Saka gjeld ein banks ansvar overfor ein kunde etter at svindlarar fekk kunden til å røpe kode og passord. Dette førte til uautoriserte betalingar frå kontoen hennar. Tapet var på 153 240 kroner. Etter avtala om bankID har kunden plikt til ikkje å røpe kode og passord – heller ikkje til banken eller politiet. Hovudspørsmålet i saka var om kunden hadde handla forsettleg og difor sjølv måtte dekkje tapet. Banken meinte at det var tilstrekkeleg for å konstatere forsett at handlingane i seg sjølv var forsettlege, slik at kunden berre kunne vera ansvarsfri der villfaringa om plikta til ikkje å røpe kode og passord var orsakande. Kunden og Forbrukarrådet meinte at forsettet også måtte omfatte pliktbrotet, det vil seia at kunden måtte vera klar over at ho braut avtala i den konkrete situasjonen som oppstod under svindelen. Høgsterett kom til at det ut frå ordlyden i og oppbygginga av finansavtalelova § 35 tredje ledd krevst at kunden også må ha vore klar over pliktbrotet for å bli ansvarleg for heile tapet. Under svindelen trudde kunden ho snakka med ein representant for banken. Ho var, i den situasjonen ho vart presentert for av svindlarane, ikkje klar over at ho etter avtala ikkje kunne gje koden og passordet til tilsette i banken. Når ho ikkje var klar over pliktbrotet, handla ho heller ikkje forsettleg. Sidan kvinna hadde vore grovt aktlaus, må ho likevel dekkje ein eigendel på 12 000 kroner. Dommen avklarar eit stykke på veg innhaldet i forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35 tredje ledd. Rettsområde: Finansavtalerett. Finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum Dommarar: Indreberg, Falkanger, Arntzen, Bergh, Høgetveit Berg
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld ein banks ansvar overfor ein kunde etter at svindlarar fekk kunden til å gje opplysningar som førte til uautoriserte betalingar frå kontoen hennar. Hovudspørsmålet er forståinga av forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum.
(3)A oppretta bankkonto i Sparebank 1 Østlandet i april 2016, inkludert avtale om e-bank og BankID. I den sistnemnde avtala går det fram at BankID er personleg og ikkje skal overlatast til eller brukast av andre enn kunden. Det går vidare fram at kodar, passord og andre tryggingsprosedyrar ikkje må røpast for nokon – heller ikkje for politiet, banken eller husstandsmedlemmar.
(4)Den 29. mai 2020 vart A oppringd av ein mann som sa han var frå Sparebank 1. Han spurde om A hadde søkt om lån, noko ho avkrefta. A vart deretter sett over til ein annan påstått tilsett i banken, som skulle hjelpe henne med å slette lånesøknaden. Mannen bad henne om fødselsnummer, kode frå BankID-kodebrikke og passord. Mellom klokka 13:29 og 13:45 oppgav ho koden ni gonger. Opplysningane vart nytta til fire banktransaksjonar mellom klokka 13:40 og 13:45 på til saman 240 336 kroner.
(5)Etter telefonsamtala vart A merksam på ein SMS ho hadde fått frå banken om at telefonnummeret hennar var endra i nettbanken. Ho mistenkte då at ho kunne vera utsett for svindel og oppsøkte banken umiddelbart. Banken fann ut at nokon hadde logga inn i nettbanken med As BankID og deretter endra kontaktinformasjonen hennar. Beløpsgrensa for transaksjonar i nettbanken var auka til 400 000 kroner, og dei fire transaksjonane var gjennomførte. Banken avverja overføring av delar av beløpet, slik at det endelege tapet vart 153 240 kroner.
(6)A kravde heile beløpet dekt av Sparebank 1 Østlandet. Banken avslo kravet då han meinte A forsettleg hadde brote plikta til ikkje å røpe kode og passord.
(7)Saka vart send til Finansklagenemnda Bank. Nemnda fann 24. september 2020 under dissens at A ikkje hadde brote avtala forsettleg, men at ho måtte dekkje ein eigendel på 12 000 kroner fordi ho hadde vore grovt aktlaus, sjå FinKN-2020-706. Banken ville ikkje følgje nemnda.
(8)A tok ut søksmål. Glåmdal tingrett sa dom 2. mars 2021, med slik slutning: «1. SpareBank 1 Østlandet frifinnes. 2. SpareBank 1 Østlandet dømmes til å betale A, født 00.00.1946, sakskostnader for tingretten med 147 248 kroner innen to uker fra forkynnelsen av dommen.»
