Dommarar: Øie, Bergh, Høgetveit Berg
(1)A, født 00.00.1981, og B, født 00.00.1974, har anka Eidsivating lagmannsretts dom 25. oktober 2021 i sak nr. 20-176404AST-ELAG/.
(2)As anke gjeld straffutmålinga.
(3)Bs anke over straffedommen gjeld lovbruken, provvurderinga og straffutmålinga. I tillegg er det kravd ny handsaming av skadebotkravet.
(4)Høgsteretts ankeutval viser til at anke til Høgsterett ikkje kan grunngjevast med feil ved provdøminga under skuldspørsmålet, jf. straffeprosesslova § 306 andre ledd. Utvalet finn det difor samrøystes klart at anken frå B må avvisast for denne ankegrunnen.
(5)Utvalet viser elles til at anke til Høgsterett ikkje kan fremjast til handsaming utan samtykke frå ankeutvalet. Utvalet kan berre samtykke når anken gjeld spørsmål med vekt utanfor den aktuelle saka eller andre tilhøve gjer det særleg viktig at anken blir handsama av Høgsterett, jf. straffeprosesslova § 323 fyrste ledd fyrste og andre punktum.
(6)I lovbruksanken frå B er det gjort gjeldande at lagmannsretten ikkje har funne at det låg føre felles hushald mellom den sikta og dei fornærma, som er borna til A. Borna, C og D, budde saman med mora i leilegheita til B, men det er gjort gjeldande at når det ikkje låg føre felles hushald, er vilkåret «husstand» i straffelova § 282 fyrste ledd bokstav d og straffelova 1902 § 219 fyrste ledd bokstav d ikkje oppfylt.
(7)Om innhaldet i dei nemnde føresegnene, finn ankeutvalet grunn til å vise til Rt-2011-1412. I denne saka hadde ein mann og ei kvinne som kjærastepar hatt bufellesskap i hybelen til mannen. Her sov dei, åt og brukte fritida saman. Mannen vart dømd etter straffelova 1902 § 219 for å ha mishandla kvinna. Høgsterett uttalte i avsnitt 16 «at det ved vurderingen av om noen er i en persons husstand, må foretas en totalvurdering av bofellesskapet mellom partene, hvor også varigheten av bofellesskapet og den nærmere relasjonen partene imellom kan ha vekt». Høgsterett slo fast at lagmannsretten hadde lagt korrekt lovtolking til grunn då den hadde uttalt følgjande, referert i avsnitt 17: «Vurderingstemaet er om man bor sammen og har felles husholdning. Hvorvidt man hører til husstanden vil bl.a. avhenge av den nærmere tilknytning mellom dem og hvorledes de praktiske og økonomiske spørsmål som oppstår er ordnet, samt hvor lenge ordningen er tenkt å vare, jf. Rt-1968-646. Momenter ved den nærmere vurdering har vært varigheten og arten av tilknytningen mellom tiltalte og fornærmede, omfanget av fornærmedes opphold på tiltaltes bopel, og hvordan de praktisk organiserte hverdagen.»
(8)Høgsterett presiserte i Rt-2011-1412 avsnitt 24 at det ikkje fråtok bufellesskapet preget av å vera ein felles husstand at «B i liten grad bidro økonomisk».
(9)Dette viser at det må gjerast ei brei vurdering av bufellesskapet mellom partane for å avgjera om vilkåret «husstand» er oppfylt. Felles hushald er ikkje avgjerande. Samstundes vil graden av felles hushald vera eitt av fleire relevante moment i vurderinga.
(10)Lagmannsretten har i vår sak ikkje uttrykkjeleg vurdert om den sikta og dei fornærma hadde felles hushald, men omtalt og vurdert bufellesskapet på følgjande måte: «Til dette bemerkes at de bodde sammen i hele perioden, og delte stue, kjøkken og bad. Bs stebarn delte som nevnt også soverom med C. Både varigheten av bofellesskapet og interaksjonen mellom dem underbygger at de har vært en del av samme husstand, slik begrepet er ment i de aktuelle straffebudene. Lagmannsretten viser til at barna omtalte B som «tante», og til at C gjennom sitt avhør i mai 2017 bekrefter at B har tatt aktiv del i oppdragelsen og grensettingen av ham. B forsøkte under ankeforhandlingen å distansere seg noe, ved å si at hun ikke blandet seg inn i oppdragelsen. Senere i sin forklaring fremkom det imidlertid at hun hadde forsøkt å hjelpe A med grensesetting, noe As forklaring også underbygger. Bevisførselen har også avdekket at hun hjalp barna med lekser og at hun kjøpte gaver til dem, noe B selv erkjente. Etter en helhetsvurdering av bevisene i saken, finner lagmannsretten det bevist utover enhver rimelig tvil at B har vært en del av de fornærmede barnas husstand.»
(11)Lagmannsretten har lagt avgjerande vekt på varigheita av bufellesskapet, samkvemmet og den nærare relasjonen mellom den sikta og dei fornærma. Ankeutvalet kan ikkje sjå at dette er uttrykk for feil lovbruk. Korleis den økonomiske ordninga var i bufellesskapet, må i denne konkrete situasjonen få underordna vekt når det dreier seg om oppdragarvald mot born.
(12)Ankeutvalet kan heller ikkje sjå at ankane frå B og A over straffutmålinga gjeld spørsmål med vekt utanfor den aktuelle saka eller at andre tilhøve gjer det særleg viktig at anken blir handsama av Høgsterett.
(13)Høgsteretts ankeutval finn etter dette samrøystes at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til at ankane blir handsama av Høgsterett, jf. straffeprosesslova § 323.