I april 2024 fekk påtalemakta lovheimel til å påleggje omvendt valdsalarm (elektronisk kontroll) når det i særlege tilfelle er påkravd for å hindre at nokon gjer ei straffbar handling mot ein annan person – straffeprosesslova § 222 g andre alternativ. Ein mann vart pålagd slik kontroll på bakgrunn av handlingar i 2008 og faren for nye handlingar mot den som var krenkt i saka frå 2008. Høgsterett har kome til at dette ikkje er i strid med Grunnlova § 97, som vernar borgarane mot å gje lover tilbakeverkande kraft. I motsetnad til straffeprosesslova § 222 g fyrste alternativ er regelen i andre alternativ ei meir framtidsretta vurdering. I vurderinga av kva for norm som gjeld ved vurderinga av tilbakeverknaden, tek Høgsterett utgangspunkt i ei tidlegare høgsterettsavgjerd, HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I. Grunngjevinga for tilbakeverknadsforbodet slår ikkje til med den same tyngda for § 222 g andre alternativ som for fyrste alternativ. Generelt krevst det difor ikkje like sterke samfunnsomsyn for å tillate tilbakeverknaden etter andre alternativ. Høgsterett kjem til at ein er nær norma for såkalla «ueigentleg tilbakeverknad». Når dei strenge vilkåra for pålegg etter § 222 g andre alternativ fyrst er oppfylte, vil det i praksis vera lite rom for å konstatere at pålegget er i strid med Grunnlova § 97. Rettsområde: Grunnlova § 97, straffeprosesslova § 222 g Dommarar: Bull, Høgetveit Berg, Hellerslia, Stenvik, Sivertsen
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld elektronisk kontroll av besøksforbod, såkalla omvend valdsalarm med fotlenkje. Spørsmålet er om vedtaket om elektronisk kontroll – heimla i straffeprosesslova § 222 g fyrste ledd tredje punktum; gjerne omtalt som det andre alternativet – er i strid med forbodet mot tilbakeverkande lover i Grunnlova § 97 når bakgrunnen er ei handling gjort før lovheimelen vart innført.
(3)A vart i 2010 dømd til forvaring med ei tidsramme på 10 år og ei minstetid på 7 år for å ha mishandla B, den tidlegare ektemaken sin, i ein periode på over to år frå 2006 til 2008, sjå LB-2009-196744. Mishandlinga kulminerte 13. august 2008 i ei grov valdshending i leilegheita hennar. A pressa tommelfingrane sine med stor kraft mot augo hennar, slik at ho vart totalt og varig blind på begge augo. Etter å ha gjort dette sa han noko i retning av «Se på meg. Du er blind. Det fortjener du» og «Alle synder kommer av at man ser». Før han gjekk frå leilegheita, sa han også til henne at han ville drepe henne dersom ho kontakta politiet.
(4)A vart gripen 13. august 2008. Han sat i varetekt fram til han byrja på soninga av forvaringsdommen. I 2009 braut han eit besøksforbod overfor dottera si ved å kontakte henne frå fengselet per telefon. Utover dette har han ikkje hatt merknader eller drege på seg andre straffbare forhold under forvaringa, prøvelauslatinga eller etterpå. A har overhalde alle vilkår for pålagde kontrollar og restriksjonar. Han har ikkje på noko tidspunkt etter dommen kontakta den krenkte.
(5)I juni 2022 vart A prøvelauslaten med tett oppfølging frå kriminalomsorga. Han har vore pålagd fast opphald med innetid i ein kommunal bustad på Vestlandet. Kontrollen har vore hyppig, med gradvis reduksjon. Han hadde meldeplikt to gonger i veka under prøvelauslatinga, med samtale hjå friomsorga ein gong i veka. Vidare hadde han plikt til sysselsetjing tre gonger i veka – noko han friviljug har halde fram med etter soninga – og plikt til å halde seg frå rus.
(6)Statsadvokaten vedtok 28. februar 2024 å ikkje krevja forlenging av forvaringa. Forvaringa enda 11. august 2024.
(7)Straffeprosesslova kapittel 17 d om elektronisk kontroll av besøksforbod og kontaktforbod – § 222 g til § 222 j – vart vedteke ved endringslov 20. desember 2023 nr. 111 og tok til å gjelde 8. april 2024.
(8)Etter krav frå den tidlegare ektemaken påla påtalemakta 6. august 2024 A besøksforbod overfor henne i eitt år, jf. straffeprosesslova § 222 a. Den same dagen påla påtalemakta han opphaldsforbod med elektronisk kontroll i tre månader, jf. straffeprosesslova § 222 g, jf. § 222 a fyrste ledd. Vedtaket gjaldt ei nærare definert sone i og rundt Oslo sentrum. A fekk montert fotlenkja 9. august 2024.
