Høgsterett i storkammer slo 22. mars 2024 fast at kroppsvisitasjonar i Bergen fengsel hadde vore i strid med menneskerettane. Høgsterett har no utmålt oppreising til dei tre innsette. Dei kravde oppreising for ikkje-økonomisk tap med heimel i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 13. EMK artikkel 13 krev at statane må ha nasjonale botemiddel mot menneskerettsbrot. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet var samd i at dei innsette hadde krav på oppreising i saka her. Partane var derimot ikkje samde om kva som er rettsgrunnlaget for kravet, EMK artikkel 13 «direkte» eller ulovfesta rett. Høgsterett fastslår at det er konvensjonsbrotet, kombinert med EMK artikkel 13, som gjer at personar som har fått menneskerettane sine krenkte, har krav på oppreising for ikkje-økonomisk tap. Den konkrete utmålinga vert sett til høvesvis 100 000 kroner, 50 000 kroner og 90 000 kroner for dei tre innsette. Ved utmålinga tok Høgsterett utgangspunkt i dei standardiserte satsane for oppreising ved fridomstap etter urettkomen strafforfølging og høgsterettspraksis om kompensasjon i form av ein dag varetektsfrådrag per to konvensjonsstridige nakenvisitasjonar. Likskapsomsyn tilseier ei tilsvarande omrekning ved utmålinga i tilfelle der auka varetektsfrådrag er uaktuelt. Rettsområde: Menneskerettar. EMK artikkel 13 og artikkel 41 Dommarar: Falkanger, Bull, Høgetveit Berg, Sæther, Stenvik
(1)Dommar Høgetveit Berg: Spørsmåla i saka og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld krav om oppreising for krenking av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 3 og Grunnlova § 93.
(3)Bakgrunnen for saka er skildra slik i Høgsteretts dom i storkammer 22. mars 2024, HR-2024-551-S, avsnitta 3 til 5: «A, B og C – i det følgende også omtalt som de tre innsatte – har alle vært frihetsberøvet i Bergen fengsel som ledd i varetektsfengsling eller soning av fengselsstraffer på mellom seks og ni år. Der ble de, særlig i tidsrommet fra mai 2018 til slutten av august 2020, utsatt for et stort antall kroppsvisitasjoner, hvor de blant annet måtte kle seg nakne og utføre dyp knebøy. Kroppsvisitasjoner omtales også som nakenvisitasjoner. Bergen fengsel er et fengsel med høyt sikkerhetsnivå – et lukket fengsel. Som det fremgår av straffegjennomføringsloven § 11 første og fjerde ledd, skal alle domfelte i utgangspunktet settes direkte inn i fengsel med høyt sikkerhetsnivå. Innsettelse på lavere sikkerhetsnivå – åpent fengsel – skal vurderes hvis straffen er på inntil to år, og i særlige tilfeller også ved strengere straffer. Dette innebærer at de innsatte i et lukket fengsel kan være dømt for svært ulike typer lovbrudd. I Bergen fengsel ble det gjennomført rutinemessige kroppsvisitasjoner før og etter besøk i besøksavdelingen og før og etter utganger fra fengselet – både permisjoner og fremstillinger med følge av tilsatte eller politiet – samt før innsettelser og løslatelser.»
(4)A, B og C reiste sak mot staten ved Justis- og beredskapsdepartementet med krav om fastsetjingsdom for at visitasjonane dei hadde vore utsette for hadde krenkt rettane deira etter EMK artikkel 3 og Grunnlova § 93. Dei kravde i tillegg oppreising for ikkje- økonomisk tap etter EMK artikkel 13. Krava om fastsetjingsdom vart seinare utvida til subsidiært også å gjelde krenking av EMK artikkel 8 og Grunnlova § 102.
(5)Oslo tingrett sa dom 3. november 2022. Tingretten meinte at dei innarbeidde kroppsvisitasjonane av saksøkarane hadde krenkt rettane deira etter EMK artikkel 3 og Grunnlova § 93, og gav dom for dette. Retten kom derimot til at det ikkje var heimel for oppreising for ikkje-økonomisk tap og frifann staten for dette.
