I 2017 fall ein heismontør og slo hovudet i betonggolvet på arbeidsplassen etter å ha svima av. Etter hendinga var han sjukmeld lenge. Spørsmålet for Høgsterett var om hendinga skal reknast som ei «arbeidsulykke». Forsikringselskapet meinte at hendinga ikkje kunne reknast som ei arbeidsulykke, og at heismontøren difor ikkje har krav på yrkesskadeforsikring. Fleirtalet på fire dommarar i Høgsterett er samd i at vilkåra for yrkesskadeforsikring ikkje er oppfylte. Mindretalet på éin dommar meinte vilkåra var oppfylte. Ut frå lovførearbeida og føremålet med yrkesskadeforsikringslova § 11 meiner Høgsterett at fall på arbeid som skjer utan ytre påverknad, og der skaderisikoen ikkje er auka – til dømes frå ståande posisjon på flatt underlag – ikkje er omfatta av arbeidsulykkeomgrepet. Årsaka til skaden må ha ei tilknyting til arbeidet eller risikofaktorar på arbeidsplassen, og gjeld mellom anna ikkje der årsaka til fallet er sjukdom eller at nokon brått blir dårleg, som i denne saka. Vedtakinga av ny folketrygdlov i 1997 har ikkje endra rettstilstanden. Heller ikkje seinare praksis frå Trygderetten, Rikstrygdeverket og NAV tilseier ei anna tolking av yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a. Avgjerda klårgjer forståinga av omgrepet «arbeidsulykke» i yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a. Rettsområde: Yrkesskadeforsikringslova § 11, Folketrygdlova § 13-3 Dommarar: Indreberg, Ringnes, Bergh, Berglund, Høgetveit Berg
(1)Dommar Høgetveit Berg: Spørsmåla i saka og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld spørsmålet om ei hending er omfatta av omgrepet «arbeidsulykke» i yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a.
(3)A er fødd i 1987. Han er utdanna heismontør. Den 10. februar 2017 fall han og slo hovudet i betonggolvet på arbeidsplassen. Den mest sannsynlege årsaka til fallet var at A svima av. Etter hendinga var han sjukmeld lenge. A slit med hovudverk og har problem med minnet, men er i dag i 60 prosent stilling som glasmeisterassistent.
(4)NAV godkjende skaden som yrkesskade i september 2019. Arbeidsgjevaren på skadetidspunktet hadde teikna yrkesskadeforsikring i Gjensidige forsikring ASA – Gjensidige. Skaden vart meld i desember 2020. Gjensidige avviste ansvar fordi hendinga ikkje var ei arbeidsulykke.
(5)A tok ut søksmål for Oslo tingrett i august 2022 med krav om at Gjensidige er ansvarleg for det økonomiske tapet han fekk ved ulykka. Oslo tingrett sa 7. mars 2023 dom med slik domsslutning: «1. Gjensidige forsikring ASA frifinnes. 2. A betaler til Gjensidige forsikring ASA 163 946 – etthundreogsekstitretusennihundreogførtiseks – kroner i sakskostnader innen 14 – fjorten – dager fra dommens forkynnelse.»
(6)A anka dommen til lagmannsretten. Borgarting lagmannsrett sa dom 13. november 2023 med slik domsslutning: «1. Hendelsen som A var utsatt for under arbeid 10. februar 2017 utgjør en arbeidsulykke etter yrkesskadeforsikringsloven § 11 første ledd bokstav a. 2. Gjensidige Forsikring ASA dømmes til å betale As sakskostnader for lagmannsretten med 107 800 – etthundreogsjutusenåttehundre – kroner innen to uker fra dommens forkynnelse. 3. Gjensidige Forsikring ASA dømmes til å betale As sakskostnader for tingretten med 149 450 – etthundreogførtinitusenfirehundreogfemti – kroner innen to uker fra dommens forkynnelse.»
(7)Gjensidige forsikring ASA har anka lagmannsrettens dom til Høgsterett. Anken gjeld rettsbruken. Saka står i same stillinga som for lagmannsretten. Partanes syn Den ankande partens syn
(8)Den ankande parten – Gjensidige forsikring ASA – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(9)Det fylgjer av yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a at forsikringa skal dekkje skade og sjukdom som har årsak i ei arbeidsulykke. Å svime av er ikkje ei arbeidsulykke når dette ikkje er utløyst av ei ytre hending.
(10)Det fylgjer av førearbeida til yrkesskadeforsikringslova, og seinare rettspraksis, at «arbeidsulykke» skal forståast i samsvar med definisjonen i folketrygdlova § 13-3 andre ledd fyrste punktum – det såkalla markerte arbeidsulykkeomgrepet. Her krevst det ei «ytre hending» for at noko skal kvalifisere som ei arbeidsulykke.
(11)Lagmannsrettens tolking er i strid med ordlyden og lovførearbeida. I omtalen av høgsterettspraksis har lagmannsretten ikkje teke inn over seg skiljet mellom det markerte og det avdempa arbeidsulykkeomgrepet, nedfelt i folketrygdlova § 13-3 andre ledd fyrste og andre punktum. Høgsterett har gjeve uttrykk for at kravet til ytre hending ikkje er absolutt ved det avdempa arbeidsulykkeomgrepet. Men Høgsterett har ikkje gjort ei tilsvarande lemping på kravet til ytre hending for det markerte arbeidsulykkeomgrepet, som denne saka gjeld.
(12)Omsyna bak yrkesskadedekninga slår heller ikkje til i dette tilfellet. Det er rimeleg at arbeidsgjevaren som ein produksjonskostnad ber skaderisikoen for arbeidsulykker. Men det er i saka her ingen arbeidsrelatert risiko som er årsak til skaden.
