Saka gjeld straffutmåling for ein tilsett ved ein barnevernsinstitusjon som var domfelt for å ha hatt 30 samleie over 5 månader med ei 16 år gamal jente som han hadde ansvaret for. I tillegg gjeld saka utmåling av oppreising. Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 3 år og 3 månader, i tillegg til at den domfelte fekk restriksjonar på kva slags stilling han kan ha i framtida (rettstap). Høgsterett vraka anken frå den domfelte om lengda på fengselsstraffa. Rettstapet vart noko justert, slik at mannen på ubestemt tid vart frådømd retten til å ha stilling i institusjonar under barnevernet der han har høve til å vera aleine med born. Oppreisingsbeløpet til den fornærma vart sett til 150 000 kroner, som er noko mindre enn i dommen frå lagmannsretten. Eit mindretal på to dommarar meinte at fengselsstraffa skulle reduserast til 1 år og 9 månader, og at oppreisinga skulle reduserast ytterlegare. Rettsområde: Straffelova § 296 Dommarar: Falkanger, Falch, Høgetveit Berg, Sæther, Stenvik
(1)Dommar Høgetveit Berg: Saka og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld straffutmåling etter straffelova § 296 der ein tilsett ved ein barnevernsinstitusjon er domfelt for å ha hatt seksuell omgang med ei 16 år gamal jente som han hadde ansvaret for. I tillegg gjeld saka utmåling av oppreising.
(3)A vart 12. september 2022 tiltalt for brot på straffelova § 296 om seksuell omgang med person plassert i institusjon. Grunnlaget var skildra slik i tiltalevedtaket: «I perioden fra 20. august 2017 til medio januar 2018 på barnevernstiltaket X i Y og/eller andre steder i landet, mens han var ansatt ved institusjonen som miljøterapeut hadde han ved gjentatte anledninger seksuell omgang, herunder vaginale samleier, med B f. 00.00.2001 som bodde på institusjonen og som sto under hans myndighet og oppsikt.»
(4)Hordaland tingrett dømde 11. april 2023 A etter tiltala. Tingretten sette straffa til fengsel i eitt år. A vart også dømd til å betala den fornærma, B, 80 000 kroner i oppreising og til å betala 10 000 kroner til det offentlege i sakskostnader.
(5)A anka provvurderinga under skuldspørsmålet til lagmannsretten. Påtalemakta anka ikkje dommen, men tok atterhald om at det kunne bli sett fram strengare påstand enn i tingretten, der påtalemakta hadde kravd fengsel i eitt år og fire månader.
(6)Gulating lagmannsrett sa dom 19. januar 2024 med slik domsslutning: «1. A, født 00.00.1984, dømmes for overtredelse av straffeloven § 296 bokstav a til fengsel i 3 – tre – år og 3 – tre – måneder. 2. A, født 00.00.1984, fradømmes retten til å inneha stilling eller verv som innebærer at han har anledning til å etablere en relasjon til og i den forbindelse være alene med jenter under 18 år, jf. straffeloven § 56 første ledd bokstav a og b. 3. A dømmes til innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne dom å betale oppreisningserstatning til B med 200 000 – tohundretusen – kroner.»
(7)A har anka dommen til Høgsterett. Anken er retta mot reaksjonsfastsetjinga og oppreisinga. Høgsteretts ankeutval tillét anken fremja og samtykte til ny handsaming av oppreisingskravet, sjå HR-2024-447-U. Ankeutvalet samtykte seinare også til Bs krav om ny handsaming av oppreisingskravet, sjå HR-2024-544-U. Mitt syn på saka Den faktiske sida av saka
(8)I slutten av mars 2017 tok Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i Oslo og Akershus den daglege omsorga for B frå mor hennar og vedtok samstundes å plassere B på ein privat barnevernsinstitusjon. B hadde vore utsett for omsorgssvikt, hadde rusproblem, matvegring og sjølvskadingshistorikk. Då ho kom til institusjonen, var ho engsteleg, svært tynn og hadde eit stort omsorgsbehov.