(9)A reiste ikkje innvendingar mot besøksforbodet eller opphaldsforbodet, men kravde rettsleg prøving av grunnlaget for elektronisk kontroll. I orskurd 8. oktober 2024 tok Hordaland tingrett til følgje kravet frå påtalemakta om å oppretthalde vedtaket. A anka orskurden til Gulating lagmannsrett, som vraka anken i orskurd 29. oktober 2024.
(10)Påtalemakta vedtok 3. november 2024 å forlengje det tidlegare vedtaket om opphaldsforbod med elektronisk kontroll i ni månader og éin dag, frå 5. november 2024 til 6. august 2025, slik at det gjaldt like lenge som besøksforbodet. A reiste heller ikkje denne gongen motsegner mot opphaldsforbodet, men kravde igjen rettsleg prøving av grunnlaget for elektronisk kontroll.
(11)Hordaland tingrett vedtok 26. november 2024 at A skulle undersøkjast rettspsykiatrisk for framtidig valdsrisiko. Tingretten mottok 15. januar 2025 den sakkunnige utgreiinga frå Laimonas Ratkus, lege med spesialisering i psykiatri, og Hanne Foss Berget, psykolog med spesialisering i klinisk vaksenpsykologi.
(12)Hordaland tingrett sa 31. januar 2025 orskurd med slik slutning: «A, født 00.00.1955, ilegges oppholdsforbud med elektronisk kontroll, ved at han må oppholde seg utenfor en forbudssone dannet av kartkoordinatene 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00, 00- 000000.00 0000000.00. Forbudet gjelder for 9 – ni – måneder og 1 – én – dag fra 05.11.2024 til 06.08.2025. A ilegges elektronisk kontroll i hele perioden.»
(13)A anka orskurden. Gulating lagmannsrett vraka anken i orskurd 26. februar 2025. Lagmannsretten kom, på same måten som tingretten, til at vilkåra i straffeprosesslova § 222 g fyrste ledd tredje punktum var oppfylte, og at inngrepet ikkje var i strid med Grunnlova § 97.
(14)A har anka lagmannsrettens orskurd til Høgsterett. Anken rettar seg mot lovbruken.
(15)Høgsteretts ankeutval vedtok 3. april 2025 at ankesaka skal avgjerast av Høgsterett i avdeling med fem dommarar, jf. domstollova § 5 fyrste ledd andre punktum, sjå HR-2025-627-U. Partanes syn
(16)A har i korte trekk gjort gjeldande:
(17)Pålegget om elektronisk kontroll er i strid med Grunnlova § 97. Den elektroniske kontrollen har så nær samanheng med handlingane frå før straffeprosesslova § 222 g vart sett i kraft, at grunngjevinga for tilbakeverknadsforbodet gjeld med full tyngd. At handlingane vart vektlagde i ei framtidsretta vurdering, gjer ikkje at det ikkje er tale om tilbakeverknad. Det er berre As handlingar før lova tok til å gjelde, som grunngjev inngrepet. A kan ikkje gjera om det han har gjort, og han hadde lita moglegheit til å føresjå eller innrette seg på den nye lovgjevinga.
(18)Gjennomslagskrafta til Grunnlova § 97 må vera stor på dette området – og avgjerande for kva norm som gjeld. Sjølv om tilbakeverknadselementet ikkje er like dominerande etter § 222 g andre alternativ som etter fyrste alternativ, har tilbakeverknaden i saka her sterke likskapstrekk med eigentleg tilbakeverknad. Dei tyngjande rettsverknadene er av eit slikt slag at lova berre kan verke bakover dersom sterke samfunnsomsyn gjer seg gjeldande. Slike omsyn ligg ikkje føre.
(19)A har sett fram slik påstand: «Prinsipalt: Den elektroniske kontrollen av besøksforbudet opphører. Subsidiært: Lagmannsrettens og tingrettens kjennelser oppheves.»
(20)Påtalemakta har i korte trekk gjort gjeldande:
(21)Påtalemakta meiner prinsipalt at straffeprosesslova § 222 g andre alternativ ikkje verkar bakover. For at det skal vera tilbakeverknad med rettsleg relevans, kan lova ikkje ha den reelle og faktiske tyngda retta framover. Paragraf 222 g andre alternativ har ingen vilkår som knyter seg til tidlegare forhold. Det sentrale vilkåret er eit framtidsretta risikovilkår. Ein mogleg tilbakeverknadseffekt er svært avleidd og indirekte. Avgjerda verkar berre framover. Vurderingane av dagens risiko må byggje på dei faktaopplysningane ein har i dag.
(22)Subsidiært meiner påtalemakta at det ut frå styrken i tilbakeverknaden er tale om såkalla ueigentleg tilbakeverknad. Sjølv om HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I gjaldt bruken av § 222 g fyrste alternativ som inneheld eit tilbakeverkande vilkår, så var dette likevel ikkje eigentleg tilbakeverknad. I § 222 g andre alternativ er det ingen vilkår knytte til tidlegare forhold. Vilkåra i lova er framoverretta, og straffbare forhold i fortida inngår berre som moment i vurderinga av risikoen for framtida. Slik ueigentleg tilbakeverknad er som den klare hovudregelen tillaten.
