Saka gjeld utmåling av straff for ein person som fleire gonger tidlegare er straffa for brotsverk av same art; vald, trugsmål og brot på besøksforbod. Høgsterett kom til at straffa for eitt tilfelle av tre knyttneveslag mot hovudet saman med eit trugsmål om drap, samt tre brot på besøksforbod, isolert sett burde straffast med vilkårslaust fengsel i fire til fem månader. Ved straffutmålinga var det særleg spørsmål om det måtte gjevast eit tillegg i straffa fordi den domfelte tidlegare ved fleire høve var straffa for liknande lovbrot mot den same fornærma. Høgsterett fann at det ut frå individualpreventive omsyn – det at tidlegare straff hadde ikkje verka tilstrekkeleg avskrekkande – måtte leggjast til om lag sju månader vilkårslaust fengsel. Saman med straffa for to tilfelle av trugsmål mot politiet og eitt tilfelle av forsøk på ruskøyring og brukstjuveri av ein buss, vart den samla straffa sett til fengsel i eitt år. Rettsområde: Strafferett. Straffelova §§ 77, 79, 168, 263, 271 Dommarar: Øie, Arntzen, Falch, Bergh, Høgetveit Berg
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld straffutmåling for mellom anna vald, trugsmål og brot på besøksforbod overfor ektemake. For Høgsterett er spørsmålet særleg om lagmannsretten har utmålt eit for høgt tillegg som følgje av at den tiltalte er domfelt for liknande lovbrot fleire gonger tidlegare, det såkalla gjengangartillegget.
(3)A er fødd 00.00.1966. Statsadvokatane i Trøndelag tiltalte han 8. mars 2022 for brot mot: I straffelova § 271 om kroppskrenking, II straffelova § 263 om trugsmål, III straffelova § 168 om brot på opphalds- og kontaktforbod (tre tilfelle), IV straffelova § 155 om trugsmål mot offentleg tenesteperson (to tilfelle), V straffelova § 268 fyrste ledd, jf. § 16, om forsøk på urettkomen tilgang, VI straffelova § 342 tredje ledd, jf. fyrste ledd, jf. § 16, om forsøk på brukstjuveri av ein buss, VII straffelova § 371 bokstav a om bedrageri og VIII vegtrafikklova § 31 fyrste ledd, jf. § 22 fyrste ledd, om forsøk på ruspåverka køyring.
(4)Den fornærma i tiltalepostane I, II, III og V er den tidlegare ektemaken til A. Dei har ikkje budd saman på mange år, men var formelt sett gifte då handlingane skjedde.
(5)Trøndelag tingrett sa dom i saka 6. april 2022. A vart frifunnen for postane V og VII. Han vart elles dømt etter tiltalen. Tingretten la til grunn at dei forholda A vart domfelt for, isolert sett kvalifiserte for vilkårslaust fengsel i rundt fire månader. Med eit gjengangartillegg på om lag åtte månader vart den samla fengselsstraffa sett til vilkårslaust fengsel i eitt år. I tillegg vart A pålagt kontaktforbod i tre år overfor ektemaken og dømt til å betale henne 25 000 kroner i oppreising. Endeleg vart han pålagt sperrefrist for erverv av førarrett i to år.
(6)A anka tingrettens dom, med unntak for eitt av tilfella i tiltalepost III. Anken over provdøminga under skuldspørsmålet vart nekta fremja for tiltalepostane III og IV, men vist til ankeforhandling for postane I, II, VI og VIII. Kravet om ny handsaming av oppreisinga vart godteke.
(7)Frostating lagmannsrett sa 30. juni 2022 dom, som for straffekravet har slik domsslutning: «1. A, født 00.00.1966, dømmes for overtredelse av - straffeloven § 271, - straffeloven § 263, - straffeloven § 342 tredje ledd, jf. første ledd, jf. § 16 og - vegtrafikkloven § 31 første ledd første og tredje punktum, jf. andre ledd bokstav c, jf. § 22 første ledd, jf. straffeloven § 16, samt for de forhold som er endelig avgjort ved Trøndelag tingretts dom 6. april 2022, alt sammenholdt med straffeloven § 79 bokstav a og b, til fengsel i 1 – ett – år. Til fradrag i straffen kommer 142 – etthundreogførtito – dager for utholdt varetekt per 30. juni 2022, jf. straffeloven § 83. 2. A forbys i en periode på 3 – tre – år å forfølge, besøke eller på annet vis kontakte B, jf. straffeloven § 57 andre ledd bokstav b, jf. § 58.»
