Dommarar: Matheson, Kallerud, Ringnes, Bergh og Høgetveit Berg Spørsmålet i saka var om eit omstøytingskrav var forelda etter dekningslova § 5-15. Lagmannsretten hadde lagt til grunn at burevisor ikkje reknast som ein del av «boet» etter § 5-15 fyrste ledd tredje punktum, og at revisorens kunnskap difor ikkje var relevant for om fristen tek til å gå. Høgsterett kom samrøystes til at dette var korrekt lovbruk. Lagmannsretten hadde vidare lagt til grunn at burevisor og buet aldri kan identifiserast på ulovfesta grunnlag ved vurderinga av kunnskapskravet i § 5-15 fyrste ledd tredje punktum. Høgsterett kom samrøystes til at dette var feil lovbruk, og oppheva lagmannsrettens dom. Dommen gjev rettleiing for når identifikasjon med «vondtruande partstilknytt» kan skje.
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld krav om omstøyting i konkurs. Spørsmålet er om ein burevisors kunnskap er relevant ved vurderinga etter dekningslova § 5-15 om tilleggsfrist for omstøytingskrav.
(3)Den 30. oktober 2017 betalte entreprenørselskapet M3 Anlegg AS 10 millionar kroner til Bolt Group AS, no RABG AS. Betalinga var ei delbetaling i eitt av fleire mellomrekningsforhold mellom selskapa.
(4)M3 Anlegg melde oppbod til Salten tingrett 5. januar 2018. Konkurs vart opna den same dagen. Advokat Roald Angell vart oppnemnd som bustyrar.
(5)I skiftesamling 16. februar 2018 vart revisor Håvard Edvardsen frå BDO oppnemnd som burevisor. Bustyrarens «innberetning» frå 15. februar 2018 låg til grunn for oppnemninga, med forslag til mandat for burevisoren. I mandatet skulle burevisoren mellom anna gjennomgå rekneskapane for dei siste tre åra og vurdere insolvenstidspunkt og mogleg forfordeling og omstøytelege forhold, inkludert transaksjonar med nærståande personar eller selskap dei siste to åra før konkursen. I møte mellom bustyraren og burevisoren 27. februar 2018 vart arbeidsfordelinga gjennomgått. Det vart avtalt løpande rapportering om vesentlege forhold.
(6)Etter telefonmøte med banken, mottok burevisoren 25. oktober 2018 kontoutskrifter. Av ulike grunnar var det likevel ingen rapportering før burevisoren sendte førebels rapport til bustyraren 22. februar 2019. I denne rapporten heiter det at det mellom anna må vurderast om nedbetalingar er omstøytelege. I årsmeldinga frå bustyraren til tingretten 26. februar 2019 går det fram at det så langt ikkje er avdekt straffbare, omstøytelege eller karanteneutløysande forhold. Burevisorens endelege rapport vart levert 16. mai 2019. Her står det at nedbetalingane må vurderast omstøytte, først og fremst etter dekningslova § 5-5. Etter at dette var lagt fram for Bolt Group AS for merknader, opprettheldt burevisoren sine synspunkt om at det låg føre forfordeling, i e-post til bustyraren 8. juli 2019.
(7)Konkursbuet reiste søksmål mot Bolt Group AS ved Rana tingrett 19. juli 2019, med krav om omstøyting av den aktuelle betalinga. Rana tingrett sa 9. mars 2020 dom med slik domsslutning: «1. Bolt Group AS dømmes til å betale til M3 Anlegg AS, dets konkursbo kr 10 000 000, – timillioner – med tillegg av renter fra 19. august 2019 og til betaling skjer. 2. Bolt Group AS dømmes til å betale kr 550 232,65, – femhundreogfemtitusentohundreogto – med tillegg av rettsgebyr til M3 Anlegg AS, dets konkursbo, innen 2 – to – uker fra forkynnelse av denne dommen.»
(8)Tingretten kom til at vilkåra for omstøyting etter dekningslova § 5-5 var oppfylte – og at kravet ikkje var forelda.
(9)Bolt Group AS anka dommen med omsyn til foreldingsspørsmålet. Hålogaland lagmannsrett sa dom 30. oktober 2020 med slik domsslutning: «1. Anken forkastes. 2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler Bolt Group AS til M3 Anlegg AS’ konkursbo 391 223 – trehundreognittientusentohundreogtjuetre – kroner, innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av dommen.»
