Ein manager som låg i konflikt med ein annan person etter Instagram-innlegg, sendte kopi av ein manipulert e-post til advokaten sin. E-posten framstod som dokumentasjon på eit økonomisk tap. Advokaten sendte e-posten vidare til forliksrådet som vedlegg til ei forliksklage. Manageren vart etter dette tiltalt og straffa for å ha gjeve urette opplysningar til forliksrådet. Han anka til Høgsterett. Spørsmålet for Høgsterett var om forbodet mot å gje urette opplysningar til «retten» i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a også omfattar opplysningar gjevne til forliksrådet. Høgsterett svarte samrøystes bekreftande på spørsmålet, sidan forliksrådet blir rekna for å vera ein domstol. Dette er ikkje i strid med det strafferettslege lovkravet. Anken frå manageren førte difor ikkje fram. Rettsområde: Strafferett. Lovskravet. Grunnlova § 96, Straffelova § 14 og § 221, EMK artikkel 7 Dommarar: Matheson, Normann, Bull, Høgetveit Berg, Hellerslia
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld
(2)Saka gjeld spørsmålet om straffebodet i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a om urett forklaring for «retten» omfattar forklaring for forliksrådet.
(3)A vart 9. mars 2022 tiltalt for brot på straffelova § 221 fyrste ledd for skriftleg å ha gjeve urette opplysningar til retten. I tillegg vart A ut frå dei same omstenda tiltalt for brot på straffelova § 361 fyrste ledd bokstav a og b. Grunnlaget for brotet på straffelova § 221 er skildra slik i tiltalevedtaket: «Tirsdag 20. april 2021 i ---veien 0 eller andre steder i Oslo oversendte han til sin prosessfullmektige advokat John Christian Elden en e-post fra B. Dette til tross for at A hadde endret e-postens dato og innhold slik at den uriktig fremstod som dokumentasjon for et økonomisk tap. I forkant av denne oversendelsen hadde advokat Elden og/eller Eldens advokatfullmektig, etterlyst dokumentasjon på et slik økonomisk tap i anledning advokat Eldens arbeid med en forliksklage på vegne av A. Samme dag sendte advokat Elden en forliksklage, vedlagt e-posten med den endrede dato og det endrede innhold, til forliksrådet i Lier.»
(4)Oslo tingrett dømde 6. mai 2022 A etter tiltalen. Tingretten sette straffa til fengsel i 30 dagar. A vart frifunnen for eit sivilt skadebotkrav.
(5)Etter anke sa Borgarting lagmannsrett 30. januar 2023 dom med slik slutning for straffekravet: «1. A, født 00.00.1978 dømmes for overtredelse av straffeloven § 221 første ledd bokstav a, straffeloven § 361 første ledd bokstav a og straffeloven § 361 første ledd bokstav b til fengsel i 30 – tretti – dager. 2. A dømmes til innen fjorten dager fra dommens forkynnelse å betale sakskostnader til det offentlige for behandlingen i lagmannsretten med 5 000 kroner.»
(6)I tillegg vart A dømd til å betale 93 000 kroner i skadebot og sakskostnader til Fist Magnet Entertainment AS. C, som forliksklaga var retta mot, er eineeigar og styreleiar i dette selskapet.
(7)A anka dommen til Høgsterett. Anken var retta mot sakshandsaminga og lovbruken. I tillegg var det kravd ny handsaming av skadebotkravet. Høgsteretts ankeutval tillét anken fremja for lovbruken knytt til straffelova § 221 fyrste ledd. Anken vart elles ikkje tillaten fremja, sjå HR-2023-1007-U. Mitt syn på saka Den faktiske sida av saka
(8)Etter eit oppslag i VG 20. februar 2021 sette C fram påstandar om A og klientane hans på instagramkontoen sin. Påstandane gjekk mellom anna ut på at A var ein «løs kanon», og at han som manager lurte klientane sine.
(9)A ynskte å saksøke C. Etter å ha fått ei vurdering av prosessrisikoen frå advokat, der denne mellom anna hadde peikt på at eit krav om økonomisk tap føreset dokumentasjon for tapet, svarte A advokaten 9. april 2021. Han skreiv at han meinte å kunne dokumentere økonomisk tap – og at «målet har vært hele veien å få til en dom som kan brukes hos Instagram for å blokkere C fra plattformen». Den 20. april 2021 skreiv A i e-post til advokaten: «Dette er dokumentasjonen jeg har på tap av klient. Honoraret jeg mistet som en direkte konsekvens i form av kopi av forhandlingene (vi ble enige om den summen som han kom tilbake på). Forventet inntekt fra B på et år er mellom 3-500k.»