(13)Det er ingen fast og konsistent praksis frå Trygderetten som seier at det å svime av utan ei ytre hending er ei arbeidsulykke. Dei referansane til trygderettspraksis som er gjevne i rundskriv frå Rikstrygdeverket og NAV, gjev ikkje grunnlag for ein slik konklusjon.
(14)Korkje trygderettspraksis eller rundskriv frå Rikstrygdeverket eller NAV er rettskjelder som har slik vekt at ordlyd og førearbeid kan setjast til side overfor private rettssubjekt.
(15)Endringa av Rikstrygdeverkets rundskriv 11-00 i 1993 – der fall som fylgje av å ha svima av vart omfatta av Rikstrygdeverkets forståing av «arbeidsulykke» – inneheld korkje ei drøfting av eller referansar til praksis frå Trygderetten. Forståinga var i strid med NOU 1990: 20, som førte fram til definisjonen av «arbeidsulykke» i folketrygdlova. For lovgjevaren må det ha vore klart at skade ved fall som fylgje av å ha svima av ikkje var omfatta at uttrykket «arbeidsulykke».
(16)Det har derimot vore ein langvarig og konsistent praksis – heilt fram til lagmannsrettens dom i saka her – i Finansklagenemnda. Nemnda har tolka yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a slik Gjensidige meiner er rett.
(17)Gjensidige forsikring ASA har sett fram slik påstand: «1. Gjensidige Forsikring ASA frifinnes. 2. Det tilkjennes ikke omkostninger for noen instanser.» Ankemotpartens syn
(18)Ankemotparten – A – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(19)Lagmannsrettens dom er korrekt. Arbeidsulykkeomgrepet i yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a skal forståast på same måten som folketrygdlova § 13-3 andre ledd blir forstått i praksis. Ulykka som A var utsett for, oppfyller krava til «plutselig eller uventet ytre hending», jf. folketrygdlova § 13-3 andre ledd fyrste punktum.
(20)Etter ordlyden er kravet til «ytre» påverknad knytt til sjølve hendinga. Det omfattar difor at den skadelidne støyter i ein dørkarm, at han slår hovudet i ein bjelke, eller at han fell og treffer bakken. Dette vilkåret kan ikkje forståast slik at det er knytt til årsaka til hendinga.
(21)Ei «ytre hending» må forståast som ei avgrensing mot dei reine sjukdomstilfella, der hendinga startar og sluttar med ei «indre» hending. A krev ikkje dekning under yrkesskadeforsikringslova for det som førte til at han svima av, men for hovudskaden han fekk då han fall og slo hovudet i betonggolvet på arbeidsplassen. Samanstøyten mot golvet oppfyller kravet til «ytre hending». Det er hovudtraumet han fekk ved fallet han krev skadebot for. Det er utan relevans at han svima av før han fall og slo hovudet.
(22)Ei anna forståing av det markerte ulykkeomgrepet harmonerer ikkje med praksis etter folketrygdlova 1966 § 11-4 nr. 1, som er eksemplifisert i førearbeida til yrkesskadeforsikringslova.
(23)I Rt-2005-1757 konkluderte Høgsterett med at det ikkje alltid gjeld eit krav om «ytre hending» ved det avdempa ulykkeomgrepet i yrkesskadeforsikringslova § 3-13 andre ledd andre punktum. Måten Høgsterett resonnerte på, har overføringsverdi til saka her.
(24)Trygderetten har sidan midten av 1980-åra godkjent fall på same plan og fall som fylgje av at arbeidstakaren brått har vorte dårleg eller har svima av, som arbeidsulykker.
(25)Førearbeida til yrkesskadeforsikringslova seier at Trygderettens praksis skal leggjast vekt på og gje rettleiing ved tolkinga. Praksis frå Høgsterett gjer det same. Siktemålet med arbeidsulykkeomgrepet i folketrygdlova § 13-3 andre ledd var å kodifisere gjeldande rett. Omtalen av fallskadar i NOU 1990: 20 var utdatert i høve til det som var praksis, og var ikkje uttrykk for gjeldande rett.
(26)Reelle omsyn – særleg samordning og konsistens i regelverket – tilseier at alle fallskadar er omfatta av arbeidsulykkeomgrepet i yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a.
(27)A har sett fram slik påstand: «1. Anken forkastes. 2. A tilkjennes saksomkostninger for Høyesterett.» Mitt syn Problemstillinga
(28)Partane er samde om at A fekk eit traume mot hovudet etter at han fall og trefte betonggolvet på arbeidsplassen. Etter at tingretten kom til at årsaka til fallet mest sannsynleg var at han svima av, er partane samde også om det. Spørsmålet er om hendinga er omfatta av yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a om «skade og sykdom forårsaket av arbeidsulykke (yrkesskade)».
(29)Det konkrete lovtolkingsspørsmålet er knytt til kva som er ei «arbeidsulykke». Ordlyden
(30)Yrkesskadeforsikringslova gjev ingen legaldefinisjon av «arbeidsulykke».
(31)I daglegspråket omfattar både «arbeid» og «ulykke» så mangt. Kjernen i uttrykket «arbeidsulykke» er likevel nokolunde klart. Men når ein skal fastleggje yttergrensene for yrkesskadedekninga og det nærare innhaldet i arbeidsulykkeomgrepet, må ein på vanleg vis søkje rettleiing i dei andre rettskjeldene. Førearbeida til lova
(32)Førearbeida til yrkesskadeforsikringslova, Ot.prp. nr. 44 (1988–1989) side 89, presiserte: «Erstatning fra yrkesskadeforsikringen gis for det første når skaden eller sykdommen er forårsaket av en arbeidsulykke (bokstav a). Med arbeidsulykke forstås en plutselig hendelse eller begivenhet. Uttrykket må avgrenses mot skadelig påvirkning som har vart en viss tid. Ordlyden er den samme som i folketrygdloven [1966] § 11-4 nr 1 og skal også forstås på samme måte. Trygderettspraksis kan altså gi veiledning ved tolkningen. Kriteriet er for øvrig utfyllende behandlet i Utredningen [NOU 1988: 6] s 35–37 og i Kjønstad: Yrkesskadetrygden [1979] s 51–55.»