(10)Bolt Group AS, seinare RABG AS, anka til Høgsterett. Anken gjaldt rettsbruken, både den generelle lovtolkinga og subsumsjonen. I vedtak 21. februar 2021 fremja Høgsteretts ankeutval «spørsmålet om det er grunnlag for identifikasjon mellom borevisor og ‘boet’ etter dekningsloven § 5-15 første ledd tredje punktum» til handsaming i Høgsterett. Ut over dette vart anken ikkje tillaten fremja.
(11)Saka er for Høgsterett handsama ved fjernmøte, jf. mellombels lov 26. mai 2020 nr. 47 om tilpassingar i prosessregelverket som følgje av utbrotet av covid-19 m.m. § 3. Partanes syn
(12)Den ankande parten – RABG AS – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(13)Buet og dei personane eller organa som representerer dette, må identifiserast. Det er feil når lagmannsretten har lagt til grunn at burevisoren ikkje kan identifiserast med «boet» etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum.
(14)Ordlyden i føresegna talar for identifikasjon. Korkje lovførearbeida eller rettspraksis løyser spørsmålet om kva for rettssubjekt som må identifiserast med buet, men desse kjeldene utelukkar i alle fall ikkje identifikasjon. Det følgjer derimot av systemet i konkurslova at burevisoren må identifiserast med buet. Burevisoren er eitt av organa for buet og kan instruerast av bustyret og bustyraren. Revisoren blir til dømes identifisert med buet etter konkurslova § 101 ved at konkursskuldnaren har plikt å gje opplysningar om sine økonomiske forhold før og under konkursen til både tingretten, bustyret, bustyraren og burevisoren.
(15)Under alle omstende må burevisoren identifiserast med buet etter allmenne foreldingsreglar om identifikasjon. Løysinga har også støtte i dei kontraktsrettslege reglane om identifikasjon med kontraktshjelparar og i dei erstatningsrettslege reglane om organansvar. Det er ikkje avgjerande at det er buet, og ikkje burevisoren, som set fram krav om omstøyting. Oppgjersomsynet og omsyna bak identifikasjonsreglane og omsynet til ein god regel tilseier at burevisoren må identifiserast med bustyraren og buet.
(16)RAGB AS har sett fram slik påstand: «1. Lagmannsrettens dom oppheves. 2. RABG AS tilkjennes sakskostnader for Høyesterett.»
(17)Ankemotparten – M3 Anlegg AS’ konkursbu – har i hovudtrekk gjort gjeldande:
(18)Korkje ordlyden, førearbeid eller rettspraksis tilseier at bustyraren skal identifiserast med burevisorens kunnskap. Lovteksten knyter kunnskapskravet til «boet eller gjeldsnemnda». I lovførearbeida er buet definert som skifteretten, bustyraren eller bustyret. Dersom burevisors kunnskap hadde vore relevant, ville dette ha kome fram i Rt-1998-1042 Stormbull – noko det ikkje gjer. Juridisk litteratur er samstemt i at det er bustyret og bustyraren som er subjektet for kunnskap, ikkje burevisoren. Heller ikkje reelle omsyn tilseier at burevisoren er subjekt for godtruverderinga, sidan dette vil gje ein rettsteknisk vanskeleg regel og buet kan li tap dersom burevisoren held attende opplysningar.
(19)Korkje allmenne obligasjonsrettslege prinsipp, kontraktshjelparansvaret eller organansvaret tilseier identifikasjon. Det ligg ikkje føre eit kontraktsforhold mellom burevisoren og bustyraren. Burevisoren blir oppnemnd av tingretten og får mandatet sitt og godtgjersla derfrå. Lova føreset ei arbeidsdeling mellom bustyraren og burevisoren i tråd med mandatet. Bustyraren kan ikkje fri seg frå ansvaret sitt, sjølv om det blir oppnemnt ein burevisor og det er ei arbeidsdeling mellom desse to.
