Rettskildene og arbeidsområdet ditt klargjøres.
Rettskildene og arbeidsområdet ditt klargjøres.
Forskrift
Utbetalt bustøtte er 73,7 prosent av differansen mellom godkjente buutgifter etter § 2 og § 3 og ein eigendel etter § 4, § 5, § 6, § 7 og § 8.
Ved utrekning av godkjente buutgifter inngår:
Husleige for leigde bustader
Felleskostnader og utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden for bustader i burettslag, eigarseksjonssameige, aksjeleilegheiter og obligasjonsleilegheiter
For andre bustader er godkjente buutgifter
driftsutgifter med kr 15 262 per år
utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden
utgifter til kommunale avgifter som er fastsett på grunnlag av innhenta opplysningar om gjennomsnittet frå kvar kommune
eigedomsskatt
festeavgift.
For dei som ikkje betalar for oppvarming heilt eller delvis gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 7 631 per år.
Årlege buutgifter som ligg innanfor følgjande øvre grenser (buutgiftstak) går inn i utrekninga:
kr 92 234 i ein husstand med ein person
kr 113 774 i ein husstand med to personar
kr 125 977 i ein husstand med tre personar
kr 138 182 i ein husstand med fire personar
kr 150 385 i ein husstand med fem personar eller fleire.
I nokre kommunar er den øvre grensa for årlege buutgifter høgare enn i resten av landet. Grensa er:
kr 27 982 høgare i Oslo
kr 19 079 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum
kr 12 720 høgare i Kristiansand, Lillestrøm, Frogn, Lørenskog, Nordre Follo, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.
Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 5 724 per år.
Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.
Minste eigendel er kr 26 576 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 137 462 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 137 462 lagt til eigendelen.
For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 245 278 blir enda 63,56 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 245 278 lagt til eigendelen.
Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 295 795 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i lova.
Inntektsgrensa i andre ledd er kr 156 275 og inntektsgrensa i tredje ledd er kr 264 613 for husstandar som har eit medlem som er einsleg og har alderspensjon etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 19 og 20.
Grunnlaget for omrekning av inntekt jf. § 7, er inntekta og formuen til alle medlemane i husstanden, med nokre unnatak. Inntekta og formuen til barn under 18 år teller ikkje med, heller ikkje inntekta til vaksne under 20 år når dei ikkje sjølv er hovudsøkjar. Inntekt frå NAV-ytingar som utbetalast i høve til meldekort for 14 dagar av gangen, reknast med med to tredeler av beløpet i månader der tre påfølgjande 14 dagars perioder blir utbetalt i same kalendermånad.
Opplysingar om inntekt blir henta inn frå Skatteetaten kvar månad på bakgrunn av tal frå a-ordninga, jf. lov 22. juni 2012 nr. 43 om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m.
I tillegg må søkjaren gje opplysningar om skattbar inntekt og formue som ikkje blir henta inn frå a-ordninga, som til dømes næringsinntekter, kapitalinntekter og formue for heile året. Om ikkje søkjar gjev slike opplysningar, kan Husbanken stipulere tal på grunnlag av siste fastsetting av formues- og inntektsskatt (eventuelt etter korrigering frå skattekontoret, jf. lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) kapittel 12). Slike inntekter skal reknast som likt fordelt gjennom heile året, med mindre særlege omstende gjev grunnlag for unnatak.
Husbanken kan sjå bort i frå opplysningar etter a-ordninga, dersom dei openbert ikkje er korrekte.
Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt.
All inntekt og formue i eller frå utlandet blir rekna med brutto beløp i norske kroner.
Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 886 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.
Dersom søkjaren kan dokumentere at det er teke refusjon i etterbetaling frå NAV skal refusjonen ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte.
Etterbetalingar av G-regulerte ytingar frå NAV eller frå kommunar som gjeld mai og som vert utbetalt i juni, skal ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte for juni. Dersom søkjaren gjennom ein klage gjer Husbanken merksam på at etterbetalingar for mai som kjem frå andre kjelder eller i seinare månader, skuldast trygdeoppgjeret, kan Husbanken sjå bort frå desse etterbetalingane.
Til inntekta blir det lagt 65 prosent av den delen av netto formuen til husstanden som er att når eit fribeløp er trekt frå. Fribeløpet er kr 344 231 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet formuesverdien av eigen bustad inntil kr 722 883.
Det blir fastset ei omrekna inntekt som blir nytta ved utrekninga av eigendel, jf. § 4. Inntekta til husstanden, medrekna tillegg for formue, blir dividert med ei vekt etter kor stor husstanden er og korleis han er sett saman. Vekta til husstanden kjem fram ved å summere dei einskilde vektene til personane i husstanden. Første person i husstanden har vekta 1,0 og kvar einskild av dei andre personane har ei vekt på 0,13 dersom dei har fylt 18 år, og på 0,15 dersom dei er under 18 år.