(33)«Arbeidsulykke» var likevel ikkje legaldefinert i folketrygdlova 1966 § 11-4 nr. 1. Innhaldet i denne regelen var fastlagd gjennom ein omfattande praksis, særleg frå Trygderetten, attgjeven i kortform i NOU 1988: 6 Erstatning og forsikring ved yrkesskade side 35–37. Her går det mellom anna fram at det må dreie seg om ei hending av meir markert karakter, til dømes at vedkomande har falle, glide eller snubla. Dersom hendinga er uventa eller uføresett med «en viss plutselighet», vil det vera tale om ei arbeidsulykke sjølv om påkjenninga ligg utanfor den vanlege ramma for arbeidet. Lovutvalet ramsa opp ei rekkje typiske hendingar frå praksis som vil oppfylle vilkåret, og uttalte deretter på side 36: «Fall i trapp godtas som ulykke i lovens forstand selv om det ikke kan påvises noen ytre påvirkning som årsak til fallet. En ser det slik at trappen ved fall frembyr en øket risiko for skade. Skader som oppstår i en vanlig trapp – uten noen påviselig ytre påvirkning, snubling i egne ben, feiltråkking etc. – godkjennes imidlertid ikke, med mindre vedkommende faller.»
(34)Av dette kan ein slutte at fall utan ytre påverknad som ikkje skjer i ei trapp eller ein annan stad der skaderisikoen er auka – typisk frå ståande posisjon på flatt underlag – ikkje var omfatta av arbeidsulykkeomgrepet. Dette talar med styrke for det tolkingsalternativet som Gjensidige gjer gjeldande. Føremålet med lova
(35)Begge partane har vist til føremålet med lova – ikkje berre vilkåret om arbeidsulykke – til støtte for sitt syn. Føremålet med det objektive ansvaret for arbeidsgjevaren i yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a er samanfatta slik i NOU 1988: 6 Erstatning og forsikring ved yrkesskade punkt 7.3 på side 70: «Som nevnt foran, mener utvalget at det ikke er rimelig at den enkelte skadelidte skal bære både de personlige og de økonomiske kostnadene ved dette. Prinsipielt dreier det seg nemlig om skader som burde vært unngått selv om ingen egentlig kan lastes for at de likevel skjer. Det kan hevdes at disse skadene skjer som følge av virksomhet som er til hele samfunnets beste, og at kompensasjon derfor burde dekkes som en samfunnsmessig kostnad, altså en slags trygd. Når utvalget likevel foreslår at arbeidsgiver skal bære omkostningene gjennom en obligatorisk forsikringsordning, er det ut fra følgende tankegang: Skader og sykdommer forårsaket av deltagelse i arbeidslivet bør ses som en produksjonsomkostning, altså en omkostning som bør innkalkuleres i vedkommende virksomhets budsjett. Dette vil gi bedre mulighet for å vurdere risikoen for slike kostnader mot vinningen som kan oppstå ved virksomheten for øvrig. Og det vil være et insentiv til å innrette virksomheten slik at disse kostnadene blir minst mulige.»
(36)Dette er utbrodert noko meir av departementet, som omtalar dei fire hovudomsyna bak det objektive ansvaret slik i Ot.prp. nr. 44 (1988–1989) del VI punkt 1.3 på side 40: «Justisdepartementet er enig med Y-utvalget i at tiden nå er inne til å gi full erstatning for yrkesskade og yrkessykdom på objektivt grunnlag. Det er fire hovedhensyn som ligger til grunn for dette standpunktet. Arbeidstakerne bør for det første ut fra et grunnleggende rettferdssynspunkt ikke selv bære følgene av arbeidsulykker og skadelig påvirkning i arbeidsforhold. De utsetter seg for en risiko som de bare i liten grad kan kontrollere selv, og bør da holdes skadesløse hvis risikoen gir seg utslag i skade. Ut fra de risikovurderinger som er vanlige i norsk og internasjonal erstatningsrett, er arbeidsgiverne normalt nærmere til å bære risikoen for yrkesskader og yrkessykdommer enn arbeidstakerne. Videre legger Justisdepartementet vekt på at arbeidsgiverne ved forsikringsordninger kan bære de økonomiske følgene av arbeidsulykker o l som en konstant og beskjeden produksjonsomkostning. For det tredje kan en objektivisering av dekningsgrunnlaget forebygge konflikter på arbeidsplassen. Ingen bedrift er på sikt tjent med langvarige rettsprosesser mellom ledelsen og arbeidstakerne. Resultatet av å fjerne skyldfokuseringen kan bli økt trivsel og bedre produktivitet. For det fjerde kan lovregler om dekning på objektivt grunnlag sikre likhet arbeidstakerne imellom. Alle får det samme vernet uavhengig av forhandlingsstyrke.»
(37)Og vidare i del VI punkt 2.3 på side 45–46: «En annen viktig årsak til ikke å velge en trygdeløsning, er at folketrygden er uegnet til å oppfylle andre grunnleggende sosialpolitiske mål enn reparasjon. Reparasjonshensynet tilsier at skadelidte bør få dekket sitt tap når en skade først har inntrådt. Det primære mål må imidlertid være å utforme kompensasjonssystemet på en slik måte at skader forebygges. Skadeantall og -omfang vil bare kunne reduseres ved at reglene fokuserer på årsakene til skadene, og ved at de økonomiske byrdene ved ordningen pålegges dem som har mulighet for å forebygge skader (arbeidsgiverne). Trygdeløsningen bygger i første rekke på skadenes art. Omkostningene bæres av skatteyterne. En erstatnings-/forsikringsløsning tvinger derimot til konsentrasjon om skadenes årsak og gir arbeidsgiverne et økonomisk insitament til å forbedre arbeidsmiljøet for å forhindre skader. Prevensjonseffekten kan oppnås f eks ved premiedifferensiering etter fare-/skadestatistikk og regressordninger, se nærmere nedenfor.»