(6)Etter anke frå begge partane sa Borgarting lagmannsrett dom 24. august 2023 med slik domsslutning: «1. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet dømmes til å betale 100 000 – etthundretusen – kroner til A i erstatning for ikke-økonomisk tap innen to uker fra forkynnelse av dommen. 2. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet dømmes til å betale 75 000 – syttifemtusen – kroner til B i erstatning for ikke-økonomisk tap innen to uker fra forkynnelse av dommen. 3. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet dømmes til å betale 100 000 – etthundretusen – kroner til C i erstatning for ikke-økonomisk tap innen to uker fra forkynnelse av dommen. 4. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet dømmes til å betale erstatning for sakskostnader for lagmannsretten til A med 1 187 764 – enmillionetthundreogåttisyvtusensyvhundreogsekstifire – kroner med tillegg av rettsgebyr innen to uker fra forkynnelse av dommen. 5. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet dømmes til å betale erstatning for sakskostnader for lagmannsretten til B med 176 838 – etthundreogsyttisekstusenåttehundreogtrettiåtte – kroner med tillegg av rettsgebyr innen to uker fra forkynnelse av dommen. 6. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet dømmes til å betale erstatning for sakskostnader for lagmannsretten til C med 194 966 – etthundreognittifiretusennihundreogsekstiseks – kroner med tillegg av rettsgebyr innen to uker fra forkynnelse av dommen. 7. For øvrig forkastes anken.»
(7)Lagmannsretten meinte at rettane til A, B og C etter EMK artikkel 3 og Grunnlova § 93 var krenkte. Anken frå staten vart vraka. I motsetnad til tingretten meinte lagmannsretten at EMK artikkel 13 gav heimel for oppreising for ikkje-økonomisk tap.
(8)Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet anka til Høgsterett. Staten meinte at korkje EMK eller Grunnlova var krenkt. Uansett var det ikkje grunnlag for oppreising for ikkje-økonomisk tap.
(9)Høgsteretts ankeutval vedtok 7. november 2023 å fremje anken til Høgsterett for «spørsmålene om EMK artikkel 3, EMK artikkel 13 og adgangen til å kreve fastsettelsesdom sammen med en dom om reparasjonserstatning for menneskerettighetskrenkelser», sjå HR-2023-2095-U.
(10)Justitiarius bestemte 21. november 2023 at spørsmålet om mogleg krenking av EMK artikkel 3 skulle handsamast og avgjerast særskilt av Høgsterett i storkammer, og at handsaminga av dei andre spørsmåla skulle utstå, sjå HR-2023-2191-J. Under saksførebuinga vart det avklart at avgjerdene frå ankeutvalet og justitiarius også gjaldt Grunnlova § 93 og det subsidiære påstandsgrunnlaget om brot på EMK artikkel 8 og Grunnlova § 102.
(11)Høgsterett i storkammer sa 22. mars 2024 dom med slik domsslutning, jf. HR-2024-551-S: «For sakens videre behandling for Høyesterett legges det til grunn at A, B og C ble utsatt for behandling som krenket deres rettigheter etter Den europeiske menneskerettskonvensjon artikkel 3 og Grunnloven § 93 andre ledd.»
(12)Den vidare handsaminga av saka skjedde ved ankeforhandling i avdeling.
(13)Noregs institusjon for menneskerettar har sett fram eit skriftleg innlegg som skal kaste lys over allmenne interesser, jf. tvistelova § 15-8. Innlegget inngår i avgjerdsgrunnlaget, jf. § 15-8 andre ledd tredje punktum.
(14)Saka er prosedert i samanheng med sak HR-2024-1169-A, der dom er gjeve tidlegare i dag. Etter storkammerdommen frå Høgsterett gjer staten ikkje lenger gjeldande at det ikkje er grunnlag for oppreising for ikkje-økonomisk tap. Elles står saka i den same stillinga som for lagmannsretten. Partanes syn Den ankande partens syn
(15)Den ankande parten – staten ved Justis- og beredskapsdepartementet – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(16)Etter krenkinga av EMK artikkel 3 som Høgsterett konstaterte i HR-2024-551-S, skal det tilkjennast oppreising for ikkje-økonomisk tap til dei tre ankemotpartane. Oppreisinga bør heimlast i eit snevert ulovfesta grunnlag, og ikkje direkte i EMK artikkel 13.
