Ein mann på 50 år hadde oppbevart og selt ei stor mengd våpen og ammunisjon. Våpna var oppbevart saman med ammunisjonen og ingen av dei var nedlåst i godkjent våpenskap. Mange av våpna var heil- eller halvautomatiske våpen som det er totalforbod mot i Norge. Dei våpna tiltalte hadde selt var ikkje deaktiverte etter gjeldande reglar. Høgsterett har tatt stilling til straffutmålinga og uttaler at utgangspunktet for straffa for våpenlovbrota er fengsel i to år og fire månader. Etter tillegg for eit forsikringsbedrageri og frådrag for tiltalte si erkjenning og tida som var gått, vart straffa sett til fengsel i to år. Høgsterett la vekt på at lovgjevar i førearbeida til straffelova § 191 har gjeve uttrykk for at det alminnelege straffenivået for grove våpenlovbrot skal skjerpast. Det vart synt til at ulovleg sal av våpen er samfunnsskadeleg fordi våpen kan koma på avvege og verta nytta i samband med straffbare handlingar. Særleg gjeld det for automatvåpen. Dommen gjev vegleiing om straffenivået for grove våpenlovbrot. Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 191 Nøkkelavsnittt: 24, 25 og 35 Dommarar: Indreberg, Matheson, Bull, Falch og kstdommar Magni Elsheim
(1)Konstituert dommar Elsheim: Spørsmåla i saka og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld straffutmåling for ulovleg innehaving og sal av skytevåpen, oppbevaring av ammunisjon og forsikringsbedrageri.
(3)A vart i 2016 varetektsfengsla og sikta for brot på våpenlovgjevinga. Det vart føreteke ransaking, men ikkje gjort store beslag. A vart fråteke våpenkortet sitt og saka vart lagt bort som forelda i 2019. Ifølgje vedtaket om å ta våpenkortet frå A kunne han heller ikkje inneha eller eiga ikkje-registreringspliktige skytevåpen eller ammunisjon.
(4)Våren 2020 vart det gjennomført ny ransaking heime hjå A. Bakgrunnen var at ein våpenkyndig tipsar hadde reagert på ein annonse frå A på Finn.no om sal av eit plombert automatvåpen. I samband med ransakinga fann politiet eit skjult rom med 83 skytevåpen og ei rekkje våpendelar. Våpna var ikkje innelåste i særleg godkjent skåp slik våpenlova krev. I tillegg fann politiet store mengder ammunisjon som var oppbevart i same rom som våpna.
(5)Det vart opna etterforsking mot A. Etterforskinga avdekka at han i fleire år hadde kjøpt våpendelar frå utlandet som han hadde utført arbeid på og sett saman til heile funksjonsdyktige våpen. Fleire av delane han hadde importert, var såkalla «80% våpen» importert frå USA. Dette er våpendelar som ikkje er heilt ferdigstilte, og som kan omsetjast fritt i fleire statar i USA.
(6)Etterforskinga synte at A òg hadde drive med sal av skytevåpen. Totalt fann politiet fram til 13 personar som hadde kjøpt tilsaman 18 våpen av han, og beslagla med to unntak alle dei selde våpna. I tillegg stansa politiet tre våpensal der sendinga var på veg frå tiltalte via postoperatør. Desse våpna vart beslaglagt hjå transportøren.
(7)Vidare kom det fram at 17 av våpna politiet fann hjå A hadde han meldt stolne og motteke 146 490 kroner i forsikringsoppgjer for i 2014.
(8)Under etterforskinga undersøkte Kripos våpna som var beslaglagt hjå A. Det går fram av Kripos sin rapport at om lag 30 var heil- eller halvautomatiske våpen. Av desse var 17 militære og heilautomatiske våpen som det i Norge er forbode for sivile å inneha. Kripos sine undersøkingar synte at alle våpna med unntak av tre var funksjonsdyktige. Dei tre hadde spor av deaktiveringstiltak, men var ikkje deaktiverte etter gjeldande regelverk.
