(1)Saka gjeld spørsmål om rettsleg interesse i søksmål om gyldigheita av forvaltningsvedtak der staten meiner at dei underliggjande pengekrava som vedtaka gjeld, er forelda.
(2)Dei ankande partane, som er sidapartseigarar i reinbeitedistrikt 14 A, tok i mars 2022 ut søksmål mot staten for Oslo tingrett. Påstanden var då at ei rekkje vedtak om skadebot for rovviltskader, jf. naturmangfaldlova § 19 og forskrift om skadebot for tap av tamrein, ikkje var gyldige.
(3)Staten gjorde for tingretten mellom anna gjeldande at saka måtte avvisast for prøving av vedtak der eit mogleg underliggjande krav på høgare skadebot for rovviltskade enn det som alt var tilkjend, er forelda.
(4)Oslo tingrett, som avgjorde spørsmålet om rettsleg interesse særskilt, kom til at det høyrde til vurderinga av realiteten å avgjera om krava var forelda. Retten tok difor ikkje stilling til spørsmåla om forelding, og avviste ikkje søksmålet på dette grunnlaget.
(5)Retten fann samstundes at saka måtte avvisast for vedtak der klage var gjort til vilkår for søksmål, og det ikkje var klaga. Dette vart ikkje anka og er med det rettskraftig avgjort.
(6)Orskurden frå Oslo tingrett 30. mai 2022 har slik slutning: «Sak nr. 22-048069TVI-TOSL/06 fremmes til behandling med unntak av vedtak fra fylkesmannen der det er satt som vilkår for søksmål at klageadgangen benyttes og vedtakene ikke er påklaget.»
(7)Staten anka til Borgarting lagmannsrett. Staten meinte at dei materielle spørsmåla om forelding skulle vore handsama av tingretten, og at ein større del av saka skulle vore avvist.
(8)Borgarting lagmannsrett sa 19. oktober 2022 orskurd. Lagmannsretten kom til at det som ledd i vurderinga av om sidapartseigarane har rettsleg interesse i å få prøvd om vedtaka var gyldige, er relevant om dei underliggjande skadebotkrava for rovviltskader er forelda.
(9)Lagmannsretten hadde full kompetanse i spørsmålet om avvising. Lagmannsretten kunne difor vurdert spørsmåla om forelding, og om eventuelt sidapartseigarane hadde rettsleg interesse også dersom dei underliggjande krava var forelda. Etter lagmannsrettens syn burde ikkje desse spørsmåla avgjerast av lagmannsretten som fyrste instans. Tingrettens orskurd vart difor oppheva for denne delen.
(10)Slutninga punkt 1 i orskurden frå Borgarting lagmannsrett lyder slik: «Oslo tingretts kjennelse 30. mai 2022 oppheves for så vidt gjelder avgjørelsen om å fremme søksmålet om vedtakenes ugyldighet i de tilfeller der de underliggende erstatningskravene er foreldet.»
(11)Sidapartseigarane vart haldne ansvarlege for statens sakskostnader for lagmannsretten.
(12)C mfl. – sidapartseigarane – har anka. Anken gjeld lagmannsrettens generelle lovtolking og sakshandsaming.
(13)Sidapartseigarane har særleg gjort gjeldande at mogleg forelding ikkje kan føre til at saka skal avvisast. Forelding er eit materielt spørsmål som må avgjerast som ledd i vurderinga av realiteten. Foreldinga er omtvista, og saka må difor fremjast. Ei slik forståing av reglane om forelding og rettsleg interesse er i samsvar med etablert praksis, og ho har støtte i reelle omsyn og systemtankar. Når lagmannsretten har oppheva tingrettens orskurd fordi tingretten ikkje vurderte spørsmåla om forelding, er dette uttrykk for ei urett generell lovforståing.
(14)Sidapartseigarane har i tillegg – som feil ved sakshandsaminga – gjort gjeldande at lagmannsrettens orskurd ikkje er lovleg sagd ved at det ligg føre brot på signaturforskrifta.
(15)Staten v/Klima- og miljødepartementet har teke til motmæle.