(17)Lagmannsrettens oppreising er for høg. Oppreisinga skal fastsetjast konkret, ut frå mellom anna talet på kroppsvisitasjonar, dei nærare omstenda ved kroppsvisitasjonane, soningsforholda elles og om det er påvist konkret skade som følgje av visitasjonane. Nivået må ikkje vera urimeleg lågt samanlikna med det nivået Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har lagt seg på for tilsvarande krenkingar etter EMK artikkel 41, men det må også tilpassast det generelle oppreisingsnivået i norsk rett for liknande forhold. Føresett at ein nyttar den omrekningsfaktoren Høgsterett nyttar ved auka varetektsfrådrag etter urettkomne kroppsvisitasjonar, vil dei standardiserte satsane for oppreising ved fridomstap etter urettkomen strafforfølging gje ei god rettleiing for utmålinga, jf. forskrift 12. desember 2003 nr. 1472.
(18)Sidan partane er samde om at det skal tilkjennast oppreising etter krenkinga av EMK artikkel 3, har ankemotpartane ikkje eit reelt behov for at det i tillegg blir gjeve fastsetjingsdom for krenkinga.
(19)Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet har sett fram slik påstand: «1. A tilkjennes oppreisning etter rettens skjønn oppad begrenset til kr 65 000. 2. B tilkjennes oppreisning etter rettens skjønn oppad begrenset til kr 50 000. 3. C tilkjennes oppreisning etter rettens skjønn oppad begrenset til kr 60 000. 4. Krav om fastsettelsesdom for brudd på EMK fra A, B og C avvises.» Ankemotpartanes syn
(20)Ankemotpartane – A, B og C – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(21)Det sentrale er at ankemotpartane er påført ikkje-økonomisk tap som må kompenserast. Oppreisinga bør heimlast direkte i EMK artikkel 13, subsidiært i ulovfesta rett. Ein føresetnad for eit slikt ulovfesta ansvar er at verkeområdet for ansvaret ikkje er snevrare enn det som uansett følgjer av EMK artikkel 13 og praksis frå EMD. Heimelskravet som tradisjonelt er stilt opp i norsk rettspraksis for oppreising, stengjer ikkje for oppreising etter brot mot EMK artikkel 3. Omsyna bak heimelskravet gjer seg ikkje gjeldande ved menneskerettsbrot og for staten som skadevaldar.
(22)Utmålinga av oppreisinga skal etter praksis frå EMD ta omsyn til «pain, stress, anxiety and frustration», jf. til dømes EMDs dom 3. april 2001 Keenan mot Storbritannia avsnitt 130. Arten, graden, lengda og verknaden av krenkinga er relevante moment. Det må leggjast vekt på om den krenkte er særleg sårbar. Beløpet skal ikkje vera urimeleg samanlikna med det EMD utmåler etter EMK artikkel 41, jf. EMDs dom 22. oktober 2020 Roth mot Tyskland avsnitt 93.
(23)Oppreisingane for dei urettkomne kroppsvisitasjonane i saka her må ta utgangspunkt i omfanget og arten av krenkingane, statens skuld og brot mot rettstryggleiksgarantiar og dei konkrete verknadene for og opplevingane frå ankemotpartane. Beløpa som lagmannsretten tilkjente, er ikkje for høge.
(24)Fastsetjingsdom for brot på EMK artikkel 3 er eit rettskrav, jf. tvistelova § 1-3. Ankemotpartane har behov for ein fastsetjingsdom for konvensjonsbrot i tillegg til oppreising.