(9)A anka dommen til Eidsivating lagmannsrett, som 27. november 2021 sa dom med slik slutning: «1. SpareBank 1 Østlandet skal innen 14 – fjorten – dager fra forkynnelsen av denne dommen betale 141 240 – etthundreogførtientusentohundreogførti – kroner til A, med tillegg av forsinkelsesrente fra 1. juli 2020. 2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler SpareBank 1 Østlandet 480 472 – firehundreogåttitusenfirehundreogsyttito – kroner til A innen 14 – fjorten – dager fra forkynnelsen av denne dommen.»
(10)Sparebank 1 Østlandet har anka dommen til Høgsterett. Anken er retta mot lagmannsrettens rettsbruk.
(11)For Høgsterett har Forbrukarrådet erklært partshjelp til fordel for A.
(12)Høgsterett mottok 21. februar 2022 eit skriftleg innlegg, heimla i tvistelova § 15-8, frå Finans Norge. Innlegget skal kaste lys over allmenne interesser og inngår i avgjerdsgrunnlaget, jf. § 15-8 andre ledd tredje punktum.
(13)Det er lagt fram nokre få nye dokument for Høgsterett. For dei spørsmåla Høgsterett skal handsame, står saka i den same stillinga som for lagmannsretten. Partanes syn
(14)Den ankande parten – Sparebank 1 Østlandet – har i hovudsak gjort gjeldande:
(15)Det følgjer av avtalevilkåra for BankID at kunden skal gjera seg kjent med dokumentasjonen før tenesta blir teken i bruk, at personleg BankID ikkje skal overlatast til andre og at kode og passord ikkje skal røpast for nokon, inkludert husstandsmedlemmar, politiet og banken.
(16)Forsett etter finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum ligg føre når kunden medvite utstyrer ein annan person med kode og passord. Det krevst ikkje faktisk kunnskap eller medvit om det aktuelle avtalevilkåret for å konstatere forsett. Det ville i så fall innebera ein rettsregel som oppmodar kundar til ikkje å lesa avtalevilkåra, ikkje følgje med når vilkåra blir forklarte og ikkje følgje med på annan informasjon som blir gjeven av banken.
(17)Det gjeld uansett ikkje eit tilleggsvilkår om kunnskap om risikoen for misbruk. Subsidiært må det vera tilstrekkeleg at kunden burde eller måtte forstå at pliktbrotet kunne innebera ein fare for misbruk.
(18)For at kunden skal bli ansvarsfri for pliktbrotet, må vedkomande ha vore i ei orsakande villfaring. As villfaring var ikkje orsakande. Ho var tydeleg informert om at ho ikkje skulle røpe kode og passord. Plikta til ikkje å dele kode og passord er ein sentral og klar regel i kontraktsforholdet, og det er allmenn kunnskap at ein må vera varsam. Hennar alder og status som forbrukar må då få mindre vekt.
(19)Dersom As framferd ikkje er forsettleg, vil regelen om forsett ikkje få nokon sjølvstendig relevans ved sida av regelen om svik.
(20)Sparebank 1 Østlandet har sett fram slik påstand: «I Prinsipalt: 1. Sparebank 1 Østlandet frifinnes. II Subsidiært: 1. Lagmannsrettens dom oppheves. III I begge tilfeller: 2. A dømmes til å betale sakens omkostninger for lagmannsretten. 3. Forbrukerrådet dømmes til å betale sakens omkostninger for Høyesterett.»
(21)Ankemotparten og partshjelparen – A og Forbrukarrådet – har i hovudsak gjort gjeldande:
(22)A har medvite gjeve frå seg kode og passord over telefon. Dette er objektivt sett eit brot på pliktene i avtala om BankID, men ikkje tilstrekkeleg til å konstatere forsett etter lova. Det krevst at kunden er medviten om meir enn dei faktiske handlingane eller unnlatingane.
