå forkurset
kvote for søkarar som er innstilte av Norges Idrettsforbund ved opptak til bachelorstudium i sports management, bachelorstudium i trening, helse og presentasjon og bachelorstudium i treningsrollen og idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskole
kvote for søkarar med minoritetsbakgrunn ved opptak til journaliststudiet ved OsloMet – storbyuniversitetet
kvote for søkarar med interkulturell eller internasjonal erfaring ved opptak til sosionomutdanninga ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
kvote for søkarar med minst eitt års relevant arbeidserfaring ved opptak til hotelleiingstudiet ved Universitetet i Stavanger
kvotar før søkarar med bustadadresse i kjernekommunar og regionkommunar ved opptak til fleksible, desentraliserte bachelorstudium i sjukepleie ved Universitetet i Søraust-Noreg.
For å kunne bli tekne opp i kvoten må søkarar dokumentere tilhøyrsel i gruppa i samsvar med reglar fastsette av institusjonen.
Rangering på grunnlag av opptaksprøve
Universitet og høgskular som ønsker å bruke opptaksprøve som grunnlag for rangering utover det som følger av andre og tredje ledd, må søke departementet om det.
Institusjonar kan, utan å søke departementet, bruke opptaksprøvar som grunnlag for rangering på følgande måtar:
Inntil 20 prosent av studieplassane kan fordelast blant kvalifiserte søkarar basert på rangering frå opptaksprøve. Resten av studieplassane skal fordelast på grunnlag av § 5-1
Opptaksprøve kan brukast som einaste grunnlag for rangering av kvalifiserte søkarar med meir enn 55 skulepoeng.
Opptaksprøve kan brukast som grunnlag for rangering av kvalifiserte søkarar i kombinasjon med rangering på grunnlag av poeng etter reglar fastsette av institusjonen, så framt poenga veg tyngst.
Opptaksprøvar skal brukast som einaste rangeringsgrunnlag, etter reglar fastsette av institusjonen, på følgande studium:
studium i utøvande og skapande musikk
studium i scenekunst
forfattarstudium
Studium ved Kunsthøgskolen i Oslo
produktdesignstudium og bachelorstudium i tolking i offentleg sektor ved OsloMet – storbyuniversitetet
studium i samtidskunst ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
bachelorstudium innan film og TV ved Universitetet i Innlandet
integrert masterstudium i arkitektur ved Bergen Arkitekthøgskole
studium i utøvande og skapande kunst Ved Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet
bachelorstudium i film og TV, visuell kunst, bachelorstudium i manus, bachelorstudium i låtskriving og produksjon, bachelorstudium i lyddesign og studium i dans ved Høyskolen Kristiania.
Institusjonane som har rangerande opptaksprøvar skal i utforming og gjennomføring av slike opptaksprøvar ta omsyn til at studiet reelt sett skal vere ope for søkarar frå heile landet.
Det samordna opptaket
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er ansvarleg for å samordne opptaket til grunnutdanningar ved universitet og høgskular i Noreg.
Ved endringar som institusjonane kan fastsette sjølv i opptakskrav eller rangeringsreglar for studium i det samordna opptaket, skal institusjonane informere direktoratet for høgare utdanning og kompetanse minst eitt år før endringane tek til å gjelde.
Behandling av personopplysningar i opptaket
Institusjonane og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse kan innhente opplysningar om namn, fødselsnummer eller d-nummer, arbeidserfaring og vitnemål og annan dokumentasjon på oppnådd kompetanse frå andre offentlege myndigheiter, offentlege system for vitnemål, statlege, fylkeskommunale og private utdanningsinstitusjonar, når formålet er å behandle søknad om opptak til utdanning ved universitet og høgskular som deltek i det samordna opptaket etter universitets- og høyskoleloven § 8-5 tredje ledd.
Institusjonane og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse kan ta avgjerder etter heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er behandlingsansvarleg for den nasjonale opptakstenesta.