(25)A, B og C har sett fram slik påstand: «1. Anken forkastes så langt gjelder fastsettelsesdom for krenkelse av EMK art. 3 og oppreisning. 2. C, A og B tilkjennes sakens omkostninger.» Mitt syn EMK artikkel 13
(26)Partane er samde om at A, B og C har krav på oppreising for ikkje-økonomisk tap. Partane er derimot ikkje samde om kva som er formelt rettsgrunnlag for kravet. Spørsmålet er om oppreisingskravet er heimla «direkte» i EMK artikkel 13 eller i norsk ulovfesta rett. Før eg tek stilling til dette, gjer eg kort greie for innhaldet i EMK artikkel 13 og forholdet til EMK artikkel 3.
(27)EMK artikkel 13, som er inkorporert i norsk rett gjennom menneskerettslova § 2, jf. § 3, har slik ordlyd: «Everyone whose rights and freedoms as set forth in this Convention are violated shall have an effective remedy before a national authority notwithstanding that the violation has been committed by persons acting in an official capacity.»
(28)Omsett til bokmål: «Enhver hvis rettigheter og friheter fastlagt i denne konvensjon blir krenket, skal ha en effektiv prøvningsrett ved en nasjonal myndighet uansett om krenkelsen er begått av personer som handler i offisiell egenskap.»
(29)Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har slått fast at EMK artikkel 13 gjev alle som har eit prosederbart krav om brot på EMK, rett til å få prøvd spørsmålet for ein nasjonal instans. Dette skal sikre at konvensjonsstatane tar tak i krenkingane innanfor sitt eige rettssystem, slik at individa ikkje skal måtte gå til EMD for å få sakene sine avgjort. Den nasjonale instansen må ha myndigheit til å stanse eller reparere krenkinga. EMK artikkel 13 krev at statane må ha nasjonale botemiddel mot menneskerettsbrot.
(30)EMD har uttrykt dette slik i storkammerdom 26. oktober 2000 Kudła mot Polen avsnitt 157: «As the Court has held on many occasions, Article 13 of the Convention guarantees the availability at national level of a remedy to enforce the substance of the Convention rights and freedoms in whatever form they may happen to be secured in the domestic legal order. The effect of Article 13 is thus to require the provision of a domestic remedy to deal with the substance of an ‘arguable complaint’ under the Convention and to grant appropriate relief … The scope of the Contracting States’ obligations under Article 13 varies depending on the nature of the applicant’s complaint; however, the remedy required by Article 13 must be ‘effective’ in practice as well as in law … The ‘effectiveness’ of a ‘remedy’ within the meaning of Article 13 does not depend on the certainty of a favourable outcome for the applicant. Nor does the ‘authority’ referred to in that provision necessarily have to be a judicial authority; but if it is not, its powers and the guarantees which it affords are relevant in determining whether the remedy before it is effective. Also, even if a single remedy does not by itself entirely satisfy the requirements of Article 13, the aggregate of remedies provided for under domestic law may do so …»
(31)Dette er gjenteke mellom anna i EMDs storkammerdom 10. mai 2001 T.P. og K.M. mot Storbritannia, der domstolen la til ei presisering avslutningsvis i avsnitt 107: «The Court considers that, where an arguable breach of one or more of the rights under the Convention is in issue, there should be available to the victim a mechanism for establishing any liability of State officials or bodies for that breach. Furthermore, in appropriate cases, compensation for the pecuniary and non-pecuniary damage flowing from the breach should in principle be available as part of the range of redress.»
(32)Hovudføremålet med EMK artikkel 13 er gjennomføring av konvensjonsrettane på nasjonalt nivå, slik at den som meiner seg utsett for eit menneskerettsbrot har tilgang på reparasjon nasjonalt. Det er med dette opp til statane å utforme ordningar for å bøte på EMK-brot. I dette ligg det også eit visst handlingsrom – «some discretion». Men i nokre tilfelle – «in appropriate cases» – er oppreising for ikkje-økonomisk tap nødvendig.
(33)Innhaldet i statens plikter etter EMK artikkel 13 vil variere ut frå kva slags konvensjonsbrot det er tale om. I nokre tilfelle vil konstatering av konvensjonsbrot vera tilstrekkeleg reparasjon, til dømes der det i ein straffedom som avgjer sivile krav er brukt formuleringar som krenkjer uskuldspresumsjonen i EMK artikkel 6, sjå til dømes HR-2020-1149-U avsnitt 7 med referansar. For andre former for konvensjonsbrot vil ei konstatering av brotet ikkje vera tilstrekkeleg. I slike tilfelle må den som er krenkt få ein eller annan kompensasjon. I ei sivil sak er auka varetektsfrådrag eller reduksjon i fengselsstraff naturlegvis uaktuelle botemiddel.
