Dommarar: Indreberg, Bergh, Høgetveit Berg
(1)Saka gjeld krav om å tre inn i stilling etter oppseiing i arbeidsforhold. Hovudspørsmålet i saka er korleis ein skal rekne ut prøvetida på seks månader i arbeidsmiljølova § 15-6 tredje ledd.
(2)A byrja i stillinga som salssjef hjå Tilhengernor AS 19. oktober 2020. Avtalt prøvetid var seks månader. A vart sagt opp frå stillinga 19. april 2021. Oppseiinga var grunngjeve i arbeidstakaren si tilpassing til arbeidet, fagleg dyktigheit og pålitelegheit, jf. arbeidsmiljølova § 15-6. Etter utløpet av oppseiingstida fråtredde A stillinga 3. mai 2021.
(3)Den 31. mai 2021 kravde A at oppseiinga skulle kjennast ugyldig. Han kravde samstundes å tre inn att i stillinga, prinsipalt ved mellombels tiltak etter tvistelova § 34-2 fyrste ledd, subsidiært etter arbeidsmiljølova § 15-11 femte ledd.
(4)Vestfold tingrett sa 13. september 2021 orskurd med slik slutning: «1. Begjæring om midlertidig forføyning tas ikke til følge. 2. I sakskostnader betaler A 77.625 – syttisyvtusensekshundreogtjuefemtusen – kroner til Tilhengernor AS innen 14 – fjorten – dager fra kjennelsen forkynnes.»
(5)A anka til lagmannsretten.
(6)Agder lagmannsrett sa 19. november 2021 orskurd med slik slutning: «1. Anken forkastes. 2. Sakskostnader for tingretten og lagmannsretten tilkjennes ikke.»
(7)På den same måte som tingretten, tolka lagmannsretten arbeidsmiljølova § 15-6 tredje ledd slik at A hadde fått melding om oppseiinga på den siste dagen av fristen på seks månader. Oppseiinga hadde dimed skjedd i prøvetida.
(8)A har anka til Høgsterett. Anken gjeld rettsbruken til lagmannsretten. Han har i korte trekk gjort gjeldande at det etter allmenn språkbruk er seks kalendermånader som skal leggjast til grunn, slik at prøvetida gjekk ut 18. april 2021. Det var feil av lagmannsretten å nytte domstollova § 148 analogisk. Etter arbeidsmiljølova § 17-1 gjeld domstollova berre ved søksmål. Fristreglane i domstollova kan ikkje nyttast på generelt grunnlag utanfor prosessretten. For arbeidsmiljølova vil dette i så fall føre med seg utilsikta konsekvensar. Prinsippet i forskrift til lov om statens tilsette mv. § 9 sjette ledd må i staden nyttas analogisk. Her er prøvetida klårt definert.
(9)A har sett fram slik påstand: «I spørsmålet om midlertidig forføyning: 1. A gjeninntrer i stilling som Salgssjef i Tilhengernor AS fra det tidspunkt retten bestemmer. 2. Tilhengernor AS dømmes til å betale sakens omkostninger for alle instanser. I spørsmålet om gjeninntreden etter aml § 15-11 (5): 1. A gjeninntrer i stilling som Salgssjef i Tilhengernor AS fra det tidspunkt retten bestemmer. 2. Tilhengernor AS dømmes til å betale sakens omkostninger for alle instanser.»
(10)Tilhengernor AS har i tilsvaret gjort gjeldande at prøvetida på seks månader etter allmenn språkbruk går frå dato til dato, altså frå 19. oktober 2020 til 19. april 2021. Dette samsvarar med den vanlege måten å rekne ut fristar på, mellom anna domstollova § 148.
(11)Tilhengernor AS har sett fram slik påstand: «Prinsipalt: Anken tillates ikke fremmet. Subsidiært: Anken forkastes. I begge tilfeller: A dømmes til å betale sakskostnader for samtlige instanser.»
(12)Tilhengernor AS har på si side anka særskilt over lagmannsrettens sakskostnadsavgjerd etter tvistelova § 20-9 tredje ledd. Anken gjeld lagmannsrettens rettsbruk knytt til tvistelova § 20-2 tredje ledd. Tilhengernor AS meiner at lagmannsretten urett har lagt til grunn at vilkåra i føresegna er oppfylt. A har imøtegått anken og har gjort gjeldande at lagmannsrettens lovbruk er korrekt.
(13)Høgsteretts ankeutval nemner at anken frå A gjeld lovtolkinga, som utvalet kan prøve, jf. tvistelova § 30-6. Utvalet skal då også prøve sakskostnadsavgjerda for dei tidlegare instansane, jf. tvistelova § 20-9 fyrste ledd. Den særskilte anken frå Tilhengernor AS over sakskostnadene etter tvistelova § 20-9 tredje ledd fell med det bort, jf. Rt-2011-1334 avsnitt 32 og Rt-2014-94 avsnitt 19.
