Saka for Høgsterett gjaldt spørsmålet om lagmannsretten hadde nytta forsettsforma hensiktsforsett rett ved domfelling for drap der dødsfølgja realiserte seg på ein uføresett måte. Fleirtalet i lagmannsretten hadde funne det prova at den tiltalte hadde til hensikt å drepa ekskjærasten sin då han fann fram eit haglgevær og putta patronar i dei to løpa. Grunna ei funksjonsfeil gjekk begge skota av då han klappa saman geværet under ladinga. Ekskjærasten vart drepen momentant. Lagmannsretten fann at den tiltalte ikkje ville ha avstått frå å seinare trekkje av mot kvinna dersom hagla ikkje hadde gått av ved ladinga. Lagmannsretten fann at krava til hensiktsforsett var oppfylte, og dømde den tiltalte for fullbyrda forsettleg drap med hensikt. Høgsterett uttalar at for å kunne dømast for fullbyrda forsettleg drap med hensikt, må forsettet til gjerningspersonen dekkje det verksame elementet i drapshandlinga. Lagmannsretten hadde ikkje identifisert eller drøfta kva som var den konkrete relevante «handling» som forsettet måtte omfatte. Sidan det ikkje gjekk fram av lagmannsrettens dom om retten hadde teke stilling til om den tiltalte søkte å oppnå kvinnas død ved å lade hagla, var det uklart om lagmannsretten hadde forstått og vurdert hensiktsforsettet for fullbyrda drap korrekt. Høgsterett oppheva lagmannsrettens dom. Lagmannsretten må handsame saka på nytt. Rettsområde: Strafferett; straffelova § 22, § 275 Dommarar: Matheson, Bull, Bergsjø, Østensen Berglund, Høgetveit Berg
(1)Dommar Høgetveit Berg: Spørsmålet i saka og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld spørsmål om lagmannsretten har nytta forsettsforma hensiktsforsett rett ved domfelling for drap der dødsfølgja realiserte seg på ein uføresett eller ukontrollert måte. Det er også spørsmål om domsgrunnane er mangelfulle.
(3)A, fødd 00.00.1964, vart 22. september 2020 tiltalt for brot på straffelova § 275 om drap. Grunnlaget var skildra slik: «Onsdag 26. september 2018 ca kl. 20.50, i ---veien 0 i Oslo, skjøt han B med et haglgevær som han hadde ladet med to patroner. Haglladningene traff B i høyre overarm og gikk videre inn i brysthulen. B døde umiddelbart av skadene.»
(4)I tillegg vart A tiltalt for fleire brot på våpenlova. Grunnlaga var ulovleg oppbevaring av tre salongrifler, to haglgevær og ulike patronar, kjøp av våpen og patronar utan løyve og innehav av ein armbrøst utan løyve.
(5)Oslo tingrett dømde 1. juli 2021 A til fengsel i tre år og sju månader for mellom anna aktlaust drap og til å tole inndraging av hagla. Til frådrag i fengselsstraffa kom 130 dagar for fridomstap. I tillegg vart han dømd til å betale 125 000 kroner i oppreising til kvar av C, D og E, sønene og far til den avlidne. Han vart også dømd til å betale E 58 275 kroner i skadebot for lidd tap. A måtte endeleg betale D 80 000 kroner i skadebot for tap av forsytar, men vart frifunnen for eit krav om skadebot for inntektstap.
(6)Statsadvokaten anka dommen til lagmannsretten. Anken gjaldt provdøminga under skuldspørsmålet for tiltaleposten om drap. Dei tre etterlatne kravde ny handsaming av dei sivile krava, med unntak av skadebota for tap av forsytar.
