Den 19. februar 2025 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Webster, Høgetveit Berg og Stenvik i HR-2025-328-U, (sak nr. 25-004520STR-HRET), straffesak, anke over orskurd: A (advokat Kaja de Vibe Malling) mot Påtalemakta (politiadvokat Aleksander Olen Karlson Knygh) sagd slik O R S K U R D : A, født 00.00.1985, har anka Borgarting lagmannsretts orskurd 20. desember 2024 i sak nr. 24-196251SAK-BORG/04 om hefte etter straffeprosesslova § 217. Høgsteretts ankeutval kan berre prøve lagmannsrettens sakshandsaming og generelle lovtolking, jf. straffeprosesslova § 388 fyrste ledd. Hefte etter straffeprosesslova § 217 gjeld uavhengig av om Kontoret for valdsoffererstatning har forskottert oppreisinga overfor den fornærma/skadelidne. Føresegna krev ikkje at den vesentlege vanskeleggjeringa av inndrivinga rammar den fornærma/skadelidne; ho omfattar også vanskeleggjering som rammar valdsofferkontoret. Ankeutvalet finn det samrøystes klart at anken ikkje kan føre fram. Anken blir forkasta med heimel i straffeprosesslova § 387 a fyrste ledd. S L U T N I N G Anken blir forkasta. Borgar Høgetveit Berg Bergljot Webster Are Stenvik (sign.) (sign.) (sign.)
Rettskildene og arbeidsområdet ditt klargjøres.