Saka gjeld høvet til å reise søksmål med krav om skadebot frå staten for ei rettsleg avgjerd som er påstått å vera i strid med EØS-retten, såkalla EØS-rettsleg domstolsansvar. Hovudspørsmålet er kor langt dei absolutte søksmålshindera i domstollova § 200 tredje ledd om skadebotsøksmål mot det offentlege etter rettslege avgjerder, må vike av omsyn til Noregs plikter etter EØS-avtala, jf. EØS-lova § 1, jf. § 2. Dartride AS søkte i juli 2017 Oslo kommune om 150 drosjeløyve. Kommunen avslo søknaden fordi det var sett ei grense for talet på løyve. Selskapet gjekk deretter til søksmål mot kommunen i mai 2019 med krav om skadebot. Selskapet meinte at vedtaket frå kommunen var i strid med EØS-avtala artikkel 31 om fri etableringsrett. Tvisten vart handsama av domstolane gjennom fleire rundar utan at selskapet fekk medhald. Dartride reiste deretter søksmål mot staten med krav om skadebot fordi domstolane hadde nytta EØS-retten feil. Dartride AS reiste i august 2023 nytt søksmål med krav om at staten er skadebotansvarleg for handsaminga i domstolane av kommunens avslag på søknaden om 150 drosjeløyve. I søksmålet gjorde selskapet gjeldande at lagmannsretten i 2020 hadde gjort seg skuldig i openberre rettsbruksfeil som staten må vera ansvarleg for på EØS-rettsleg grunnlag. Staten påstod heile søksmålet avvist etter domstollova § 200 tredje ledd. Staten meinte at eit prinsipp om statsansvar for domstolsavgjerder, slik ein kjenner det frå EU-retten, ikkje gjeld i EØS-retten, og i alle fall ikkje for andre domstolar enn Høgsterett. Dartride gjorde då også gjeldande at Høgsteretts ankeutval hadde brote EØS-retten ved vedtaket frå mars 2021 om ikkje å fremja anken over lagmannsrettens avgjerd frå 2020. I januar 2024 kom tingretten til at EØS-retten ikkje heimlar skadebotansvar for staten for rettsavgjerder i strid med EØS-avtala. Sidan vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd ikkje var oppfylte, måtte saka avvisast. Dartride AS anka til lagmannsretten, som i juli 2024 vedtok å innhente råd frå EFTA-domstolen, jf. domstollova § 51 a. I si rådgjevande tolkingsfråsegn i sak E-25/24 Dartride kom EFTA-domstolen 5. juni 2025 til at det i EØS-retten gjeld eit statleg skadebotansvar når ein nasjonal domstol som dømmer i siste instans, openbert har brote gjeldande EØS-rett. Staten aksepterte etter dette at det gjeld eit EØS-rettsleg domstolsansvar, og at domstollova § 200 tredje ledd må tolkast innskrenkande for slike krav. Staten meinte likevel at ansvarsnorma måtte nyanserast ut frå skilnadene mellom EU og EØS, og at ansvaret uansett berre omfattar avgjerder frå Høgsterett. Kravet om skadebot for Borgarting lagmannsretts dom frå november 2020 måtte etter statens syn avvisast. I oktober 2025 fremja lagmannsretten søksmålet fullt ut utan å avvise kravet om skadebot for lagmannsrettens dom frå november 2020. Staten anka til Høgsterett. Justitiarius vedtok at saka skulle avgjerast i storkammer med 11 dommarar. På same måte som EFTA-domstolen kom eit samrøystes storkammer til at EØS-retten inneheld eit domstolsansvar som liknar det som gjeld i EU-retten. Høgsterett slutta seg til det EFTA-domstolen hadde framheva til støtte for eit statleg ansvar. Dei omsyna som talte mot eit ansvar – rettskraft og nasjonale domstolars uavhengigheit – var ikkje tungtvegande nok til å fråvike EFTA-domstolens tolking. Med omsyn til ansvarsnorma uttalte storkammeret at det ville vera eit relevant moment i ansvarsvurderinga om det er lagt fram tolkingsspørsmål for EFTA-domstolen, men at dette momentet må få mindre vekt i EØS enn i EU. Med omsyn til verkeområdet for ansvaret uttalte storkammeret at ansvaret berre gjeld for avgjerder frå domstolar som dømmer i siste instans. Dette gjeld Høgsterett i avdeling eller forsterka rett og Høgsteretts ankeutval. Skadebotkrav som byggjer direkte på avgjerder frå tingretten eller lagmannsretten, fell utanfor verkeområdet for ansvaret. Saka for storkammeret gjaldt ikkje om staten er skadebotansvarleg overfor Dartride AS, men om søksmålet kunne fremjast. Storkammeret kom til at søksmål om EØS-rettsleg domstolsansvar berre kan fremjast når kravet byggjer på ei avgjerd frå ein domstol som dømmer i siste instans. Skadebotsøksmål mot staten for domstolsavgjerder som korkje oppfyller vilkåra for å reise sak etter EØS-retten eller vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd, skal avvisast. Den delen av søksmålet som bygde på lagmannsrettens dom frå november 2020, vart difor avvist. Rettsområde: EØS-rett. Domstolsansvar Nøkkelavsnitt: 55, 58, 59, 68–73, 82 Dommarar: Øie, Falkanger, Bull, Bergsjø, Høgetveit Berg, Thyness, Sæther, Hellerslia, Stenvik, Lund, Vang I storkammersaka om høvet til å krevje erstatning for påståtte brot på EØS-retten i domstolane har Høgsterett utarbeidd ein video som gjev ein munnleg og forenkla presentasjon av avgjerda. I videoen gjer høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie greie for problemstillingane i saka og presenterer hovudpunkta i Høgsteretts grunngjeving. Sjå videopresentasjonen
(1)Dommar Høgetveit Berg: Spørsmålet i saka og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld høvet til å reise søksmål med krav om skadebot frå staten for ei rettsleg avgjerd som er påstått å vera i strid med EØS-retten, såkalla EØS-rettsleg domstolsansvar. Hovudspørsmålet er kor langt dei absolutte prosessføresetnadene i domstollova § 200 tredje ledd om skadebotsøksmål mot det offentlege etter rettslege avgjerder må vike av omsyn til Noregs plikter etter EØS-avtala, jf. EØS-lova § 1, jf. § 2.
(3)Dartride AS søkte i juli 2017 Oslo kommune om 150 drosjeløyve. Kommunen avslo søknaden fordi det var sett ei grense for talet på løyve. Selskapet gjekk deretter i mai 2019 til søksmål mot kommunen med krav om skadebot for manglande løyve. Selskapet meinte at vedtaket frå kommunen var i strid med EØS-avtala artikkel 31 om fri etableringsrett.