(7)Borgarting lagmannsrett dømde 30. mars 2022 A til fengsel i ti år og seks månader for mellom anna forsettleg drap. Frådraget for fridomstap var det same som i tingretten. Oppreisingsbeløpet vart auka til 200 000 kroner for kvar av dei etterlatne. Skadebota for lidd tap til E vart ikkje endra. A vart endeleg dømt til å betale 100 000 kroner til D for lidd tap. Lagmannsretten delte seg i eit fleirtal på fem og eit mindretal på to dommarar – ein fagdommar og ein lekdommar – i spørsmåla om forsettleg drap og oppreising. Mindretalet ville dømme A for aktlaust drap og med det også tilkjenne oppreising med dei same beløpa som tingretten.
(8)A anka dommen til Høgsterett. Anken gjaldt lovbruken, sakshandsaminga, straffutmålinga og dei sivile krava. Dei tre etterlatne kravde ny handsaming av dei sivile krava.
(9)Høgsteretts ankeutval avslo 5. august 2022 å fremja anken frå A, jf. HR-2022-1487-U. A bad om omgjering 14. november 2022. Ankeutvalet gjorde 2. desember 2022 om det tidlegare vedtaket og tillét anken over lovbruken under skuldspørsmålet fremja, jf. HR-2022-2312-U.
(10)Ankane over dei sivile krava frå C, D og E vart tillatne fremja i vedtak frå ankeutvalet 30. august og 16. september 2022, jf. HR-2022-1636-U og HR-2022-1789-U. Etter at A bad om omgjering av ankenektinga i straffesaka, vart ankehandsaminga av dei sivile krava utsett til avgjerda i omgjeringssaka og endeleg avgjerd i straffesaka ligg føre, jf. HR-2022-2284-F. Mitt syn på saka Faktum i korte trekk
(11)A og B vart kjærastar i november 2017. B budde mykje hjå A frametter, men hadde flytta ut då ho tok kontakt 26. september 2018 og bad om å få snakke med A om moras sjukdom. A aksepterte dette. B låste seg inn i As leilegheit på ettermiddagen etter å ha gjeve han beskjed om dette. Etter kvart bad A B om å gå heim. Ho vart likevel verande. B gjekk etter kvart på ein butikk i nærleiken og handla øl, som ho tok med attende til As leilegheit. Etter kvart kom det til ein krangel mellom dei.
(12)A ringte Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) klokka 20:50 og opplyste at B hadde blitt skoten ved at han hadde «putta patroner i en hagle», at «hagla gikk av» og «to skudd gikk av automatisk». Det er uomtvista at A heldt hagla då ho gjekk av.
(13)Hagla er dobbeltløpa side/side. Ho har to avtrekkarar – ein for slagmekanismen i kvart løp. Våpenet blir lada ved at ein låsehendel på rammestykket blir skuva til høgre. Etter dette må våpenet knekkast opp for å plassere haglpatronar i løpa. Etter ladinga må våpenet klappast saman igjen. Våpenet har ei sikring som blir aktivert automatisk når låsehendelen blir skuva mot høgre, til dømes ved lading. Sikringsmekanismen må deaktiverast for at avtrekkarane skal kunne brukast. Mekanismen sikrar såleis berre mot avfyring ved bruk av avtrekkarane, og ikkje mot at slagmekanismen blir utløyst på annan måte. Lagmannsretten la til grunn at begge skota gjekk av alt då A klappa saman hagla etter lading.