(23)Påtalemakta gjer atter subsidiært gjeldande at slike sterke samfunnsomsyn som krevst etter grunnlovsnorma for eigentleg tilbakeverknad, uansett er til stades. Konkret handlar dette om ein uvanleg situasjon, der den krenkte er særleg sårbar og med eit særskilt behov for vern. Samstundes er den elektroniske kontrollen lite inngripande for A.
(24)Påtalemakta har sett fram slik påstand: «Anken forkastes.»
(25)Bistandsadvokaten har på vegner av B slutta seg til merknadene frå påtalemakta og har på vanleg vis ikkje sett fram påstand. Mitt syn Høgsteretts domsmakt
(26)Saka gjeld ein vidare anke over orskurd. Høgsteretts domsmakt er då avgrensa til å prøve lagmannsrettens lovtolking og sakshandsaming, jf. straffeprosesslova § 388 fyrste ledd. For spørsmål knytte til Grunnlova kan Høgsterett også prøve den konkrete bruken av den aktuelle lovregelen, jf. til dømes HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I avsnitt 36 og HR-2024-1825-A Satudarah avsnitt 18. Grunnlova § 97 og den konkrete grunnlovskontrollen
(27)Hovudspørsmålet i saka er om Grunnlova § 97 er til hinder for at A blir pålagt å gå med fotlenkje ut frå den rolla mishandlinga av den tidlegare ektemaken i 2006–2008 har hatt å seia for vurderinga etter straffeprosesslova § 222 g andre alternativ.
(28)Grunnlova § 97 lyder slik: «Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.»
(29)Det er eit grunnleggjande føremål med Grunnlova § 97 å skape føreseielege lover og tryggleik og rettstryggleik for borgarane, jf. til dømes storkammerdommen i Rt-2009-1412 avsnitt 25 og HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I avsnitt 76.
(30)Etter statsskikken vår er grunnlovskontrollen i utgangspunktet ikkje abstrakt, men knytt til den konkrete saka. Eg nøyer meg her med å vise til HR-2021-417-P Acer I avsnitt 82–112 med referansar.
(31)I plenumsdommen Rt-2010-143 reiarlagsskatt avsnitt 155 uttalte fyrstvoterande at om ei lov er i strid med Grunnlova § 97, må vurderast konkret for partane i saka, samstundes som det må kunne takast omsyn til heilskapen ved ei lovregulering – og at ikkje alle urimelege utslag for den einskilde kan føre til grunnlovsstrid.
(32)Forholdet mellom straffeprosesslova § 222 g og Grunnlova § 97 er ikkje drøfta i førearbeida. Eg nemner likevel at Justisdepartementet i førearbeida til det som no er straffelova § 57 om kontaktforbod som rettstap – og elektronisk kontroll i samband med slik straff – uttalte at domstolane i heilskapsvurderinga av om elektronisk kontroll skal påleggjast, må kunne leggje vekt på omstende frå før lovendringa, sjå Ot.prp. nr. 25 (2008–2009) side 38. Men sidan dette gjeld fullbyrding av straff, har dette ikkje direkte overføringsverdi til saka her. Straffeprosesslova § 222 g andre alternativ
(33)Vilkåra for elektronisk kontroll av besøks- og opphaldsforbod følgjer av straffeprosesslova § 222 g fyrste ledd, som lyder slik: «Påtalemyndigheten kan ilegge elektronisk kontroll av et besøksforbud eller kontaktforbud dersom den forbudet retter seg mot, med skjellig grunn mistenkes for brudd på forbudet, og elektronisk kontroll anses nødvendig for at forbudet skal bli overholdt. Gjelder mistanken en krenkelse begått de siste 12 månedene, kan elektronisk kontroll ilegges sammen med et nytt besøksforbud. Selv om det ikke er skjellig grunn til mistanke om brudd på et besøksforbud, kan det i særlige tilfeller ilegges elektronisk kontroll av besøksforbud når det antas påkrevd for å hindre at noen begår en straffbar handling mot en annen person. § 170 a gjelder tilsvarende.»
(34)Desse reglane om elektronisk kontroll av besøks- og opphaldsforbod – såkalla omvendt valdsalarm gjennom bruk av fotlenkje – skil seg frå dei andre tvangsmidla i straffeprosesslova. Tvangsmiddelet er ikkje knytt til etterforskinga eller opplysinga av ei straffesak. Det er derimot tale om effektivisering av eit førebyggjande tiltak for å hindre lovbrot i framtida. Føremålet med straffeprosesslova § 222 g er å betre etterlevinga av besøks- og kontaktforbod og med det å styrkje vernet av personar som risikerer å bli utsette for vald, trugsmål og uynskt framferd, sjå Prop. 128 L (2022–2023) punkt 1 på side 5. I tillegg fører reglane til at ein flyttar børa ved vernetiltak frå den utsette til den krenkjande, jf. proposisjonen punkt 5.4.4 på side 30.