(38)At ansvaret er objektivt, seier ikkje noko om den nærare grensa for kva som fell inn under ansvaret. Det er likevel grunn til å merkje seg at lovgjevaren, innanfor dekningsområdet i yrkesskadeforsikringslova § 10, har valt å trekkje ei nærare grense for ansvaret i § 11 ut frå skadeårsak. Det er altså slik at ikkje alle skadar som oppstår i arbeid, på arbeidsstaden i arbeidstida er omfatta.
(39)Justisdepartementet uttala i Ot.prp. nr. 44 (1988–1989) del VI punkt 4.3 på side 54 at vilkåret «i arbeid på arbeidsstedet i arbeidstiden» i folketrygdlova 1966 burde nyttast tilsvarande som dekningsområde, jf. yrkesskadeforsikringslova § 10. Dette er gjenteke i del VIII side 89. På denne måten ville ein oppnå ei samordning. Same staden er det som nemnt uttalt at ordlyden i § 11 er den same som i folketrygdlova 1966 § 11-4 nr. 1, og at denne regelen skal forståast på same måte. Dette er også gjenteke, i generelle former, av Høgsterett i Rt-2007-882 avsnitt 32 og Rt-2008-1646 avsnitt 32.
(40)Det sentrale spørsmålet er under alle omstende om ein med samordninga også meinte at ein ved praktiseringa av yrkesskadeforsikringslova § 11 utan vidare skulle fylgje etter den tolkinga staten til kvar tid la til grunn for det tilsvarande vilkåret i folketrygdlova, ut over det som det på vanleg måte er dekning for elles i rettskjeldene. Eg kan ikkje sjå spor av noko slikt i lovførearbeida.
(41)Eg nemner endeleg at lovgjevaren uansett valde ikkje å ha full parallellitet mellom yrkesskadedekninga i folketrygdlova og yrkesskadeforsikringslova. Yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav c går lenger i kva slags skadar og sjukdomar som blir dekte enn folketrygdlova.
(42)Føremålet med lova trekkjer etter mitt syn i retning av at årsaka til skaden i alle fall må ha ei tilknyting til arbeidet eller risikofaktorar på arbeidsplassen. Særleg om vedtakinga av ny folketrygdlov i 1997
(43)Informasjonsomsyn gjorde at lovgjevaren utforma ein legaldefinisjon av «arbeidsulykke» då den nye folketrygdlova kom i 1997. Paragraf 13-3 andre ledd i denne lova har slik ordlyd: «Som arbeidsulykke regnes en plutselig eller uventet ytre hending som medlemmet har vært utsatt for i arbeidet. Som arbeidsulykke regnes også en konkret tidsbegrenset ytre hending som medfører en påkjenning eller belastning som er usedvanlig i forhold til det som er normalt i vedkommende arbeid.»
(44)Ein omtalar gjerne fyrste punktum som det «markerte» arbeidsulykkeomgrepet, medan andre punktum blir omtalt som det «avdempa» arbeidsulykkeomgrepet. Det er føresegna i fyrste punktum som er omtvista i saka her.
(45)Folketrygdlova 1997 var i det store og heile ein kodifikasjon av eit regelverk som vart sett på som tungt tilgjengeleg, sjå Ot.prp. nr. 29 (1995–1996) side 5: «Proposisjonen innebærer en kodifisering og konsolidering av folketrygdens rettslige rammeverk, ikke noen ny sosialreform. Arbeidet har tatt sikte på en total teknisk revisjon av folketrygdloven og tilhørende forskrifter med sikte på forenkling og klargjøring.»
(46)Odelstingsproposisjonen bygde på NOU 1990: 20 Forenklet folketrygdlov. Her vart det på side 575 vist til Rikstrygdeverkets rundskriv 11-00 frå 1986 og at det kan vera ei arbeidsulykke når ein skade oppstår som fylgje av (i) ei markert ulykkeshending, (ii) ei ekstraordinær belastning eller påkjenning eller (iii) spesielt vanskelege eller risikofylte arbeidsforhold. Og vidare: «Det er som regel ikke vanskelig å fastslå at det har skjedd en arbeidsulykke når det foreligger et markert ulykkesmoment. Hvis en arbeidstaker kommer til skade ved en eksplosjon, slag eller en fallende gjenstand, er ulykkesmomentet klart til stede. Videre anses ulykke for å foreligge når en arbeidstaker får akutt skade av verktøy eller maskiner, for eksempel fingeramputasjon eller slag mot brystkasse e.l. Ulykkesmomentet anses også for å være til stede hvis den skadde har glidd på is, glatt gulv o.l., eller har snublet i en eller annen hindring. Rene sykdomstilfeller som ikke kan føres tilbake til noen ytre påvirkning, faller derimot klart utenfor.»