(14)For tingretten og lagmannsretten gjorde A gjeldande at han ikkje handla forsettleg då dei to skota gjekk av ukontrollert ved ladinga av hagla. Det er ikkje omstridd at hagla hadde ein alvorleg funksjonsfeil, jf. rapport 17. januar 2019 frå politiets kriminaltekniske undersøking: «Haglgeværet er prøveskutt med 28 patroner, hvorunder 10 av de innsendte patronene ble benyttet. Ved normal sammenklapping (lading) av haglgeværet, gikk venstre løp konsekvent av uten at avtrekker ble betjent. Når våpenet var ladet med patroner i begge løp, gikk venstre løp av pga. håndteringen og høyre løp som en konsekvens av patronavfyringen i venstre løp. Våpen kan sammenklappes (lades) forsiktig slik at venstre løp ikke går av. Ved avfyring (med avtrekk) av høyre løp vil venstre løp også avfyres som en konsekvens av høyre løps avfyring.» Generelt om forsett
(15)Det følgjer av straffelova § 275 at den som drep ein annan, blir straffa med fengsel frå åtte inntil 21 år. Skuldkravet er forsett, jf. straffelova § 21. Forsett er definert slik i straffelova § 22 fyrste ledd: «Forsett foreligger når noen begår en handling som dekker gjerningsbeskrivelsen i et straffebud a. med hensikt, b. med bevissthet om at handlingen sikkert eller mest sannsynlig dekker gjerningsbeskrivelsen, eller c. holder det for mulig at handlingen dekker gjerningsbeskrivelsen, og velger å handle selv om det skulle være tilfellet.»
(16)Det er eit minstekrav ved alle forsettsformene at gjerningspersonen har halde følgja som mogleg, jf. Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) side 116. Men dette er aldri tilstrekkeleg; det krevst noko i tillegg. Ved straffebod som rettar seg mot å framkalle ei følgje, slik straffelova § 275 om drap gjer, må gjerningspersonen i utgangspunktet enten ha søkt å oppnå følgja – hensiktsforsett – eller halde følgja som sikker eller overvegande sannsynleg – sannsynlegheitsforsett. Det kan også vera tilstrekkeleg at gjerningspersonen har halde følgja som mogleg, dersom han har bestemt seg for å gjennomføre handlinga sjølv om følgja skulle inntreffe – eventuelt forsett (dolus eventualis).
(17)Hensiktsforsettet er omtalt i Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) side 424–425: «Kjennetegnet på denne typen forsett er at lovbryteren ønsker å handle slik at gjerningsbeskrivelsen i straffebudet blir oppfylt; handlingen er tilsiktet: A skyter mot B fordi han ønsker å ta livet av ham. Bs død er motivet for handlingen. Det er hensikten som gjør handlingen så klanderverdig subjektivt sett at den bør straffes. I utgangspunktet er det uten betydning hvor sannsynlig lovbryteren mener det er at handlingen oppfyller gjerningsbeskrivelsen i straffebudet så lenge han regner det som en mulighet.»
(18)Forsettet må liggje føre på handlingstidspunktet – og normalt dekkje heile den objektive gjerningsskildringa, det såkalla dekningsprinsippet, jf. Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) side 426. Forsettet må omfatte alle dei momenta som gjer handlinga til eit lovbrot, jf. blant anna HR-2017-568-A avsnitt 18. Også verknaden av handlinga må vera omfatta av forsettet dersom verknaden er ein del av gjerningsskildringa. Men det krevst ikkje forsett om alle enkeltelementa i ei årsaksrekkje, jf. Johs. Andenæs, Alminnelig strafferett, 6. utgåve 2016 ved Georg Fredrik Rieber-Mohn og Knut Erik Sæther, side 228.
(19)Ved brot på straffelova § 275 er den straffbare handlinga «å drepe». Forsettet må difor vera knytt til den handlinga som drep – til det verksame elementet i ei handlingsrekkje som utløyser dødsfølgja. Blir resultatet av handlinga som gjerningspersonen ønskte, spelar det i utgangspunktet inga rolle om dette skjedde på ein annan måte enn han hadde tenkt seg – føresett at det låg føre forsett på det tidspunktet han handla, det vil seia då han sette i gang den hendingsrekkja som førte til døden, jf. Andenæs side 229. Lærebokdømet er gjerne at den som stikk ein annan med kniv for å drepa, blir straffa for fullbyrda drap med hensiktsforsett sjølv om stikket viser seg ikkje å vera dødeleg, men offeret i staden ramlar og døyr av ein hovudskade pådrege i fallet. Knivstikket er her det verksame elementet i hendingsrekkja som utløyser dødsfølgja.
