Ei ung kvinne som vart ufør i 2020 kravde tillegg i uføretrygda etter særreglane om unge uføre i folketrygdlova. Kvinna hadde etter ei lett hjerneristing hatt hovudverk, betydeleg svekt hugs og konsentrasjonsevne, med manglande orienteringsevne og tidsperspektiv. Denne medisinske lidinga hadde redusert fungeringa hennar betydeleg. Tilstanden var etter lagmannsrettens syn invalidiserande. Dette gjorde at enkle oppgåver som husarbeid og butikkbesøk var ei stor mental belastning for henne. Det låg derimot ikkje føre ein diagnose eller objektive funn knytt til ei alvorleg medisinsk liding. Høgsterett har med referanse til ei tidligare avgjerd (HR-2021-2276-A) kome til at den medisinske lidinga ikkje er alvorleg nok til å oppfylle dei strenge vilkåra for å få høgare trygd som ung ufør. Lidinga er derimot døme på diffuse og samansette plager som er i kjernen av det lovgjevaren har meint ikkje oppfyller tilleggsvilkåra for å få høgare trygd. Staten var frifunnen. Rettsområde: Trygderett. Folketrygdlova § 12-13 tredje ledd. Dommarar: Matheson, Falch, Høgetveit Berg, Stenvik, Sivertsen
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld krav om uføretrygd etter særreglane om unge uføre, jf. folketrygdlova § 12-13 tredje ledd.
(3)A er fødd 00.00.1994. Ho var ferdig utdanna helsefagarbeidar i 2014. Frå januar 2016 arbeidde ho i 60 % stilling i eit bufellesskap og 40 % som landbruksavløysar. Den 26. mars 2017 vart ho skalla ned på arbeid. Etter dette, mellom anna på grunn av fleire alvorlege utegløymingar, måtte ho slutte som avløysar. Frå april 2017 til april 2018 var ho i periodar heilt eller delvis sjukmeldt frå stillinga som helsefagarbeidar. Frå juni 2018 til mai 2019 var A samanhengande sjukmeldt 100 %. Ho fekk arbeidsavklaringspengar frå juni 2019.
(4)NAV Arbeid og ytingar innvilga As søknad om 100 % uføretrygd i april 2020. Uføretidspunktet vart sett til juni 2018. NAV avslo samstundes søknaden hennar om høgare uføretrygd etter særreglane om unge uføre i folketrygdlova § 12-13 tredje ledd.
(5)A klaga på vedtaket. Avslaget vart oppretthalde av NAV Klageinstans i vedtak i april 2021. Ho anka klagevedtaket til Trygderetten, som i orskurd 24. mai 2023 stadfesta klagevedtaket. Trygderetten fann at A ikkje hadde ei tilstrekkeleg alvorleg medisinsk liding, slik at tilleggsvilkåra for høgare trygd som ung ufør ikkje var oppfylte.
(6)Etter dette reiste A sak for lagmannsretten om gyldigheita av orskurden frå Trygderetten. Frostating lagmannsrett sa 19. april 2024 dom med slik domsslutning: «1. Trygderettens kjennelse 24. mai 2023 i sak 22/00105 er ugyldig. 2. Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet dømmes til å betale sakskostnader til A med 190.350 – etthundreognittitusentrehundreogfemti – kroner innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av dommen.»
(7)Lagmannsretten fann ingen diagnose eller objektive funn knytt til hjerneskade, men at A hadde eit invalidiserande funksjonsfall. Retten meinte at hendinga 26. mars 2017 var årsaka til funksjonsfallet, og at dette var så stort at det oppfylte alvorlegheitsvilkåret i folketrygdlova § 12-13 tredje ledd fyrste setning. Trygderettens orskurd vart sett til side.
(8)Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet har anka til Høgsterett. Det er anka over rettsbruken. Det er lagt fram eitt nytt dokument. Saka står elles i den same stillinga som for lagmannsretten. Partanes syn
(9)Den ankande parten – staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(10)Kravet om alvorleg sjukdom skjerpar kravet til den medisinske lidinga og stiller opp ein høg terskel for å få tillegget for ung ufør. Karakteren av den medisinske lidinga er avgjerande – ikkje fungeringa i arbeids- og dagleglivet. Fungeringa er berre relevant der det ligg føre ei klart dokumentert medisinsk liding, og det er tvil om denne er alvorleg. Domstolane skal uansett vera tilbakehaldne med å setja Trygderettens faglege vurderingar til side.
(11)Dokumentasjonskravet skjerpar krava til prov. Dette gjeld både for vilkåret om alvorleg liding og tidfestingsvilkåret. Den medisinske lidinga må vera klart dokumentert, og det same gjeld alvorlegheita av lidinga i det aktuelle tilfellet. Det krevst skriftlege prov – og desse må vera tufta på noko anna enn på forklaringar frå den som søkjer om ytinga. Prova må i utgangspunktet vera tidsnære og frå sakkunnige. Det er eit krav om kvalifisert eller klar sannsynsovervekt.
