Den 4. januar 2023 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Kallerud, Bergh og Høgetveit Berg i HR-2023-27-U, (sak nr. 22-179434STR-HRET), straffesak, anke over orskurd: A (advokat Martin Henrik Hay) mot Påtalemakta (statsadvokat Ingelin Hauge) sagd slik O R S K U R D : A, født 00.00.1989, har anka Borgarting lagmannsretts orskurd 14. november 2022 i sak nr. 22-159522SAK-BORG/04. Anken er retta mot den generelle lovtolkinga. Høgsteretts ankeutval kan berre prøve lagmannsrettens sakshandsaming og generelle lovtolking, jf. straffeprosesslova § 388 fyrste ledd. A vart ved Borgarting lagmannsretts dom 7. september 2021 dømd til mellom anna bruk av omvendt voldsalarm (OVA) i ein periode på eitt år, jf. straffelova § 57 andre ledd og femte ledd. Når perioden med OVA skal reknast ut, skal det ikkje takast med tid der den domfelte «soner frihetsstraff», jf. straffelova § 58 fjerde ledd. A sona på institusjonen X frå 11. januar til 4. mai 2022, jf. straffegjennomføringslova § 12. Partane er samde om at dersom dette opphaldet blir rekna som soning av fridomsstraff, går OVA-perioden ut 21. januar 2023. Dersom opphaldet ikkje blir rekna som soning av fridomsstraff, gjekk perioden ut 30. september 2022. Lagmannsretten skriv følgjande om tolkingsspørsmålet: «Etter lagmannsrettens syn må oppholdet på X anses som soning av en ‘frihetsstraff’. A ble ved den nevnte dommen av 7. september 2021 dømt til fengsel i 2 år, hvorav 1 år og 2 måneder ble gjort betinget. Den ubetingede delen av denne fengselsstraffen var utvilsomt en ‘frihetsstraff’. Oppholdet på X inngikk som ledd i gjennomføringen av denne straffen. Etter lagmannsrettens syn endrer ikke den idømte straffens karakter seg til noe annet enn frihetsstraff, selv om soningen gjennomføres på institusjon og ikke i fengsel. Oppholdet på institusjon er tvungent og innebærer frihetsberøvelse, om enn i noe mindre grad enn i fengsel. De hensyn som ligger bak prinsippene for beregning av OVA-perioden etter straffeloven § 58 fjerde ledd, gjør seg gjeldende også der soningen skjer på institusjon.» Ankeutvalet finn det samrøystes klart at lagmannsrettens ikkje har tolka lova feil. Anken kan med det ikkje føre fram, og blir forkasta med heimel i straffeprosesslova § 387 a fyrste ledd. S L U T N I N G Anken blir forkasta. Espen Bergh Knut H. Kallerud Borgar Høgetveit Berg (sign.) (sign.) (sign.)
Rettskildene og arbeidsområdet ditt klargjøres.