(16)Staten har gjort gjeldande at rettspraksis viser at lagmannsrettens lovforståing er korrekt. Det er relevant for vurderinga av rettsleg interesse om dei underliggjande pengekrava som vedtaka gjeld, er forelda. Om vedtaka er forelda, vil rettsstillinga til sidapartseigarane ikkje bli endra ved dom i samsvar med påstanden, og då har dei heller ikkje rettsleg interesse i å få prøvd om vedtaka er gyldige. Tingretten skulle difor vurdert spørsmålet om forelding, og lagmannsretten har med rette delvis oppheva tingrettens orskurd.
(17)Det er ikkje feil ved lagmannsrettens bruk av signaturforskrifta.
(18)Høgsteretts ankeutval nemner at saka gjeld vidare anke over orskurd som oppheva avgjerd om å fremje søksmål. Ankeutvalet kan då berre prøve lagmannsrettens sakshandsaming og generelle lovtolking, jf. tvistelova § 30-6.
(19)Det er sikker rett at forelding er ein materiell frifinningsgrunn i norsk rett – og ikkje ein prosessføresetnad. Det er såleis i utgangspunktet ikkje grunnlag for å avvise eit søksmål med den grunngjevinga at kravet er forelda.
(20)Lagmannsretten har særleg vist til Rt-1996-994. Denne avgjerda må forståast slik at det der ikkje var innvendingar mot at kravet var forelda. Den ankande parten gjorde derimot gjeldande at forelding ikkje hadde teke til dersom det vart gjort eit nytt vedtak i hans favør. Han gjorde vidare gjeldande at ein dom for ugyldigheit – uavhengig av foreldinga – likevel ville ha vekt for rettsstillinga hans. Dette var kjæremålsutvalet ikkje samd i.
(21)Saka her er annleis. Partane er her ikkje samde om at pengekrava vil vera forelda dersom vedtaka er ugyldige. I ein slik situasjon kan det ikkje vera grunnlag for å gjera unntak frå det sikre utgangspunktet om at forelding ikkje er ein avvisingsgrunn.
(22)Ankeutvalet finn såleis at lagmannsretten har lagt urett lovtolking til grunn når retten har bygd på at foreldinga må prøvast av tingretten i vurderinga av om saka skal fremjast. Lagmannsrettens avgjerd må då i utgangspunktet opphevast. Sidan foreldinga ikkje skal vurderast som ein avvisingsgrunn, finn ankeutvalet at det er grunnlag for å slå fast i slutninga at saka blir fremja – så langt ho ikkje er avvist ved den delen av Oslo tingretts orskurd som ikkje vart anka til lagmannsretten. Dette kjem til uttrykk ved at tingrettens orskurd blir stadfesta.
(23)Etter dette er det ikkje grunn for ankeutvalet til å gå inn på spørsmålet knytt til bruken av signaturforskrifta. Utvalet nemner likevel at lagmannsretten i dette tilfellet har nytta signaturløysinga etter forskrifta § 4 andre ledd der berre éin dommar signerer og stadfestar at dei andre dommarane har godkjent innhaldet i avgjerda. Det følgjer av § 4 tredje ledd at denne løysinga berre kan nyttast «når andre signeringsmetoder ikke er tilgjengelige eller hensiktsmessige å bruke». Forskrifta § 4 tredje ledd må forståast slik at løysinga etter andre ledd ikkje skal nyttast som ei ordinær ordning. Det må liggje føre omstende som gjer det meir tenleg å nytte denne signeringsmetoden enn den ordinære framgangsmåten der alle dommarane signerer dokumentet. Den konkrete vurderinga av om bruken er tenleg kan ikkje prøvast av ein overordna domstol.
(24)Anken har ført fram. Dei ankande partane har kravd sakskostnader for alle instansar, jf. tvistelova § 20-8. For tingretten kan ingen av partane seiast å ha vunne saka, jf. tvistelova § 20-2. For lagmannsretten og Høgsterett har derimot dei ankande partane vunne fram.
(25)Det er kravd dekt advokatkostnader for lagmannsretten og Høgsterett med høvesvis 106 313 kroner og 24 000 kroner. I tillegg kjem 7 338 kroner i rettsgebyr for Høgsterett. Krava blir tekne til følgje, jf. tvistelova §§ 20-2 og 20-5, jf. § 20-8 andre ledd andre punktum.
(26)Orskurden er samrøystes.