(12)Lagmannsrettens rettsbruk er feil. Vilkåret om alvorleg medisinsk liding er ikkje vurdert. Retten har heller ikkje nytta dokumentasjons- og provkravet rett. Ankemotparten har ikkje dokumentert at vilkåra for ung ufør er oppfylte. Trygderetten har derimot gjort dette på rett måte.
(13)Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett fram slik påstand: «1. Prinsipalt: Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet frifinnes. 2. Subsidiært: Frostating lagmannsretts dom i sak 23-176339FØR-FROS oppheves. 3. I begge tilfeller: Sakskostnader tilkjennes ikke for noen instans.»
(14)Ankemotparten – A – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(15)Ved vurderinga av alvoret i dei medisinske lidingane er ein diagnose, eller mangelen på slik, ikkje avgjerande. Det må vurderast konkret korleis lidinga påverkar livskvaliteten og fungeringa. Det avgjerande er kor alvorleg tilstanden og følgjene av denne er. Funksjonsfall kan, i tilfelle som her, aleine vera tilstrekkeleg for å bli rekna som ung ufør.
(16)Lagmannsrettens rettsbruk er korrekt. As sjukdomstilstand er alvorleg og varig. Det er dokumentert at ho før fylte 26 år var plaga med dårleg hugs og hovudpine, redusert oversikt, redusert toleranse for mentale belastningar og auka søvnbehov. Helseplagene er årsaka til den reduserte ervervsevna hennar.
(17)A har sett fram slik påstand: «1. Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratets anke forkastes. 2. A tilkjennes sakens kostnader for Høyesterett.» Mitt syn Rettslege utgangspunkt
(18)Folketrygdlova § 12-13 tredje ledd fyrste setning gjev tilleggsytingar for personar som er fødde uføre eller blitt uføre før fylte 26 år. Desse har ikkje hatt høve til eller hatt avgrensa høve til å ha pensjonsgjevande inntekt før uførleiken: «For et medlem som har blitt ufør før fylte 26 år på grunn av en alvorlig og varig sykdom, skade eller lyte som er klart dokumentert, er minsteytelsene som nevnt i andre ledd henholdsvis 2,709 og 2,959 ganger grunnbeløpet.»
(19)Sett i samanheng med grunnvilkåret i folketrygdlova § 12-6 fyrste ledd blir det her stilt opp tilleggsvilkår: Før fylte 26 år må varig sjukdom, skade eller lyte vera «alvorleg», og dette må vera «klart dokumentert». Vilkåret om alvorleg og varig sjukdom, skade eller lyte – som samla gjerne blir omtalt som alvorleg medisinsk liding – er presisert i HR-2021-2276-A. Bakgrunnen for tilleggsvilkåra er omtalt i avsnitta 32 til 37.
(20)Dei kvalifiserande krava til alvorleg medisinsk liding og klar dokumentasjon kom inn i lova i 1997. Bakgrunnen var at talet på mottakarar var blitt høgare enn departementet forventa, og også at yngre med «mer diffuse og sammensatte problemer» i praksis hadde fått ytinga, sjå Ot.prp. nr. 8 (1996–1997) side 14. Føremålet med innstramminga var å avgrense talet på unge uføre. Fyrstvoterande i HR-2021-2276-A samanfatta tolkinga av alvorlegheitsvilkåret etter endringa på følgjande måte i avsnitta 48 til 51: «(48) Ved avgjørelsen av om det foreligger ‘alvorlig ... sykdom’ etter folketrygdloven § 12-13 tredje ledd første punktum, må det etter min mening tas utgangspunkt i den medisinske lidelsen. Det er dens alvorlighet som skal bedømmes. Jeg viser her blant annet til odelstingsproposisjonen, som fremhever at det er ‘de medisinske vilkårene’ som skjerpes, og at det skal legges mer vekt på ‘lidelsens alvorlighet’. (49) Jeg kan derfor ikke følge lagmannsretten, når den i vurderingen av alvorligheten legger stor vekt på As lave fungeringsnivå i arbeid og dagligliv. Jeg peker her på at det var et mål å utelukke yngre personer med mer diffuse og sammensatte problemer. Dette vil typisk omfatte dem med problemer i et omfang som ikke lett lar seg forene med den konstaterte medisinske lidelsen. (50) Pasientens fungeringsnivå vil som regel inngå i fastleggingen av pasientens medisinske lidelse, og får på den måten indirekte betydning ved vurderingen av alvorligheten. Men som selvstendig moment mener jeg at fungeringsnivået bare kan få betydning der det er noe tvil om den medisinske lidelsen i seg selv er alvorlig nok. I tvilstilfeller kan for eksempel et ekstraordinært lavt fungeringsnivå tilsi at alvorlighetsvilkåret er oppfylt. (51) Når terskelen nærmere skal bestemmes, tar jeg utgangspunkt i at lovens begrep ‘alvorlig’ indikerer at det kreves et nokså stort avvik fra det medisinske minimum som kreves for å få ordinær uføretrygd. Det var, slik jeg ser det, et mål å gjøre en reell skjerpelse. Noen sykdommer er så alvorlige i seg selv at vilkåret uten videre er oppfylt. Men for mange andre sykdommer vil de lettere og midlere grader av sykdommen måtte falle utenfor. I vurderingen av om den medisinske lidelsen er alvorlig nok, vil det ha betydning om det dreier seg om en sykdom av en slik karakter at uførheten ‘ofte [kan] overvinnes i ung alder ved utdanning eller attføring’, for å bruke odelstingsproposisjonens formulering, noe som i tilfelle taler mot at vilkåret er oppfylt. Det følger av dette at avgjørelsen må bygge på en helt konkret vurdering.» Den konkrete vurderinga
(21)Ved legalitetskontrollen av avgjerda frå Trygderetten, skal ein vera varsam med å fråvike den medisinskfaglege vurderinga, jf. HR-2020-1193-A avsnitt 30 med vidare referansar.