(47)I NOU 1990: 20 side 575–576 gjekk lovutvalet, framleis med referanse til Rikstrygdeverkets rundskriv frå 1986, gjennom ei rekkje ulike skadetilfelle: kink, strekk, løfteskadar, forfrysingar med meir. Dei ulike formene for fallskadar vart særskilt omtala: «Fall på samme plan I praksis godkjennes ikke skader som skyldes fall på samme plan med mindre det foreligger en ytre påkjenning, det vil si hvis den trygdede har glidd eller snublet i et appelsinskall eller lignende. ‘Feiltråkk’ på flatt gulv er ikke tilstrekkelig. Fall på gulv som ikke skyldes skliing eller snubling godkjennes imidlertid hvis vedkommende i forbindelse med fallet kommer bort i en gjenstand som frambyr eller medfører økt risiko for skade, f.eks. fall mot en maskin eller en spiss gjenstand. Fall fra et plan til et annet Skader som skyldes fall fra et plan til et annet, for eksempel fra en stige, et stillas e.l. blir godkjent som yrkesskader, selv om det ikke foreligger noen ytre påvirkning. Det samme gjelder skader som oppstår etter fall i trapp. Skader som ‘kink’, ‘vrikking’, e.l. under vanlig gange i trapp – uten fall godkjennes bare i den utstrekning det foreligger et ulykkesmoment som årsak til skaden, for eksempel snubling. Fall som følge av sykdom Skader ved fall som skyldes besvimelse, epilepsi o.l. godkjennes normalt ikke som yrkesskade fordi sykdommen, dvs. den egentlige årsaken til fallet ikke regnes som ulykke. Hvis vedkommende i fallet skader seg mot en gjenstand som frambyr en økt risiko for skade på arbeidsstedet, for eksempel en maskin e.l., godkjennes den skaden som er en direkte følge av fallet som yrkesskade. Det samme gjelder hvis vedkommende faller fra et plan til et annet, for eksempel faller ned fra en stige.»
(48)Essensen i dette er etter mitt syn at det er eit krav om ei «ytre» påkjenning ved fall på same plan og at skadar som kjem av «indre» årsaker, normalt ikkje er omfatta.
(49)Lovutvalet meinte at det ut frå informasjonsomsyn var viktig å definere «arbeidsulykke» i lovteksten. Forslaget frå utvalet svarte til den definisjonen som vart lagd til grunn i praksis, jf. NOU 1990: 20 side 581.
(50)I Ot.prp. nr. 29 (1995–1996) side 130 skreiv departementet at sjølv om folketrygdlova 1966 ikkje hadde nokon definisjon av «arbeidsulykke», hadde omgrepet fått et nokså klart innhald gjennom praksis. Departementet skreiv vidare at folketrygdlova § 13-3 andre ledd «svarer til den definisjon som legges til grunn i praksis i dag». Ordlyden i lovforslaget frå departementet var likevel ikkje heilt likt forslaget frå lovutvalet – mellom anna kom uttrykket «ytre hending» inn. Denne redaksjonelle endringa vart ikkje forklart i proposisjonen.
(51)Ankemotparten har gjort gjeldande at utvalet i NOU 1990: 20 oversåg at det hadde vore ei utvikling i trygderettspraksisen dei siste åra. Rikstrygdeverkets rundskriv 11-00 til folketrygdlova 1966 var endra i september 1988. Endringa uttrykte at også fall på same plan kunne vera ei arbeidsulykke. Men unntaket for sjukdomsutløyste fall vart uttrykkjeleg vidareført, med mindre fallet førte til at arbeidstakaren skadde seg mot ein ting som baud fram auka risiko for skade. Endringane vart stadfesta i endå ein ny versjon av rundskrivet i november 1989.
(52)Rikstrygdeverket endra rundskrivet på nytt i april 1993. Her vart fall fordi nokon brått blir dårleg («illebefinnende»), teke inn, slik at alle fallulykker kunne reknast som arbeidsulykker. Ut frå dette gjer ankemotparten gjeldande at departementet med formuleringa «praksis i dag» i odelstingsproposisjonen meinte å vise til 1993-versjonen av rundskriv 11-00 frå Rikstrygdeverket, og ikkje til dei delane av NOU 1990: 20 som eg har sitert tidlegare.
(53)Etter mitt syn kan departementet med «praksis i dag» neppe ha meint rundskrivet i alle detaljar. Grunnen til dette, er at departementet samstundes tok inn nettopp «ytre hending» i definisjonen i folketrygdlova § 13-3. Dersom det var meininga å gå bort frå det som gjekk fram av NOU 1990: 20, må ein ut frå vår lovgjevingstradisjon tvert om forvente at fråvik frå utkastet til lovutvalet blir grunngjevne. Sidan departementet sjølv introduserte «ytre hending» i ordlyden, kan ein etter mitt syn ikkje leggje til grunn at departementet ynskte å lempe på vilkåret i høve til utkastet i NOU-en. Eg peiker òg på at den utviklinga som rundskrivet målbar frå 1993, gjekk klart ut over det som lovgjevaren berre nokre få år tidlegare hadde føresett ved vedtakinga av yrkesskadeforsikringslova.
(54)Oppsummert meiner eg at vedtakinga av ny folketrygdlov i 1997 ikkje endra rettstilstanden. Høgsterettspraksis
(55)Det er ikkje dommar frå Høgsterett som tek stilling til om fall på flatt underlag eller fall etter å ha svima av skal reknast som arbeidsulykke.
(56)Men det er ei rekkje dommar frå Høgsterett om andre sider ved arbeidsulykkeomgrepet. Partane har særleg vist til Rt-2005-1757, som lempa på kravet om «ytre hending» ved det avdempa arbeidsulykkeomgrepet. På grunn av dei mange meir skjønnsprega vilkåra i folketrygdlova § 13-3 andre ledd andre punktum, og dessutan fråværet av eit markert ulykkesmoment, kan ein i desse tilfella ikkje alltid krevja at ei markert ytre hending er årsak til skaden. Saka her gjeld derimot det markerte arbeidsulykkeomgrepet. Spørsmålet er då om det skal gjerast liknande modifikasjonar i vilkåret «ytre hending» i § 13-3 andre ledd fyrste punktum. Forvaltningspraksis
(57)Ankemotparten gjer gjeldande at det – uavhengig av omstenda då folketrygdlova 1997 vart vedteken – er ein fast og stø praksis frå Trygderetten som godkjenner fall utan ytre årsak som arbeidsulykke. Ankemotparten peiker vidare på at yrkesskadeforsikringslova § 11 må tolkast dynamisk, sidan førearbeida føreset at trygderettspraksis knytt til folketrygdlova kan gje rettleiing ved tolkinga – og at høgsterettspraksis anerkjenner praksisen som rettskjelde. Dette gjeld også nyare praksis.