(9)A er sosionom og hadde arbeidd på institusjonen sidan 2015. Då han byrja på den aktuelle avdelinga sommaren 2017, hadde B budd der nokre månader. A vart ein av dei som hadde den tettaste oppfølginga av B. I den aktuelle perioden på fem månader var A på arbeid om lag 40 døgn. Det budde fire–fem ungdommar på institusjonen, og arbeidet vart organisert slik at dei tilsette budde saman med ungdommane ei veke om gongen.
(10)Lagmannsretten kom til at det var prova at det frå midten av august 2017 var eit seksuelt forhold mellom A og B, og at dette varte til nokre månader etter at B hadde flytta attende til Oslo. Det var tale om minst 30 samleie over fem månader før B flytta – som blir rekna som eitt samanhengande straffbart forhold. Samleia skjedde der det var høve til det, medrekna på rommet til B og på køyreturar der dei også hadde samleie utandørs. Fengselsstraffa
(11)Hovudspørsmålet i saka er kva straff A skal ha for brotet på straffelova § 296 bokstav a. Føresegna har slik ordlyd: «Med fengsel inntil 6 år straffes den som a. har seksuell omgang med noen som er innsatt eller plassert i anstalt eller institusjon under kriminalomsorgen eller politiet eller i institusjon under barnevernet, og som der står under vedkommendes myndighet eller oppsikt, ….»
(12)Før eg går inn på sjølve utmålinga, er det etter mitt syn tenleg å gjera greie for kva slags straffebod straffelova § 296 er. Straffebodet skil seg frå dei andre straffeboda i straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot ved at det gjeld institusjonar der maktforholdet mellom ein tilsett og ein som er plassert der mot sin vilje, er spesielt skeivt. Føresegna understrekar det særlege ansvaret som er knytt til stillingar i visse institusjonar.
(13)Straffelova § 296 bokstav a råkar seksuell omgang mellom personar i somme nærare opprekna institusjonar. Det er for straffansvaret utan relevans kven som har teke initiativet til den seksuelle omgangen. Den som er innsett eller plassert i institusjonen, vil uansett vera offeret for brotsverket. Den som arbeider der, vil vera gjerningspersonen. Samstundes gjeld det kvalifiserande krav til kven som kan vera gjerningsperson. Dette må vera ein person som har den institusjonsplasserte fornærma under si «myndighet eller oppsikt». Andre som arbeider i slike institusjonar, til dømes vaktmeistrar eller kontorpersonale, er ikkje omfatta av straffebodet.
(14)Etter straffelova § 296 er det ikkje rom for ei vurdering av om det faktisk har vore misbruk eller utnytting av offeret, slik det er etter straffelova § 295. Hovudtanken med straffebodet i § 296 bokstav a er at all seksuell omgang i slike tilfelle skal reknast som utnytting av den som oppheld seg i institusjonen. Straffebodet er også gjeve av omsyn til den særskilde samfunnsoppgåva institusjonen har. Eit samtykke gjer difor ikkje handlinga rettkomen – til dømes om det er eit kjærastforhold mellom personane. Det er heller ikkje avgjerande kven som har teke initiativet til den seksuelle omgangen. For dette straffebodet kan dette eventuelt berre ha vekt ved utmålinga.
(15)Straffelova § 296 er ei vidareføring av straffelova 1902 § 194, som vart flytta frå § 199 i 2000. Ved denne endringa vart det vurdert å inkorporere føresegna i ein ny generell paragraf om misbruk, men departementet kom til at det framleis var behov for ein klar og absolutt regel på dette området, sjå Ot.prp. nr. 28 (1999–2000) side 72: «Endelig er departementet enig med utvalget i at det fortsatt er behov for en klar og absolutt bestemmelse som retter seg mot den som har seksuell omgang med personer som er innsatt eller plassert i institusjon under fengselsvesenet, politiet eller barnevernet. På grunn av det maktforhold som eksisterer mellom den innsatte/plasserte og den ansatte, må den svakere part sikres mot enhver seksuell omgang. Departementet viser ellers til utvalgets begrunnelse, og legger til at oppmyking av den absolutte bestemmelsen vil kunne oppfattes som et uheldig signal. En absolutt regel vil dessuten bli lettere å praktisere fordi man ikke trenger å føre bevis for at det konkret har foregått et misbruk. Dette vil som regel være tilfelle.»