(4)Oslo tingrett frifann kommunen i dom 21. november 2019. Tingretten meinte det ikkje låg føre ansvarsgrunnlag etter norsk intern rett. Det var heller ikkje sannsynleggjort årsakssamanheng mellom eit mogleg brot på EØS-retten og det påståtte økonomiske tapet.
(5)Dartride anka til lagmannsretten. Borgarting lagmannsrett forkasta anken i dom 19. november 2020, sjå LB-2020-11829. Lagmannsretten meinte at staten, ikkje kommunen, var rett saksøkt for skadebotkravet. At kravet måtte reisast mot staten, var ikkje mishøveleg, og EØS-retten var difor ikkje til hinder for dette frifinningsgrunnlaget.
(6)Selskapet anka til Høgsterett. Høgsteretts ankeutval tillét 10. mars 2021 ikkje anken fremja, sjå HR-2021-546-U.
(7)Dartride AS gjekk deretter i oktober 2021 til sak mot staten. Oslo tingrett frifann staten i dom 4. november 2022. Borgarting lagmannsrett forkasta anken frå Dartride i dom 15. mars 2023, sjå LB-2022-189531. Både tingretten og lagmannsretten meinte at kravet mot staten var forelda, og at det heller ikkje var grunnlag for å halde staten skadebotansvarleg for foreldinga. Selskapet anka til Høgsterett. Ankeutvalet tillét 21. juni 2023 ikkje anken fremja, sjå HR-2023-1162-U. Saksgangen i saka her
(8)Dartride AS reiste i august 2023 nytt søksmål med krav om at staten er skadebotansvarleg overfor selskapet for handsaminga i domstolane av Oslo kommunes avslag på søknaden om 150 drosjeløyve. I stemninga vart det gjort gjeldande at lagmannsretten i dommen 19. november 2020 hadde gjort seg skuldig i openberre rettsbruksfeil som staten må vera ansvarleg for på EØS-rettsleg grunnlag.
(9)Staten påstod heile søksmålet avvist etter domstollova § 200 tredje ledd. Etter statens syn var det heller ikkje grunnlag for søksmålet etter EØS-retten. Staten meinte at eit prinsipp tilsvarande den såkalla Köbler-læra i EU-retten om statsansvar for domstolsavgjerder ikkje gjeld i EØS-retten og uansett ikkje omfattar avgjerder frå lagmannsretten. Etter dette gjorde Dartride også gjeldande at Høgsteretts ankeutval hadde brote EØS-retten ved vedtaket 10. mars 2021 om ikkje å fremja anken.
(10)Oslo tingrett kom i orskurd 22. januar 2024, under tvil, til at EØS-retten ikkje heimlar skadebotansvar for staten for rettsavgjerder i strid med EØS-avtala, sjå TOSL-2023-124975. Sidan ingen av vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd var gjorde gjeldande, måtte saka då avvisast frå domstolane. Staten vart tilkjend sakskostnader.
(11)Dartride AS anka orskurden til Borgarting lagmannsrett, som 16. april 2024 vedtok å overføre saka til Eidsivating lagmannsrett etter domstollova § 38. Eidsivating lagmannsrett vedtok 5. juli 2024 å innhente råd frå EFTA-domstolen, jf. domstollova § 51 a.
(12)EFTA-domstolen kom i si rådgjevande fråsegn 5. juni 2025 i sak E-25/24 Dartride til at det i EØS-retten gjeld eit statleg skadebotansvar når ein nasjonal domstol som dømmer i siste instans, openbert har brote gjeldande EØS-rett.
(13)Staten aksepterte etter dette eit EØS-rettsleg domstolsansvar, men meinte at ansvarsnorma må nyanserast ut frå skilnadene mellom EU og EØS, og at ansvaret uansett berre omfattar avgjerder frå Høgsterett. Staten kravde at saka vart fremja til handsaming berre så langt ho gjeld krav om skadebot for Høgsteretts ankeutvals vedtak 10. mars 2021. Anken måtte elles avvisast, noko som også omfatta kravet om skadebot for Borgarting lagmannsretts dom 19. november 2020. Dartride heldt på si side fast ved at saka skulle fremjast fullt ut.
(14)Eidsivating lagmannsrett sa orskurd 9. oktober 2025 – LE-2024-32314 – med slik slutning: «1. Saken fremmes i sin helhet. 2. I sakskostnader for tingretten og lagmannsretten betaler staten v/Justis- og beredskapsdepartementet 2 092 557 – tomillionerognittitotusenfemhundreogfemtisju – kroner til Dartride AS innen 2 – to – uker fra denne kjennelsen forkynnes.»
(15)Lagmannsretten kom til at EØS-avtala omfattar eit statleg domstolsansvar. Av omsyn til Noregs plikter etter EØS-avtala sette lagmannsretten til side avgrensingane i domstollova § 200 tredje ledd. Retten bygde på at det gjeld eit «inngangsvilkår» for ansvar om at nasjonale rettsmiddel må vera uttømde i saka. Dersom dette vilkåret er oppfylt, kan også avgjerder frå underinstansane gjerast gjeldande som ansvarsgrunnlag.
(16)Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet anka til Høgsterett. Ankeutvalet vedtok 20. november 2025 at ankesaka skulle avgjerast av Høgsterett i avdeling med fem dommarar, jf. domstollova § 5 fyrste ledd andre punktum, og at handsaminga skulle skje etter reglane som gjeld for anke over dommar, jf. tvistelova § 30-9 fjerde ledd, sjå HR-2025-2317-U. Seinare same dagen vedtok justitiarius at saka skulle avgjerast av Høgsterett i storkammer, jf. domstollova § 5 fjerde ledd, jf. § 6 fyrste ledd andre punktum, sjå HR-2025-2320-J.
(17)Saka står i same stilling som for lagmannsretten. Partanes syn
(18)Den ankande parten – staten ved Justis- og beredskapsdepartementet – har i korte trekk gjort gjeldande:
(19)Lagmannsretten har fremja ein for stor del av saka. Staten erkjenner at EØS-avtala omfattar eit EØS-rettsleg domstolsansvar, men meiner at ansvaret berre gjeld avgjerder frå ein domstol som dømmer i siste instans – det vil seia Høgsterett. Søksmålet kan då berre fremjast – og domstollova § 200 tredje ledd kan berre vike – for krav om skadebot tufta på Høgsteretts ankeutvals vedtak 10. mars 2021. Søksmålet skal avvisast så langt Dartride krev skadebot tufta direkte på Borgarting lagmannsretts dom 19. november 2020.