(34)For brot på EMK artikkel 3 er det ein sterk presumsjon for oppreising for ikkje-økonomisk tap, sjå mellom anna EMDs dom 22. oktober 2020 Roth mot Tyskland, avsnitta 77 og 93. I avsnitt 78 stiller domstolen opp eit unntak for «exceptional circumstances», særleg der konvensjonsbrotet er av «minor nature» eller berre er knytt til prosessuelle rettar. Heimelsgrunnlaget for oppreisinga i saka her
(35)Etter storkammerdommen i HR-2024-551-S gjer staten ikkje lenger gjeldande at konvensjonsbrota i saka vår er av «minor nature». Partane er samde om at A, B og C har krav på oppreising for ikkje-økonomisk tap. Partane er derimot ikkje samde om kva som er heimel for kravet – EMK artikkel 13 «direkte» eller ulovfesta rett.
(36)Eg nemner at Høgsterett alt i Rt-2013-588 slo fast at brot på EMK artikkel 3 og artikkel 8 kan gje rett til skadebot for økonomisk tap og oppreising for ikkje-økonomisk tap. Høgsterett sa ikkje noko om heimelen for dette. Samstundes er det klart at ingen av dei tradisjonelle ansvarsgrunnlaga i norsk rett gav rett til oppreising i den saka.
(37)EMK artikkel 13 er gjort til norsk lov gjennom menneskerettslova § 2, jf. § 3. Etter mitt syn går det då ut på eitt om ansvaret i saka her blir tufta «direkte» på EMK artikkel 13 eller på eit ulovfesta grunnlag der pliktene i EMK artikkel 13 utgjer den reelle grunngjevinga. Ut frå det eg har sagt over, er det uansett slik at det er konvensjonsbrotet, kombinert med EMK artikkel 13, som gjer at individ som har fått menneskerettane sine krenkte, har krav på oppreising for ikkje-økonomisk tap, jf. HR-2024-1169-A avsnitt 85.
(38)Begge partane har argumentert med at deira føretrekte løysing på heimelsspørsmålet vil stille lovgjevarane friast ved ei framtidig lovregulering av ansvaret. Eg kan heller ikkje her sjå at det skulle vera nokon skilnad. Lovgjevarane vil uansett stå fritt innanfor rammene av EMK. Den konkrete utmålinga
(39)Når EMD konstaterer brot på EMK, blir oppreising tilkjent etter EMK artikkel 41. EMK artikkel 13 gjev krav på «effective remedy», medan artikkel 41 gjev krav på «just satisfaction».
(40)Beløpa som blir tilkjente etter EMK artikkel 41, er standardiserte. Jon Fridrik Kjølbro, Den Europæiske Menneskerettighedskonvention, 6. utgåve 2023 side 215, skriv at EMD har utvikla referansebeløp for ulike kategoriar av krenkingar: For brot mot artikkel 3 er minstebeløpet 10 000 euro, referansebeløpet 40 000 euro og maksimalbeløpet 80 000 euro.
(41)Til dømes: I Roth-dommen tilkjente EMD den private parten 12 000 euro i oppreisning for 11 konvensjonsstridige kroppsvisitasjonar over ein periode på tre år, jf. avsnitt 105. Saka var i ein viss forstand noko meir alvorleg enn saka vår, sidan sikkerheitsgrunngjevinga for visitasjonane ved glasveggbesøk med anusinspeksjon var svært svak og mangla nasjonal lovheimel.