(20)M3 Anlegg AS’ konkursbu har sett fram slik påstand: «1. Anken forkastes. 2. RABG AS dømmes til å betale sakens omkostninger for Høyesterett.» Mitt syn Problemstillingane
(21)Ved konkurs blir retten til å krevja omstøyting i utgangspunktet forelda eitt år etter konkursopninga, jf. dekningslova § 5-15 fyrste ledd fyrste punktum. Fristen er kortare enn den allmenne foreldingsfristen i foreldingslova § 2. Dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum stiller opp ein tilleggsfrist på seks månader. Denne er såleis kortare enn tilleggsfristen i foreldingslova § 10.
(22)Hovudspørsmålet i saka er om kravet om omstøyting er forelda etter tilleggsfristen i dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum, som har slik ordlyd: «Rett til omstøtelse foreldes likevel tidligst seks måneder fra det tidspunkt da boet eller gjeldsnemnda fikk eller burde ha fått kjennskap til de omstendigheter som ligger til grunn for kravet om omstøtelse, begrenset til 10 år fra åpning av konkurs eller forhandling om tvangsakkord.»
(23)Partane er samde om at fristen vart avbroten ved stemninga 19. juli 2019. Dersom «boet» fekk eller burde ha fått kunnskap om den ekstraordinære betalinga før 19. januar 2019, er kravet om omstøyting forelda. Lagmannsretten kom til at buet på dette tidspunktet ikkje hadde eller burde hatt kunnskap som kunne føre til omstøyting, og at kunnskapen burevisoren hadde om betalinga, ikkje var relevant. Spørsmålet er om burevisoren må identifiserast med buet, slik at også det han visste eller burde ha visst, er relevant for når tilleggsfristen tek til å gå.
(24)Uttrykket «identifikasjon» er ikkje knytt til lovtekst, men gjev uttrykk for ulovfesta reglar som blir nytta i ulike rettslege situasjonar der det kan vera nærliggjande å sjå to sjølvstendige rettssubjekt under eitt. Berre einskildpersonar kan vera i god tru. Ein juridisk person må alltid opptre gjennom representantar. Somme av desse, til dømes styremedlemer eller dagleg leiarar i aksjeselskap, er kjernen i organisasjonen til den juridiske personen – dei er «organ». Det er klart nok at fleire slike enkeltpersonar kan og må identifiserast med den juridiske personen. For konkursbu gjeld dette mellom anna for bustyraren. I tillegg kjem altså identifikasjon med ein vidare krins som det ikkje er naturleg å seia at er organ for den juridiske personen.
(25)Eg forstår den ankande parten slik at det blir gjort gjeldande at burevisoren er omfatta av uttrykket «boet» i dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum, og at burevisoren uansett må identifiserast med buet etter ei nærare vurdering. Er burevisoren omfatta av uttrykket «boet»?
(26)Dekningslova inneheld ingen særskild regel som definerer kva for personar som er organ for buet. I NOU 1972: 20 side 305 går det fram at «boet» i dekningslova § 5-15 under konkurs er «skifteretten, bestyreren eller bostyret». Det er ingen haldepunkt for at «boet» er meint å ha ei anna tyding i § 5-15 fyrste ledd fyrste og tredje punktum.
(27)Burevisoren, som ein meinte skulle nemnast opp i somme, men ikkje alle bu, er ikkje nemnd i førearbeida til dekningslova § 5-15. Rett nok kan burevisoren i visse samanhengar seiast å vera eit slags organ for buet, jf. til dømes konkurslova § 90 om oppgåvene til burevisoren og § 101 om opplysningsplikta konkursskuldnaren har overfor mellom anna burevisoren. Men burevisoren har ikkje kompetanse til å ta avgjerder om eller til å setja fram krav om omstøyting.
(28)Eg finn det såleis klart at burevisoren ikkje er omfatta av uttrykket «boet» slik det er brukt i dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum. Skal burevisoren identifiserast med buet?
(29)Identifikasjon kan formulerast som eit spørsmål om det også må takast omsyn til god eller manglande god tru hjå ein person som på ein eller annan måte er knytt til det subjektet kunnskapskravet gjeld for – godtrusubjektet. Spørsmålet i saka her er om ein i vurderinga etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum kan ta omsyn til burevisorens kunnskap om faktiske omstende som ligg til grunn for omstøytingskravet.
(30)Det er ingen tvil om at det må gjerast ein slik identifikasjon ved vurderinga av kunnskap og god tru i ei rekkje relasjonar. Eit døme på dette er hevdslova § 4 andre ledd, som seier at «verja eller ein annan som styrer med tingen for» hevdaren, skal identifiserast med hevdaren i vurderinga av den gode trua hans. Det er sikker rett at identifikasjon også kan skje utan heimel i lov.