(20)Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet har sett fram slik påstand: «1. Kravet om erstatning for Høyesteretts ankeutvalgs beslutning 10. mars 2021 fremmes til behandling. 2. For øvrig avvises saken. 3. Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet tilkjennes sakskostnader for Høyesterett. 4. Dartride AS tilkjennes sakskostnader for tingrett og lagmannsrett.»
(21)Ankemotparten – Dartride AS – har i korte trekk gjort gjeldande:
(22)Lagmannsrettens orskurd er korrekt. Vedtaket frå Høgsteretts ankeutval 10. mars 2021 er det formelle grunnlaget for eit mogleg statsansvar. Men ansvaret er knytt til staten, og ikkje til den einskilde domstolen. Det er difor ikkje grunnlag for å avgrense søksmålet, nærare bestemt ansvarsgrunnlaga, til vedtaket frå ankeutvalet. Statsansvaret vil måtte byggje direkte på feil i underinstansen når ankeutvalet utan grunngjeving har nekta å fremja ein anke. Ei innsnevring av statsansvaret til berre å gjelde Høgsterett er i strid med EFTA-domstolens rådgjevande fråsegn i sak E-25/24 Dartride.
(23)Dartride AS har sett fram slik påstand: «1. Anken forkastes. 2. Dartride AS tilkjennes sakskostnader for tingretten, lagmannsretten og Høyesterett.» Mitt syn Prosessføresetnadene i domstollova § 200 tredje ledd
(24)Domstollova § 200 tredje ledd set grenser for når ein kan saksøkje det offentlege med krav om skadebot etter påståtte feil ved rettslege avgjerder. Føresegna har slik ordlyd: «Erstatningssøksmål om en tjenestemanns eller det offentliges ansvar i anledning av rettslige avgjørelser kan ikke reises uten at a. avgjørelsen er opphevet eller forandret, b. avgjørelsen er bortfalt med den virkning at rettidig anke mot den ikke kunne tas under behandling eller avgjøres, eller c. tjenestemannen ved dom er kjent skyldig i straffbart forhold ved avgjørelsen.»
(25)Domstollova § 200 tredje ledd er eit absolutt søksmålshinder – ein prosessføresetnad. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, skal søksmålet avvisast frå domstolane. Det er på vanleg vis ikkje tilstrekkeleg for å reise søksmål å påstå – pretendere – at prosessføresetnadene er oppfylte. Domstolane må på sjølvstendig grunnlag ta stilling til om vilkåra i § 200 tredje ledd er oppfylte, sjå til dømes HR-2016-2195-S avsnitt 44. Ingen av vilkåra er oppfylte i saka her. Dette er også partane samde om.
(26)Sjølv om domstollova § 200 tredje ledd er ein prosessuell regel, byggjer regelen på ei reell avgrensing av det statlege ansvaret for avgjerder frå domstolane. Dette kjem eg attende til.
(27)Spørsmålet er om det gjeld eit EØS-rettsleg skadebotansvar som gjer at prosessføresetnadene i domstollova § 200 tredje ledd må tolkast innskrenkande, jf. EØS-lova § 1, jf. § 2. Dersom EØS-retten krev at eit søksmål om ansvar for rettslege avgjerder skal fremjast for domstolane trass i at vilkåra i § 200 tredje ledd ikkje er oppfylte, blir intern norsk rett sett til side. Men norsk lov kan ikkje setjast til side i større grad enn det EØS-retten krev, sjå HR-2025-2516-A avsnitt 99. Ansvarssøksmål som ikkje er heimla i EØS-retten, skal difor avvisast dersom vilkåra i § 200 tredje ledd ikkje er oppfylte. EFTA-domstolens rådgjevande tolkingsfråsegn 5. juni 2025 i sak E-25/24 Dartride
(28)Eidsivating lagmannsrett bad 27. september 2024 EFTA-domstolen om råd. Spørsmåla var formulerte slik: «1. Følger det av EØS-avtalen og det EØS-rettslige statsansvaret at staten kan være erstatningsansvarlig for feil ved anvendelsen av EØS-regelverket begått av domstolene? 2. Hvis spørsmål 1 besvares bekreftende: a. Hvilke avgjørelser fra nasjonale domstoler kan utløse erstatningsansvar for EØS-stater? b. Er det forenlig med EØS-retten at adgangen til å anlegge søksmål om erstatning for feil begått av domstolene, ved domstolens anvendelse av EØS-regelverket, gjøres betinget av at vilkår nevnt i domstolloven § 200 tredje ledd er oppfylt?»
(29)EFTA-domstolen gav i tolkingsfråsegna 5. juni 2025 i sak E-25/24 Dartride følgjande svar på spørsmåla: «1. Prinsippet om at EØS-statene må betale erstatning for skade som enkeltpersoner og markedsdeltakere er påført som følge av brudd på EØS-retten som de er ansvarlige for, kommer også til anvendelse når det påståtte bruddet skriver seg fra en avgjørelse truffet av en domstol som dømmer i siste instans. En stat kan bare unntaksvis bli erstatningsansvarlig for brudd på EØS-retten som følge av en avgjørelse truffet av en nasjonal domstol som dømmer i siste instans, der domstolen åpenbart har brutt gjeldende EØS-rett. Under omstendigheter som i hovedsaken, der alle nasjonale rettsmidler mot en rettsavgjørelse som påstås å være i strid med EØS-retten, er uttømt, må vilkåret om at avgjørelsen er truffet av en nasjonal domstol som dømmer i siste instans anses oppfylt. 2. EØS-retten er til hinder for nasjonal lovgivning som på generelt grunnlag utelukker statlig erstatningsansvar for skade som er påført enkeltpersoner eller markedsdeltakere ved brudd på EØS-retten som kan tilskrives en domstol som dømmer i siste instans, ved å stille tilleggsvilkår som at (i) en avgjørelse må være opphevet eller forandret, (ii) en avgjørelse må ha bortfalt med den virkning at rettidig anke mot den ikke kunne tas under behandling eller avgjøres, eller (iii) en tjenestemann ved dom er kjent skyldig i straffbart forhold ved avgjørelsen.»
(30)EFTA-domstolen kom altså til at det, på nærare vilkår, gjeld eit EØS-rettsleg statleg skadebotansvar for avgjerder frå domstolane, og at ein for dette ansvaret ikkje kan stille opp slike vilkår som i domstollova § 200 tredje ledd.