Personar som var del av ein husstand som fekk utbetalt bustøtte for desember 2014, og som då fekk ytingar etter folketrygdlova kapittel 12, skal ha eit frådrag i inntekta så lenge dei får slike ytingar. Det blir først fastsett eit årsbeløp som svarer til dei ytingane vedkomande hadde per 1. desember 2014 og som gjekk inn i grunnlaget for uføretrygd etter forskrift 3. juli 2014 nr. 947 om omrekning av uførepensjon til uføretrygd. Deretter blir det rekna ut eit årsbeløp som svarer til uføretrygda per 1. januar 2015. Frådraget i inntekta skal svare til differansen mellom dei to beløpa med eit tillegg på 3,43 prosent av denne differansen.
Ein søknad om bustøtte skal setjast fram på søknadsskjema og innan fristen Husbanken har fastsett. Ufullstendige søknader blir rekna som om dei ikkje er komne innan søknadsfristen. Blir søknaden retta innan éin månad etter søknadsfristen, blir han likevel rekna som komen innan fristen.
Blir søknaden om bustøtte avslått som følgje av behovsprøvinga, skal søknaden prøvast på nytt to månader utan at søkjaren må levere inn ny søknad. Søknader som blir innvilga, skal overførast til ny vurdering månaden etter.
Den første i kvar månad er utgangspunktet for alle opplysningar om husstanden og bustaden ved utrekninga av bustøtte for denne månaden.
Både dei som faktisk bur i bustaden og dei som er registrerte i folkeregisteret som busette på adressa, blir rekna med i husstanden. Det kan i særlege høve gjevast fritak frå kravet om registrering som busett i bustaden. Barn med delt fast bustad kan reknast med hos båe foreldre.
Søkjaren skal gje opplysningar til kommunen om endra forhold som søkjaren forstår eller bør forstå har verknad for utrekning og utbetaling av bustøtte.
Teieplikta etter forvaltningslova hindrar ikkje Husbanken og kommunane i å gje ut opplysningar frå bustøtteregisteret og bustøttesøknadene til
NAV, likningskontor og andre kommunale instansar som i sakshandsaminga si treng opplysningar om dei som får bustøtte og kor mykje bustøtte dei får
revisjon eller anna form for kontroll av verksemda til Husbanken og kommunane.
Bustøtte blir utbetalt på etterskot den 20. kvar månad. Minste utbetaling er 63 kroner per månad.
Husbanken betaler bustøtte direkte til søkjaren. Utbetalinga skal skje direkte til kommunen dersom søkjaren og kommunen har inngått avtale om det jf. lov om bustøtte § 9.
Dersom korrigerte opplysningar frå a-ordninga eller etterkontroll syner at mottakaren har fått utbetalt for lite eller for mykje bustøtte etter forskrifta her, skal det gjennomførast eit etteroppgjer.
Husbanken hentar inn oppdaterte opplysningar frå a-ordninga fram til fastsetting av formue og inntektsskatt for det same året.
Dersom det er utbetalt for høg bustøtte fordi mottakaren hadde høgare inntekt og formue enn det som er lagt til grunn da støtta vart vedteken, skal for mykje utbetalt bustøtte motreknast mot seinare bustøtte eller krevjast tilbake med mindre anna følgjer av siste ledd.
Dersom det er utbetalt for låg bustøtte fordi mottakaren hadde lågare inntekt og formue enn det som er lagt til grunn da støtta vart vedteken, skal for lite utbetalt bustøtte betalast ut til mottakaren med mindre anna følgjer av siste ledd.
For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 63 kroner. For mykje utbetalt bustøtte skal ikkje betalast tilbake dersom summen er lågare enn eitt rettsgebyr, jf. lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr.
Bustøtte kan bli nytta til motrekning av eit krav som Husbanken har på tilbakebetaling av feil utbetalt bustøtte.
Forskrifta blir sett i kraft 1. januar 2013. Frå same tidspunkt blir forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte oppheva.
Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt som følgje av endra bustøttereglar frå 1. juli 2009.
Overgangsordninga etter første ledd gjeld ikkje dersom den omrekna inntekta til husstanden blir høgare enn den høgste av den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte i juni 2009 og den til kvar tid gjeldande øvre inntektsgrense for å motta bustøtte. Overgangsordninga etter første ledd gjeld i alle høve ikkje dersom husstanden flyttar eller talet på medlemer i husstanden endrar seg.
For andre enn unge uføre, jf. § 4 siste ledd, blir overgangsordninga trappa ned med 20 prosentpoeng kvart år over fem år frå og med 1. juli 2010.
§ 13 om minste utbetaling gjeld òg for overgangsordningane.