(22)Utgangspunktet for prøvinga er faktum slik det var for Trygderetten. Partane er samde om at lagmannsrettens saksframstilling kan leggjast til grunn. Lagmannsretten viste til at dokumentasjonen i hovudsak var opplysningar frå A sjølv, og at det ikkje var nokon diagnose eller objektive funn knytt til ein varig hjerneskade etter hjerneristinga, eller ei anna alvorleg liding. A har ifølgje lagmannsretten likevel hatt hovudverk, betydeleg svekt hugs og konsentrasjonsevne, med manglande orienteringsevne og tidsperspektiv. Denne medisinske lidinga har redusert fungeringa hennar betydeleg, og tilstanden framstår etter lagmannsrettens vurdering som invalidiserande. Dette gjer at enkle oppgåver som husarbeid og butikkbesøk er ei stor mental belastning for henne – «særlig i form av økt trøttbarhet og økt søvnbehov».
(23)Lagmannsretten har samstundes ikkje på noko punkt gjeve uttrykk for at Trygderettens skildring av den medisinske lidinga ikkje er korrekt. Trygderetten la til grunn følgjande: «Ut fra den foreliggende dokumentasjon har den ankende part moderate symptomer og moderat nedsatt funksjon etter en lett hjernerystelse i mars 2017. Hun har sammensatte utfordringer grunnet blant annet lærevansker, meningitt og et lett hodetraume med vedvarende plager. Samlet bidrar dette til utfordringer med smerter og nedsatt funksjon i dagliglivet. Hun sliter med redusert hukommelse og fatigue, og hodesmerter som til dels synes betinget i et overforbruk av medikamenter. Retten er etter dette kommet til at den ankende parts lidelser verken hver for seg eller sett samlet fyller de krav som oppstilles til alvorlig lidelse i folketrygdloven § 12-13.»
(24)Det avgjerande spørsmålet er om den medisinske lidinga til A er alvorleg. Som presisert i HR-2021-2276-A avsnitt 51 krevst det «et nokså stort avvik fra det medisinske minimum som kreves for å få ordinær uføretrygd». Trygderetten skildra symptoma hennar som «moderate» etter ei «lett» hjerneristing. Lagmannsretten tok ikkje avstand frå dette.
(25)Vurderinga av den medisinske lidinga skal vera konkret. I vurderinga er det relevant om det dreier seg om ei liding av ein slik karakter at ho generelt kan overvinnast i ung alder ved utdanning eller tiltak. I saka her dreier det seg om ei liding som er relativt vanleg, og som mange vil kunne leve med eller ved hjelp få kontroll over utan at deltakinga i yrkeslivet blir vesentleg ramma. Slik lidinga er skildra av Trygderetten og i dei medisinske dokumenta som lagmannsretten har vist til, er lidinga ikkje alvorleg nok til at dei strenge vilkåra for unge uføre er oppfylte. Eit tilstrekkeleg avvik frå det medisinske minimumet som gjev krav på ordinær uføretrygd, kan eg ikkje sjå at det er. Tvert om meiner eg den medisinske lidinga til A er eit døme på diffuse og samansette plager som ligg i kjernen av det lovgjevaren meinte ikkje oppfyller tilleggsvilkåra for ung ufør etter folketrygdlova § 12-13 tredje ledd. Det er ikkje tale om eit slikt tvilstilfelle der den nedsette fungeringa kan vera avgjerande.
(26)Eg er etter dette komen til at A ikkje hadde ein alvorleg og varig sjukdom, skade eller lyte. Ho har difor ikkje krav på tilleggsyting som ung ufør. Partane er som nemnt samde om at lagmannsrettens saksframstilling kan leggjast til grunn. Eg meiner difor at det er grunnlag for å seia frifinnande dom, jf. tvistelova § 29-23 fjerde ledd, jf. § 30-3 fyrste ledd. Konklusjon
(27)Anken har etter dette ført fram – og staten skal frifinnast. A har difor ikkje krav på sakskostnader, heller ikkje for lagmannsretten, jf. tvistelova § 20-9 andre ledd. Staten har ikkje kravd sakskostnader for nokon instans.
(28)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet blir frifunnen. 2. Sakskostnader blir ikkje tilkjente for nokon instans.
(29)Dommer Sivertsen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(30)Dommer Stenvik: Likeså.
(31)Dommer Falch: Likeså.
(32)Dommer Matheson: Likeså.
(33)Etter røystinga sa Høgsterett slik