(23)Forsett krev for det fyrste at kunden er medviten om plikta og pliktbrotet. Sjølv om det skulle liggje føre aktlaus rettsvillfaring, oppfyller ikkje dette vilkåret om forsettleg pliktbrot i § 35 tredje ledd tredje punktum. Saka gjeld ikkje den kontraktsrettslege verknaden av kontraktsbrot, men tolkinga av ei lovføresegn. Kravet til forsettleg pliktbrot etter § 35 tredje ledd tredje punktum kan ikkje omskrivast til eit objektivt ansvar med fritak berre for aktsam rettsvillfaring. Subsidiært, dersom forsett ikkje krev at kunden er medviten om plikta og pliktbrotet, må det i alle fall krevjast grovt aktlaus pliktvillfaring. A oppfyller uansett ikkje eit slikt vilkår.
(24)Forsett krev for det andre at kunden må ha vore medviten om tapspotensialet til handlingane. Kunden må på handlingstidspunktet forstå at pliktbrotet kunne innebera ein nærliggande fare for at betalingsinstrumentet kunne bli misbrukt.
(25)Lagmannsretten konkluderte med at A ikkje medvite sette til side avtalevilkåra då ho gav kodar og passord til svindlarane, sidan ho trudde ho snakka med representantar for banken. Ho var ikkje medviten om at ho etter avtala ikkje hadde høve til det i den konkrete situasjonen. Anken må difor forkastast.
(26)A har sett fram slik påstand: «1. Anken forkastes. 2. A tilkjennes sakskostnader for Høyesterett.»
(27)Forbrukarrådet har sett fram slik påstand: «Forbrukerrådet tilkjennes sakskostnader for Høyesterett.» Mitt syn Problemstillingane
(28)Spørsmålet er om A skal bera heile tapet etter svindelen.
(29)Finansavtalelova kapittel 2 avsnitt V regulerer andres misbruk av konto eller betalingsinstrument. Omgrepet «betalingsinstrument» er definert som «personlig instrument eller sett av prosedyrer som er avtalt mellom kunden og institusjonen, og som kunden benytter for å iverksette en betalingsordre», jf. finansavtalelova § 12 bokstav c. Dette inneber at når BankID blir nytta ved ei pengeoverføring i ein nettbank, vil BankID vera ein del av eit betalingsinstrument.
(30)Ein kunde som har rett til å bruke eit betalingsinstrument, skal bruke det «i samsvar med vilkårene for utstedelse og bruk, og skal herunder ta alle rimelige forholdsregler for å beskytte de personlige sikkerhetsanordningene knyttet til betalingsinstrumentet», jf. finansavtalelova § 34 fyrste ledd fyrste punktum. Omgrepet «de personlige sikkerhetsanordningene» omfattar mellom anna kodebrikke og passord knytt til ein BankID.
(31)I dei generelle vilkåra for BankID personsertifikat punkt 9 framgår følgjande: «PersonBanklD er personlig og skal ikke overdras eller på annen måte overlates til eller brukes av andre enn Kunden. Passord, personlige koder og andre sikkerhetsprosedyrer må ikke røpes for noen, heller ikke overfor politiet, Banken eller husstandsmedlemmer.»
(32)Det vart gjennomført fire betalingstransaksjonar frå As konto utan samtykke frå henne, jf. finansavtalelova § 24. Det er i utgangspunktet banken som er ansvarleg for tap som følgje av uautoriserte betalingstransaksjonar, jf. finansavtalelova § 35 fyrste ledd. Unntak følgjer av § 35 andre og tredje ledd. Tredje ledd, som er aktuelt her, lyder: «Kunden svarer for hele tapet ved uautoriserte betalingstransaksjoner dersom tapet skyldes at kunden ved grov uaktsomhet har unnlatt å oppfylle en eller flere av sine forpliktelser etter § 34 første ledd. Dersom betalingstransaksjonen har skjedd ved bruk av et elektronisk betalingsinstrument, svarer kunden likevel bare med inntil kr 12.000. Dersom tapet skyldes at kunden forsettlig har unnlatt å oppfylle forpliktelsene etter § 34 første ledd, skal kunden bære hele tapet. Det samme gjelder dersom tapet skyldes at kunden har opptrådt svikaktig.»
(33)Lagmannsretten kom til at As handling var medviten, men at ho ikkje var medviten om pliktbrotet. Dette må Høgsterett leggje til grunn. Partane er samde om at A i alle fall var grovt aktlaus då ho gav kodar og passord til vedkomande som utgav seg for å vera frå Sparebank 1. Ho skal såleis under alle omstende svare eigenandelen på 12 000 kroner, jf. § 35 tredje ledd andre punktum. Spørsmålet er om A skal bera heile tapet, jf. § 35 tredje ledd tredje punktum. Må kunden ha vore medviten om pliktbrotet for å kunne bli ramma av forsettsføresegna i finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum?