(42)Når nasjonale domstolar konstaterer brot mot EMK, krevst det ikkje at oppreisinga skal vera på det same nivået som etter EMK artikkel 41. Oppreisinga skal likevel ikkje vera urimeleg låg samanlikna med det EMD utmåler etter artikkel 41, sjå til dømes Roth-dommen avsnitt 93. EMD har likevel understreka at utmålinga må byggje på nasjonale forhold og nasjonal utmålingspraksis, sjå EMDs storkammerdom 29. mars 2006 Apicella mot Italia avsnitt 78. Her er nærleiksprinsippet, statens skjønsmargin og omsynet til god samanheng i det nasjonale rettssystemet, tradisjon og levestandard, understreka.
(43)Etter mitt syn vil dei standardiserte satsane for oppreising ved fridomstap etter urettkomen strafforfølging gje ei viss rettleiing, jf. forskrift 12. desember 2003 nr. 1472, heimla i straffeprosesslova § 447. Dette er i utgangspunktet 1500 kroner for dei to fyrste dagane, deretter 400 kroner per dag. I HR-2020-2136-A, HR-2020-2137-A og HR-2021-1155-A har Høgsterett gjeve kompensasjon i form av ein dag varetektsfrådrag per to konvensjonsstridige nakenvisitasjonar. Likskapsomsyn tilseier at ein gjer ei liknande omrekning ved utmålinga av oppreising der auka varetektsfrådrag er uaktuelt, som her. Eg meiner likevel at oppreisinga må noko opp i forhold til dette. Det omstendet at den fengsla har avstått frå besøk for å unngå ytterlegare visitasjonar, vil kunne gjera seg gjeldande med ulik styrke for den einskilde. Ut frå likskapsomsynet bør dette ha underordna vekt ved utmålinga. Eit utgangspunkt på 300 kroner for kvar urettkomen visitasjon er etter dette passande.
(44)Oppreisinga for dei urettkomne nakenvisitasjonane må ut over desse utgangspunkta likevel fastsetjast konkret – ut frå dei nærare omstenda ved krenkingane, soningsforholda elles og om det er påvist konkret skade eller andre verknader av visitasjonane.
(45)Bergen fengsels rutinar for kroppsvisitasjonar med djupe knebøyg er skildra i Høgsteretts storkammerdom HR-2024-551-S avsnitta 118 til 124. Eg finn det tilstrekkeleg å vise til desse.
(46)Visitasjonane av dei tre ankemotpartane er skildra slik i storkammerdommen, avsnitta 126 til 133: «(126) A ble ved Gulating lagmannsretts dom 29. juni 2018 dømt til fengsel i seks år for blant annet ildspåsettelse. I perioden fra november 2018 til august 2020 gjennomgikk hun etter det opplyste 306 kroppsvisitasjoner. Disse visitasjonene skjedde før og etter besøk – mange fra hennes mindreårige barn i følge med beredskaps- eller fosterforeldre, før og etter fremstillinger med tilsyn og i forbindelse med vaskearbeid i en annen avdeling. (127) B ble ved Gulating lagmannsretts dom 9. september 2020 dømt til fengsel i sju år for innførsel av narkotika. Han gjennomgikk i løpet av sommeren 2018 og i perioden fra desember 2018 til august 2020 etter det opplyste til sammen 114 kroppsvisitasjoner. Noen av disse fant sted på cellen da han satt i varetekt med brev- og besøksforbud. For øvrig ble han kroppsvisitert før og etter besøk og fremstillinger med tilsyn. (128) C ble ved Bergen tingretts dom 30. august 2017 dømt til fengsel i ni år for seksuallovbrudd. I perioden fra februar 2016 til april 2020 gjennomgikk han etter det opplyste 293 kroppsvisitasjoner, både i varetekt og under soning. Visitasjonene fant sted etter besøk, og i tiden under de nye rutinene fra mai 2018 også før besøk. Videre ble han kroppsvisitert etter fremstillinger med tilsyn og i mange tilfeller også før fremstilling. (129) Det dreier seg altså om et stort antall kroppsvisitasjoner der de tre innsatte i samsvar med rutinen måtte kle seg nakne og gå sakte ned i dyp knebøy. Det ble ikke gjort funn av ureglementerte gjenstander eller narkotika under noen av kroppsvisitasjonene. (130) Alle