(58)I Ot.prp. nr. 44 (1988–1989) side 89, som eg har sitert tidlegare, går det fram at trygderettspraksis kan gje rettleiing ved tolkinga. Dette må i utgangspunktet vera ein referanse til praksisen på tidspunktet for lovvedtaket. Men også nyare praksis som utfyller lovteksten og lovførearbeida, kan inngå i kjeldetilfanget. Dersom det var meininga å vise til ei på lovvedtakstidspunktet ukjend framtidig endring i arbeidsulykkeomgrepet tufta på praksis frå Trygderetten som ville bryte med lovteksten og lovførearbeida, må ein krevja klare haldepunkt for dette. Som eg har vore inne på, er noko slikt ikkje påvist. I tillegg er sjølve vurderingstemaet – arbeidsulykke – ikkje slik at det er råkande å karakterisere det som ein utprega rettsleg standard.
(59)Etter mitt syn kan endringane som Rikstrygdeverket gav uttrykk for i versjonane av rundskriv 11-00 frå 1988 og 1989, ikkje rokke ved den forståinga av «arbeidsulykke» som vart lagd til grunn i NOU 1988: 6 og NOU 1990: 20. Eg viser til det eg har sagt ovanfor om dette.
(60)Eg legg til at rundskriva rett nok viste til at Trygderetten i «en rekke tilfeller» hadde godkjent fall på same plan, utan ytre påkjenning, som arbeidsulykke. Men rundskriva opprettheldt uansett at skadar etter fall som følgje av sjukdom, normalt fall utanfor dekningsområdet. Eg legg også til at den praksisen frå Trygderetten som rundskriva må ha meint å vise til, ikkje er særleg presist attgjeven i rundskriva. Det er, slik eg forstår det, tale om fire avgjerder frå perioden 1983 til 1987 som godkjente fall som arbeidsulykker: Ankesak nr. 218/82 gjaldt ein sjømann som brått vart dårleg og fall då han reiste seg frå ein stol. Trygderetten kom til at hendinga sett under eitt var ei ulykke. Ankesak nr. 1738/85 gjaldt ein kjøkenassistent som fall på kjøkenet. Trygderetten la til grunn at ho kom ut av balanse under ei rørsle som var ledd i utføringa av arbeidet. Ankesak nr. 1302/86 gjaldt ein sjømann som svima av. Trygderetten la til grunn at årsaka til dette kunne ha vore opphaldet om bord, og la deretter ei totalvurdering av hendinga til grunn. Ankesak nr. 1628/86 gjaldt ein kjøkenassistent som fall, utan at det var klart kva som eigentleg var årsaka til dette. Trygderetten viste til at uhellet skjedde i direkte samanheng med ein arbeidsoperasjon.
(61)Slik eg ser det, gjekk rundskriva lenger til gunst for den trygda enn det Trygderettens avgjerder gav grunnlag for. I slike høve vil det sjeldan bli aktuelt for Trygderetten å korrigere praksisen i underinstansen.
(62)Skiljet mellom det markerte og det avdempa arbeidsulykkeomgrepet vart innført med folketrygdlova i 1997. Praksis før dette tidspunktet skilde ikkje på same måte mellom desse to alternativa og inneheldt difor innslag av begge delar. Eg ser ikkje bort frå at grunngjevinga for å godta skaden som yrkesskade somtid var at ein stod overfor eit tilfelle der eit avdempa arbeidsulykkeomgrep ville vera avgjerande.
(63)Også dei seinare praksisomleggingane er uforklarte. Dette gjeld framfor alt endringa i 1993, der fall som fylgje av sjukdom eller at nokon brått blir dårleg – utan noka drøfting og utan referansar til praksis frå Trygderetten – vart omfatta av Rikstrygdeverkets forståing av «arbeidsulykke». Rundskrivet var ikkje berre i strid med eldre praksis og førearbeid som yrkesskadeforsikringslova uttrykkjeleg bygde på, men også med førearbeida til folketrygdlova og med den ordlyden som seinare vart vedteken,. Det er tilstrekkeleg å vise til ordlyden i folketrygdlova § 13-3 andre ledd, Ot.prp. nr. 29 (1995–1996) side 130 og særleg til NOU 1990: 20 side 575, der det går fram at reine sjukdomstilfelle som ikkje kan førast attende til ytre påverknad, klart ikkje er arbeidsulykker. Som nemnt, var det i NOU-en også eit oversyn over kva som på det tidspunktet vart rekna for å vera innanfor arbeidsulykkeomgrepet.
(64)Eg nemner også at analysen av trygderettspraksis i Nils Nygaard og Gudrun Holgersen, Trygderett. Lovforståelse – analysemetode og begrep, 1994 side 238–240, konkluderte med at når det ikkje kan påvisast ytre faktorar, kan etter omstenda sjølve arbeidsprestasjonen vera den relevante påverknadsfaktoren – i motsetnad til indre årsaker, til dømes hjarteinfarkt.
(65)I april 2003 vart Rikstrygdeverkets rundskriv R13-00 til folketrygdlova 1997 kapittel 13 endra for fallskadar: «Rikstrygdeverkets tidligere praksis ved fallskader innebar at fall på samme plan ikke ble godkjent som arbeidsulykke med mindre det skyldtes en ytre påkjenning – f.eks. at trygdede gled eller snublet i noe. Trygderetten har senere godkjent en rekke tilfeller hvor skaden skyldtes fall på samme plan, uten noen påviselig ytre påkjenning. I samsvar med dette er praksis omlagt slik at ethvert fall skal anses som en arbeidsulykke. Dette gjelder også fall som skyldes sykdom eller et illebefinnende. Sykdommen som var årsaken til fallet kan naturligvis ikke godkjennes. Denne praksis er lagt til grunn i bl.a. følgende trygderettskjennelser: ankesak nr. 1628/86, ankesak nr. 1302/86 og ankesak nr. 1738/85.»