(8)A vart altså på nytt domfelt for dei lovbrota ankesaka gjaldt. Også lagmannsretten la til grunn at dei forholda A vart domfelt for i lagmannsretten og tingretten, isolert kvalifiserte for vilkårslaust fengsel i rundt fire månader – og eit gjengangartillegg på om lag åtte månader. Eit mindretal på ein meddommar meinte at A måtte frifinnast for tiltalepost I.
(9)A har anka lagmannsrettens dom – straffutmålinga i domsslutninga punkt 1 – til Høgsterett. Det er særleg gjort gjeldande at gjengangartillegget er for høgt. Det er ikkje reist innvendingar mot at tillegget er i form av vilkårslaust fengsel. Mitt syn Straffa for tiltalepostane I, II og III
(10)Når det skal utmålast ei samla straff for fleire straffbare forhold, gjeld straffelova § 79 bokstav a – straffskjerpingsprinsippet. Dette inneber at ein ved straffutmåling tar utgangspunkt i det mest alvorlege forholdet, og deretter gjev eit tillegg i straffa for dei andre lovbrota.
(11)I saka her skal det utmålast straff for kroppskrenking, trugsmål, brot på besøksforbod, trugsmål mot offentleg tenesteperson, forsøk på brukstjuveri av motorvogn og forsøk på ruspåverka køyring.
(12)Lagmannsretten tok ved straffutmålinga utgangspunkt i dei mest alvorlige forholda, som er lovbrota mot As dåverande ektemake. Slik forholda ligg an i denne konkrete saka, er eg samd i at det er naturleg å sjå integritetskrenkingane mot henne i tiltalepostane I, II og III under eitt, sidan det er ein nær samanheng mellom dei.
(13)A oppsøkte bustaden til den fornærma på kvelden måndag 25. oktober 2021 for å hente eigne ting som var der. Leilegheita ligg på bakkeplan. Den fornærma ville ikkje sleppe han inn, men opna eit vindauge for å gje han tinga. Fleirtalet i lagmannsretten fann at A slo den fornærma hardt i andletet med knytt neve minst tre gonger.
(14)Ved det same høvet truga A med å drepe henne. Trugsmålet vart sett fram under slike omstende at det var eigna til å framkalle alvorleg frykt.
(15)Det er skjerpande for kroppskrenkinga at vald mot hovudet har eit stort skadepotensial. Likeins at valden og trugsmålet var retta mot As dåverande ektemake, sidan den psykologiske bindinga mellom dei gjer krenkinga meir alvorleg. Det er også skjerpande at valden og trugsmålet skjedde i hennar eigen heim, der ein skal kjenne seg trygg. I samanheng med valden var trugsmålet alvorleg. Isolert sett meiner eg at valden og trugsmålet kvalifiserer for vilkårslaust fengsel i om lag 60 dagar.
(16)Tingretten fann at A, trass i at han etter valdsepisoden i oktober 2021 hadde fått besøksforbod mot den dåverande ektemaken i eit halvt år, oppsøkte bustaden hennar ved to ulike tilfelle 12. februar 2022. Då ho ved det andre høvet oppdaga at A hadde oppsøkt henne, ringte ho politiet – som etter kvart kom til staden, fjerna A og påla han meldeplikt. Det tredje tilfellet skjedde to dagar seinare. Tingretten fann at A ikkje ved noko høve hadde teke seg inn i bustaden.
(17)Straffverdigheita av brot på besøksforbod varierer sterkt ut frå dei konkrete omstenda. Utmålinga av straff for brot på besøksforbod vil difor vera utprega konkret.
(18)Dersom ein tiltalt også tidlegare har brote besøksforbod, kan det ut frå omstenda gje grunnlag for ei monaleg skjerping av straffa, sjå til dømes Rt-2007-825 avsnitt 15–18. I saka her er det naturleg at ei slik skjerping blir vurdert i samband med gjengartillegget, som eg straks kjem attende til.
(19)I denne saka må ein også sjå dei tre brota mot besøksforbodet i samanheng med valden og trugsmålet. Lovbrota skjedde ved fysisk oppmøte heime hjå den fornærma, der A berre nokre månader tidlegare hadde utsett henne for vald og trugsmål. Samla meiner eg difor straffa for lovbrota mot den tidlegare ektemaken – før gjengangartillegget – må vera vilkårslaust fengsel i fire til fem månader. Gjengangartillegg
(20)Hovudspørsmålet i saka er om lagmannsrettens utmåling av gjengangartillegget etter straffelova § 79 bokstav b og § 77 bokstav k er for streng.