(9)Når det gjeld våpna som var avhenda, eller forsøkt avhenda, forklarte A at han hadde plombert/deaktivert våpna og gjort dei varig ubrukbare før han selde dei. Kripos sine undersøkingar synte at måten dette var gjort på, ikkje var i samsvar med dågjeldande reglar i våpenforskrifta og tilhøyrande retningsliner frå Politidirektoratet. Undersøkingar synte òg at dei fleste av dei solgte våpna, med stort sett mindre tiltak, kunne gjerast funksjonsdyktige fullt ut eller delvis. Dei selde våpna var alle registreringspliktige.
(10)Under etterforskinga og undervegs i hovudforhandlinga i tingretten erkjente tiltalte i all hovudsak at han ulovleg hadde hatt med våpna og ammunisjonen å gjera. Han sa seg òg skuldig i forsikringsbedrageri.
(11)I april 2022 vart det teke ut tiltale mot A. Kort oppsummert gjekk tiltalen ut på at A: - hadde innført og/eller tilvirka 100 skytevåpen i den hensikt å utføra ei straffbar handling, jf. straffelova § 191 b, jf. § 191 a (post I) - hadde innehatt 83 funksjonsdyktige skytevåpen, jf. straffelova § 191, jf. straffelova § 190 første ledd, jf. våpenlova § 8 første ledd (post II a) - hadde avhenda 18 skytevåpen, som ikkje var tilstrekkeleg deaktiverte og dermed var registreringspliktige, utan løyve frå politiet, jf. straffelova § 191, jf. § 190 første ledd, jf. våpenlova § 8 første ledd (post II b–n) - hadde forsøkt å avhenda tre skytevåpen som ikkje var tilstrekkeleg deaktiverte og dermed registreringspliktige, utan løyve frå politiet, jf. straffelova § 191, jf. § 190 første ledd, jf. våpenlova § 8 første ledd, jf. straffelova § 16 (post III a–c) - hadde oppbevart totalt 27 235 patronar av ulikt kaliber i eit ulåst bodrom saman med funksjonsdyktige skytevåpen, utan løyve frå politiet til å inneha skytevåpen eller ammunisjon, jf. straffelova § 190 første ledd, jf. våpenlova § 27 a første ledd, jf. våpenforskrifta § 80 første ledd første punktum (post IV) - hadde oppgjeve i skademelding at han var fråstolen 17 våpen slik at han fekk utbetalt 149 490 kroner i erstatning til tross for at våpna ikkje var stolne, jf. straffelova § 376, jf. § 375 annet ledd (post V)
(12)Agder tingrett sa dom i saka 13. mai 2022 med slik domsslutning: «1. A, født 00.00.1972, frifinnes for tiltalen post I, post II b) og II l). 2. A, født 00.00.1972, dømmes for overtredelse av - straffeloven (2005) § 191, jf. § 190, 1. ledd, jf. våpenloven (1961) § 8, 1. ledd - straffeloven (2005) § 191, jf. § 190, 1. ledd, jf. våpenloven (1961) § 8, 1. ledd, jf. straffeloven § 16 - straffeloven (2005) § 191, 1. ledd, jf. våpenloven (1961) § 27A, 1. ledd, jf. våpenforskriften (FOR-2009-06-25-904) § 80, 1. ledd, 1. punktum - straffeloven (1902) § 272 til fengsel i 1 – ett – år og 4 – fire – måneder, jf. straffeloven (2005) § 79 bokstav a). Varetekt med totalt 142 – hundreogførtito – dager kommer til fradrag i straffen, jf. straffeloven (2005) § 83. 3. A dømmes til inndragning av de i tiltalen post II a), unntatt nr. 3, samt post III og IV nevnte våpen og ammunisjon, jf. straffeloven (2005) § 69. 4. A dømmes til innen 2 – to – uker å betale erstatning til Storebrand Forsikring AS med kr. 2.542.320 –tomillionerfemhundreogførtitotusentrehundreogtjue –, med tillegg av lovens alminnelige forsinkelsesrente fra forfall til oppgjør finner sted.»