(31)I den fyrste delen av tolkingsfråsegna drøftar EFTA-domstolen prinsippet om domstolsansvar. Konklusjonen i avsnitt 61 er at EØS-statane har skadebotansvar for skade som er påført som følgje av brot på EØS-retten når brotet kjem frå ei avgjerd frå ein domstol som dømmer i siste instans.
(32)Den andre delen av fråsegna frå EFTA-domstolen rettar seg mot vilkåra for skadebotansvaret. Innhaldet i vilkåra er omtalte i avsnitt 62 til 68. Dette er i utgangspunktet ikkje ein del av saka her og skal berre prøvast ved ei mogleg seinare handsaming av skadebotansvaret.
(33)Den tredje delen av fråsegna rettar seg mot vilkåra for å kunne gå til søksmål. Her er svaret at vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd ikkje kan gjerast gjeldande når søksmålet gjeld påstått skade som einskildpersonar eller marknadsdeltakarar lir som følgje av at ein domstol som dømmer i siste instans, har nytta EØS-retten feil. Høgsteretts domsmakt
(34)Staten meiner at det er eit vilkår for å kunne setja til side krava i domstollova § 200 tredje ledd at ansvaret er knytt til ei avgjerd frå ein domstol som har avgjort saka i siste instans. Dartride meiner derimot at det er tilstrekkeleg at saka er avgjord i siste instans, og at også avgjerder frå lægre domstolar kan vera ansvarsgrunnlag. Dette tyder i så fall at det ikkje er eit vilkår for å gå til søksmål at den påståtte feilen er gjord av ein domstol som har avgjort saka i siste instans. Eg kjem attende til desse påstandsgrunnlaga.
(35)Dartride meiner vidare at påstått ansvar for tingrettens og lagmannsrettens avgjerder er rettslege påstandsgrunnlag som det ikkje er nødvendig å sannsynleggjera for å gå til sak; pretensjon om ansvar er tilstrekkeleg. Selskapet hevdar at statens krav om avvising er retta mot eit påstandsgrunnlag, noko Høgsterett difor ikkje skal prøve.
(36)Eg er ikkje samd i det. Det er på dette stadiet av saka ikkje spørsmål om vilkåra for skadebot er oppfylte, men om vilkåra for å gå til sak er det. Domstolane skal fullt ut prøve faktum og juss som er avgjerande for om søksmålsvilkåra er oppfylte, sjå HR-2021-417-P Acer I avsnitt 176. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, er resultatet avvising, ikkje frifinning. Dette gjeld trass i at saksøkjaren på denne måten i røynda mister eit mogleg påstandsgrunnlag og ansvarsgrunnlag. Sjølv om søksmål tufta på at avgjerdene frå tingretten og lagmannsretten i seg sjølve utløyser ansvar, må avvisast, kan desse avgjerdene vera relevante i vurderinga av om ei ankenekting frå Høgsteretts ankeutval er ansvarsutløysande. Dette kjem eg attende til.
(37)Når ein anke til lagmannsretten er avgjord ved orskurd, kan orskurden i utgangspunktet ikkje ankast vidare, jf. tvistelova § 30-6. Spørsmålet i saka her er om unntaket i § 30-6 bokstav c kjem i bruk fordi det er anka over den generelle rettslege forståinga av ein «skreven rettsregel». Dette omgrepet omfattar etter sikker rett ikkje berre tolkinga av ei einskild lovføresegn, men også tilfelle der den rettslege løysinga følgjer av fleire skrivne rettsreglar sett i samanheng eller er basert på føresetnader og omsyn bak regelen.
(38)Dartride meiner at tilknytinga til ein skriven rettsregel er for fjern for spørsmålet om kva EFTA-domstolen meiner med uttrykket «en domstol som dømmer i siste instans».
(39)Eg er heller ikkje samd i det. I saka her er det tale om å setja til side domstollova § 200 tredje ledd. Beinveges heimel for dette er EØS-lova § 1, jf. § 2, om at reglar mellom anna i hovuddelen i EØS-avtala gjeld som norsk lov og om nødvendig går framom andre reglar som regulerer det same. EØS-regelen i saka her går rett nok ikkje uttrykkjeleg fram av hovuddelen i EØS-avtala, men byggjer på omsyn og prinsipp forankra meir eller mindre direkte i avtala. Tilknytinga til ein skriven rettsregel er difor klart sterk nok til at Høgsterett kan prøve den generelle rettslege forståinga av dei rettsreglane lagmannsretten har tufta avgjerda si på. Det gjeld både spørsmålet om det finst eit EØS-rettsleg domstolsansvar, og vilkåra for at saka ikkje skal avvisast etter domstollova § 200 tredje ledd. Eit EØS-rettsleg domstolsansvar?
(40)Plenumsdommen Rt-2005-1365 Finanger II byggjer på at det i EU gjeld eit prinsipp om statleg skadebotansvar for mangelfull gjennomføring av EU-retten, og at tilsvarande gjeld i EØS. Vilkåra for ansvaret er oppsummert slik i avsnitt 54: «I EFTA-domstolens avgjørelse i Sveinbjörnsdóttirsaken premiss 66, og senere i Karlssonsaken premiss 32, er det angitt tre vilkår: For det første at direktivet hadde som formål å gi enkeltpersoner rettigheter, og at det klart fremgikk hvilke rettigheter dette var. Videre måtte statens forsømmelse være ‘tilstrekkelig kvalifisert’, og det måtte være en direkte årsakssammenheng mellom bruddet på statens forpliktelse og den skade som var påført skadelidte.»
(41)Det EU-rettslege domstolsansvaret vart etablert ved EU-domstolens dom 30. september 2003 i sak C-224/01 Köbler. Her slo domstolen fast at statanes EU-rettslege skadebotansvar også omfattar visse avgjerder frå domstolane. EU-domstolen peikte på at domstolane har ei særleg rolle i å vareta individuelle rettar i EU-retten, sjå avsnitt 33. I det same avsnittet går det fram at ansvaret gjeld brot «attributable to a decision of a court … adjudicating at last instance» – altså ein domstol som dømmer i siste instans. Men staten kjem berre i ansvar «in the exceptional case where the court has manifestly infringed the applicable law» – altså berre ved openberre rettsbrot, sjå avsnitt 53. Retningsliner for bruken av dette vilkåret er formulerte i avsnitt 54 til 56. Eg nemner også at EU-domstolen mellom anna i dom 5. september 2019 i dei sameinte sakene C-447/17 P og C-479/17 P Guardian Europe avsnitt 76 har presisert at statsansvar for domstolsavgjerder ikkje gjeld for domstolar som ikkje dømmer i siste instans.
