Føremål
Forskrifta har til føremål å sikre forsyningane nasjonalt og internasjonalt av petroleum og petroleumsprodukt.
Lagringsplikt
Den som har importert til/eller framstilt lagringspliktige petroleumsprodukt i landet på til saman 10.000 m3 eller meir i føregåande basisår, skal halde lager av slike produkt i tråd med føresegnene i forskrifta. Det same gjeld importørar og produsentar som ikkje importerte eller framstilte lagringspliktige produkt i føregåande basisår, men som i løpet av inneverande lagerår er venta å importere eller framstille lagringspliktige produkt på 10.000 m3 eller meir. Lagerår er perioden frå 1. juli til 30. juni. Basisår er perioden frå 1. januar til 31. desember det året vert avslutta 6 månader før eit nytt lagerår tek til.
Ved utrekning av volum for å fastslå om lagerplikt ligg føre, kan departementet leggje saman volum frå forskjellige verksemder innan same konsern.
Lagringspliktige produkt
Med mindre departementet bestemmer noko anna er følgjande produkt lagringspliktige:
Kategori 1: Bensin.
Kategori 2: Autodiesel, anleggsdiesel, lett fyringsolje, fyringsparafin, jetdrivstoff, marine gassoljer.
Kategori 3: Tungdestillat, tungolje.
Storleiken på beredskapslageret
Beredskapslageret skal til ei kvar tid innan eit lagerår tilsvare forbruket i 20 dagar av den totale mengda lagringspliktige produkt som den lagringspliktige har selt eller forbrukt i føregåande basisår.
Importørar eller produsentar som ikkje importerte eller framstilte lagringspliktige produkt i føregåande basisår, pliktar å halde lager som tilsvarer forbruket i 20 dagar basert på import- og produksjonsmengd og venta årsimport og årsproduksjon i inneverande lagerår.
Sal og forbruk unnateke frå lagring
Ved utrekning av lagringsplikta inngår ikkje
sal og forbruk av mengd som lagringspliktige har kjøpt av annan lagringspliktig
sal og forbruk av mengd som den lagringspliktige har kjøpt av ein som ikkje er lagringspliktig
sal til eksport
sal til skip i utanriksfart
sal til forsvarsstyresmaktene
eige forbruk i raffineri.
Lagringspliktig som har importert eller sjølv framstilt og kjøpt lagringspliktige produkt av andre lagringspliktige, kan i medhald av første ledd berre gjere slike frådrag i lagringspliktige importerte eller eigenproduserte volum at det står i høve til dei importerte eller eigenproduserte voluma, slik dei importerte eller eigenproduserte voluma står i høve til totalen av importerte eller eigenproduserte volum og volum kjøpt av andre lagringspliktige. Dette gjeld likevel ikkje der lagringspliktig kan dokumentere at ein større del av importerte eller eigenproduserte volum har gått med til sal eller forbruk som gir rett til frådrag.
Lagringspliktig produsent kan òg gjere frådrag etter første ledd for selde volum, dersom det kan dokumenterast at voluma ved vidaresal eller forbruk ville ha gitt rett til frådrag for kjøparen, dersom kjøparen sjølv hadde vore lagringspliktig. Kjøpar skal sende dokumentasjon for vidaresal eller forbruk til Olje- og energidepartementet.
Tankanlegg, fleksibilitet i lagringa, råolje og komponentar
Beredskapslageret skal bestå av lagringspliktige produkt og skal med dei unntaka som følgjer av § 7, § 8 og § 9 eigast av den lagringspliktige og vere lagra i denne sine tankanlegg i Noreg. Med tankanlegg i Noreg er meint mellom anna tankanlegg ved produksjonsanlegg, lager i hamner, terminalar for oljerøyrleidningar og tankskip i innanriksfart.
Lagringsplikta etter § 3 er oppfylt når minst 40 prosent av lagra volum består av produkt som høyrer under det aktuelle litra.
Lagringsplikta kan òg oppfyllast ved lager av råolje, kondensat og halvfabrikata. Lagringspliktig må då halde lager av råolje, kondensat og halvfabrikata som i volum tilsvarer dei voluma som ville ha gått med i framstillinga av dei aktuelle lagringspliktige produkta. Inntil 40 prosent av den totale lagringsplikta kan bestå av råolje, kondensat eller halvfabrikata.
Med mindre anna produktutbytte kan dokumenterast, skal det ved utrekning av voluma etter tredje ledd leggjast til grunn følgjande utbyttefordeling for råolje tilsvarande
20 prosent for produkt i kategori 1
50 prosent for produkt i kategori 2
30 prosent for produkt i kategori 3.
Med dei avgrensingane som følgjer av andre ledd, kan lager av fleire komponentar som skal inngå i framstillinga av dei lagringspliktige produkta, tre i staden for dei produkta som skal framstillast av dei. Lagringspliktig må dokumentere at det vert halde lager av alle komponentane som går med i det produktet som skal erstattast. Ved utrekninga vert det teke utgangspunkt i det største volumet ferdig produkt som kan framstillast ved blanding av dei lagra komponentane.