(66)I seinare versjonar av rundskriv R13-00 – medrekna den som gjeld i dag – er også TRR-2002-2975 og TRR-2004-3189 nemnde, sjølv om desse to tilfella ikkje kan karakteriserast som ordinære fallskadar. Frå praksis som prejudisielt føreset at alle fallskadar er omfatta, kan også TRR-2011-1040 og TRR-2020-2470 nemnast.
(67)Der forvaltningspraksis er fast og stø og utfyller dei andre rettskjeldene, vil grunngjevinga i det enkelte vedtaket kome i bakgrunnen. Der praksisen er i strid med førearbeida, må ein krevja meir av grunngjevinga. Rundskrivet drøftar ikkje rettskjeldene. Korkje Trygderetten, Rikstrygdeverket eller NAV har vurdert spørsmålet prinsipielt. Som Høgsterett har peikt på i nyare saker om forvaltningspraksis, til dømes HR-2022-1132-A, HR-2023-268-A og HR-2023-1148-A, vil vekta av praksisen mellom anna vera avhengig av om han byggjer på eit prinsippvedtak eller liknande der alle dei primære rettskjeldene er avvegne. Det er ikkje tilfellet i saka her, noko som tilseier at praksisen ikkje kan ha særleg vekt.
(68)Det har på hi sida vore ein lang og stø praksis i Finansklagenemnda – som er klageorgan etter yrkesskadeforsikringslova – fram til lagmannsrettens dom i saka her. Sjå til dømes FinKN-2012-201, FinKN-2016-57, FinKN-2016-229, FinKN-2020-181, FinKN-2020-340 og FinKN-2023-403. Nemnda har i hovudsak gjeve uttrykk for det same som eg har gjort ovanfor. Nemndspraksisen er grunngjeven og byggjer – i motsetnad til praksisen knytt til folketrygdlova – på ei tradisjonell tilnærming til rettskjeldene.
(69)Rett nok er føremålet med både yrkesskadeforsikringa og yrkesskadetrygda å verne arbeidstakarar og kompensere for skadar dei får under arbeidet. Rettstekniske omsyn kan difor tale for ei samordning. Men omsyna som taler for ei lik praktisering av arbeidsulykkeomgrepa i dei to lovene, rekk ikkje så langt at ei praksisomlegging frå trygdestyresmaktene knytt til folketrygdlova er bindande for yrkesskadeforsikringsselskapa som er pliktsubjekt etter yrkesskadeforsikringslova. Korkje trygderettspraksis eller rundskriv frå Rikstrygdeverket og seinare NAV etter vedtakinga av yrkesskadeforsikringslova, knytt til arbeidsulykkeomgrepet i folketrygdlova, kan ha slik vekt at arbeidsulykkeomgrepet i yrkesskadeforsikringslova skal tolkast utvidande til skade for private pliktsubjekt.
(70)Praksisen nedfelt i rundskriv R13-00 til folketrygdlova § 13-3 andre ledd fyrste punktum kan difor ikkje rokke ved den tolkinga av yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a som eg har gjort greie for ovanfor. Oppsummering
(71)Med «arbeidsulykke» meiner yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a at skaden må skuldast ei plutseleg og ytre hending. Sjukdom og det at nokon brått blir dårleg, som ikkje kan førast attende til noka ytre hending eller nokon ytre påverknad, fell utanfor.
(72)Lovførearbeida er klare på at eit fall på grunn av sjukdom eller fordi nokon brått blir dårleg, fell utom lova. Seinare praksis frå Trygderetten, Rikstrygdeverket og NAV kan ikkje endre på dette. Praksisen knytt til folketrygdlova § 13-3 andre ledd fyrste punktum er ikkje avgjerande for tolkinga av yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a. Tolkingsresultatet som det er teke til orde for i saka her – at alle sjukdomsutløyste fall på flatt underlag er omfatta – kan etter mitt syn ikkje leggast til grunn utan lovendring.
(73)Det er ikkje naturleg å seia at samanstøyten med golvet er årsaka til As skade. Den eigentlege årsaka til skaden er at han svima av og deretter fall og slo hovudet. Dette er ikkje ei arbeidsulykke etter yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a. Konklusjon
(74)Vilkåra for yrkesskadeforsikringsdekning er ikkje oppfylte. Anken har ført fram, og Gjensidige må frifinnast. Gjensidige har ikkje kravd sakskostnader for nokon instans.
(75)Eg røystar for slik D O M : Gjensidige forsikring ASA blir frifunne.
(76)Dommer Østensen Berglund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende, dommer Høgetveit Berg.
(77)Dommer Ringnes: Likeså.
(78)Dommer Bergh: Likeså.
(79)Dommer Indreberg: Dissens
(80)Jeg er kommet til at anken må forkastes, og kan i det vesentlige og slutte meg til lagmannsrettens begrunnelse.
(81)Yrkesskadeforsikringsloven angir de skadetyper som omfattes av § 11 bokstav a som «skade eller sykdom forårsaket av en arbeidsulykke». I spesialmotivene i Ot.prp. nr. 44 (1988–1989) side 89 er «arbeidsulykke» kort beskrevet som «en plutselig hendelse eller begivenhet», som må avgrenses mot skadelig påvirkning som har vart en viss tid. Det påpekes at ordlyden er den samme som i folketrygdloven 1966 § 11-4 nr. 1, og at den «skal forstås på samme måte». Trygderettspraksis kan altså gi veiledning ved tolkningen, heter det videre. Det vises også til omtalen i NOU 1988: 6 side 35–37 og Asbjørn Kjønstad, Yrkesskadetrygden, 1979 side 51–55.