(34)Finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum rettar seg mot tap der kunden «forsettlig har unnlatt å oppfylle forpliktelsene etter § 34 første ledd». Gjennom «unnlatt» viser ordlyden til handlingane som ligg til grunn for pliktbrotet. Dette kan tyde på at det er tilstrekkeleg for forsett at kunden objektivt sett har handla i strid med pliktene. Etter mitt syn er det reint språkleg likevel mest naturleg å forstå formuleringa slik at forsettet også må omfatte pliktbrotet, sidan ordlyden viser til «forpliktelsene».
(35)Systemet i finansavtalelova § 35 er at bankens ansvar for tap som følgje av uautoriserte betalingstransaksjonar blir redusert i tråd med graden av klander frå kundens side. Etter § 35 andre ledd svarar kunden med inntil 1200 kroner for tap ved uautoriserte transaksjonar der personleg kode er brukt. Etter § 35 tredje ledd svarar kunden for heile tapet ved uautoriserte betalingstransaksjonar dersom kunden ved grov aktløyse ikkje har oppfylt pliktene sine etter § 34 fyrste ledd, men berre for inntil 12 000 kroner dersom transaksjonen har skjedd ved bruk av eit elektronisk betalingsinstrument. Grunnen til at ansvaret for kunden ikkje er uavgrensa i slike høve, er at det er tenleg for bankane og samfunnet å leggje til rette for at kundane nyttar elektroniske betalingsinstrument. Institusjonane kan pulverisere tapa sine ved spreiing på kundane. Eg viser til side 157 i delrapporten frå arbeidsgruppa for betalingstenestedirektivet, som eg straks kjem attende til.
(36)Dersom tapet skuldast at kunden forsettleg ikkje har oppfylt pliktene etter § 34 fyrste ledd, skal kunden bera heile tapet. Det same gjeld tap som oppstår ved svik frå kunden. Regelen byggjer på at kunden i slike høve har handla svært klanderverdig, sjå mellom anna side 122 i Ot.prp. nr. 94 (2008–2009), som eg også kjem attende til.
(37)Føresegna i § 35 tredje ledd byggjer altså på at kundens ansvar for tap etter uautoriserte betalingstransaksjonar ved bruk av eit elektronisk betalingsinstrument blir fastlagt etter ei vurdering i to steg. Når pliktbrot fyrst er konstatert, blir rettsverknaden fastlagt ut frå graden av skuld knytt til pliktbrotet. Det er ikkje spørsmål om kontraktsrettsleg oppfyllingsansvar i tradisjonell forstand. Eit uavgrensa ansvar for handlingar som er forsettlege, men utan medvit om at dei utgjer pliktbrot – med fritak berre ved aktsam villfaring knytt til eiga forståing av kontraktspliktene – vil etter mitt syn bryte med grunngjevinga og oppbygginga av finansavtalelova § 35. Med bankens tolking blir simpel aktløyse avgjerande i desse tilfella, sidan berre aktsam villfaring vil frita for ansvar. Dersom forsettet berre skulle vera knytt til sjølve handlinga – og ikkje også til pliktbrotet – ville § 35 truleg vore bygd opp og formulert annleis.
(38)Kundens ansvar kan lempast etter finansavtalelova § 36. Vurderinga av dette er brei og heilskapleg. Lemping kan likevel ikkje skje der tapet ved den uautoriserte betalingstansaksjonen skuldast forsettleg unnlating av pliktene etter § 34 fyrste ledd, jf. § 36 fyrste ledd tredje punktum. Dersom forsett kan konstaterast ved umedvitne brot på handlepliktene, kan det framstå inkonsistent og lite rimeleg at det ikkje er høve til lemping.
(39)Ot.prp. nr. 94 (2008–2009), som leia fram til lovvedtaket og dagens ordlyd i finansavtalelova § 35, byggjer på to utgreiingar. Den eine er NOU 2008: 21 frå Banklovkommisjonen. Utgreiinga seier ikkje mykje om den konkrete problemstillinga vår. Men kommisjonen ser ut til å føresetja at forsettet kunne plasserast over grov aktløyse på ein aktløyseskala, sjå NOU 2008: 21 side 97–98.