(42)Som nemnt kom EFTA-domstolen i sak E-25/24 Dartride til at eit tilsvarande ansvar som i EU er etablert i Köbler-dommen, også gjeld i EØS – og i det store og heile, som me skal sjå, med den same grunngjevinga.
(43)Rådgjevande tolkingsfråsegner frå EFTA-domstolen er ikkje bindande, sjå avtale mellom EFTA-statane om oppretting av eit overvakingsorgan og ein domstol (ODA) artikkel 34. Dei nasjonale domstolane må på sjølvstendig grunnlag ta stilling til korleis EØS-retten skal forståast og nyttast i den konkrete saka. Ved tolkinga av EØS-retten må likevel nasjonale domstolar leggje stor vekt på kva EFTA-domstolen har uttalt om korleis EØS-retten skal forståast. Ei tolkingsfråsegn frå EFTA-domstolen kan ikkje fråvikast med mindre det er gode og tungtvegande grunnar for det, sjå HR-2016-2554-P Holship avsnitt 77. Spørsmålet er om det er slike grunnar i saka her.
(44)Grunngjevinga for det EØS-rettslege domstolsansvaret følgjer av avsnitt 26 til 33 i EFTA-domstolens tolkingsfråsegn i sak E-25/24 Dartride. I avsnitt 26 tek domstolen utgangspunkt i det vanlege statlege skadebotansvaret som vart lagt til grunn i EFTA-domstolens tolkingsfråsegn 10. desember 1998 i sak E-9/97 Sveinbjörnsdóttir, og som er knesett i Rt-2005-1365 Finanger II. EFTA-domstolen presiserer at ansvaret skil seg frå det EU-rettslege statlege skadebotansvaret, og at ansvaret ikkje nødvendigvis er samanfallande i alle samanhengar.
(45)I avsnitt 28 minner EFTA-domstolen om det overordna føremålet med EØS-avtala, sjå EØS-avtala artikkel 1 nr. 1. Domstolen gjentek understrekinga frå Sveinbjörnsdóttir-saka om at homogenitetsgrunnsetninga og føremålet om lik handsaming har kome så sterkt til uttrykk i EØS-avtala at EFTA-statane må ha plikt til å gje skadebot for tap og skade som følgje av urett gjennomføring av eit direktiv. I avsnitt 29 viser domstolen vidare til EØS-avtala artikkel 3 og den generelle plikta avtalepartane har til å setja i verk alle tiltak som er eigna til å oppfylle avtala og sikre at rettane er fullt ut effektive. I avsnitt 30 minner EFTA-domstolen om at han fleire gonger har lagt til grunn at tilgang til domstolane og effektivt rettsvern er grunnleggjande element i EØS-regelverket.
(46)EFTA-domstolen omtalar i avsnitt 31 til 34 EU-domstolens dom i Köbler-saka og argumenta der om effektivt rettsvern og lik handsaming. Domstolen konkluderer med at det ikkje er grunnlag for at rekkjevidda av prinsippet om statleg skadebotansvar skal vera snevrare i EØS-retten enn i EU-retten. Sjå særleg avsnitt 32: «Det bør understrekes at en domstol som dømmer i siste instans, per definisjon er den siste rettsinstansen overfor hvilken enkeltpersoner kan hevde sine rettigheter etter EØS-retten. Ettersom en krenkelse av disse rettighetene ved en endelig avgjørelse truffet av en slik domstol som hovedregel ikke kan rettes opp, bør enkeltpersoner ikke fratas muligheten til å stille staten til ansvar for derved å oppnå beskyttelse av sine rettigheter (jf. dommen i Köbler, C-224/01, sitert over, avsnitt 34).»
(47)Eg har ikkje innvendingar mot det EFTA-domstolen framhevar som argument for eit statleg domstolsansvar. Som også staten har gjort gjeldande for Høgsterett, er effektivt rettsvern og lik handsaming sentrale omsyn både i EU og EØS.
(48)Omsynet til rettskraft er berande for avgrensingane i domstollova § 200 tredje ledd. Reglane om rettskraft talar såleis mot eit statleg skadebotansvar for avgjerder frå domstolane. Eg er likevel samd i det EFTA-domstolen skriv i avsnitt 38 og 39 om at eit skadebotsøksmål mot staten prinsipielt ikkje rokkar ved rettskrafta mellom partane i den opphavlege tvisten. Omsynet til rettskrafta er difor etter mi meining ikkje ein tilstrekkeleg tungtvegande grunn til å fråvike tolkingsfråsegna.
(49)Heller ikkje omsynet til nasjonale domstolars uavhengigheit er ein god nok grunn til å fråvike EFTA-domstolens syn. Det er på den eine sida ikkje urimeleg å omtala eit mogleg skadebotansvar som eit visst inngrep i den dømmande verksemda. På hi sida grip ansvaret ikkje inn i kjernen av uavhengigheita, sidan det til sjuande og sist vil vera nasjonale domstolar som både skal tolke EØS-retten og idømme dette ansvaret.
(50)Ettersom saka her berre gjeld spørsmålet om søksmålet skal fremjast eller ikkje, går eg ikkje djupt inn i innhaldet i ansvaret, sidan dette best kan og bør handsamast i ei konkret ansvarssak. På bakgrunn av prosedyrane for Høgsterett finn eg likevel grunn til å presisere noko:
(51)Ei innvending mot eit liknande domstolsansvar som etter EU-retten er at traktaten om Den europeiske unionens verkemåte (TEUV) artikkel 267 tredje ledd stiller opp ei plikt for sisteinstansdomstolar til å spørja EU-domstolen, medan ODA artikkel 34 ikkje stiller opp ei tilsvarande plikt for domstolane i EFTA-statar.
(52)I fråsegna i sak E-25/24 Dartride avsnitt 35 og 36 viser EFTA-domstolen til at EU-rettens prinsipp om statleg skadebotansvar for avgjerder frå domstolar som dømmer i siste instans, ikkje er basert på TEUV artikkel 267 tredje ledd. Det er eg samd i. Men for vurderinga av om det ligg føre eit openbert brot på gjeldande rett, legg EU-domstolen vekt på om ein nasjonal domstol har oppfylt plikta til å be EU-domstolen om ei tolkingsfråsegn. EFTA-domstolen avsluttar avsnitt 36 slik: «TEUV artikkel 267 tredje ledd spiller altså en rolle ved vurderingen av hvor alvorlig bruddet er, men er ikke et av vilkårene for eksistensen av erstatningsansvar for rettsavgjørelser truffet av nasjonale domstoler i EU som dømmer i siste instans.»