(31)Etter ordlyden i dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum er det «boet» som er godtrusubjekt. Eit innleiande spørsmål er om dette må lesast slik at den nemnde forma for identifikasjon er utelukka etter denne lovføresegna.
(32)Ordlyden talar rett nok isolert mot identifikasjon, ved at den berre nemner «boet eller gjeldsnemnda» som godtrusubjekt, og ikkje har eit tillegg for hjelparar, slik vi har i hevdslova § 4 andre ledd. Førearbeida nemner ikkje problemstillinga.
(33)Eitt av spørsmåla i Rt-1998-1042 Stormbull var om buet hadde hatt slik kunnskap at tilleggsfristen etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum tok til å gå. Det var oppnemnt burevisor. Det var derimot ikkje påstått identifikasjon mellom burevisoren og buet. Høgsterett kom til at fristen hadde teke til å gå, ut frå buets eigen kunnskap, slik at kravet var forelda. Det var då uansett ikkje behov for å ta stilling til mogleg identifikasjon. Etter mitt syn avgjer dommen i alle fall ikkje at identifikasjon mellom burevisoren og buet er utelukka etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum.
(34)Rt-1998-1042 Stormbull slår derimot fast at dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum er ein regel om forelding – og at fristavbrot må skje etter reglane i foreldingslova, sidan denne utfyller dekningslova for dei foreldingsspørsmåla som ikkje er regulerte der. Dersom dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum avskjer identifikasjon, vil det vera eit klart avvik frå det som gjeld etter dei allmenne foreldingsreglane i foreldingslova – der andre personars kunnskap etter omstenda kan identifiserast med kunnskapen til kravshavaren med den verknaden at krav går tapt, sjå Rt-1998-656 Veidekke.
(35)Etter mitt syn må utgangspunktet difor vera at så lenge mogleg identifikasjon korkje er omtalt i ordlyden, førearbeida eller høgsterettspraksis, kan identifikasjon etter allmenne prinsipp ikkje vera utelukka.
(36)Dei meir tradisjonelle og direkte grunnlaga for identifikasjon kjem ikkje i bruk. Det er ikkje tale om eit fullmaktsforhold. Burevisoren er heller ikkje ein kontraktshjelpar for buet, sjølv om organiseringa har visse likskapstrekk. Grunngjevinga bak organansvaret innanfor erstatningsretten er heller ikkje heilt overførbar, jf. Rt-2012-1062 Tripp Trapp avsnitt 122. Spørsmålet er uansett, ut frå systemet i konkurslova og dei reelle omsyna som identifikasjon byggjer på, om det er grunnlag for å identifisere burevisoren med buet.
(37)Vurderinga av identifikasjon mellom godtrusubjektet og den partstilknytte er brei og samansett. Etter mitt syn må det mellom anna takast omsyn til kva godtruregel det er tale om, behovet for den type relasjon det er mellom godtrusubjektet og den partstilknytte, ansvarsområdet til den partstilknytte, om det ligg føre plikt til å vidareformidle kunnskap, om det er tale om oppgåver gudtrusubjektet sjølv ville ha utført utan den partstilknytte, varigheita av tilknytinga, graden av sjølvstende og graden av interessefellesskap. Desse momenta er ikkje uttømande, jf. mellom anna Aage Thor Falkanger, God tro. En studie av kravet til god tro som vilkår for å erverve eller opprettholde privatrettslige rettigheter, 1999, side 367–404.
(38)I vurderinga av identifikasjon i saka her, må utgangspunktet takast i arbeidsdelinga mellom bustyraren og burevisoren. Oppgåva til revisoren etter konkurslova § 90 andre ledd nr. 1 er å gjennomgå og kommentere skuldnarens rekneskap og forretningsførsel og å utarbeide ei revisjonsfråsegn «i den utstrekning bostyreren antar det har betydning for» rapporten frå buet til tingretten etter konkurslova § 120. Denne rapporten frå bustyraren skal mellom anna gje opplysningar om moglege omstøytelege disposisjonar, sjå § 120 fyrste ledd nr 4.