(40)Den utgreiinga departementet i hovudsak byggjer på når det gjeld finansavtalelova § 35, er ein delrapport frå februar 2009 frå ei arbeidsgruppe som skulle føreslå korleis betalingstenestedirektivet – direktiv 2007/64/EF – skulle gjennomførast i norsk rett. Arbeidet til Banklovkommisjonen og arbeidsgruppa var dels overlappande. Skilnaden mellom kommisjonens og arbeidsgruppas lovforslag var primært knytt til den lovtekniske utforminga.
(41)Som følgje av implementeringa av betalingstenestedirektivet fann Justisdepartementet det ikkje tenleg å ha ei felles regulering av tapsfordelinga ved andres misbruk og kundens eigne feil, slik Banklovkommisjonen hadde føreslege, sjå Ot.prp. nr. 94 (2008–2009) side 117. Lovteksten som vart vedteken, byggjer difor på lovteksten frå arbeidsgruppa. Men korkje departementets skildring av rettstilstanden før 2009 eller merknadene til finansavtalelova § 35 tilfører noko for forståinga av forsettsvilkåret i lova, ut over at lova gjennomfører betalingstenestedirektivet artikkel 60 og artikkel 61, sjå Ot.prp. nr. 94 (2008–2009) side 185–186.
(42)Heller ikkje i departementets omtale av direktiv 2007/64/EF blir det gjeve ei nærare forklaring av forsettsvilkåret. I omtalen av direktivet artikkel 61 er det vist til at direktivet ikkje opnar for å avgrense kundens ansvar der kunden har handla svikaktig eller med forsett har unnlate å oppfylle pliktene sine etter artikkel 56, sjå Ot.prp. nr. 94 (2008–2009) side 122. Departementet held fram: «I slike tilfeller har betaleren handlet svært klanderverdig og må pålegges et ubegrenset ansvar for tapet, på samme måte som etter gjeldende norsk rett.»
(43)Denne omtalen gjeld rett nok direktivet. Eit hovudpoeng med implementeringa er at lova skal lesast på den same måten som direktivet. Ordlyden og systemet i direktivet og finansavtalelova § 35 er då også svært likt.
(44)Ny finansavtalelov vart vedteken i 2020. Lova har ikkje teke til å gjelde. I omtalen av lovforslaget skriv departementet at det kan vera uklart kva som nærare ligg i skuldkravet forsett på privatrettens område. Kva departementet meinte var gjeldande rett, kan også vera noko uklart. Lausrive kan det likevel sjå ut til at departementet føresette at det ikkje er eit krav om at forsettet må omfatte pliktbrotet, sjå Prop. 92 LS (2019–2020) side 186. Departementets forslag til føresegn vart ikkje vedteke. Den regelen som vart vedteken – der det blir stilt krav om at kunden måtte forstå at pliktbrotet kunne innebera ein nærliggande fare for misbruk – byggjer på ein føresetnad om at dette forsettsomgrepet er i tråd med «ellers gjeldende regler», jf. Innst. 104 L (2020–2021) side 21, jf. side 20. Eg legg difor ikkje stor vekt på desse noko motstridande lovgjevarmerknadene, som uansett må reknast som etterarbeid i vår sak.
(45)Det ligg ikkje føre rettspraksis om forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35, korkje før eller etter endringa i 2009. Sidan finansavtalelova også før lovendringa i 2009 skilde mellom handlingane som utgjorde pliktbrotet og vurderinga av kundens skuld, kan Rt-2004-499 likevel nemnast. Her kom Høgsterett til at nedteikning og oppbevaring av PIN-kode i strid med avtala ikkje var tilstrekkeleg til å konstatere grov aktløyse. Nedteikninga av koden var nødvendigvis medviten. Forsettleg avtalebrot var ikkje påstått av banken. Men det ville vera systemframandt om forholdet skulle karakteriserast som forsettleg, samstundes som det ikkje var grovt aktlaust.
(46)Det ligg føre ein del praksis frå Finansklagenemnda knytt til ulike sider av finansavtalelova § 35. Fleirtalet i nemnda har i tilsvarande saker som saka vår – det vil seia saker der kunden er lurt til å tru at det er ein banktilsett som ber om kodar og passord – konsekvent lagt til grunn at det ikkje ligg føre forsettleg pliktbrot etter § 35 tredje ledd tredje punktum. Dette er gjort ut frå det eg oppfattar som ei breiare heilskapsvurdering der villfaringa står sentralt.