de tre innsatte har forklart seg om belastende tilleggselementer under gjennomføringen av kroppsvisitasjonene, men har samtidig gitt uttrykk for at betjentene med få unntak opptrådte hensynsfullt og korrekt. (131) Staten har fremholdt at sikkerhetsmessige hensyn gjorde det nødvendig å kroppsvisitere de tre innsatte i alle situasjonene som fulgte av rutinene, også før besøk og før og etter utganger med tilsyn av tilsatte eller politiet. Det er dessuten vist til at det ble tatt flere positive rusprøver av både A og B. (132) Selv om risiko for inn- og utsmugling generelt sett ikke kunne utelukkes i noen av de aktuelle situasjonene, skulle den konkrete sikkerhetsrisikoen vært vurdert opp mot hensynet til de innsattes verdighet. Så lenge slike avveininger ikke er dokumentert, kan jeg vanskelig se at kroppsvisitasjonene var tilstrekkelig forankret i overbevisende sikkerhetsbehov – ʻconvincing security needsʼ. Det er ingen holdepunkter for at kroppsvisitasjonene av A og B var foranlediget eller påvirket av de positive rusprøvene. Tvert imot ser det ut til at kroppsvisitasjonene av alle de tre innsatte var forankret i rutinenes generelle risikobetraktninger. (133) Samlet sett var de rutinemessige kroppsvisitasjonene, også i antall og innhold, egnet til å vekke en vedvarende følelse av ydmykelse og mindreverdighet utover det som soning av fengselsstraff nødvendigvis er forbundet med. De tre innsatte ble følgelig utsatt for nedverdigende behandling i strid med EMK artikkel 3.»
(47)Eg tek som nemnt utgangspunkt i ei oppreising på 300 kroner per visitasjon. A har hatt ei tilleggsbelastning ved at ho ved fleire høve har måtte ta ut tampong under visitasjonane. Eg legg ikkje stor vekt på at B har avstått frå besøk for å unngå ytterlegare visitasjonar, men oppreisinga må uansett vera merkbar. Ut over dette kan eg ikkje sjå at det ligg føre individuelle forhold ved krenkingane, soningsforholda elles eller verknader av visitasjonane som det må takast omsyn til ved utmålinga, for dei tre ankemotpartane.
(48)Eg meiner etter dette at oppreisingane høveleg kan setjast til 100 000 kroner for A, 50 000 kroner for B og 90 000 kroner for C. Fastsetjingsdom for menneskerettsbrot
(49)Ankemotpartane har fått oppreising etter brot på EMK artikkel 3. Dei har i tillegg kravd fastsetjingsdom for konvensjonsbrotet. Staten har gjort gjeldande at sidan partane er samde om at det skal tilkjennast oppreising etter krenkinga av artikkel 3, har ankemotpartane ikkje lenger eit reelt behov for at det i tillegg blir gjeve fastsetjingsdom for krenkinga, jf. tvistelova § 1-3 andre ledd.
(50)I HR-2016-2178-U uttalte ankeutvalet i avsnitt 17: «Den omstendighet at et menneskerettsbrudd utgjør et prejudisielt rettsforhold for et erstatningskrav, kan klart ikke medføre at den rettslige interessen i å få fastsettelsesdom for menneskerettsbruddet faller bort eller blir redusert dersom det også blir krevd erstatning, jf. Rt-2015-93 avsnitt 42 om tilfeller hvor EMK-brudd utgjør et prejudisielt spørsmål i en sak om gyldigheten av et forvaltningsvedtak.»
(51)Samstundes er det klart at det ikkje er tilstrekkeleg for å tillate eit fastsetjingssøksmål at kravet gjeld eit prejudisielt forhold. Det må òg vera reelt behov for å få kravet avgjort overfor motparten, jf. tvistelova § 1-3 andre ledd. I saka her har Høgsterett i storkammer slått fast at det har vore brot på EMK artikkel 3, og eg har kome til at dette skal reparerast ved å tilkjenne oppreising. Ankemotpartane har ikkje peikt på noko konkret behov for dom for konvensjonsbrot i tillegg til det tilkjente oppreisingsbeløpet. Eg kan difor ikkje sjå at dei har eit reelt behov for å få dom for konvensjonsbrot.