(16)Dette viser at straffelova § 296 omfattar tilfelle med svært ulikt alvor. Brot mot § 296 kan variere sterkt, frå utnytting av sårbare born, som i saka her, til friviljug seksuell omgang med vaksne innsette i fengsel.
(17)Strafferamma etter straffelova § 296 er fengsel inntil seks år. Det er ikkje lovfastsett noka minstestraff. Det er heller ikkje, i lovførearbeid eller høgsterettspraksis, fastsett noko normalstraffenivå for brot på § 296 eller typetilfelle av slike brot.
(18)Fram til 2010 var strafferamma i straffelova 1902 § 194 fengsel inntil fem år. Då strafferamma vart auka til seks år, var dette i utgangspunktet ei rettsteknisk endring, sidan talet på strafferammer skulle reduserast, sjå Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) side 239 og 442. Justeringa skulle i seg sjølv ikkje påverke straffenivået. Samstundes har lovgjevaren føresett at det som var uttala om straffenivået for valdtekt, «bør ha betydning for straffnivået også for andre tilfeller av seksuell omgang uten reelt samtykke», sjå Prop. 97 L (2009–2010) side 21.
(19)Forsvararen har peikt på at bruken av formuleringa «utan reelt samtykke» i førearbeida viser at straffeskjerpinga i 2010 ikkje er meint å omfatte eit tilfelle som vårt, der det er gjort gjeldande at den seksuelle omgangen var friviljug. Eg er ikkje samd i det. Eit grunnleggjande element ved straffelova § 296 er at plasseringa i institusjonen ikkje er friviljug. Førearbeida talar om «reelt samtykke», ikkje berre «samtykke». Dette er etter mitt syn for å få fram det særskilt ujamne maktforholdet som ligg i dei situasjonane § 296 omfattar.
(20)Formuleringa i førearbeida om «betydning for straffnivået» gjev likevel ikkje noka klar føring. Om ein ser på førearbeida til straffeskjerpinga av straffelova 1902 § 193 om misbruk av overmaktsforhold, i dag straffelova § 295, er det der brukt identiske formuleringar, sjå Prop. 97 L (2009–2010) side 21. Dette er omtalt i HR-2017-570-A avsnitta 17 og 18: «Da straffenivået for grov vold og seksuallovbrudd ble skjerpet i juni 2010, ble strafferammen i § 193 hevet fra 5 til 6 år. Under omtalen av § 193 står det i Prop. 97 L (2009–2010) punkt 5.2 at uttalelsene om skjerping av straffenivået for voldtekt ‘bør ha betydning for straffenivået også for andre tilfeller av seksuell omgang uten reelt samtykke’. Straffenivået for voldtekt er omhandlet i punkt 5.1.2.1 i proposisjonen, der det blant annet uttales at ‘straffenivået for voldtekt må skjerpes betraktelig – både for bedre å reflektere alvorligheten av lovbruddet (forholdmessighetsvurderingen) og for å samsvare bedre med straffenivået for andre typer straffebestemmelser som beskytter den enkeltes fysiske integritet (ekvivalensvurderingen)’. Av dette utleder jeg at det skal skje en betraktelig straffskjerpelse ved overtredelser av § 193, jf. også Rt-2015-810 avsnittene 20 og 21.»
(21)Eg legg til grunn at det på tilsvarande måte var meint ei vesentleg straffskjerping også for brot på straffelova 1902 § 194, no straffelova § 296. Når det ikkje ligg føre samanliknbar praksis frå før skjerpinga, gjev dette likevel avgrensa rettleiing. Den underrettspraksisen som er lagt fram, gjeld svært ulike saker. Det har ikkje utkrystallisert seg noko normalnivå, og det er heller ikkje mogleg – fordi sakene er svært ulike.
(22)På denne bakgrunnen meiner eg at straffa må utmålast ut frå dei to grunnleggjande prinsippa om proporsjonalitet mellom lovbrot og straff og forholdet til andre samanliknbare lovbrot.