(13)I tillegg til at tiltalte vart heilt frifunnen for postane I, II b og l i tiltalen, går det fram av grunngjevinga at domfellinga ikkje omfatta det eine av dei 83 våpna A i post II a var tiltalt for å ha innehatt. Vidare vart han berre dømt for sal av eit av to våpen nemnt i post II d i tiltalen.
(14)Tingretten synte til straffelova 2005 § 3 og nytta § 272 i straffelova frå 1902 på forsikringsbedrageriet, sjølv om tiltalen gjaldt § 376, jf. § 375 andre ledd i straffelova frå 2005.
(15)Eg nemnar vidare at tingretten i domsslutninga punkt 2 tredje strekpunkt dømte A for brot på straffelova § 191 første ledd, jf. våpenlova 1961 § 27A første ledd, jf. våpenforskrifta § 80, første ledd første punktum. Ut frå tingretten si grunngjeving legg eg til grunn at § 191 første ledd er skrivefeil for straffelova § 190 første ledd, som var det straffebodet tiltalen på dette punktet gjaldt.
(16)Både påtalemakta og A anka dommen. Påtalemakta anka over frifinningane i punkt 1 og straffutmålinga. A anka over straffutmålinga.
(17)Agder lagmannsrett fremja bevisanken, og sa 9. november 2022 dom med slik domsslutning: «1. A, født 00.00.1972, frifinnes for tiltalen post I. 2. A dømmes for overtredelse av straffeloven § 191 jf. § 190 første avsnitt jf. våpenloven (1961) § 8 første avsnitt, i tillegg til det som er rettskraftig avgjort ved Agder tingretts dom av 13. mai 2022, til fengsel i 2 – to – år, jf. straffeloven § 79 bokstav a. 3. I straffen kommer 142 – etthundreogførtito – dager til fradrag for utholdt varetekt, jf. straffeloven § 83.»
(18)Som tingretten frifant lagmannsretten for post I i tiltalevedtaket. I motsetnad til tingretten dømte lagmannsretten A for postane II b og l, og la til grunn at han for desse postane hadde handla med forsett. For dei forholda under post II som ikkje var anka, dømte tingretten for grov aktløyse. Lagmannsretten la til grunn at det var rett å nytta § 272 i straffelova frå 1902 på bedrageriet slik tingretten hadde gjort.
(19)A har anka til Høgsterett. Anken gjeld lagmannsretten si sakshandsaming, lovbruken under skuldspørsmålet for post II b og l og straffutmålinga. Ankeutvalet i Høgsterett fremja 14. april 2023 anken kva gjeld straffutmålinga og nekta elles anken fremja.
(20)A har gjort gjeldande at straffa lagmannsretten har utmålt, er vesentleg for streng. Han har synt til at kjerneområdet for straffelova § 191 er tilhøve knytt til organisert kriminalitet og terror. A har ikkje slike bindingar. Han er først og fremst ein våpensamlar. I tillegg har lagmannsretten ikkje lagt nok vekt på tiltalte si erkjenning og tida som har gått. A har lagt ned påstand om at straffa vert satt ned.
(21)Påtalemakta er usamd i at straffa er for streng. Både allmennpreventive og individualpreventive omsyn tilseier ei streng straff. Saka gjeld ei stor mengd våpen med høg risiko for spreiing. Fleire av våpna var automatvåpen og våpen det er totalforbod mot for sivile i Norge. Påtalemakta har lagt ned påstand om at anken vert forkasta. Mitt syn på saka Rettslege utgangspunkt
(22)Det er brota på straffeboda i straffelova § 191, jf. § 190 som er berande for straffutmålinga. Desse straffeboda lyder slik: «§ 190. Ulovlig befatning med skytevåpen, våpendeler, eksplosiver og utgangsstoffer for eksplosiver Med bot eller fengsel inntil 2 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt, og gjentatt eller på graverende måte, overtrer bestemmelsene om ulovlig innføring, utførsel, avhendelse, erverv eller besittelse av skytevåpen, våpendeler eller ammunisjon gitt i eller i medhold av våpenloven, eller tilsvarende pålegg fastsatt i medhold av våpenloven. På samme måte straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt, og gjentatt eller på en graverende måte, overtrer bestemmelsene i brann- og eksplosjonsvernloven §§ 5, 19, 20 eller 20 a eller bestemmelser gitt i medhold av disse. § 191. Grov ulovlig befatning med skytevåpen, våpendeler, eksplosiver og utgangsstoffer for eksplosiver Grov ulovlig befatning med skytevåpen, våpendeler, ammunisjon, eksplosiver eller utgangsstoffer for eksplosiver, straffes med bot eller fengsel inntil 6 år. Ved avgjørelsen av om befatningen er grov, skal det særlig legges vekt på a. hvilken type og hvor stort omfang overtredelsen gjelder, og b. om den av andre grunner er særlig farlig eller samfunnsskadelig.»