(52)Når den rettslege interessa for eit krav fell bort i løpet av saka, skal den aktuelle delen av saka ikkje avvisast, men hevast. Konklusjon og sakskostnader
(53)Anken har i all hovudsak ikkje ført fram. Etter hovudregelen i tvistelova § 20-2 fyrste ledd skal staten dekkje sakskostnadene for Høgsterett for dei tre ankemotpartane. Eg ser ikkje grunn til å gjera unntak etter § 20-2 tredje ledd.
(54)Ankemotpartane har kravd 3 788 294 kroner i sakskostnader for Høgsterett. Kravet gjeld også kostnadene ved den delen som vart handsama i storkammer, sjå HR-2024-551-S avsnitt 138. Kravet gjeld i hovudsak advokatsalær – 912 timar à i snitt noko over 3200 kroner – totalt 2 934 550 kroner, pluss meirverdiavgift. Staten meiner at det samla kravet er for høgt.
(55)Ankesaka i Høgsterett har vore omfattande, med tre rettsdagar i storkammer og ein rettsdag i avdeling. Den avsluttande delen vart handsama i samanheng med HR-2024-1169-A over ytterlegare to rettsdagar.
(56)For den delen som vart handsama i storkammer – spørsmålet om brot på EMK artikkel 3 – er det kravd dekt 648 timar advokatsalær; samla 2 089 950 kroner eksklusive meirverdiavgift. Eg har ikkje innvendingar mot dette.
(57)For den delen som vart handsama i avdeling – utmålinga av oppreisinga – er det kravd 844 600 kroner eksklusive meirverdiavgift for 264 advokattimar. Denne delen av saka reiste langt frå så vanskelege spørsmål som den fyrste delen av saka. Ut frå dette, og det forholdet at fem ulike advokatar har arbeidd på denne delen av saka, meiner eg at kravet for avdelingshandsaminga må reduserast med 1/3, jf. tvistelova § 20-5. For ordens skuld nemner eg at avkortinga ikkje går ut over dei tre ankemotpartane, som alle har fått innvilga rettshjelp på vilkår.
(58)Samla salær blir etter dette 2 653 017 kroner, pluss meirverdiavgift. Totalt gjev dette eit samla sakskostnadskrav på 3 506 761 kroner inkludert utlegg og meirverdiavgift.
(59)Eg røystar for slik D O M O G O R S K U R D : 1. Anken over lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 1, 4, 5, 6 og 7, blir vraka. 2. Lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 2, blir endra slik at beløpet er 50 000 – femtitusen – kroner. 3. Lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 3, blir endra slik at beløpet er 90 000 – nittitusen – kroner. 4. Saka blir heva for kravet om fastsetjingsdom for brot på EMK artikkel 13 3*. 5. I sakskostnader for Høgsterett betaler staten ved Justis- og beredskapsdepartementet til A, B og C i fellesskap 3 506 761 – tremillionarfemhundreogsekstusensjuhundreogsekstiein – kroner innan 2 – to – veker frå dommen er forkynt.
(60)Dommer Stenvik: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(61)Dommer Sæther: Likeså.
(62)Dommer Bull: Likeså.
(63)Dommer Falkanger: Likeså.
(64)Etter røystinga sa Høgsterett slik D O M O G O R S K U R D : 1. Anken over lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 1, 4, 5, 6 og 7, blir vraka. 2. Lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 2, blir endra slik at beløpet er 50 000 – femtitusen – kroner. 3. Lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 3, blir endra slik at beløpet er 90 000 – nittitusen – kroner. 4. Saka blir heva for kravet om fastsetjingsdom for brot på EMK artikkel 13 3*. 5. I sakskostnader for Høgsterett betaler staten ved Justis- og beredskapsdepartementet til A, B og C i fellesskap 3 506 761 – tremillionarfemhundreogsekstusensjuhundreogsekstiein – kroner innan 2 – to – veker frå dommen er forkynt. *Rettet 26. juni 2024 i medhold av tvisteloven § 19-8 første ledd. Aage Thor Falkanger (sign.)