(23)Seksuallovbrot blir straffa strengt. For valdtekt til samleie utan skjerpande omstende er normalstraffa fengsel i fire år, jf. Rt-2011-734. Overføringsverdien frå dette, eller frå saker om seksuell omgang med born, er avgrensa. Ut frå verkeområdet til straffelova § 296 er det meir nærliggjande i sjå til praksis knytt til straffelova 1902 § 193 og straffelova § 295 om misbruk av overmaktsforhold. Som nemnt finn me dei same føringane frå lovgjevaren for utmålinga etter desse straffeboda. Her ligg det også føre noko praksis frå Høgsterett. Delar av praksisen har element av institusjonelt omsorgsansvar og kan etter mitt syn difor gje monaleg rettleiing:
(24)I Rt-2011-364 hadde den domfelte hatt seksuell omgang med eit fosterbarn og deretter misbrukt det oppståtte avhengigheitsforholdet ved å halde fram med den seksuelle omgangen etter at fosterbarnforholdet var avslutta. Misbruket tok til då fosterdottera var om lag 18 år, og varte i bortimot åtte år. Høgsterett la til grunn at dette i utgangspunktet gav fengsel i tre år. Saksforholdet var frå før straffeskjerpinga i 2010.
(25)I HR-2017-570-A hadde den domfelte, som var allmennlege, utnytta stillinga si til å skaffe seg seksuell omgang med to kvinnelege pasientar som hadde oppsøkt han for å få hjelp med psykiske plager, og som etter kvart hadde opparbeidd eit tillitsforhold til han. Etter å ha slått fast at det ikkje er mogleg å fastsetja noko generelt normalstraffenivå for brot på straffelova § 295, la Høgsterett til grunn at lovbrota i utgangspunktet gav fengsel i to og eit halvt år.
(26)I HR-2018-390-A hadde den domfelte, som var tidlegare lege, skaffa seg seksuell omgang med fem kvinner under påskot av gynekologiske undersøkingar. Høgsterett la til grunn at dette i utgangspunktet gav fengsel i fire og eit halvt år.
(27)I HR-2021-288-U hadde den domfelte, som var vikarlærar ved ein vidaregåande skule, over ein periode på tre månader ved fleire høve hatt seksuell omgang, også samleie, med ein elev på 17 år. Ved straffutmålinga tok lagmannsretten utgangspunkt i eit straffenivå på fengsel i eitt år og fire månader. Høgsteretts ankeutval fann at straffa i alle fall ikkje var for streng. Eg legg difor ikkje vekt på denne avgjerda.
(28)Dommane viser at brot på straffelova § 295 blir straffa strengt i omsorgssituasjonar. Eg meiner dommane har monaleg overføringsverdi til vurderinga som må gjerast i saka her etter straffelova § 296.
(29)I vår sak skjedde lovbrotet mot ei svært sårbar jente med store omsorgsbehov som var plassert med tvang på barnevernsinstitusjon. Det første samleiet skjedde dagen før skulestarten hausten 2017. B var då 16 år og 3 månader. Lagmannsretten kom til at følgjande var prova: «Hun var plassert på X på grunn av sammensatte vanskeligheter, deriblant uheldige seksuelle relasjoner til andre og eldre menn. Hva tiltalte hadde eksakt kunnskap om er uklart for lagmannsretten. Men som utdannet sosionom og flere års arbeidserfaring med denne brukergruppen, er det ingen tvil om at han visste at fornærmede var særskilt sårbar. Det kan som nevnt ikke utelukkes at det var hun selv som tok initiativet til den seksuelle kontakten mellom dem. Men i den brukergruppen hun tilhørte, er det ikke uvanlig at dette skjer. At fornærmede også utviklet følelser for tiltalte, som da var 33 år gammel, er heller ikke unormalt. Men det er nettopp i slike situasjoner det er avgjørende at den voksne profesjonelle forholder seg til brukeren på en profesjonell måte. Det er nettopp slik atferd straffebudet skal hindre. I nærværende sak er det først i ettertid at fornærmede forstod at relasjonen var uheldig for henne. Også dette er typisk for denne type overgrep.»