(53)Sjølv om det i EØS ikkje er noka tilsvarande plikt til å be EFTA-domstolen om ei tolkingsfråsegn, trekkjer EFTA-domstolen i avsnitt 65 til 67 likevel inn høvet til å stille spørsmål til EFTA-domstolen som eit relevant moment under vilkåra for skadebotansvar i EØS. Formuleringa i avsnitt 66 er svært lik den som EU-domstolen nytta i Köbler-dommen avsnitt 55. EU-domstolen legg vekt på om plikta til å stille spørsmål er broten, medan EFTA-domstolen i avsnitt 67 skriv at det er «særlig relevant» om høvet til å be om ei tolkingsfråsegn er nytta. Men EFTA-domstolen seier samstundes ikkje noko om fråværet av ein førespurnad skal ha ei anna vekt i EØS-retten enn i EU-retten.
(54)ODA artikkel 34 andre ledd gjev nasjonale domstolar rett til å be om råd, men ikkje ei plikt. Dette prinsippet bør ikkje underminerast som ei indirekte følgje av eit statleg skadebotansvar utvikla av EU-domstolen og EFTA-domstolen. Staten har difor med styrke understreka at det må vera ein føresetnad at det i ansvarsvurderinga blir lagt mindre vekt på at domstolar i EFTA-land ikkje har spurt EFTA-domstolen om råd, enn på at domstolar i EU-land ikkje har spurt EU-domstolen. Staten har ymta om at fråværet av spørsmål ikkje eingong bør vera eit moment i ansvarsvurderinga.
(55)Etter mitt syn er fråvær av førelegging for EFTA-domstolen eit relevant moment i ansvarsvurderinga. Men momentet vil ikkje alltid få vekt, og det må uansett få monaleg mindre vekt i EØS enn i EU.
(56)Ei anna innvending mot eit tilsvarande ansvar som etter EU-retten er at avgjerder frå EU-domstolen er bindande for domstolane i EU-landa, medan avgjerder frå EFTA-domstolen berre er rådgjevande, jf. ODA artikkel 34.
(57)I fråsegna i sak E-25/24 Dartride avsnitt 68 framhevar EFTA-domstolen at eit brot på EØS-retten vil vera tilstrekkeleg kvalifisert dersom den aktuelle avgjerda openbert er i strid med relevant rettspraksis frå EFTA-domstolen eller EU-domstolen på området, jf. Köbler-dommen avsnitt 56.
(58)Sidan tolkingsfråsegner frå EFTA-domstolen ikkje er bindande, kan ho som nemnt etter norsk rettspraksis fråvikast dersom det er gode og tungtvegande grunnar for det. Også dette bør inngå i vurderinga av eit mogleg ansvar. Ansvarsvurderinga bør etter mitt syn ikkje føre til at den allereie høge terskelen for å fråvike tolkingsfråsegner frå EFTA-domstolen i praksis blir heva.
(59)Oppsummert: Argumenta mot eit statleg skadebotansvar for domstolsavgjerder er ikkje så gode og tungtvegande at dei gjev grunn til å fråvike rådet frå EFTA-domstolen i sak E-25/24 Dartride. Det eksisterer difor eit slikt ansvar. Det eg har presisert om ansvarsgrunnlaget, fråvik ikkje EFTA-domstolens fråsegn, men utfyller henne. Dei nærare detaljane i ansvaret kan best handsamast i ei konkret ansvarssak. Verkeområdet for ansvaret
(60)Hovudspørsmålet, slik ankesaka har vore prosedert for Høgsterett, er om det er grunnlag for delvis å avvise søksmålet som Dartride har reist. Staten meiner saka skal fremjast for kravet om skadebot for vedtaket frå Høgsteretts ankeutval 10. mars 2021, men krev at søksmålet elles blir avvist. Med dette meiner staten at den delen av skadebotkravet som isolert sett byggjer på feil ved lagmannsrettens avgjerd, skal avvisast. Dartride meiner at heile søksmålet skal fremjast.
(61)EFTA-domstolen føreset og skriv i tolkingsfråsegna i sak E-25/24 Dartride gjennomgåande om brot på EØS-retten som kan tilskrivast ei avgjerd frå ein domstol som dømmer i siste instans – alternativt om skade påført på grunn av ei krenking som følgjer av ei avgjerd i siste instans. Sjå til dømes avsnitt 32, som eg alt har sitert. Kva EFTA-domstolen meiner med «domstol som dømmer i siste instans», er forklart i avsnitt 72: «Kravet om at avgjørelsen må være truffet av en nasjonal domstol som dømmer i siste instans, må tolkes slik at det viser til en avgjørelse som det ikke finnes noe rettsmiddel mot under nasjonal rett. Ettersom det ikke finnes noe nasjonalt rettsmiddel mot en rettsavgjørelse truffet av en domstol som dømmer i siste instans, er et erstatningssøksmål mot staten det egnede alternativet for å sikre at den krenkede rettighet gjenopprettes og dermed effektiv rettsbeskyttelse av rettighetene som enkeltpersoner og markedsdeltakere har etter EØS-retten. Det samme gjelder ikke for avgjørelser truffet av lavere domstoler, ettersom det finnes et nasjonalt rettsmiddel, nemlig en anke, slik at brudd på EØS-retten som følger av slike avgjørelser kan rettes opp eller repareres (jf. dom 5. september 2019 i Den europeiske union mot Guardian Europe, forente saker C-447/17 P og C-479/17 P, EU:C:2019:672, avsnitt 77 og 78).»
(62)Lagmannsretten omtalar kravet om «domstol som dømmer i siste instans» som eit «inngangsvilkår». Retten skriv at saksøkjaren ikkje må nøye seg med å gjera gjeldande avgjerda frå Høgsterett som ansvarsgrunnlag, men at også avgjerdene frå underinstansane vil kunne vera relevante ansvarsgrunnlag.
(63)Eg les fråsegna frå EFTA-domstolen i E-25/24 Dartride annleis. Etter mitt syn er det ikkje noko i avsnitt 72 som tilseier at det berre er tale om eit inngangsvilkår, slik lagmannsretten skriv. Tvert om vil dette vera i strid med grunngjevinga for ansvaret. Det må vera klart at vilkåret for domstolsansvar – og med det også vilkåret for å kunne setja til side domstollova § 200 tredje ledd – er at avgjerda det er knytt direkte ansvar til, er gjord av den domstolen som dømmer i siste instans.