(47)I litteraturen er innhaldet i forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35 tredje ledd særleg omtalt av Marte Eidsand Kjørven, Alf Petter Høgberg og Geir Woxholth i Lov og Rett 2021/6 side 335–366. Artikkelen drøftar også den konkrete saka vår. As påstandsgrunnlag er i det store og heile samanfallande med vurderingane og konklusjonane til desse forfattarane.
(48)Viggo Hagstrøm, Obligasjonsrett, 3. utgåve 2021 ved Herman Bruserud, Ivar Alvik, Harald Irgens-Jensen og Inger Berg Ørstavik, side 501–506, drøftar forsettsomgrepet i kontraktsretten meir generelt. Drøftinga opnar med ei påpeiking av at det i kontraktsretten ikkje er stort behov for å trekkje grensa mellom skuldformene forsett og grov aktløyse. Hagstrøm viser deretter til at det har vore diskutert om forsettleg kontraktsbrot krev at forsettet omfattar følgjene, eller om det er tilstrekkeleg at parten er medviten om brotet på normene i kontrakten. Med referansar til valdgiftspraksis og juridisk litteratur konkluderer Hagstrøm med at kontraktstypane er så ulike at eit krav om forsett om følgjene neppe gjeld som eit allment vilkår. Til dømes nemner han at «bevisst tilsidesettelse av vitale prosedyrer innebærer et så betydelig lojalitetsbrudd at karakteristikken forsett er på plass, uavhengig av om parten har hatt et begrunnet håp om et lykkelig utfall». Hagstrøm – og etter kva eg kan sjå alle kjeldene han viser til – føreset likevel at det i det minste er eit krav om at kontraktsparten medvite har brote avtala for at handlemåten skal reknast som forsettleg.
(49)Det strafferettslege forsettskravet og føresegna om rettsvillfaring gjev lite rettleiing i privatretten, og eg går difor ikkje nærare inn på dette.
(50)Ut frå ordlyden i og oppbygginga av finansavtalelova § 35 tredje ledd, meiner eg etter dette at det krevst at kunden må ha vore medviten om pliktbrotet for å kunne bli ramma av § 35 tredje ledd tredje punktum.
(51)I provvurderinga, som ikkje er anka frå bankens side, konkluderte lagmannsretten med at A ikkje var medviten om pliktbrotet då ho oppgav kode og passord til svindlarane. Ho trudde ho snakka med ein representant for banken og var ikkje medviten om at ho etter avtala ikkje hadde høve til å gje kode og passord til tilsette i banken i ein slik situasjon. Det manglande medvitet om pliktbrotet inneber at A ikkje kan reknast for å ha handla forsettleg etter finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum. Konklusjon og sakskostnader
(52)Anken må etter dette forkastast. Det er då ikkje nødvendig for meg å ta stilling til om forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum også inneheld eit krav om at kunden er medviten om tapspotensialet.
(53)A og Forbrukarrådet har kravd sakskostnader for Høgsterett. Etter hovudregelen i tvistelova § 20-2 fyrste ledd skal Sparebank 1 Østlandet dekkje As og Forbrukarrådets sakskostnader for Høgsterett. Eg ser ikkje grunn til å gjera unntak etter § 20-2 tredje ledd.
(54)A har kravd 751 200 kroner, medan Forbrukarrådet har kravd 187 500 kroner. Beløpa er i all hovudsak advokatsalær – samla 250 timar á 3 000 kroner – og meirverdeavgift. Sparebank 1 Østlandet har ikkje hatt innvendingar mot storleiken på krava. Eg meiner krava må godtakast, jf. tvistelova § 20-5.
(55)Eg røystar for slik D O M : 1. Anken blir forkasta. 2. I sakskostnader for Høgsterett betalar Sparebank 1 Østlandet til A 751 200 – sjuhundreogfemtieintusentohundre – kroner innan to veker frå dommen er forkynt. 3. I sakskostnader for Høgsterett betalar Sparebank 1 Østlandet til Forbrukarrådet 187 500 – eitthundreogåttisjutusenfemhundre – kroner innan to veker frå dommen er forkynt.
(56)Dommer Bergh: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(57)Dommer Falkanger: Likeså.
(58)Dommer Arntzen: Likeså.
(59)Dommer Indreberg: Likeså.
(60)Etter røystinga sa Høgsterett slik