(30)A er utdanna sosionom og hadde fleire års erfaring med denne brukargruppa. Det var stor aldersskilnad mellom A og B. Sjølv om lagmannsretten fann det uklart kva for eksakt kunnskap A hadde om Bs utfordringar, kunne han ut frå utdanning og erfaring ikkje vera i tvil om at B var svært sårbar – og at skadepotensialet var stort.
(31)Lagmannsretten kom til at det var prova at A «innrettet hele sin virksomhet for å ikke bli oppdaget, herunder ved å oppholde seg på rommet til fornærmede under påskudd av at hun ønsket hans fysiske tilstedevære og fysisk nærhet, bilturer til øde steder og at han fikk fornærmede til å love at hun ikke skulle si noe». Eitt av samleia skjedde på ein skjermingstur til ei avsidesliggjande hytte utanfor institusjonen, der B skulle få ro etter at ho hadde sjølvskadd seg grovt. Samla er det tale om ei svært grov utnytting av tillitsposisjonen A hadde som tilsett ved institusjonen. B var plassert der ved tvang og bestemte ikkje rammene for opphaldet sjølv. Ho hadde openbert krav på meir omsorg og tryggare rammer enn andre. Overgrepa skjedde i det som var heimen hennar.
(32)Det er gjort gjeldande at det må få vekt ved straffutmålinga at B samtykte i den seksuelle omgangen, og at lagmannsretten ikkje utelukka at det var B sjølv som tok initiativet til omgangen. Etter mitt syn kan dette klart ikkje vera formildande når brotet på § 296 skjer overfor ei sårbar 16 år gamal jente som er plassert i ein barnevernsinstitusjon. Omsorgssvikt er gjerne hovudårsaka til at born er på ein slik institusjon. Mangelen på omsorg gjer samstundes at slike born gjerne vil ha ei omsorgssøkjande framferd i den sårbare alderen og livssituasjonen dei er i. Det er viktig for dei å bli lagde merke til av vaksne – å bli sett. Seksuell framferd i denne formande livfasen er ein del av dette. Eg viser her til det eg nettopp har sitert frå lagmannsrettens dom, og som eg sluttar meg til. At det utviklar seg til eit kjærastforhold eller liknande, kan berre vera eit formildande omstende mellom vaksne i § 296-saker, jf. også Ot.prp. nr. 28 (1999–2000) side 72.
(33)Som lagmannsretten peikte på, er det vanskeleg å tenkje seg eit grøvre brot på § 296 utan at det også er brot mot andre og alvorlegare straffebod. Saka gjeld minst 30 samleie over ein periode på fem månader. Det fyrste samleiet skjedde kort tid etter at A byrja på den aktuelle avdelinga på institusjonen. Eitt av samleia skjedde som nemnt på ein skjermingstur, som har til føremål at ungdom som er i krise, skal ha fred til å handsame utfordringane sine. Dei vaksne er til stades for å gje trygge rammer under det mange opplever som eit svært krevjande opphald.
(34)Eg nemner også at dersom forholdet ikkje hadde vore eit langt brot på § 296, men fleire lovbrot avgrensa i tid og omfang, ville strafferamma vore dobbelt så høg, jf. straffelova § 79 bokstav a.
(35)Under desse omstenda meiner eg utgangspunktet for straffa i denne saka bør vera fengsel i tre og eit halvt år.
(36)For lang sakshandsamingstid er eit formildande omstende, jf. straffelova § 78 bokstav e. Det er over tre og eit halvt år sidan det straffbare forholdet vart meldt til politiet. Det har berre vore nokre få månader heilt utan aktivitet, men etterforskinga tok nesten 20 månader. Sjølv om dette er langt frå eit brot på Grunnlova § 95 eller Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6, skal det, særleg på grunn av tida utan aktivitet, uansett gjerast eit frådrag for tidsbruken, jf. HR-2016-225-S avsnitt 27. Etter mitt syn bør fengselsstraffa på denne bakgrunnen reduserast med to månader. Rettstap
(37)Påtalemakta har kravd at A skal miste retten til å ta ei stilling eller ha verv som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige, jf. straffelova § 56. Fyrste ledd i føresegna har slik ordlyd: «Den som har begått en straffbar handling som viser at vedkommende er uskikket til eller kan misbruke en stilling, virksomhet eller aktivitet, kan, når allmenne hensyn tilsier det, a. fratas stillingen, eller b. fratas retten til for fremtiden å ha en stilling eller utøve en virksomhet eller aktivitet.»