(23)Begge straffeboda kom inn i straffelova i 2008 og trådte i kraft 1. oktober 2015 saman med straffelova elles. Fram til straffelova trådte ikraft var brot på våpenlova regulert i våpenlova § 33. Mindre alvorlege brot på våpenlova er fortsatt regulert der.
(24)I samband med overføringa til straffelova vart strafferamma for grove lovbrot som er regulerte i § 191, auka til 6 år i fengsel. Slike lovbrot var tidlegare regulert i våpenlova § 33 andre ledd og hadde ei strafferamme på 4 år. Av førearbeida til straffelova § 191 går det fram at det for dei grove lovbrota «også bør foretas en viss skjerping i det alminnelige straffutmålingsnivået», jf. Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) side 258. Det same går fram på side 346. Eg nemner at departementet si utsegn på side 346 gjer det klårt at skjerpinga av nivået òg gjeld lovbrot knytt til skytevåpen, og ikkje berre lovbrot knytt til eksplosivar. Det same er klårgjort i HR-2020-2409-A avsnitt 13.
(25)Av lovførearbeida går det elles fram at føremålet med straffeboda er å «motvirke utbredelsen av ulovlige våpen og ammunisjon, og med det begrense muligheten for at slike gjenstander brukes til å begå straffbare handlinger», jf. proposisjonen side 255. Det er framheva som «særlig samfunnsskadelig» å ha med skytevåpen å gjera på ulovleg vis. Alvoret knytt til slike handlingar var ein viktig del av grunngjevinga for å flytta straffeboda frå våpenlova til straffelova. Vidare kjem det fram at oppdelinga i vanlege og grove lovbrot vart gjort for å fanga opp spennvidda i straffverde for dei handlingane straffeboda rammar, og for å skilja ut lovbrot som har samanheng med organisert kriminalitet og terrorverksemd. Det sistnemnde er utdjupa i proposisjonen på side 258 der det går fram at § 191 «i hovedsak [er] innrettet mot ulovlig befatning med skytevåpen mv. som ledd i organisert kriminalitet eller terrorhandlinger». Det same er gjenteke på side 346 i proposisjonen, men der peikar departementet samstundes på at verkeområdet ikkje er avgrensa til det.
(26)Av interesse for straffutmålinga utleiar eg av dette at lovgjevar generelt har lagt opp til ei straffskjerping for lovbrot som vert ramma av straffelova § 191, samanlikna med straffenivået etter det tidlegare straffebodet i våpenlova § 33 andre ledd. Eg utleiar vidare at den øvre delen av strafferamma i straffelova § 191 først og fremst vil vera aktuell i tilhøve der lovbrotet er knytt til organisert kriminell verksemd eller terrorhandlingar.
(27)Det følgjer av HR-2020-2409-A avsnitt 15 at utgangspunktet ved brot på straffelova § 190 er vilkårslaus fengselsstraff. Det same må openbert gjelda dei grovare lovbrota som fell innunder straffelova § 191. I den nemnde avgjerda synte førstvoterande til Rt-2002-381. Denne dommen inneheld ein gjennomgang av departementet sitt syn på straffenivået etter våpenlova § 33 i førearbeida. Det kjem fram at departementet meinte vilkårslaus fengselsstraff burde idømmast allereie frå første lovbrot knytt til andre eller tredje ledd i § 33, jf. Ot.prp. nr. 74 (1996–1997) side 27. Eg legg til grunn at det same utgangspunktet gjeld for straffelova § 191.