Klage på vedtak om opptak
Klagar over enkeltvedtak i det samordna opptaket, jf. § 6-1, skal behandlast av den nasjonale klagenemnda for opptak, jf. § 6-4.
Den nasjonale klagenemnda skal ikkje behandle klager på vedtak om opptak på grunnlag §§ 3-2 og 3-3 og klage på vurdering av spesielle opptakskrav som omfattar særskilde faglege føresetnader eller opptaksprøvar etter nærare reglar fastsette av institusjonen. Klagar på slike vedtak skal behandlast ved kvar institusjon, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-1 andre ledd.
Korleis den nasjonale klagenemnda skal nemnast opp og vere samansett
Departementet nemner opp klagenemnd for opptak til høgare utdanning.
Klagenemnda skal ha sju medlemmer og vere slik samansett:
ein leiar og ein nestleiar skal vere juristar, jf. advokatloven § 67. Departementet utpeikar leiar og nestleiar. Nestleiar er vara for leiar.
to medlemmer og to numeriske varamedlemmer frå dei institusjonane forskrifta gjeld for.
éin medlem med personleg varamedlem frå forvaltingsområdet for vidaregåande opplæring.
to medlemmer og to numeriske varamedlemmer som representerer studentane. Medlemmene skal oppnemnast i samsvar med forslag frå representative studentorganisasjonar.
Medlemmene oppnemnast for inntil fire år, med unntak av studentrepresentantane som oppnemnast for inntil to år. Medlemmene kan gjenoppnemnast éin gong. Personar som har vore varamedlemmer kan oppnemnast i to periodar som fast medlem.
Krava i likestillings- og diskrimineringsloven § 28 første ledd skal oppfyllast for studentrepresentantane og dei andre medlemmene kvar for seg.
Avgjerd i den nasjonale klagenemnda
Klagenemnda er vedtaksfør når minst fire medlemmer, inkludert leiaren eller nestleiaren og éin studentrepresentant, deltar i behandlinga.
Vedtak blir treft ved alminneleg fleirtal av stemmene. Ved stemmelikskap har leiaren i nemnda dobbeltstemme. Dersom leiaren i nemnda ikkje er til stades, har nestleiar dobbeltstemme.
Overgangsreglar om utsett iverksetting mv.
Fram til 1. januar 2028
gjeld ikkje regelen i § 5-4 om rangering ved fleire kvalifiseringsgrunnlag
gjeld heimelen for krav om geografisk tilknyting i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning § 4-11
er den øvre aldersgrensa i kvote for førstegongsvitnemål 21 år og 50 prosent av studieplassane skal tilbydast søkarar i kvoten for førstegongsvitnemål
får søkarar tilleggspoeng etter forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning §§ 7-8 til 7-11
gjeld kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse etter § 5-10 for søkarar som enten har samisk som første- eller andrespråk i vidaregåande opplæring, vitnemål frå grunnskule som viser samisk som første- eller andrespråk eller bestått 60 studiepoeng eller semesteremne i samisk som morsmål frå universitet eller høgskule.
Overgangsreglar for tidlegare ordningar
Vidaregåande opplæring og anna opplæring som tidlegare har gitt generell studiekompetanse, blir likestilt med generell studiekompetanse etter forskrifta.
Søkarar med Diplom frå IB frå før 2021 som har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), eller fyller kravet til norsk etter § 2-3 andre ledd, har generell studiekompetanse.
Søkarar til arkitektstudium ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet som har bestått 2-årig fagskuleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, har unntak frå kravet om generell studiekompetanse.
Søkarar som dokumenterer fastsette spesielle opptakskrav med studieretningsfag frå vidaregåande opplæring før 2006, oppfyller kravet når dei kan dokumentere det fastsette kravet på VKII-nivå eller tilsvarande («høgaste nivå»). Søkarane blir samstundes rekna for å ha oppfylt lågare nivå i faget.
Iverksetting og oppheving
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2027. Frå same dato blir forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning oppheva.