(38)Domfellinga av A for brot mot straffelova § 296 viser at han tvillaust er uskikka til og kan misbruke ei slik stilling. Han utnytta B over tid, trass i at det er heilt grunnleggjande at ein ikkje skal ha slik seksuell omgang i ein barnevernsinstitusjon.
(39)Spørsmålet er om allmenne omsyn tilseier at A skal frådømast retten til å ha stillingar eller verv i framtida. Eg skyt her inn at spørsmålet om rettstap skal idømmast, heng nært saman med innhaldet i tapet og lengda på det.
(40)Spesiallovgjevinga krev politiattest for ei rekkje stillingar og verv. Dette vil i røynda hindre at ein som er domfelt etter straffelova § 296 kan ta slike stillingar eller verv. Dette reduserer styrken i dei allmenne omsyna straffelova § 56 er berar av. Eg legg likevel ikkje stor vekt på dette. Reglane om politiattest gjeld ved sida av reglane om rettstap. Når lovbrotet og misbruksfaren er så kvalifiserte som i saka her, talar dei beste grunnane for at samfunnet bør nytte dei verkemidla ein har for å redusere faren for nye lovbrot, sjølv om det også ligg eit vern i andre reglar.
(41)Ved fastsetjinga av innhaldet bør ein etter mitt syn ta utgangspunkt den type stilling som er misbrukt – i dette tilfellet ei stilling i institusjon under barnevernet som fell inn under verkeområdet til straffelova § 296. Dersom allmenne omsyn – behovet for samfunnsvern – tilseier det, kan og bør ein utvide ramma for rettstapet. Påtalemakta har kravd rettstap for alle stillingar eller verv som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige. Etter mitt syn blir dette for vidt. Rettstapet bør avgrensast til stillingar i barnevernsinstitusjonar der domfelte har høve til å vera aleine med born.
(42)Attende står spørsmålet om det ligg føre «særlige grunner», slik at rettstapet skal gjerast varig, jf. straffelova § 58 andre ledd. Det er tale om eit grovt lovbrot, gjort i As profesjonelle rolle som omsorgsperson for eit svært sårbart barn. Me er i kjerneområdet for reglane om rettstap på dette livsområdet. Etter mitt syn fyller dette då klart vilkåret om særlege grunnar. Når rettstapet er avgrensa slik eg har gjort greie for over, bør då tapet vera på ubestemt tid. Eg skyt inn at tapet uansett kan prøvast på nytt når det har gått tre år, jf. § 58 tredje ledd. Samla reaksjonsfastsetjing
(43)Ved den samla reaksjonsfastsetjinga må fengselsstraffa og rettstapet sjåast i samanheng, jf. straffelova § 29 andre ledd. Når eg meiner at A skal idømmast eit avgrensa rettstap på ubestemt tid, blir det samstundes rett å redusere fengselsstraffa med ytterlegare éin månad. Samla fengselsstraff blir etter dette tre år og tre månader. Oppreising
(44)A skal betala oppreising til B etter rettens skjønn, jf. skadebotlova § 3-5, jf. § 3-3. Det er korkje naudsynt eller tenleg å fastsetja noko standardbeløp for oppreisinga etter brot på straffelova § 296, men utmålinga kan gje noko rettleiing som eit typetilfelle under dette straffebodet.
(45)Det er som nemnt ikkje berre interessene til den fornærma som er verna i straffelova § 296. Føresegna tek også opp i seg omsynet til den samfunnsoppgåva institusjonen er sett til å løyse. Denne delen av straffverdigheita har mindre vekt når oppreisingsbeløpet skal fastsetjast.