(35)Etter § 222 g fyrste ledd fyrste og andre punktum – omtalt som fyrste alternativ – er det eit vilkår for å påleggje elektronisk kontroll at nokon «med skjellig grunn» er mistenkt for brot mot eit besøksforbod eller kontaktforbod. I tillegg krevst det at elektronisk kontroll er nødvendig for å overhalde forbodet. Det var denne føresegna som var tema i HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I.
(36)Etter § 222 g fyrste ledd tredje punktum – omtalt som andre alternativ – kan elektronisk kontroll i særlege tilfelle påleggjast utan at det er grunn til mistanke om brot på eit eksisterande besøksforbod, når det er påkravd for å hindre at nokon gjer ei straffbar handling mot ein annan person. Det er denne føresegna som er tema i saka her.
(37)Justisdepartementet uttalte følgjande om bakgrunnen for § 222 g andre alternativ i Prop. 128 L (2022–2023) punkt 6.4 på side 45–46: «Departementet foreslår en snever adgang til å ilegge elektronisk kontroll av besøksforbud også når det ikke foreligger brudd på et ilagt besøksforbud, se første ledd tredje punktum i forslaget til ny § 222 g i straffeprosessloven. … Behovet for å beskytte personer som befinner seg i særlig alvorlige og sårbare situasjoner, slik dette er belyst i høringen, taler med styrke for å foreslå en slik ‘sikkerhetsventil’. Høringen har vist at behovet for forebyggende tiltak er reelt, og de fleste høringsinstansene er positive til at det innføres en unntakshjemmel. Særlig vises det til tilfeller der påtalemyndigheten ikke har andre egnede tiltak til rådighet som er tilstrekkelige til å gi mennesker som har blitt eller risikerer å bli utsatt for trusler, vold, eller andre alvorlige krenkelser, den beskyttelsen de trenger. I høringsnotatet vurderte departementet i liten grad de menneskerettslige rammene for en slik hjemmel. Hensynet til overholdelse av statens sikringsplikt etter EMK taler for at beskyttelsestiltaket elektronisk kontroll også bør kunne anvendes i særlige tilfeller hvor det ikke er mistanke om brudd på et ilagt forbud, men hvor det likevel er særlige holdepunkter for at fornærmede har behov for slik beskyttelse. …»
(38)Og vidare i punkt 6.4 på side 46: «Hjemmelen forutsettes brukt kun unntaksvis og med stor forsiktighet. Det foreslås en snever unntaksregel, som bare skal kunne anvendes når det antas påkrevd, er forholdsmessig og det er på det rene at andre og mindre inngripende beskyttelsestiltak ikke vil strekke til, jf. straffeprosessloven § 170 a.»
(39)Høvet til å påleggje elektronisk kontroll etter dei strenge vilkåra i § 222 g andre alternativ er altså snever – og blir omtalt som ein tryggingsventil for å verne personar som er i ein særleg alvorleg og sårbar situasjon, der andre eigna tiltak ikkje er tilgjengelege.
(40)Samstundes skal føresegna også bidra til å oppfylle grunnleggjande menneskerettar, jf. særleg statens sikringsplikt etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen – EMK – artikkel 1. Elektronisk kontroll bør difor kunne nyttast der det ikkje er konstatert brot på besøksforbod, men det likevel er særlege haldepunkt for at den krenkte treng slikt vern. Verkar straffeprosesslova § 222 g andre alternativ bakover i tid?
(41)Utgangspunktet i Grunnlova § 97 er forbod mot at lova blir gjeven tilbakeverkande kraft. Straffeprosesslova § 222 g andre alternativ grip ikkje inn i ein eksisterande rettsleg posisjon, men regulerer situasjonen framover.
(42)I motsetnad til etter straffeprosesslova § 222 g fyrste alternativ er det i andre alternativ ikkje eit lovfesta vilkår om brot på eit tidlegare besøksforbod. Det er altså høve til å påleggje elektronisk kontroll etter § 222 g andre alternativ utan tidlegare handlingar. Likevel vil det i praksis bortimot alltid vera slik at den framtidsretta vurderinga etter § 222 g andre alternativ i stor grad må byggje på det som har skjedd tidlegare. Førearbeida til § 222 g fyrste alternativ framhevar at førhistoria har stor vekt i vurderinga av risikoen for krenkingar i framtida. Dette gjeld både for nødvendigheitsvilkåret og proporsjonalitetsvilkåret, jf. Prop. 128 L (2022–2023) punkt 5.4.4 på side 30–31. Der blir det mellom anna peikt på at partanes førehistorie, konkrete utsegner og tidlegare framferd vil vera eigna til å kaste lys over risikoen. Også etter § 222 g andre alternativ skal ein vurdere behovet for og proporsjonaliteten av inngrepet. Det er noko vanskeleg å i praksis tenkje seg vedtak etter andre alternativ utan at handlingar frå fortida viser eit behov for inngrepet. I førearbeida til § 222 g andre alternativ er då også historikken mellom partane framheva som eit relevant moment, sjå Prop. 128 L (2022–2023) punkt 6.4 på side 47.
