Dommarar: Bull, Falch, Høgetveit Berg
(1)Saken gjeld anke over lagmannsrettens vedtak om å delvis nekte ein anke i straffesak fremja, jf. straffeprosesslova § 321 andre ledd.
(2)A fekk 3. februar 2024 eit besøksforbod, heimla i straffeprosesslova § 222 a. Han fekk forbod mot: «Å oppsøke, å forfølge og på noe vis å ta kontakt med B, verken personlig eller gjennom telefon, tekstmelding, e-post eller annen elektronisk meddelelse, brev, postkort eller annen skriftlig meddelelse, eller gjennom tredjemann.»
(3)Det går ikkje uttrykkjeleg fram, men det er nærliggjande å oppfatte dette som eit forbod heimla i § 222 a andre ledd bokstav b, som gjev høve til å forby det «å forfølge, besøke eller på annet vis kontakte en annen person».
(4)A vart 1. mars 2024 tiltalt for brot på straffelova § 155 om trugsmål mot offentlege tenestepersonar (post I) og politilova § 30 nr. 1, jf. § 5 om brot på plikta til å etterkome pålegg frå politiet (post II). I tilleggstiltale 11. april 2024 vart han tiltalt for brot på straffelova § 168 bokstav b om brot på besøksforbod.
(5)Oslo tingrett sa 5. juni 2024 dom med slik domsslutning: «1. A, født 00.00.1975, dømmes for overtredelse av straffeloven § 155, overtredelse av politiloven § 30 nr. 1 jf. § 5 og overtredelse av straffeloven § 168 bokstav b til fengsel i 75 – syttifem – dager, jf. straffeloven § 79 bokstav a. Varetekt kommer til fradrag med 2 – to – dager. 2. A dømmes til å betale saksomkostninger med 3 000 – tretusen – kroner.»
(6)A anka dommen til lagmannsretten. Anken gjaldt sakshandsaminga, provvurderinga og lovbruken under skuldspørsmålet for tiltala post I; sakshandsaminga og provvurderinga under skuldspørsmålet for tiltala post II; og sakshandsaminga og lovbruken under skuldspørsmålet for tilleggstiltala. I tillegg anka han over straffutmålinga.
(7)Borgarting lagmannsrett gjorde 29. oktober 2024 vedtak med slik slutning: «Anken over straffutmålingen henvises til ankeforhandling. Anken over bevisvurderingen under skyldspørsmålet, lovanvendelsen og saksbehandlingen nektes fremmet.»
(8)A har anka til Høgsterett. Anken gjeld sakshandsaminga knytt til lagmannsrettens vedtak om å nekte anken over lovbruken under tilleggstiltala fremja. Lagmannsretten har lagt feil faktum til grunn for vedtaket knytt til tilleggstiltala. Retten la til grunn at den fornærma var heime då den tiltalte oppsøkte bustaden, medan det korrekte er at han var på arbeid.
(9)Påtalemakta har stadfesta at det er korrekt at den fornærma ikkje var heime då den tiltalte oppsøkte bustaden. Lagmannsretten la difor feil faktum til grunn. Feilen kan likevel ikkje ha verka inn på innhaldet i vedtaket, jf. straffeprosesslova § 385 tredje ledd, jf. § 343 fyrste ledd. Lagmannsretten ville ha kome til det same resultatet dersom han hadde lagt til grunn at den fornærma ikkje var heime. Feilen har difor ikkje verka inn på innhaldet i vedtaket.
(10)Høgsteretts ankeutval viser til at kompetansen til utvalet er avgrensa til å prøve lagmannsrettens sakshandsaming, jf. straffeprosesslova § 321 femte ledd.
(11)Partane er samde om at lagmannsretten har gjort ein sakshandsamingsfeil, når retten har skrive at den fornærma var heime då den tiltalte oppsøkte bustaden hans. Det korrekte er at den fornærma då ikkje var heime.
(12)Besøksforbodet ser ut til å vera heimla i straffeprosesslova § 222 a andre ledd bokstav b – og ikkje i bokstav a om forbod mot opphald på ein bestemt stad. Ut frå dette meiner ankeutvalet at det kan vera avgjerande for straffeskulda kor den fornærma var. Med rett faktum er det i det minste uklart om tingrettens lovbruk er korrekt, sjå til samanlikning HR-2018-2395-A og HR-2021-1378-U.
(13)Sakshandsamingsfeilen kan difor ha verka inn på innhaldet i avgjerda, jf. straffeprosesslova § 385 tredje ledd, jf. § 343 fyrste ledd. Avgjerda må då opphevast på dette punktet.