(46)Ut frå karakteren av lovbrotet og dei konkrete omstenda eg har peikt på i reaksjonsfastsetjinga, meiner eg at oppreisinga i dette tilfellet bør setjast til 150 000 kroner. Konklusjon
(47)Eg røystar for slik D O M : 1. Anken over lengda på fengselsstraffa blir vraka. 2. A, fødd 00.00.1984, blir på ubestemt tid frådømd retten til å ha stilling i institusjonar under barnevernet der han har høve til å vera aleine med born. 3. A betalar til B 150 000 – eitthundreogfemtitusen – kroner i oppreising innan 2 – to – veker frå dommen er forkynt.
(48)Dommar Falch: Dissens
(49)Eg er komen til at både fengselsstraffa og oppreisinga må setjast lågare enn fyrstvoterande går inn for. Når det gjeld rettstapet, er eg i det vesentlege og i resultatet samd med han.
(50)Straffelova § 296 skil seg frå dei fleste andre straffeboda i kapittelet om seksuallovbrot ved at han råkar heilt friviljug seksuell omgang mellom personar som er over den seksuelle lågalderen. Difor tek straffebodet i utgangspunktet ikkje sikte på å verne den seksuelle sjølvråderetten.
(51)Siktemålet er fyrst og fremst å oppretthalde orden og å bevare tilliten til dei institusjonane som er opprekna. Rett nok er det i dei situasjonane som § 296 omfattar, klår risiko for at den tilsette har skaffa seg den seksuelle omgangen ved misbruk av stillinga si eller ved å utnytte den som er innsett eller plassert. Men det må ikkje provast at handlingane har skjedd på den måten, slik det må gjerast for å kunne dømme for brot på § 295.
(52)Dette får etter mi meining vekt ved utmålinga av straff for brot på § 296. Slik eg ser det, må utgangspunktet vere at straffa er klårt lågare enn for brot på § 295. Men dette blir annleis dersom brotet på § 296 er grovt, typisk fordi det har skjedd ved misbruk eller utnytting. Då kan straffa attpåtil tenkjast å bli høgare enn for brot på § 295, som følgje av den institusjonelle tilleggsdimensjonen ved § 296.
(53)Etter dette er mitt syn at straffa i saka her for det omfattande brotet på § 296, som eit startpunkt bør liggje på fengsel i opp mot eitt år. Ei slik straff vil spegle dei institusjonelle omsyna som ber straffebodet. Men herfrå må straffa skjerpast fordi det også er klåre element av krenking av den fornærma.
(54)Her peiker eg på at den fornærma var eit barn like over den seksuelle lågalderen, at ho var særs sårbar, og at handlingane skjedde under omsorg, slik fyrstvoterande har trekt fram. Men det er på den andre sida ikkje prova at krenkingane har skjedd ved misbruk eller utnytting, i den tydinga desse uttrykka er nytta i § 295 – sjølv om tilfellet ifølgje lagmannsretten ligg «nær opptil».
(55)I den samanhengen peiker eg på opplysningane om at dei to innleidde, og i heile tiltaleperioden hadde, ein relasjon som kjærastar. Dei utvikla gjensidige kjensler for kvarandre. Det var dessutan den fornærma som tok initiativet til mykje av den seksuelle omgangen. Dette avgrensar etter mi meining omfanget av den krenkinga som den fornærma vart utsett for, noko også tingretten la vekt på.
(56)Eg meiner difor at riktig straff i utgangspunktet er fengsel i to år. Til frådrag kjem til saman tre månader for lang sakshandsamingstid og rettstapet.
(57)Det eg har sagt, får også følgjer for storleiken på oppreisinga. Eg meiner at ho bør setjast til 100 000 kroner.
(58)Eg røystar etter dette for at straffa blir fastsett til fengsel i eitt år og ni månader med same rettstap som fyrstvoterande røystar for, og at oppreisingserstatninga blir fastsett til 100 000 kroner.
(59)Dommer Stenvik: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med annenvoterende, dommer Falch.
(60)Dommer Sæther: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende, dommer Høgetveit Berg.
(61)Dommer Falkanger: Likeså.
(62)Etter røystinga sa Høgsterett slik