(20)Ei konstatering av hensikt om den inntrefte dødsfølgja er ikkje tilstrekkeleg for at kravet til skuld er oppfylt. Hensikta må også omfatte sjølve drapshandlinga, jf. «dreper en annen». Hensiktsforsettet må altså knytast til den handlinga som årsakar dødsfølgja; det må liggje føre eit «ønske om å fremkalle dette resultatet ved sin handling», jf. Andenæs side 234.
(21)Dersom gjerningspersonen ikkje søkjer følgja med den verksame handlinga, men berre heldt ei dødsfølgje av handlinga for mogleg, ligg det ikkje føre hensiktsforsett. Derimot ligg det føre eventuelt forsett (dolus eventualis) dersom gjerningspersonen vel å handle sjølv om den moglege følgja skulle bli resultatet.
(22)Spørsmålet som er aktualisert i saka her, er om det kan liggje føre hensiktsforsett når ein tilsikta skadefølgje realiserer seg på ein uføresett eller ukontrollert måte før gjerningspersonen rekk å utføre sin eigen handlingsplan, altså at han etter planen har meir att å gjera slik at han framleis kunne ha avstått frå den straffbare handlinga.
(23)Det følgjer alt av kravet om at hensiktsforsett må vera knytt til det verksame elementet i hendingsrekkja at ein ikkje kan ha hensikt om ei uføresett hendingsrekkje. At det må vera slik, blir bekrefta av at gjerningspersonen blir fråteken moglegheita til å avstå frå å fullbyrde lovbrotet når døden inntreffer før den planlagde daudbringande handlinga. Eg peiker på at det er ein stor psykologisk og normativ skilnad mellom å førebu og gjennomføre eit drap, jf. Linda Gröning, Erling Johannes Husabø og Jørn Jacobsen, Frihet, forbrytelse og straff, 2. utgåve 2019, side 370–371. Eg finn det difor vanskeleg å skulle kunne døme nokon for fullbyrda forsettleg drap med hensikt dersom vedkomande etter eiga meining ikkje har kome så langt at han ikkje lenger kan avstå frå handlinga. Det knyter seg då ikkje noko hensiktsforsett til det som faktisk vart det verksame elementet i drapshandlinga til gjerningspersonen. Lagmannsrettens dom
(24)Lagmannsretten har gjort greie for førehistoria og opptakten til hendingane som førte til Bs død. Provføringa gav som nemnt ikkje grunnlag for å konkludere med at haglskota som trefte B gjekk av ved bruk av avtrekkarane på våpenet. Tvert om la lagmannsretten til grunn at begge skota gjekk av då A klappa saman hagla etter at han hadde ført patronene inn i løpa.
(25)Ein samla lagmannsrett fann det ikkje prova at A då dette skjedde var kjent med eller såg det overvegande sannsynleg at hagla ville gå av, og at B ville bli drepen på denne måten. Det låg altså ikkje føre sannsynlegheitsforsett etter straffelova § 22 fyrste ledd bokstav b.
(26)Fleirtalet fann likevel at det låg føre hensiktsforsett, jf. straffelova § 22 fyrste ledd bokstav a, og uttalte mellom anna: «Selv om tiltalte bestrider dette, finner flertallet det likevel bevist utover enhver rimelig og fornuftig tvil at tiltalte – da han hentet haglen og ladet den – hadde til hensikt å drepe B. Tiltalte anså det på handlingstidspunktet som mulig at våpenet ville gå av allerede i forbindelse med at han ladet våpenet rettet mot B i en avstand på maksimalt 1,5 meter fra henne, og at hun ville bli skutt og dø allerede ved det. Flertallet finner det videre bevist at tiltalte, da han ladet våpenet, hadde bestemt seg for å drepe B, og at han ikke ville ha avstått fra å gjennomføre drapshandlingen selv om våpenet ikke hadde gått av i forbindelse med ladingen. Samlet sett har tiltalte ved dette handlet med forsett i form av hensikt, jf. straffeloven § 22 første ledd bokstav a. … Det er etter en samlet vurdering av bevisførselen bevist at tiltaltes eneste hensikt med å hente haglen og lade denne mens den var rettet mot B, var å skyte mot henne for å drepe. … Flertallet finner etter en samlet vurdering av bevisførselen videre bevist at tiltalte – da han klappet haglen sammen – innså muligheten for at skudd ville gå av allerede i forbindelse med sammenklappingen og treffe B slik at hun døde. … Samlet sett finner flertallet at tiltalte har handlet med hensikt om dødsfølgen, slik at skyldkravet for domfellelse for overtredelse av straffeloven § 275 i utgangspunktet er oppfylt.»
