Dommarar: Falch, Østensen Berglund, Høgetveit Berg
(1)Saka gjeld lagmannsrettens vedtak om å nekte ein anke fremja etter straffeprosesslova § 321 andre ledd fyrste punktum.
(2)A vart 26. november 2021 tiltalt for å ha teke cannabis etter køyring, jf. vegtrafikklova § 22 femte ledd.
(3)Sør-Rogaland tingrett sa 13. juni 2023 dom med slik domsslutning: «1. A, født 00.00.1992, dømmes for brudd på vegtrafikkloven § 31 første ledd, jf. § 22 femte ledd, til fengsel i 14 –fjorten – dager. Fullbyrding av straffen utsettes med en prøvetid på to år jf. straffeloven § 34. Han dømmes i tillegg til en ubetinget bot på 67 000 – sekstisjutusen – kroner, subsidiært fengsel i 15 – femten – dager. 2. A dømmes til tap av føreretten for motorvogn i 1 – ett – år, jf. vegtrafikkloven § 33 nr. 1 andre ledd, jf. tapsforskriften § 3-7 og § 1-4 andre ledd. Til fradrag kommer tiden fra 2. juli 2021 til 5. juli 2022. Han skal ikke avlegge ny førerprøve, jf. tapsforskriften § 8-3 femte ledd. 3. Sakskostnader idømmes ikke.»
(4)A anka provvurderinga under skuldspørsmålet, rettsbruken, sakshandsaminga og straffutmålinga.
(5)Gulating lagmannsrett gjorde 11. august 2023 slikt vedtak: «Anken nektes fremmet.»
(6)A har anka vedtaket til Høgsterett. A gjer mellom anna gjeldande at lagmannsrettens handsaming av straffutmålingsanken var feil ved at lagmannsretten la til grunn likninga frå 2022 som rett uttrykk for inntekta hans. Det er dokumentert at A på tidspunktet for tingrettens handsaming hadde ei bruttoinntekt som var langt lægre.
(7)Påtalemakta har ikkje hatt merknadar til anken.
(8)Høgsteretts ankeutval kan berre prøve sakshandsaminga til lagmannsretten, jf. straffeprosesslova § 321 femte ledd.
(9)Ankeutvalet viser til at tingretten sa dom 13. juni 2023, etter hovudforhandling 8. juni 2023. Tingretten utmålte bota til 67 000 kroner med slik grunngjeving: «A skal i tillegg ha en ubetinget bot tilsvarende 1 ½ brutto månedslønn. Han opplyste i retten at han har en nettoinntekt på 350 000 kroner i året. Han har ikke gjeld. Boten kan passende settes til 67 000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dager.»
(10)I anken til lagmannsretten opplyste forsvararen at det A hadde meint var at han hadde ei bruttoinntekt på 350 000 kroner. I prosesskriv 3. august 2023 vart det lagt fram eit tilsetjingsbrev datert 30. juni 2022 som viste ei årsløn på 374 700 kroner og ein lønsslipp datert 12. juni 2023 som viser ei årsløn på 415 300 kroner.
(11)Ankeutvalet meiner lagmannsretten har gjort ein sakshandsamingsfeil når han med referanse til lønsslippen skriv at det ikkje er relevant at As inntekt «har endret seg etter behandlingen i tingretten». Dokumentasjonen viste ikkje seinare endringar, men var knytt til inntekta på domstidspunktet 13. juni 2023.
(12)Dersom As opplysning for tingretten var vesentleg ukorrekt, til dømes fordi han hadde misforstått brutto og netto, er det ikkje «klart» at anken ikkje kunne føre fram. Om A hadde ei bruttoinntekt på 415 300 kroner på tidspunktet for tingrettens handsaming, vil dette gje ei monaleg mindre bot enn den tingretten utmålte, jf. straffeprosesslova § 344.
(13)Etter dette finn utvalet at lagmannsrettens vedtak bør opphevast for straffutmålinga, slik at inntektsforholdet blir avklara.
(14)Ankeutvalet finn det samrøystes klart at anken elles ikkje kan føre fram. Anken blir difor elles forkasta med heimel i straffeprosesslova § 387 a fyrste ledd.