(14)Spørsmålet er om A vart sagt opp i prøvetida. As prøvetid etter arbeidsavtala punkt 7 er på seks månader. Den fyrste arbeidsdagen hans var 19. oktober 2020. A vart sagt opp 19. april 2021.
(15)Arbeidsmiljølova § 15-6 tredje ledd slår fast: «Bestemmelsene i paragrafen her gjelder bare dersom oppsigelsen blir gitt innen utløpet av den avtalte prøvetiden. Prøvetid kan avtales for en periode på inntil seks måneder, jf. likevel fjerde ledd.»
(16)Etter utvalets syn gjev ikkje ordlyden eit klart svar. Dette kan illustrerast med eit oppslag frå Språkrådets svardatabase (sprakradet.no): «Hva ligger i ordet ‘innen’? Omfatter ‘innen torsdag’ også torsdag, eller går grensa natt til torsdag klokka 00.00? SVAR Det er naturlig å tolke det slik at dagen er medregnet, men man kan ikke stole på at det er ment slik! Man bør derfor velge andre formuleringer når man skriver selv.»
(17)På Språkrådets nettside er det også vist til boka Råd om språk fra norsk språkråd, 1983, der bruken av «innen» er omtalt på side 84: «I noen tilfeller har innen betydningen ‘før’, for eksempel i innen han fikk sukk for seg og innen utgangen av året. Men i forbindelse med søknadsfrister og andre frister er det rimelig å tolke innen som ‘senest’. I praksis blir frister som er angitt med innen + dato, tolket slik at datoen er medregnet i fristen. En utlysing har teksten søknader sendes vaktsjefen innen 18. desember. Det betyr at 18. desember er søknadsfristen, slik at søknader postlagt 18. desember må godtas. Betydningen er altså den samme som om det hadde stått søknadsfrist 18. desember.»
(18)Førearbeida til arbeidsmiljølova nemner, etter kva utvalet kan sjå, ikkje problemstillinga.
(19)Domstollova § 148 andre ledd fyrste punktum har slik ordlyd: «Frister, som er bestemt efter uker, maaneder eller aar, ender paa den dag i den sidste uke eller den sidste maaned, som efter sit navn eller sit tal svarer til den dag, da fristen begynder at løpe.»
(20)Domstollova gjev reglar om berekning av prosessuelle fristar. Desse reglane gjeld ikkje utan vidare for materielle fristar. Rettspraksis gjev likevel støtte for at fristreglane i domstollova er uttrykk for generelle prinsipp. I Rt-1999-1273, som mellom anna gjaldt firemånadersfristen for bruk av forkjøpsrett etter lov om kommunal forkjøpsrett til leigegardar § 6, uttalte fyrstvoterande følgjande på side 1279: «Etter min mening har det særlig interesse at forarbeidene til flere lover gir uttrykk for at de reglene som blir uttalt i § 148 og § 149, må antas å ha gjeldt også tidligere – som utslag av generelle prinsipper. Slike uttalelser finnes blant annet i forarbeider til § 2-7 i tvangsfullbyrdelsesloven fra 1992, se Ot.prp. nr.65 (1990-91) side 88 og til sameieloven § 16, se Ot.prp. nr.13 (1964-65) side 49. I juridisk litteratur er liknende synspunkter uttrykt blant annet i Alten: Domstolsloven, 1961 side 117, Kobbe: Husleieloven, 1989 side 47 og Wyller: Boligrett, 1992 side 256.»
(21)På den andre sida blir prøvetida etter statstilsettelova rekna «fra og med tiltredelsen til og med dagen før samme dato i den sjette måneden etter tiltredelsen», jf. forskrift til lov om statens tilsette mv. § 9 sjette ledd fyrste punktum. Forskrifta gjev etter ankeutvalets syn ikkje uttrykk for ein allmenn måte å berekne prøvetid eller andre fristar på.
(22)Saka her gjeld berekninga av ein frist. Når fristen er seks månader, har ein dag frå eller til i realiteten ikkje noko å seia for partanes høve til å innrette seg. I valet mellom dei to tolkingsalternativa, vil den tolkinga som den ankande parten gjer gjeldande, av dei språklege grunnane som utvalet har peikt på over, kunne framstå som ei felle.
(23)Ankeutvalet meiner difor, som tingretten og lagmannsretten, at dei beste grunnane talar for å forstå arbeidsmiljølova § 15-6 tredje ledd i tråd med prinsippet i domstollova § 148.
(24)Konsekvensen av dette er at prøvetida fyrst gjekk ut 19. april 2021. A vart såleis sagt opp i prøvetida.
(25)Anken har ikkje ført fram. Ankemotparten har etter hovudregelen i tvistelova § 20-2 fyrste ledd krav på fulle sakskostnader. Sidan spørsmålet om berekninga av fristen gjeld eit arbeidsforhold og har reist ein viss tvil, finn ankeutvalet at A skal fritakast for ansvaret for alle instansar, jf. tvistelova § 20-2 tredje ledd.
(26)Orskurden er samrøystes.