(64)Kva ligg det så i kravet om at det må gjelde avgjerder det «ikke finnes noe nasjonalt rettsmiddel» mot? For Noreg er klart nok avgjerder frå Høgsterett i avdeling og forsterka rett omfatta. Men heller ikkje avgjerder frå ankeutvalet kan ankast. Spørsmålet er difor om det omstendet at ankeutvalet etter tvistelova ikkje tek ei sjølvstendig realitetsavgjerd ved ankesilinga, gjer at ankeutvalet ikkje har dømt i siste instans.
(65)EFTA-domstolen uttalar seg i avsnitt 73 og 74 om ankenektingar og seier beint fram at Høgsterett også her er siste instans. I avsnitt 75 tek domstolen eksplisitt opp spørsmålet om domstolsansvaret bør avgrensast til realitetsavgjerder, og svarer negativt på det: «Det er klart at statlig erstatningsansvar ikke bare kan oppstå i de sjeldne tilfellene der Høyesterett fremmer anken til behandling og deretter åpenbart bryter EØS-retten. En slik begrensning ville frata retten til erstatning enhver praktisk betydning.»
(66)I avsnitt 76 peiker EFTA-domstolen uttrykkjeleg på kva som kan knyte ansvar til ei avgjerd om ankesiling: «For å fastslå om Høyesterett har begått et tilstrekkelig kvalifisert brudd i foreliggende sak – enten ved å nekte anken fremmet eller ved å unnlate å treffe andre tilgjengelige tiltak, slik som å oppheve Borgarting lagmannsretts dom – må den anmodende domstolen ta hensyn til alle relevante forhold som kjennetegner den situasjonen den har fått seg forelagt. Dette omfatter Oslo tingretts materielle vurdering av kravet, så vel som Borgarting lagmannsretts begrunnelse for å forkaste anken.»
(67)Avslutningsvis skriv EFTA-domstolen her at også avgjerdene frå underinstansane kan vera relevante når ein skal vurdere om ankesilinga frå ankeutvalet er eit tilstrekkeleg grovt brot mot EØS-retten. Etter mitt syn er det ikkje noko i dette som tilseier at desse avgjerdene kan vera sjølvstendige grunnlag for det statlege skadebotansvaret.
(68)Eg ser ikkje grunn til å fråvike rådet frå EFTA-domstolen på dette punktet. Partane har ikkje vist til praksis frå EU-domstolen knytt til skadebotansvaret for ankenektingar. Men dei har heller ikkje peikt på kjelder som tilseier at ankenektingar ikkje er omfatta av det statlege domstolsansvaret. Etter mitt syn er det ikkje noko ved ankenektingar som gjer slike avgjerder ueigna som grunnlag for skadebotansvar.
(69)Det som kan utløyse ansvaret, vil vera at ankeutvalet – trass feil i lagmannsrettens avgjerd – korkje fremjar anken til handsaming i Høgsterett eller opphevar lagmannsrettens avgjerd. Ankeutvalet kan ha plikt til å vurdere EØS-spørsmål av eige tiltak. Elles må avgjerda frå ankeutvalet særleg vurderast i lys av avgjerda frå lagmannsretten og ikkje minst det som er gjort gjeldande i anken til Høgsterett. Der EØS-rettslege påstandsgrunnlag skulle ha vore vurdert av eige tiltak eller er gjorde gjeldande i anken, og utvalet ikkje har respondert på desse ved å vise anken til handsaming i Høgsterett eller ved å oppheve avgjerda frå lagmannsretten, vil dette etter omstenda kunne føre til statleg skadebotansvar tufta på avgjerda frå ankeutvalet.
(70)Dartride har vist til at Høgsterett ved ankar over orskurdar og vedtak i ein del tilfelle har avgrensa domsmakt. Anke over manglande samtykke til ankehandsaming og ankenektingar frå lagmannsretten er særskilt nemnt. Høgsterett kan for desse avgjerdene berre prøve sakshandsaminga, sjå tvistelova § 29-13 femte ledd fjerde punktum. Saka her gjeld ikkje slike avgjerder, og eg går ikkje djupt inn i dette. Eg nemner likevel kort at domsmakta her også omfattar ei prøving av om det skjønnet lagmannsretten har utøvd, er forsvarleg, sjå til illustrasjon HR-2026-417-U. Lagmannsretten hadde i den saka ikkje vurdert om finansavtalelova må supplerast med ein regel om avleidd angrerett, jf. angrerettlova § 27, trass i at lova etter § 2 bokstav f ikkje gjeld for avtaler etter finansavtalelova. Orskurden frå ankeutvalet viser at EØS-forbrukarrett kunne vera relevant i saka. Dette var ikkje drøfta. Lagmannsrettens avgjerd om ikkje å fremja anken, vart oppheva. Oppsummering
(71)Eg finn ikkje grunn til å fråvike rådet frå EFTA-domstolen. Det gjeld difor eit statleg skadebotansvar for skade som einskildpersonar eller marknadsdeltakarar er påført som følgje av brot på EØS-retten, når brotet skriv seg frå ei avgjerd frå ein domstol i siste instans.
(72)I Noreg vil både avgjerder frå Høgsterett i avdeling eller forsterka rett og avgjerder frå Høgsteretts ankeutval vera slike avgjerder. Skadebotkrav som byggjer direkte på avgjerder frå tingretten eller lagmannsretten, fell derimot utanfor verkeområdet for ansvaret.
(73)I tillegg til at det her er tale om overordna materielle vilkår for skadebotansvar, dreier det seg om vilkår for å fremja eit søksmål trass i at vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd ikkje er oppfylte. Det er difor eit vilkår for å reise sak – ein prosessføresetnad – at det gjeld krav om skadebot frå staten for skade som einskildpersonar eller marknadsdeltakarar er påførte som følgje av eit brot på EØS-retten som skriv seg frå ei avgjerd frå ein sisteinstansdomstol. Det er altså eit søksmålsvilkår at det dreier seg om ei avgjerd frå Høgsterett.
(74)Skadebotsøksmål mot staten for domstolsavgjerder som korkje oppfyller vilkåra for å reise sak etter EØS-retten eller vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd, skal avvisast. Domstolane må ta sjølvstendig stilling til om vilkåra er oppfylte. Det er ikkje tilstrekkeleg at saksøkjaren pretenderer at søksmålsvilkåra er oppfylte.