(43)Som påpeikt vil tilbakeverknadselementet vera meir dominerande ved bruken av fyrste alternativ, sidan ei bestemt handling i fortida der er eit vilkår. Men handlingar i fortida vil som nemnt vera eit typisk trekk også ved bruken av andre alternativ. I visse tilfelle – som her – vil straffbare handlingar kunna vera avgjerande i den heilskapsvurderinga som skal gjerast etter andre alternativ.
(44)Ei konstatering ut frå den lovtekniske oppbygginga av § 222 g aleine om at det ikkje kan liggje føre tilbakeverknad ved bruk av andre alternativ, stemmer uansett ikkje godt med utgangspunktet om ei konkret grunnlovsprøving.
(45)Oppsummert: Straffeprosesslova § 222 g andre alternativ føreset, og må forståast slik, at handlingar i fortida normalt vil vera ein sentral del av vurderingsgrunnlaget. Dette må samstundes vera relevant når regelen skal vurderast opp mot Grunnlova § 97. Kva er tilbakeverknaden i saka her?
(46)Prinsipielt heimlar som nemnt straffeprosesslova § 222 g andre alternativ også inngrep utan utløysande omstende i fortida. Sidan den eventuelle grunnlovsstriden må vurderast konkret, er det likevel nødvendig å ta stilling til kva rolle fortidige forhold har hatt å seia i saka her.
(47)Lagmannsretten har i avgjerda si i det store og heile slutta seg til tingrettens vurderingar. Tingretten la i si avgjerd stor vekt på valdshandlinga – blindinga – og drapstrugsmålet overfor den fornærma i 2008. Retten la også vekt på dei rettspsykiatriske vurderingane og korleis A framstod i retten no i 2025. Ut frå samanhengen må dette etter mitt syn forståast slik at faren for alvorlege lovbrot ikkje er redusert. Dette er ikkje vurderingar som i seg sjølv, om ein tenkjer handlingane i 2008 bort, tilseier elektronisk kontroll i dag. Etter mitt syn er det ikkje tvil om at handlingane i 2008 har vore nødvendige for påbodet. Den nedre grensa for forbodet mot tilbakeverkande lover
(48)Me står overfor ein lovregel som viser til ei brei heilskapsvurdering, der ei tidlegare handling kan inngå som eit avgjerande element, men utan at ei slik handling er eit vilkår for at lova kjem i bruk. Det fyrste spørsmålet er difor om ein slik situasjon i det heile teke kan reknast som tilbakeverknad etter Grunnlova § 97.
(49)Den omfattande høgsterettspraksisen om Grunnlova § 97 dei siste tiåra kretsar kring spørsmålet om grensa mellom rettsstridig og ikkje rettsstridig tilbakeverknad. Den «nedre grensa» for kva som i det heile teke skal reknast som tilbakeverknad, er ikkje problematisert.
(50)Påtalemakta har særleg vist til Rt-1947-289. Denne dommen gjaldt tolkinga av lov 19. juli 1946 nr. 14 om utreinsking i offentleg teneste § 1, jf. provisoriske lover frå 1943 og 1944. Spørsmålet var om norske offiserar som under okkupasjonen hadde hatt stillingar i Arbeidstjenesten etter nazifiseringa, var skikka til å halde fram i stillingane sine som offiserar etter okkupasjonen. Fleirtalet i Høgsterett, uttrykt ved andrevoterande, kom i eit obiter dictum til at Grunnlova § 97 ikkje var til hinder for å leggje vekt på faktiske omstende frå før 1943, sjå side 306–307: «Jeg er enig med førstvoterende i at Grunnlovens § 97 ikke setter noen skranke for adgangen til å anvende overfor de saksøkte bestemmelsen om stillingstap i § 1 i tjenestemannsanordningen av 26 februar 1943, jfr. endringsanordningen av 24 november 1944, eller nå § 1 i loven av 19 juli 1946. Det som for hver enkelt av de saksøkte befalingsmenn foreligger til bedømmelse, er om han i dag skal ansees for ikke verdig til å fortsette i sin stilling. At grunnlaget for denne vurdering søkes i opplysninger om hans forhold også i den del av okkupasjonstiden som ligger forut for tjenestemannsanordningens ikrafttreden, innebærer etter min oppfatning overhodet ikke noen tilbakevirkende anvendelse av denne anordning. Dette er for meg uten videre avgjørende for det grunnlovsspørsmål som her foreligger, …»
(51)Påtalemakta meiner at perspektivet i denne dommen var om offiserane på domstidspunktet var skikka, og at det då ikkje var noko tilbakeverkande element i reguleringa. Vidare at dette må gjelde enn meir i vurderinga etter straffeprosesslova § 222 g andre alternativ, som ikkje berre er knytt til avgjerdstidspunktet, men er meir framoverretta.