(39)Etter konkurslova § 101 fyrste ledd fyrste punktum har konkursskuldnaren plikt til å gje opplysningar til tingretten, bustyraren, bustyret og burevisoren om økonomiske forhold og forretningsførsel før og under konkursen. Føresegna gjeld ikkje opplysningsplikt for moglege omstøytingsskuldnarar, men viser at revisoren har ei sentral rolle i klarlegginga av dei faktiske forholda. Når konkursdebitoren har plikt til å gje informasjon til burevisoren, og burevisoren elles – etter arbeidsfordelinga mellom bustyraren og burevisoren – er legitimert og kompetent til å motta opplysningar på vegner av buet frå andre, er det eit omstende som talar for identifikasjon.
(40)Arbeidet til burevisoren er grunnlaget for ei rekkje avgjerder frå buets side – mellom anna om det skal setjast fram krav om omstøyting. Dersom det ikkje blir oppnemnt burevisor, eller bustyraren fastset ei anna arbeidsfordeling mellom seg og burevisoren enn den som er vanleg, må buet eller bustyraren gjera dei nemnde oppgåvene sjølv.
(41)Oppgjersomsynet er det berande elementet bak reglane om forelding. Når foreldingsfristen, som her, er kortare enn dei vanlege foreldingsfristane, har lovgjevaren vektlagt dette momentet ytterlegare. Overfor medkontrahentar, som er verna av den kortare omstøytingsfristen, vil det kunne verke tilfeldig at rettsstillinga er avhengig av korleis buet har organisert arbeidet. Medkontrahentar vil ha ei rettkomen interesse i forelding utan omsyn til om dei har gjeve opplysningar til burevisoren eller ikkje. Ut frå omsyna bak regelen er det ikkje naturleg at medkontrahentane skal ha risikoen for den interne arbeidsfordelinga og arbeidsflyten mellom bustyraren og burevisoren. Omsynet til medkontrahentane talar for at burevisoren må identifiserast med buet etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum.
(42)Ankemotparten har framheva at identifikasjon gjer at buet vil måtte svare for revisorens manglande undersøkingar eller manglande oppfølging og overføring av motteken informasjon til buet. Eg legg ikkje stor vekt på denne innvendinga. Dersom revisoren har forsømt seg ved manglande undersøkingar – eller manglande oppfølging og overføring av kunnskap til buet – vil revisoren etter omstenda kunne vera ansvarleg for tap buet har som følgje av dette. Førearbeida til konkurslova § 90, NOU 1972: 20 side 160, føreset at revisoren er ansvarleg overfor buet. Dersom revisoren etter omstenda ikkje er ansvarleg overfor buet, gjer oppgjersomsynet etter mitt syn det meir naturleg at buet har risikoen for den manglande kunnskapen hjå buet enn at medkontrahenten har det.
(43)Den heilt sentrale medhjelparrolla som burevisoren har under buhandsaminga – særleg med omsyn til å identifisere omstøytelege disposisjonar – må etter mitt syn vera avgjerande. Eg er ut frå dette komen til at burevisoren kan identifiserast med konkursbuet i vurderinga av friststart for forelding etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum.
(44)Lagmannsrettens dom byggjer på at identifikasjon aldri kan skje. Dette er ei lovtolking som er feil, og dommen må opphevast. Sakskostnader
(45)Anken har ført fram. Eg kan ikkje sjå at det er grunn til å fråvike hovudregelen om at den vinnande parten skal ha dekt sakskostnadene sine for Høgsterett, jf. tvistelova § 20-2. RABG AS har kravd sakskostnader med 287 000 kroner, som fullt ut er advokatsalær. I tillegg kjem rettsgebyr på 28 128 kroner – totalt 315 128 kroner.
(46)Motparten har ikkje hatt innvendingar mot storleiken på kravet. Eg meiner kravet må godtakast, jf. tvistelova § 20-5. Konklusjon
(47)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. Lagmannsrettens dom blir oppheva. 2. I sakskostnader for Høgsterett betalar M3 Anlegg AS’ konkursbu til RABG AS 315 128 – trehundreogfemtentuseneitthundreogtjueåtte – kroner innan 2 – to – veker frå dommen er forkynt.
(48)Dommer Bergh: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(49)Dommer Kallerud: Likeså.
(50)Dommer Ringnes: Likeså.
(51)Dommer Matheson: Likeså.
(52)Etter røystinga sa Høgsterett slik