Produkt som ikkje kan inngå i eit beredskapslager
Følgjande lagringspliktige produkt kan ikkje inngå i eit beredskapslager:
råolje og kondensat som ikkje er utvunne
lagringspliktige produkt som er i røyrleidningar, i transitt over land og i detaljsalsanlegg med unntak for bunkersanlegg for skip
lagringspliktige produkt som er lagra på vegner av forsvarsstyresmaktene
lagringspliktige produkt i tankskip i utanriksfart.
Lagring av andre
Heile eller delar av lagringspliktig volum kan lagrast av andre for den lagringspliktige si rekning, mellom anna kan ei eller fleire verksemder innanfor eit konsern oppfylle lagringsplikta ved at morselskapet held lager som oppfyller lagringsplikta for eitt eller alle dotterselskap. Avtale om lagring skal innehalde føresegner om at den lagringspliktige skal ha rett til å disponere over fastsette volum av fastsette produkt innan ein fastsett periode, om vedtak blir fatta etter § 11.
Lagring i utlandet
Departementet kan etter søknad gi lagringspliktige løyve til å lagre inntil 20 prosent av den totale lagringsforpliktinga i eit anna land, dersom det er inngått avtaler om slik lagring mellom landa. Dersom særlege forhold tilseier det, kan departementet gi løyve til at inntil 75 prosent blir lagra i anna land. I samtykkevurderinga blir det lagt vekt på kor nært geografisk lageret er Noreg, kva slag høve til transport som ligg føre for å få bringa produkta til Noreg og norske marknader, i kva grad produkta som er lagra er tilpassa den norske marknaden og kva rett den lagringspliktige har til produkta. Lagringa skal oppfylle kravet i første leddet andre punktum.
Rapportering
Lagringspliktige eller den som lagrar petroleumsprodukt for lagringspliktige, skal årleg sende inn opplysningar om import, sal og beredskapslageret mv. til departementet på særskilt skjema. Opplysningane skal sendast innan 15. april og innehalde oversikt over produksjon, import og sal i føregåande basisår. Denne rapporteringa er grunnlaget når styresmaktene fastset lagringsplikt og omfang av lagerhald. Fire gonger årleg, innan 15. januar, 15. april, 15. juli og 15. oktober, skal oversikt over lagerhaldet sendast inn, med mindre departementet bestemmer noko anna.
Den lagringspliktige skal samtidig gi erklæring om at lagringsplikta er oppfylt.
Pålegg om bruk
Ved mangel i forsyningane av petroleum og petroleumsprodukt, både nasjonalt og internasjonalt, kan Kongen gi pålegg om eller løyve til at beredskapslager etter denne forskrifta skal takast i bruk av den lagringspliktige i den utstrekning som er påkravd med omsyn til den aktuelle situasjonen.
I situasjonar der Det internasjonale energibyrået (IEA) ber Noreg om å medverke til ein IEA-koordinert krisehandteringsplan kan Olje- og energidepartementet i samråd med Utanriksdepartementet gi pålegg om at beredskapslager etter denne forskrifta blir tekne i bruk i den utstrekning og omfang som er påkravd med omsyn til den aktuelle situasjonen.
Dersom pålegg etter første ledd medfører økonomisk tap, er staten erstatningspliktig i samsvar med alminnelege rettsgrunnsetningar. Erstatning kan likevel ikkje krevjast i den utstrekning utgiftene kan dekkjast inn ved innkalkulering i vedkommande produktpris, dersom ei slik innkalkulering ikkje vil gjere konkurransesituasjonen mindre gunstig for den som får eit pålegg retta mot seg, i høve til andre i same bransje.
Lagringspliktige skal innan rimelig tid etter at forsyninga av petroleum og petroleumsprodukt er normalisert byggje opp beredskapslager i same utstrekning som før pålegg om eller løyve til bruk vart vedteke.
Tilsyn
Departementet fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta blir haldne. Departementet kan delegere myndigheita til å føre tilsyn til andre statlege organ.
Revisjon og kontroll
Departementet kan krevje at alle som har lagringsplikt etter denne forskrifta eller som lagrar petroleumsprodukt på vegner av ein eller fleire lagringspliktige, gir de opplysingane departementet finn nødvendige for å kontrollere at føresegnene i forskrifta er haldne. Det same gjeld alle som lagrar petroleumsprodukt for ein som er lagringspliktig etter lovgiving i anna land, dersom norske styresmakter har inngått slik avtale som nemnt i § 9.
Departementet kan krevje tilgang til lager som oppgitt i § 8 for å gjennomføre kontroll med at lagringsplikta er halden.
Delegering
Departementet kan utferde dei forskriftene og gi dei pålegga som er nødvendige for å gjennomføre denne forskrifta.
Dispensasjon
Departementet kan etter søknad frå den lagringspliktige i særlege tilfelle dispensere frå føresegner gitt i eller i medhald av denne forskrifta.
Gebyr ved brot
Ved brot på føresegnene i § 2, § 4, § 6, § 10 og § 11 kan føretak bli pålagt overtredingsgebyr. Departementet skal ta omsyn til kor grovt brotet er og kor lenge den leveringspliktige har brote føresegna når gebyr vert fastsett. Gebyret skal ikkje overstige NOK 10 millionar per vedtak.
Fristen for å betale gebyret er 4 veker frå vedtaket vart fatta.
Iverksetjing
Forskrifta gjeld frå 2. september 2006.