(52)Eg er ikkje samd i det. Dommen gjaldt offiserar som hadde halde stillingar i Arbeidstjenesten både før og etter 26. februar 1943. Når dei gjennom handlingar etter at reguleringa var innført, hadde vist seg uskikka, kunne det ikkje vera avgjerande i relasjon til Grunnlova § 97 at dei også før dette tidspunktet hadde halde slike stillingar. Det er etter mitt syn meir råkande å seia at fleirtalet meinte at dei tilbakeverkande elementa var så ubetydelege at det ikkje var tale om tilbakeverknad etter lova.
(53)For vurderinga av den nedre grensa for tilbakeverknad meiner eg det er tenleg å ta utgangspunkt i ein synsmåte i Benedikte Moltumyr Høgberg, Forbud mot tilbakevirkende lover, 2010 side 195–196: «For tilbakevirkningsvilkårets nedre grense mot annen ikke-tilbakevirkende lovgivning må grensen trekkes i relasjon til hvor ubetydelig lovens tilbakevirkende elementer fortoner seg. I de fleste rettstvister vil de forhold som loven berører forut for vedtakelsestidspunktet, være av en helt allmenn og perifer karakter. Dermed vil rettsvirkningen utvilsomt ha sin tyngde rettet mot fremtidige forhold, og lovreguleringen er ikke først og fremst kjennetegnet av tilbakevirkende elementer. For disse tilfellene vil det ha lite for seg å foreta en vurdering av om rettsstridig tilbakevirkning foreligger, når tilbakevirkningselementet likevel har en slik allmenn og perifer karakter. Det er for disse tilfellene, hvor de tilbakevirkende elementene er å regne som ubetydelige, at tilbakevirkningsvilkåret ikke er oppfylt.»
(54)Dei døma som Høgberg nemner i dei påfølgjande avsnitta, er ikkje råkande for saka her. Eg sluttar meg likevel til utgangspunktet om at det avgjerande for den «nedre grensa» for tilbakeverknad må vera kor ålmenne og perifere dei omstenda som i tid ligg før lova vart vedteken, er i saka. Der den reelle og faktiske tyngda i vurderinga er retta framover i tid, er det ikkje naturleg å konkludere med tilbakeverknad etter Grunnlova § 97 dersom dei tilbakeverkande elementa er ubetydelege.
(55)Eg er som nemnt ikkje i tvil om at handlingane i 2008 har vore nødvendige for påbodet i saka her. Tilbakeverknadselementet har difor ikkje berre ein ålmenn og perifer karakter. Grunnlovsnorma i saka her
(56)Det neste spørsmålet er kva for norm som skal nyttast for å avgjera om tilbakeverknaden er i strid med Grunnlova § 97 eller ikkje.
(57)Tradisjonelt skil ein mellom såkalla eigentleg og ueigentleg tilbakeverknad. Skiljet er forklart slik i plenumsdommen Rt-2013-1345 strukturkvote avsnitt 82: «Egentlig tilbakevirkning har vi når loven knytter byrder direkte til tidligere handlinger eller begivenheter, det vil si handlinger eller begivenheter som er avsluttet, og som i tid ligger forut for den loven det er tale om. Ved uegentlig tilbakevirkning retter virkningen seg derimot mot den framtidige utøvelsen av etablerte rettsposisjoner.»
(58)I avsnitt 93 og 94 blir ueigentleg tilbakeverknad også omtalt som «inngrep i etablerte rettsposisjoner». I avsnitt 93 peiker fyrstvoterande på at det har vore stilt opp vesentleg ulike normer for tilfelle av eigentleg tilbakeverknad og inngrep i etablerte rettar eller rettsposisjonar – og at ein i dei dommane som reelt sett må reknast for å gjelde eigentleg tilbakeverknad, har kravd «sterke samfunnsmessige hensyn» for at lova skal stå seg overfor Grunnlova § 97. I avsnitt 94 blir det peikt på at det ved inngrep i etablerte rettsposisjonar er «den særlig urimelige» eller «urettferdige» tilbakeverknaden som blir råka, gjerne også omtalt slik at tilbakeverknaden må vera «klart urimelig eller urettferdig».