(28)Utover desse utgangspunkta finst det ikkje rettspraksis frå Høgsterett som har særleg overføringsverdi til ei sak av slikt omfang som denne saka. Eg kan heller ikkje sjå at det er etablert noko klårt straffenivå i underrettspraksis. Konkret vurdering
(29)Utgangspunktet for straffutmålinga er – som allereie nemnt – at A skal dømmast til ei vilkårslaus fengselsstraff. Det har ikkje kome fram tilhøve som tilseier at det er grunn til å fråvika denne klåre hovudregelen.
(30)Mest sentralt for fastsetjing av lengda på straffa er omfanget og alvoret av A sine handlingar, og med særleg vekt på skadepotensialet til dei aktuelle våpna, jf. HR-2020-2409-A avsnitt 16.
(31)Tilhøva det skal utmålast straff for, er omfattande. A skal domfellast for innehaving av 82 skytevåpen, sal av 17 skytevåpen og tre forsøk på sal. I tillegg kjem ulovleg oppbevaring av ei svært stor mengd ammunisjon, samt eit forsikringsbedrageri knytt til 17 skytevåpen, til ein verdi av nærare 150 000 kroner. Ingen av våpna var nedlåst i godkjent våpenskap. Dei vart oppbevart saman med store mengder ammunisjon.
(32)Det er særleg skjerpande at A har drive sal av skytevåpen. Slik ulovleg salsverksemd utan offentleg kontroll er særskilt samfunnsskadeleg, og medfører stor risiko for at våpna vert nytta til alvorlege straffbare handlingar. Særleg gjeld det når dei avhenda skytevåpna er automatvåpen slik tilhøvet er i denne saka. Eit sentralt føremål med den strenge våpenreguleringa i Norge er nettopp å hindra at skytevåpen med stort skadepotensiale kjem på avvege og vert nytta i samband med straffbare handlingar. Allmennpreventive omsyn tilseier difor ein streng reaksjon ved sal av automatvåpen og særleg når det skjer i slikt omfang som i denne saka.
(33)A har synt til at skytevåpna han selde ikkje var funksjonsdyktige, og at det ville krevja omfattande tiltak å få fleire av dei til å fungera. Kripos har konkludert med at ingen av dei selde skytevåpna var deaktiverte etter gjeldande reglar, og at dei fleste kunne gjerast funksjonsdyktige med stort sett mindre tiltak. Eg legg Kripos sin rapport til grunn, og kan ikkje sjå at det av omsyn til straffutmålinga er naudsynt å ta stilling til nøyaktig kor krevjande det ville vera å gjera skytevåpna funksjonsdyktige. Det sentrale for meg er at dei ikkje var plomberte/deaktiverte slik gjeldande forskrift og retningsliner krev. Eg byggjer på at desse reglane har gode grunnar, og ser ikkje grunn til å gå nærare inn på detaljar kring deaktiveringa. Dette stilte seg annleis i HR-2020-2409-A der førstvoterande i avsnitt 16 syner til at det i saka var reist særlege spørsmål som gjorde det naudsynt å gjera ei meir detaljert vurdering av skadepotensialet til dei aktuelle skytevåpna. Det er ikkje tilhøvet i denne saka.