(10)Som vedlegg til denne e-posten vidaresendte A den e-posten frå B som er omtalt i tiltalevedtaket. Det er på det reine at A hadde endra datoen til 22. februar 2021 og sjølv skrive heile innhaldet i e-posten før han sendte han til advokaten. E-posten hadde etter manipuleringa dette innhaldet: «Hei A Hvordan går det med dæ? Jeg forstår det må være helt jævlig å bli hengt ut av C. Som vi snakket om i går så blir det mye støy rundt dette og jeg trenger en manager som kan være der for meg nå. Jeg foreslår vi legger avtalen om management litt på is. Jeg skal prøve å få pappa til å forhandle med MTV England. Jeg vil ha deg som min manager, men C har 500 000 følgere og jeg må nesten vente. Kan vi ikke snakkes om noen uker?»
(11)Seinare same dagen sendte advokaten forliksklagen på vegner av A til forliksrådet i Lier. A kravde skadebot for inntektstap og oppreisning for ærekrenkingar og omsynslaus framferd frå C. Den nemnte e-posten var eitt av vedlegga til klaga.
(12)Då C mottok forliksklaga, mistenkte han at e-posten ikkje var ekte og tok kontakt med B. Ho stadfesta overfor C at ho ikkje hadde skrive e-posten. Forliksrådet vart gjort merksam på forholdet i tilsvaret. Forliksrådet innstilte saka 9. august 2021. Den 5. november 2021 meldte Cs advokat A til politiet for urett forklaring for forliksrådet. Den rettslege sida av saka
(13)Straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a slår fast at den som skriftleg eller munnleg gjev urette opplysningar til «retten» kan straffast med bot eller fengsel inntil to år. Føresegna er ei vidareføring av straffelova 1902 § 166, sjå Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) side 407.
(14)Forsvararen har gjort gjeldande at føresegna ikkje kjem i bruk fordi forliksrådet ikkje er omfatta av uttrykket «retten». Det er særleg vist til at uttrykket «forliksrådet» ikkje inneheld orda «rett» eller «retten», og at forliksrådet ikkje er ein alminneleg domstol.
(15)Det kan openbart ikkje vera avgjerande at straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a ikkje uttrykkjeleg nemner forliksrådet, då korkje tingrettane, lagmannsrettane eller Høgsterett er nemnde med namn.
(16)Etter vanleg språkbruk er orda «rett» og «domstol» einstydande. Det same gjeld i den juridiske språkbruken. Utgangspunktet for om § 221 fyrste ledd bokstav a kjem i bruk, må difor takast i om forliksrådet skal reknast som ein rett eller domstol.
(17)Forliksrådet er ikkje ein vanleg domstol etter domstollova § 1 fyrste ledd. Det har likevel eit avgrensa høve til å seia dom, jf. tvistelova § 6-10. Det følgjer vidare av førearbeida til tvistelova at forliksrådet framleis skal reknast for å vera ein domstol, sjå Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) side 98 og 504. Før lovendringa i samband med ikraftsetjinga av tvistelova i 2008, følgde dette uttrykkjeleg av domstollova § 1. Dette taler klart for at forliksrådet er omfatta av uttrykket «retten» i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a.
(18)Korkje førearbeida til straffelova 1902 § 166 eller førearbeida til straffelova § 221 fyrste ledd nemner den konkrete problemstillinga vår. Spørsmålet er heller ikkje uttrykkjeleg drøfta i rettslitteraturen. Kjerschow, Almindelig borgerlig straffelov, 1930, side 440–441 og 445 føresette at forliksrådet var omfatta av straffelova 1902 § 166, sidan det ikkje var omfatta av den strengare regelen om urett forklaring under eid i straffelova 1902 § 163. Nyare litteratur har ikkje reservert seg mot dette.
(19)Trygderetten blir – trass namnet – ikkje rekna som ein domstol, men som eit forvaltningsorgan. I motsetnad til det som gjeld for tolkingsspørsmålet vårt, er det i førearbeida til trygderettslova uttrykkjeleg grunngjeve kvifor dette ikkje er ein domstol, sjå Ot.prp. nr. 5 (1966–1967) side 19–21. Etter mitt syn kan ein då ikkje trekkje noko ut av dette for vår sak.
(20)Det ligg altså på den eine sida ikkje føre rettskjelder som peikar i retning av at «retten» i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a skal ha eit anna innhald enn det som følgjer av vanleg språkbruk.