(59)I HR-2016-389-A stortingspensjon tek fyrstvoterande utgangspunkt i Rt-2013-1345 strukturkvote og oppsummerer – etter også å ha gått gjennom Rt-1996-1415 Borthen, Rt-1996-1440 Thunheim, Rt-2006-262 ektefellepensjon, Rt-2006-293 Arves trafikkskole, Rt-2007-1281 Øvre Ullern terrasse og Rt-2010-143 reiarlagsskatt – slik i avsnitt 76: «Fra denne gjennomgåelsen slutter jeg at kjernespørsmålet er hvor sterkt tilbakevirkningselementet er. Hvis loven direkte knytter tyngende rettsvirkninger til tidligere hendelser, er loven som hovedregel grunnlovsstridig. Gir loven derimot bare regler om hvordan en allerede etablert posisjon skal utøves, er hovedregelen den motsatte. I de sistnevnte tilfellene har lovgiveren et betydelig spillerom, se avsnitt 94 i strukturkvotedommen. Det er en glidende overgang mellom disse ytterpunktene. I rederiskattedommen [avsnitt 153] omtales dette som ‘overgangsformer’, mens det i strukturkvotedommen [avsnitt 101] fremheves at ‘Borthen-normen’ er relativ, fleksibel og skjønnsmessig.»
(60)Det kan vera utfordrande – reint systematisk – å operere med to særs ulike hovudreglar for rettsstridig tilbakeverknad for høvesvis eigentleg og ueigentleg tilbakeverknad når ein samstundes erkjenner at det er ein glidande overgang mellom desse hovudformene. I HR-2024-1825-A Satudarah vart tilhøvet mellom straffeprosesslova § 222 e om forbod mot kriminelle samanslutningar og Grunnlova § 97 avgjort etter ei heilskapsvurdering utan at Høgsterett tok stilling til om tilbakeverknadselementet vart karakterisert som av det eine eller andre slaget.
(61)Gjennomslagskrafta til Grunnlova § 97 er størst ved tilbakeverknad som gjeld den personlege fridomen og tryggleiken til einskildmenneske. Vernet er sterkast i strafferetten. Elektronisk kontroll etter straffeprosesslova § 222 g er eit preventivt tvangsmiddel, som korkje etter norsk rett eller EMK er straff. Opphaldsforbod grip primært inn i retten til å ferdast fritt i riket etter Grunnlova § 106, medan påbodet om elektronisk kontroll ved fotlenkje primært grip inn i retten til privatliv etter Grunnlova § 102. Føremålet er ikkje å sanksjonere tidlegare handlingar, men å hindre nye lovbrot. Det kan for pålegg om elektronisk kontroll difor ikkje vera eit absolutt forbod mot tilbakeverknad.
(62)For normvalet i saka her tek eg difor utgangspunkt i HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I: I avsnitt 73 la fyrstvoterande til grunn at straffeprosesslova § 222 g fyrste alternativ ikkje innebar eigentleg tilbakeverknad, men at tilbakeverknaden hadde «sterke likheter» med slik tilbakeverknad. Grunngjevinga for dette går fram av avsnitt 74–78: «For det første er det en nær sammenheng mellom mistanke om tidligere brudd på besøksforbud og ileggelsen av elektronisk kontroll. Mistanke om tidligere brudd er et nødvendig, lovbestemt, vilkår for ileggelse etter første alternativ i straffeprosessloven § 222 g. Tidligere brudd vil – slik det fremgår av sitatet fra forarbeidene gjengitt tidligere – i praksis ha vesentlig betydning ved vurderingen av om nødvendighetsvilkåret er oppfylt. Dette gjør tilbakevirkningselementet mer dominerende enn der fortidige handlinger kun er ett av flere momenter i en helhetsvurdering, slik situasjonen for eksempel er ved vurderingen etter § 222 g andre alternativ. For det andre vil tidligere brudd på besøksforbud være avsluttede handlinger som ikke kan gjøres om. Elektronisk kontroll kan ilegges som følge av mistanke om tidligere brudd på besøksforbud, uten at det er noe krav om at det har inntruffet noen begivenheter eller utført handlinger etter at § 222 g trådte i kraft. Den som rammes kan derfor ikke innrette seg etter den nye loven gjennom etterfølgende adferd, for på den måten å hindre at inngrepet kommer. Jeg viser her til strukturkvotedommen avsnitt 95 og 96. Der fremheves innrettelseshensyn og muligheten for alternativ disponering som sentrale momenter for å oppstille ulike normer for grunnlovsvernet for egentlig og uegentlig tilbakevirkning. Sett i sammenheng innebærer dette at den enkeltes mulighet til å forutse og innrette seg på den nye lovgivningen er liten. Et grunnleggende formål med Grunnloven § 97 er å skape ‘forutberegnelighet, trygghet og rettssikkerhet for borgerne’, jf. for eksempel Rt-2009-1412 avsnitt 25. Den saken gjaldt strafferett, men uttalelsen har allmenn gyldighet. Jeg mener etter dette at straffeprosessloven § 222 g første alternativ ikke er et rent tilfelle av egentlig tilbakevirkning, i og med at det ikke knyttes tyngende rettsvirkninger direkte til tidligere handlinger eller begivenheter. Loven inneholder imidlertid sterke elementer av slik tilbakevirkning, ved at tidligere handlinger er nødvendige, lovbestemte vilkår som vil ha stor betydning for spørsmålet om tvangstiltaket skal ilegges. Sanksjonen har så nær sammenheng med bruddet på besøksforbudet at begrunnelsen for tilbakevirkningsforbudet etter min mening slår inn med tyngde. Jeg konkluderer derfor med at ileggelse av elektronisk kontroll som er begrunnet i mistanke om brudd på besøksforbud som har skjedd før lovens ikrafttredelse, i så stor grad knytter tyngende rettsvirkninger til tidligere, avsluttede handlinger at loven bare kan gis tilbakevirkende kraft dersom sterke samfunnsmessige hensyn gjør seg gjeldende.»