(21)A er domfelt 26 gonger tidlegare og har fått 10 førelegg. Dette gjeld særleg valds- og narkotikabrotsverk og relaterte brotsverk som trugsmål og vinningsbrotsverk. Han er dømt 12 gonger for vald, krenkingar og trugsmål mot privatpersonar og offentlege tenestepersonar. Før 2014 er det få tilfelle av vald i nære relasjonar.
(22)Etter straffelova § 79 bokstav b blir strafferamma på nærare vilkår dobla «når en tidligere domfelt person på ny har begått en straffbar handling av samme art som han tidligere er dømt for».
(23)Det er fyrst og fremst individualpreventive omsyn som gjer det naturleg å reagere strengare mot ein tilbakefallslovbrytar enn mot ein fyrstegongslovbrytar. Straffelova § 79 bokstav b er ei vidareføring av straffelova 1902 § 61. Føremålet med regelen er skildra slik i førearbeida, Ot.prp. nr. 62 (2002–2003) side 94: «Formålet med lovendringen er først og fremst å skjerpe straffen for gjentatte vinnings-, volds- og seksualforbrytelser. Og særlig tar forslaget sikte på de mest iherdige gjengangere. Men endringen innebærer ikke at straffen skal skjerpes i alle saker av de nevnte typer. Hvorvidt straffen skal skjerpes, må i samsvar med alminnelige straffutmålingsprinsipper vurderes konkret i forhold til det enkelte lovbrudd og den enkelte lovbryter. Både handlingens objektive grovhet, gjerningspersonens subjektive skyld og andre omstendigheter ved gjerningspersonen er relevante momenter i denne vurderingen. De nevnte momenter har også betydning for hvor mye straffen eventuelt skal skjerpes. Endringen innebærer ikke at straffen nødvendigvis skal skjerpes like mye innenfor de ulike forbrytelseskategoriene. Det vil i utgangspunktet være naturlig at straffen skjerpes noe mindre enn ellers når det gjelder lovbrudd hvor straffenivået allerede er skjerpet betydelig, f.eks. ved en del seksualforbrytelser. Forslaget om at strafferammen skal dobles, innebærer ikke at den utmålte straffen skal dobles i forhold til i dag.»
(24)Førearbeida til den gjeldande straffelova understrekar omsynet til individualprevensjon i gjengangartilfella, sjå Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) side 153–154.
(25)Der det nye lovbrotet har ei strafferamme på fengsel i eitt år eller mindre, krev bruk av straffelova § 79 bokstav b mellom anna at det ikkje har gått meir enn to år frå fullføringa av den tidlegare dommen.
(26)Straffelova § 77 bokstav k gjer det til eit generelt straffskjerpande moment at lovbrotet er gjort av nokon som «tidligere er ilagt en strafferettslig reaksjon for liknende handlinger eller andre handlinger som er av betydning for saken». Føresegna supplerer straffelova § 79 bokstav b, jf. Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) side 272: «Men uavhengig av om vilkårene for å anvende sidestrafferammen er oppfylt, bør det som hovedregel tillegges vekt i skjerpende retning at gjerningspersonen tidligere har blitt straffet for lovbrudd av liknende karakter. Unntak må gjøres for tilfeller hvor det er gått meget lang tid mellom mindre alvorlige lovbrudd.»
(27)Straffskjerping for gjentaking vil generelt vera større når vilkåra i § 79 bokstav b er oppfylte. Samstundes er det grunn til å understreke at tillegget for gjengangarar alltid, uansett grunnlag, må utmålast konkret, og at ein ikkje kan operere med bestemte prosentsatsar eller liknande.
(28)I saka her er vilkåra i § 79 bokstav b oppfylte for dommane frå 16. januar 2020, 8. september 2020 og 10. februar 2021. I dommen frå januar 2020 vart A dømt til fengsel i eitt år for mellom anna ran og trugsmål. I dommen frå september 2020 vart han dømt for kroppskrenking. Straffa vart då fastsett som eit ubetydeleg tillegg i fellesstraff med dommen frå januar 2020.
(29)I dommen frå 10. februar 2021 vart A dømt til fengsel i eitt år for to kroppskrenkingar, fire brot på besøksforbod og eitt skadeverk mot den same fornærma som i saka her. Denne avgjerda får stor vekt for det gjengangartillegget som skal fastsetjast no.