(82)Jeg kan ikke se at verken ordlyden – «arbeidsulykke» – eller forarbeidenes presisering «plutselig hendelse eller begivenhet» er uforenlig med at et fall på flatt underlag på arbeidsplassen, uansett årsak til fallet, anses som en arbeidsulykke, slik at en eventuell skade utløst av fallet dekkes av yrkesskadeforsikringen.
(83)Men henvisningen i proposisjonen til omtalen i NOU 1988: 6 kompliserer bildet. I utredningen redegjøres det for praksis etter folketrygdloven, herunder at fall i trapp godtas som arbeidsulykke selv om det ikke kan påvises noen ytre påvirkning som årsak til fallet. Det uttales ikke uttrykkelig at fall på flatt underlag i en slik situasjon faller utenfor arbeidsulykkebegrepet, men jeg er enig med førstvoterende at det er nærliggende å forstå dette slik. Det var da også slik forvaltningspraksis var fram til Rikstrygdeverkets rundskriv 11-00 ble endret i 1988. I Trygderettens praksis var det likevel eksempler på at slike fall var omfattet.
(84)Som førstvoterende har beskrevet, ble rundskrivet igjen endret i 1993, slik at ethvert fall etter det blir ansett som arbeidsulykke, også de som skyldes illebefinnende eller sykdom. Trygdeforvaltningen har altså i over 30 år fulgt en annen praksis på dette punktet enn den som implisitt fremgår av NOU 1988: 6.
(85)Spørsmålet blir da om det ved tolkningen av uttrykket «arbeidsulykke» i yrkesskadeforsikringsloven skal legges avgjørende vekt på fortolkningen trygdemyndighetene i dag legger til grunn, eller beskrivelsen av praksis i utvalgsutredningen NOU 1988: 6. Den tidligere praksisen er for øvrig også den som er beskrevet i NOU 1990: 20 Forenklet folketrygdlov, slik førstvoterende har vist.
(86)Det er ikke helt opplagt hvordan dette skal besvares, men jeg er, som lagmannsretten, kommet til at det bør legges avgjørende vekt på trygdemyndighetenes nå innarbeidede forståelse.
(87)Jeg nevner først at Høyesterett har lagt til grunn at arbeidsulykkebegrepet skal være det samme i de to lovene, se Rt-2005-1757 avsnitt 37 – skyggekjennelsen – hvor betydningen av at uttrykket ble definert i folketrygdloven 1997, vurderes. Høyesterett fastslo at forutsetningen om samsvar mellom de to lovbestemmelsene medførte at definisjonen i folketrygdloven også må legges til grunn i forhold til yrkesskadeforsikringsloven. Definisjonen i folketrygdloven 1997 § 13-3, med presiseringen at det må dreie seg om en «ytre» hendelse, er altså gitt anvendelse.
(88)I skyggekjennelsen avsnitt 44 og 45 slås det videre fast at en eventuell utvikling av begrepet i trygderettspraksis fram til 1997 skal tillegges stor vekt, og at også senere avgjørelser av Trygderetten må tillegges vekt i den utstrekning de kan tas som uttrykk for eller har gitt seg utslag i en fast og konsistent praksis.
(89)I vårt tilfelle er det tale om en fast og konsistent praksis fra trygdemyndighetenes side, og antakelig fordi den er til gunst for de trygdede, ser det ikke ut til at det har vært aktuelt for Trygderetten å prøve den. I TRR-2002-142 konstaterer Trygderetten at praksis har utviklet seg slik at ethvert fall nå godkjennes som arbeidsulykke.
(90)Det er riktig som førstvoterende påpeker at det mangler en grundig begrunnelse i rundskrivet for omleggingen av praksis. Men forut for omleggingen var det avsagt en del avgjørelser hvor Trygderetten godtok fall på flatt underlag, og i noen tilfeller etter besvimelse, som arbeidsulykker. Jeg viser til førstvoterendes omtale. Situasjonen var altså at trygdemyndighetenes argumenter knyttet til deres daværende praksis, ikke fikk gjennomslag. At myndighetene på et tidspunkt trakk den slutning at det ikke var grunn til å holde fast ved utgangspunktene knyttet til fall, er forståelig. Det er heller ikke grunn til å kritisere at praksis ble opprettholdt etter ikrafttredelsen av folketrygdloven 1997. Det er ikke uforenlig med ordlyden å anse et fall som leder til skade som en plutselig og uventet ytre hending uansett årsak og underlag. I spesialmotivene til folketrygdloven § 13-3 i Ot.prp. nr. 29 (1995–1996) på side 130 er det forutsatt at definisjonen svarer til praksis. Det kan være dette sikter til praksis før omleggingen i 1993, slik førstvoterende legger til grunn, men det er ikke klart og etter mitt syn heller ikke avgjørende.
(91)Yrkesskadeforsikringslovens formål er ikke bare å forebygge og kompensere for ulykker, men også å fremme likhet mellom arbeidstakere og å forebygge konflikter på arbeidsplassen, jf. Ot.prp. nr. 44 (1988–1989) side 5. Blant annet fordi det – som i vår sak – kan være uklart hva som har utløst et fall, er dagens tolkning bedre egnet enn den tidligere til å fremme disse formålene.
(92)Men viktigst er lovgivernes forutsetning om samsvar mellom de to lovene på dette punktet, og at forståelsen av folketrygdloven nå har vært den samme i over 30 år. Å fravike samsvarstolkningen til skadelidtes ugunst bør eventuelt være en lovgiveroppgave. Domsslutning
(93)Etter røystinga sa Høgsterett slik