(63)Vilkåra for å påleggje elektronisk kontroll i særlege tilfelle etter straffeprosesslova § 222 g andre alternativ er strengare enn etter fyrste alternativ, jf. at andre alternativ som nemnt blir omtalt som ein tryggingsventil der andre tiltak ikkje er eigna. Grunngjevinga er i prinsippet likevel den same – å effektivisere etterlevinga av besøksforbod for å styrkje vernet av personar som risikerer å bli utsette for vald, trugsmål og annan uynskt kontakt. Begge alternativa bidreg til å oppfylle statens sikringsplikt etter EMK artikkel 1.
(64)For tilbakeverknad etter § 222 g andre alternativ gjer likevel ikkje dei omsyna som er drøfta i HR-2024-1737-A elektronisk kontroll I avsnitt 74–78, seg gjeldande i like sterk grad. Denne føresegna inneheld for det fyrste ikkje eit lovbestemt og nødvendig vilkår om tidlegare lovbrot. For det andre vil høvet den einskilde har til å tilpasse seg den nye lovgjevinga, jamt over ikkje vera avskoren på den same måten. Paragraf 222 g andre alternativ liknar difor mindre på eigentleg tilbakeverknad enn fyrste alternativ.
(65)Grunngjevinga for tilbakeverknadsforbodet slår såleis ikkje til med den same tyngda for § 222 g andre alternativ som for fyrste alternativ. Generelt krevst det difor ikkje like sterke samfunnsomsyn for å tillate tilbakeverknaden etter andre alternativ. Me er nær norma for ueigentleg tilbakeverknad.
(66)Når dei strenge vilkåra for pålegg etter § 222 g andre alternativ fyrst er oppfylte, vil det i praksis vera lite rom for å konstatere at pålegget er i strid med Grunnlova § 97. Den konkrete vurderinga
(67)I den konkrete vurderinga er det på den eine sida nærast berre handlingane i 2008 som grunngjev pålegget om elektronisk kontroll i saka her. Tilbakeverknadselementet er ikkje ubetydeleg.
(68)På hi sida: Å vareta vernebehovet for personar som er utsette for risiko for nye overgrep – som lagmannsretten har kome til at den krenkte i saka her er – er klart nok ei samfunnsinteresse, jf. mellom anna sikringsplikta etter EMK artikkel 1 og Grunnlova § 93.
(69)I den konkrete vurderinga av rettsstridsspørsmålet må ein kunna leggje vekt på den psykiske belastninga den krenkte opplever. Lagmannsretten har lagt til grunn at trugsmålet om drap ikkje er trekt attende. Valdsalarm og kamera på døra er fånyttes sidan ho er blinda og såleis korkje kan sjå A eller nyttiggjera seg av andre vernetiltak. Ho lever med konstant frykt for å bli oppsøkt utan at ho sanseleg har moglegheit for å passe på seg sjølv.
(70)Det er heller ikkje utan vekt at As belastning med å måtte bera fotlenkje, ikkje er særleg tyngjande – uavhengig av at han berre har utfordra denne delen av vedtaket, og ikkje besøks- eller opphaldsforbodet. Reisemoglegheitene utanfor forbodssona er ikkje innskrenka som følgje av den elektroniske kontrollen, jf. straffeprosesslova § 222 h og HR-2024-2079-U. Innvendinga frå As side gjeld då heller ikkje inngrepet i retten til å ferdast fritt i riket, men fyrst og fremst den ubehagelege kjensla av å måtte bera fotlenkja – og at denne minner han på kva han har gjort, og at fotlenkja med det «fornærmar» han heile tida.
(71)Eg meiner det er klart at pålegget ikkje er i strid med Grunnlova § 97. Konklusjon
(72)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir vraka.
(73)Dommer Hellerslia: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(74)Dommer Sivertsen: Likeså.
(75)Dommer Stenvik: Likeså.
(76)Dommer Bull: Likeså.
(77)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir vraka.