(30)Ut over dette er A domfelt to gonger det siste tiåret – mot den same fornærma som i saka her. Desse dommane må også få monaleg vekt, jf. straffelova § 77 bokstav k. I ein dom frå 2. juli 2014 vart A dømt til fengsel i 120 dagar for fire kroppskrenkingar. Her var 90 dagar gjort betinga med ei prøvetid på to år. I ein dom frå 8. august 2016 vart A dømt til fengsel i eitt år og seks månader, mellom anna etter straffelova § 282 for mishandling i nære relasjonar ved vald, trugsmål og andre krenkingar, samt for to brot på besøksforbod. Dette var ei fellesstraff med den betinga delen av dommen frå 2014.
(31)Den samla historikken knytt til gjenteken vald, trugsmål og brot på besøksforbod mot den tidlegare ektemaken, må få stor tyding ved straffutmålinga, jf. straffelova § 79 bokstav b og § 77 bokstav k. Lagmannsrettens dom er den fjerde dommen der A er dømt for vald mot henne sidan 2014. Dommane frå 2014 og 2016, som gjeld fleire lovbrot, ligg noko attende i tid. Samstundes inneber dei at den fornærma i mange år har vore utsett for vald og andre krenkingar frå den tiltalte, utan at gjentekne straffer har hatt tilstrekkeleg avskrekkande effekt. Eg legg også vekt på at valden og trugsmålet i saka her vart gjort berre ei veke etter at A vart lauslaten etter soninga av dommen frå februar 2021.
(32)I tillegg må dei gjentekne brota på besøksforbodet vega tungt, særleg når dei blir sette i samanheng med den gjentekne valden og trugsmåla. Situasjonen liknar på den som låg føre i Rt-2007-825, sjå særleg denne avgjerda avsnitt 16.
(33)Samla tilseier det eg har framheva at det er grunnlag for eit lengre gjengangartillegg.
(34)Det vil ofte vera i tråd med føremålet med gjengangertillegget å gje dette som eit betinga tillegg til ei vilkårslaus fengselsstraff overfor dei mest aktive lovbrytarane, jf. Ot.prp. nr. 62 (2002–2003) side 95. Etter mitt syn er det ikkje grunnlag for eit betinga tillegg i saka her. A har i ei årrekkje krenka den fornærma med vald og brot på besøksforbod. Ein ny betinga dom vil ikkje vera avskrekkande. Etter mitt syn er det difor, ut frå alvoret i saka, ikkje tilstrekkeleg at straffskjerpinga skjer i form av eit betinga tillegg. Forsvararen har ikkje hatt innvendingar mot dette.
(35)Samla meiner eg gjengangartillegget for lovbrota mot den tidlegare ektemaken må utgjera fengsel i om lag sju månader. Straffa for tiltalepostane IV, VI og VIII
(36)Dei to tilfella av trugsmål mot polititenestemenn 4. november 2021 og 9. februar 2022, i begge tilfella sett fram under medtaking etter politilova, tilseier isolert ei kortare vilkårslaus fengselsstraff, jf. straffelova § 155.
(37)Det same gjeld forsøket på ruskøyring med buss 21. desember 2021, som etter lova skal reknast som ei fullført handling, jf. vegtrafikklova § 31 fyrste ledd fyrste og tredje punktum, jf. § 22 fyrste ledd, jf. straffelova § 16. Eg er samd med lagmannsretten i at bot etter omstenda ikkje bør idømast.
(38)Forsøket på brukstjuveri av bussen kvalifiserer isolert til betinga fengsel, jf. straffelova § 342 fyrste ledd, jf. § 16. Samla straff
(39)Etter ei samla vurdering, jf. straffelova § 79 bokstav a og b, jf. § 77 bokstav k, meiner eg som dei tidlegare rettsinstansane at straffa bør setjast til vilkårslaust fengsel i eitt år. Det ligg ikkje føre formildande omstende.
(40)Aktor og forsvarar er samde om at det skal gjerast frådrag for 226 dagar for fridomstap etter varetekt, jf. straffelova § 83.
(41)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. Lagmannsrettens dom blir endra slik at frådraget for fridomstap blir sett til 226 – tohundreogtjueseks – dagar. 2. Anken blir elles forkasta.
(42)Dommer Bergh: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(43)Dommer Arntzen: Likeså.
(44)Dommer Falch: Likeså.
(45)Justitiarius Øie: Likeså.
(46)Etter røystinga sa Høgsterett slik