(27)Lagmannsretten – fleirtalet – fann det altså prova at (i) A hadde til hensikt å drepa B då han fann fram og lada hagla, (ii) A heldt det for mogleg at hagla ville gå av ved ladinga, (iii) A heldt det for mogleg at B ville dø på dette tidspunktet og (iv) A ikkje ville ha avstått frå å seinare trekkje av mot B dersom hagla ikkje hadde gått av ved ladinga. Lagmannsretten fann at dette – samla – oppfylte krava til hensiktsforsett. Er lagmannsrettens lovbruk feil?
(28)Det avgjerande for om A kan dømmast for å ha drepe B med hensikt, er om hensikta med å klappe saman hagla var å drepa utan å måtte trekkje av. Lagmannsretten – fleirtalet – svarte ja på dette, dels ved at As plan heilt sidan han henta våpenet i skåpet var å drepa og dels ved at han innsåg moglegheita for at skota ville gå av då han klappa saman hagla.
(29)Korkje det å hente hagla i skåpet, knekke henne opp, setja patronar i løpa eller å klappe henne saman, vil under normale omstende utløyse noka dødsfølgje. Etter ladinga krevst det normalt både sikting, avsikring og avtrekk. Ved bruk av eit fungerande skytevåpen vil avtrekket vera den utløysande drapshandlinga.
(30)Fordi det som nemnt er ein så stor psykologisk og normativ skilnad mellom å førebu og gjennomføre eit drap, vil det etter mitt syn i utgangspunktet vera unaturleg å karakterisere noko anna enn sjølve avtrekket som den relevante handlinga etter straffelova § 22 fyrste ledd bokstav a når denne skal nyttast på straffelova § 275.
(31)Lagmannsretten har ikkje identifisert eller drøfta kva som er den konkrete relevante «handling» som forsettet må omfatte, jf. straffelova § 22 fyrste ledd bokstav a, og som må føre til ein annan persons død, jf. straffelova § 275. Lagmannsretten fann at A hadde til hensikt å drepa B då han henta hagla og putta patronar i begge løpa.
(32)Det går ikkje fram av det eg har sitert frå lagmannsrettens dom, eller andre stader i dommen, at lagmannsretten har teke stilling til om A søkte å oppnå dødsfølgja ved å klappe saman hagla.
(33)Det er såleis uklart om lagmannsretten i denne saka har forstått og vurdert hensiktsforsettet for fullbyrda drap på korrekt måte. Domsgrunnane knytt til lovbruken er mangelfulle på dette heilt sentrale punktet. Konklusjon
(34)Lagmannsrettens dom må opphevast for straffekravets del. Ut frå provtemaet og tida som har gått sidan ankeforhandlinga i lagmannsretten, er det for ei fullgod handsaming og avgjerd av straffekravet nødvendig at også ankeforhandlinga blir oppheva, jf. hovudregelen i straffeprosesslova § 347 fyrste ledd.
(35)Eg røystar etter dette for slik D O M : Lagmannsrettens dom med ankeforhandling blir oppheva for straffekravets del.
(36)Dommer Østensen Berglund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(37)Dommer Bull: Likeså.
(38)Dommer Bergsjø: Likeså.
(39)Dommer Matheson: Likeså.
(40)Etter røystinga sa Høgsterett slik