(21)På hi sida føreset tvistelova § 6-8 femte ledd – om at partar og vitne for forliksrådet skal oppmodast til å forklare seg sant og skal gjerast kjent med ansvaret for urett forklaring – klart at straffelova § 221 fyrste ledd gjeld for forliksrådet. Eg nemner her at tvistelova § 6-8 femte ledd vart endra i samband med ikraftsetjingslova til straffelova i 2015. Omgrepet «falsk forklaring» vart endra til «uriktig forklaring» for å få språkbruken i tråd med straffelova § 221, utan at dette innebar ei realitetsendring, sjå Prop.64 L (2014–2015) side 175, jf. Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) side 84–86 og side 407.
(22)Samla meiner eg det ikkje er mogleg å konkludere med noko anna enn at «retten» i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a omfattar forliksrådet.
(23)Forsvararen har vidare gjort gjeldande at lagmannsrettens tolking er i strid med lovskravet i straffelova § 14, Grunnlova § 96 fyrste ledd og Den europeiske menneskerettskonvensjonen – EMK – artikkel 7, om at ingen kan straffast utan heimel i lov. Det er særleg vist til at folk flest ikkje vil tenkje på forliksrådet med ordet «retten».
(24)Eg tek utgangspunkt i HR-2020-955-A Settefisk, der lovskravet er uttrykt slik at ei føresegn som skal gje grunnlag for straff, må «være så klar at det i de fleste tilfeller ikke vil være tvil om en handling rammes av regelen, og at det er mulig å forutse at straff kan bli konsekvensen av at regelen brytes», jf. avsnitt 22 med vidare referansar. Vidare viser eg til HR-2020-2019-A Mobiltelefon avsnitt 16 og 17: «Klarhetskravet innebærer at domstolene ved tolkningen og anvendelsen av straffebestemmelser må påse at straffansvar ikke ilegges utover de situasjoner som selve ordlyden i straffebudet dekker. Manglende støtte i ordlyden avhjelpes ikke av at lovgiver har ønsket å ramme forholdet, eller at forholdet er klart straffverdig. Jeg viser her til avgjørelsene HR-2016-1458-A Haxi avsnitt 8 og Rt-2014-238 Hønsehauk avsnitt 18, begge med videre henvisninger. Det er likevel slik at straffebestemmelser må tolkes, og utgangspunktet ved tolkningen er alminnelig juridisk metode. Klarhetskravet i EMK artikkel 7 er ikke til hinder for dette, men kravet innebærer at det endelige tolkningsresultatet må ha tilstrekkelig forankring i selve loven, slik at hensynet til forutberegnelighet ivaretas. I HR-2019-900-A Eksportkontroll avsnitt 32 uttrykkes dette slik at ‘innholdet i straffebestemmelser må kunne klargjøres fra sak til sak’, men at forutsetningen er at ‘bestemmelsens kjerne etter denne tolkningsprosessen forblir den samme’.»
(25)Høvet til å presisere straffebod gjennom tolking har vore tema i ei rekkje avgjerder frå Den europeiske menneskerettsdomstolen – EMD. Ut frå denne er det klart at EMK artikkel 7 stiller krav til at lova må vera tilgjengeleg og føreseieleg – og at desse krava gjeld både definisjonen av den straffbare handlinga og kva straff ein kan få. Det er etter mitt syn tilstrekkeleg å vise til storkammerdom 12. februar 2008 Kafkaris mot Kypros, særleg avsnitta 140 og 141, og storkammerdom 20. oktober 2015 Vasiliauskas mot Litauen, særleg avsnitta 154 og 155. Saka her gjev ikkje grunn til å gå djupare inn i lovskravet.
(26)Etter mitt syn er det utan vidare klart at lovskravet er oppfylt. Tolkingsresultatet i saka her – at urette opplysningar gjevne til forliksrådet i ei forliksklage kan straffleggjast etter straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a – er forankra direkte i ordlyden. For lekfolk som søkjer dom i forliksrådet, slik det elles går fram av lagmannsrettens dom at A gjorde, er det føreseieleg at det same ansvaret for urett forklaring gjeld her som i dei vanlege domstolane. Konklusjon
(27)Det heftar ikkje feil ved lagmannsrettens dom. Anken fører ikkje fram.
(28)Eg røystar for slik D O M : Anken blir vraka.
(29)Dommer Normann: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(30)Dommer Bull: Likeså.
(31)Dommer Hellerslia: Likeså.
(32)Dommer Matheson: Likeså.
(33)Etter røystinga sa Høgsterett slik