(1)Saka gjeld vidare anke over orskurd om fritak frå teieplikt for opplysningar om trafikkdata og signaleringsdata knytt til telefonen til den sikta. Bakgrunnen er at politiet ønskjer å hente inn slike opplysningar frå teletilbydarar, som i utgangspunktet er underlagt teieplikt, i samband med etterforskinga av ei straffesak.
(2)A og B vart begge 4. oktober 2022 sikta for brot på straffelova § 190 fyrste ledd, jf. våpenlova § 5 fyrste ledd fyrste punktum og straffelova § 263, jf. straffelova § 15. Bakgrunnen for siktinga er at A og B skal ha truga ein person for pengar med eit skytevåpen som dei ikkje hadde løyve til å ha, eller medverka til dette. Siktinga mot B er seinare blitt utvida to gonger, medan siktinga mot A er uendra.
(3)Politiet i Innlandet politidistrikt bad 4. oktober 2022 Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) om fritak frå tilbydars teieplikt om bruk av elektronisk kommunikasjon, jf. ekomlova § 2-9 fyrste ledd. Oppmodinga gjaldt opplysningar om trafikkdata og signaleringsdata knytt til to telefonar som A og B disponerte. Nkom gav fritak frå teieplikta for trafikkdata, men avslo for signaleringsdata. Nkoms avgjerd om avslag vart sendt Østre Innlandet tingrett for rettsleg prøving. Tingretten sa 17. oktober 2022 orskurd, der påtalemaktas krav om utlevering av signaleringsdata ikkje vart etterkome. Orskurden vart ikkje anka.
(4)Den 18. oktober 2022 bad politiet igjen Nkom om det same som i den førre oppmodinga, men med ei utvida grunngjeving. Nkom gav same dagen fritak for teieplikta for både trafikkdata og signaleringsdata.
(5)A kravde rettsleg prøving av avgjerda. Østre Innlandet tingrett avsa 2. november 2022 orskurd med slik slutning: «Påtalemyndigheten kan motta forklaring som følge av NKOMs fritak av 18. oktober 2022.»
(6)A anka orskurden. Eidsivating lagmannsrett sa 9. november 2022 orskurd der anken vart forkasta.
(7)A kravde etter dette omgjering. Subsidiært anka han til Høgsterett.
(8)Det er i anken mellom anna gjort gjeldande at siktinga mot A ikkje gjaldt grove trugsmål etter straffelova § 264, slik både tingretten og lagmannsretten la til grunn, men berre trugsmål etter § 263. At siktinga for § 264 låg føre mot B, kan ikkje vera avgjerande, sidan kravet om overprøving er fremja på vegner av A.
(9)Påtalemakta har gjort gjeldande at det ikkje er feil ved sakshandsaminga eller lovbruken.
(10)Eidsivating lagmannsrett sa 7. desember 2022 orskurd om at kravet om omgjering ikkje vart teke til følgje. Den subsidiære anken vart deretter sendt Høgsterett.
(11)Høgsteretts ankeutval nemner at saka gjeld ein vidare anke over orskurd, der utvalets kompetanse er avgrensa til å prøve lagmannsrettens sakshandsaming og generelle lovtolking, jf. straffeprosesslova § 388 fyrste ledd nr. 2 og 3.
(12)Lagmannsretten har korrekt vist til at tilbydarar av elektronisk kommunikasjon er underlagt teieplikt etter ekomlova § 2-9, men at departementet har kompetanse til å frita frå denne med mindre det vil «virke urimelig overfor den som har krav på hemmelighold», jf. straffeprosesslova § 118 fyrste ledd siste punktum. Av tingrettens konkrete vurdering av dette vilkåret, som lagmannsretten slutta seg til, går følgjande fram: «Retten viser til at siktelsene i denne saken gjelder overtredelse av straffeloven § 264, grove trusler med skytevåpen. Etter at de siktede ble pågrepet har siktelsen mot B blitt utvidet til blant annet å gjelde ulovlig befatning av skytevåpen, jf. straffeloven § 190 og narkotikaovertredelse, jf. straffeloven § 231. […]»
(13)Både tingretten og lagmannsretten bygger med dette på at begge siktingane omfatta grove trugsmål etter straffelova § 264. Det korrekte er derimot at det berre var siktinga mot B som vart utvida 1. november 2022 til å omfatte grove trugsmål. Siktinga mot A var uendra og gjeld framleis berre trugsmål etter straffelova § 263. Trugsmål har ei strafferamme på eitt år, medan grove trugsmål har ei strafferamme på tre år. Dette er ein mangel ved lagmannsrettens grunngjeving som inneber ein sakshandsamingsfeil.
(14)Ein slik feil får likevel berre verknad dersom han kan ha verka inn på innhaldet i avgjerda, jf. straffeprosesslova § 385 tredje ledd, jf. § 343 fyrste ledd. Sidan det er klart at strafferamma er relevant for den vurderinga som skal gjerast etter straffeprosesslova § 118 fyrste ledd siste punktum, kan feilen ha verka inn på lagmannsrettens orskurd.
(15)Det ligg etter dette føre ein sakshandsamingsfeil som kan ha verka inn på avgjerda, jf. straffeprosesslova § 385 tredje ledd, jf. § 343 fyrste ledd. Lagmannsrettens orskurd må då opphevast.
(16)Orskurden er samrøystes.