(75)Skadebotsøksmålet i saka her er reist på grunnlag av Borgarting lagmannsretts dom 19. november 2020. Dartride har også gjort gjeldande at Høgsteretts ankeutval sette EØS-retten til side ved vedtaket 10. mars 2021 om ikkje å tillata anken fremja. Lagmannsretten fremja anken fullt ut – altså på begge grunnlaga. Retten meinte at det er eit inngangsvilkår for søksmål at det er ei avgjerd i siste instans, men at også avgjerder frå lægre instansar kan vera ansvarsgrunnlag – altså at det ikkje er eit vilkår for å gå til søksmål at saksøkjaren pretenderer at den ansvarsutløysande feilen er gjord av ein domstol som har dømt i siste instans. Lagmannsretten bygde med dette på ei urett generell rettsleg forståing av ein skriven rettsregel.
(76)Når ein anke fører fram i ei sak der Høgsterett har avgrensa domsmakt, er hovudregelen at lagmannsrettens orskurd må opphevast. Der korrekt regelforståing og det faktumet lagmannsretten har lagt til grunn, berre gjev éi mogleg løysing på det spørsmålet anken gjeld, har Høgsterett likevel grunnlag for å seia ny avgjerd, sjå til dømes HR-2020-2175-A avsnitt 65. Dette er tilfellet i saka her.
(77)Konklusjonen blir etter dette at kravet om skadebot for vedtaket frå Høgsteretts ankeutval 10. mars 2021 blir fremja til handsaming – trass i at vilkåra i domstollova § 200 tredje ledd ikkje er oppfylte. Samstundes inneber dette at den delen av søksmålet som byggjer sjølvstendig ansvar på lagmannsrettens dom 19. november 2020, blir avvist etter § 200 tredje ledd. Sakskostnader
(78)Staten har vunne saka for Høgsterett og har i utgangspunktet krav på sakskostnader etter tvistelova § 20-2 andre ledd. Etter mitt syn gjer tungtvegande grunnar det rimeleg at Dartride blir friteke for sakskostnadsansvaret for Høgsterett etter § 20-2 tredje ledd. Saka har reist eit prinsipielt spørsmål som staten har hatt ei særleg interesse i å få prøvd. Også styrkeforholdet mellom partane tilseier fritak for ansvaret.
(79)Staten har sett fram påstand om at Dartride blir tilkjent sakskostnader for tingretten og lagmannsretten. Men staten meiner sakskostnadene som lagmannsretten har tilkjent for desse instansane, går utover det som er nødvendige kostnader etter § 20-5 fyrste ledd.
(80)Høgsterett kan overprøve sakskostnadsavgjerdene frå underinstansane i den saka som er anka, jf. tvistelova § 20-9 fyrste ledd fyrste punktum. Andre punktum slår fast at den avgrensinga i Høgsteretts domsmakt som følgjer av tvistelova § 30-6, også gjeld ved overprøvinga av sakskostnadsavgjerdene frå tingretten og lagmannsretten. Denne avgrensinga gjeld likevel berre prøvinga av realiteten som ledd i overprøvinga av sakskostnadsavgjerda. Utmålinga etter tvistelova § 20‑5 kan derimot prøvast fullt ut, sjå til dømes Rt‑2009‑966 avsnitt 15, Rt‑2009‑973 avsnitt 61 og Rt‑2011‑1532 avsnitt 34.
(81)Prosessfullmektigen til Dartride har arbeidd pro bono, altså gratis for klienten. Staten meiner at utmålinga av nødvendige sakskostnader ved pro bono-arbeid må skje etter andre prinsipp enn der parten krev dekt reelle advokatkostnader på vanleg vis. Kostnadene kan ikkje fastsetjast med utgangspunkt i kva advokatarbeidet ville ha kosta parten, men må fastsetjast ut frå kostnadane til prosessfullmektigen. På den same måten som for Regjeringsadvokaten og andre internadvokatar må timeprisen til prosessfullmektigen etter statens syn ved pro bono-arbeid baserast på driftskostnadene for eitt år, fordelt på talet advokatårsverk og -timar, jf. HR-2023-767-U.
(82)Eg er ikkje samd i det. Ein part som har fått advokathjelp pro bono, kan krevja advokatsalær dekt av motparten sjølv om parten alternativt ikkje må dekkje desse kostnadene sjølv, sjå til dømes HR-2022-1119-A avsnitt 63. Føremålet med å ta på seg eit prosessoppdrag pro bono er å hjelpe den parten ein tek oppdraget for, ikkje motparten. Når prosessfullmektigen på denne måten tek risikoen for utfallet, er det samstundes rimeleg at han ikkje berre får dekt kostnadene sine, men også får betalt på vanleg vis dersom søksmålet fører fram.
(83)Staten har vidare gjort gjeldande at sidan Dartride ikkje opplyste for lagmannsretten at prosessfullmektigen hadde arbeidd pro bono, må dette gjera prøvinga av om kostnadene var nødvendige, meir inngåande enn elles.
(84)Kva som er nærare avtalt mellom klienten og advokaten i ei pro bono-ordning, vil kunne variere. Det er ikkje noko krav i lova om at det blir opplyst om slike avtaler. Omsynet til faktagrunnlaget for rettens vurdering av nødvendige kostnader tilseier likevel at slike avtaler blir opplyst for retten – med mindre klientforholdet tilseier noko anna.
(85)Fordi staten i saka her for lagmannsretten protesterte mot storleiken på sakskostnadene for både tingretten og lagmannsretten, vart kravet grundig vurdert der. Eg ser ikkje grunn til å setja lagmannsrettens vurdering til side. Konklusjon
(86)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : 1. Kravet om skadebot for Høgsteretts ankeutvals vedtak 10. mars 2021 blir fremja. 2. Kravet om skadebot som byggjer direkte på Borgarting lagmannsretts dom 19. november 2020, blir avvist. 3. Lagmannsrettens avgjerd av sakskostnadene for tingretten og lagmannsretten blir stadfesta. 4. Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.
(87)Dommer Falkanger: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(88)Dommer Bull: Likeså.
(89)Dommer Bergsjø: Likeså.
(90)Dommer Thyness: Likeså.
(91)Dommer Sæther: Likeså.
(92)Dommer Hellerslia: Likeså.
(93)Dommer Stenvik: Likeså.
(94)Dommer Lund: Likeså.
(95)Dommer Vang: Likeså.
(96)Justitiarius Øie: Likeså.
(97)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : 1. Kravet om skadebot for Høgsteretts ankeutvals vedtak 10. mars 2021 blir fremja. 2. Kravet om skadebot som byggjer direkte på Borgarting lagmannsretts dom 19. november 2020, blir avvist. 3. Lagmannsrettens avgjerd av sakskostnadene for tingretten og lagmannsretten blir stadfesta. 4. Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.