(34)Det finst som nemnt ikkje praksis frå Høgsterett som etablerer eit straffenivå for lovbrot av det omfanget som denne saka gjeld. I HR-2020-2409-A vart det utmålt ei straff på fengsel i 60 dagar for innehaving av ein pistol og ein maskinpistol og ammunisjon. Saka gjaldt straffelova § 190. Domfelte var straffa fire gongar tidlegare for brot på våpenlova. Høgsterett tok utgangspunkt i ei fengselsstraff på 40 dagar, og ga eit gjengangartillegg på 20 dagar. I dommen går førstvoterande gjennom tidlegare dommar frå Høgsterett og syner mellom anna til to saker frå 2007 og 2008 der Høgsterett har lagt til grunn ei fengselsstraff på åtte månader for brot på våpenlovgjevinga. Saka frå 2007 gjaldt erverv av ein maskinpistol med ammunisjon og ein revolver som vart subsumert under våpenlova § 33 andre ledd, jf. Rt-2007-1533. Saka frå 2008 gjaldt mellom anna innehaving av ein pistol og ein revolver som var ladd med ammunisjon, jf. Rt-2008-1303. Lovbrota i saka fall innunder våpenlova § 33 første ledd, men grensa mot andre ledd.
(35)Med utgangspunkt i desse dommane og føresetnaden i førearbeida om skjerping av straffenivået, har eg kome til at eit passande utgangspunkt for våpenlovbrota i denne saka vil vera straff av fengsel i to år og fire månadar. Eg har då lagt særleg vekt på at saka gjeld ei stor mengd våpen. Saka omfattar dessutan sal av fleire heil- og halvautomatiske våpen som det av allmennpreventive grunnar bør reagerast strengt mot. Eg legg til at det ikkje er noko som tyder på at lovbrota er knytt til organisert kriminalitet eller terrorverksemd. Det tilseier at det ikkje er aktuelt å utmåla straff i den øvre delen av strafferamma, jf. det eg tidlegare har utleia av lovførearbeida. På den andre sida skal det nemnast at A ikkje gjorde undersøkingar om dei han selde våpen til.
(36)Eg har ved fastsetjinga av utgangspunktet for straffa teke omsyn til at A vart fråteke våpenkortet sitt i 2016. Lovbrota han er dømt for, ber preg av at han fullstendig neglisjerte både dette vedtaket og våpenlovgjevinga. Lagmannsretten har synt til at det kan sjå ut som tiltalte ikkje har teke på alvor risikoen verksemda hans medførte. Eg er samd i det, og meiner at det i tillegg til dei allmennpreventive omsyna er individualpreventive grunnar til å utmåla ei streng straff.
(37)Når det gjeld forsikringsbedrageriet, la tingretten og lagmannsretten til grunn at det isolert sett ville medført ei straff av fengsel i 60–90 dagar. Det er eg samd i, og set samla straff før frådrag til fengsel i to år og fem månadar, jf. straffelova § 79 første ledd bokstav a.
(38)Tiltalte erkjente tidleg straffeskuld i saka og skal ha noko reduksjon i straffa som følgje av det, jf. straffelova § 78 bokstav f. Sjølv om tiltalte si erkjenning ikkje har hatt mykje å seia for oppklåringa av saka, har den gjort iretteføringa enklare og bør gje eit frådrag på ca. 10 prosent, som eg set til tre månader.
(39)Vidare skal det gjerast frådrag i straffa for tidsbruken, jf. straffelova § 78 bokstav e. Det er over tre år og to månader sidan A vart pågripen. Det meste av tidsbruken har vore naudsynt. Etterforskinga var tidkrevjande og det er ikkje opplyst om liggjetid eller lange periodar utan aktivitet. Det er likevel grunn til å tru at pandemien har forseinka saka noko. Vidare har iretteføringa teke tid. Mellom anna vart hovudførehandlinga i tingretten utsett to gonger, utan at det skuldast A. Eg er samd med lagmannsretten i at tidsbruken ikkje inneber ei krenking av Grunnlova § 95 eller EMK artikkel 6, men finn grunn til å gjera eit frådrag i straffa på to månader. Konklusjon
(40)Etter frådrag har eg på denne bakgrunn kome til at straffa passande kan setjast til fengsel i 2 år. Det er same resultat som i lagmannsretten. Anken vert då å forkasta.
(41)Eg stemmer for slik D O M : Anken vert forkasta.
(42)Dommer Falch: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(43)Dommer Matheson: Likeså.
(44)Dommer Bull: Likeså.
(45)Dommer Indreberg: Likeså.
(46)Etter røystinga sa Høgsterett slik