Dommarar: Webster, Falkanger, Ringnes, Bergh, Høgetveit Berg Saka gjaldt prøving av vedtak om opphaldsløyve etter reglane om familiegjenforeining. Den ankande parten var ikkje fylt 13 år då ho gifta seg i Syria i 2012. Ekteparet fekk to born då mora var høvesvis 13 og 16 år gamal. Ektemannen fekk opphaldsløyve i Noreg som flyktning i 2015. Den ankande parten søkte i 2017 om familiegjenforeining i Noreg for seg og borna. Forvaltninga avslo søknadane fordi det det openbert ville verke støytande på norsk rettsorden – ordre public – å godta ekteskapet som grunnlag for opphaldsløyve. Høgsterett kom samrøystes til at avslaget på søknaden om opphaldsløyve var ugyldig. Den lange tida som hadde gått, det faktum at søkjaren no var over 18 år og hadde eit reelt ynske om å halde fram med samlivet med ektemannen, talte for at det vil vera i strid med rettskjensla å nekte henne og borna opphaldsløyve på grunn av ekteskapet. Dei ankande partane hadde kravd fastsetjingsdom for brot mot EMK artikkel 8. Ut frå resultatet var det for Høgsterett ikkje nødvendig å ta stilling til dette spørsmålet, og kravet vart avvist. Dommen gjev rettleiing for bruken i familiegjenforeiningssaker etter utlendingslova av ordre public-reservasjonen i ekteskapslova § 18 a.
(1)Dommar Høgetveit Berg: Kva saka gjeld og bakgrunnen for henne
(2)Saka gjeld prøving av vedtak om opphaldsløyve etter reglane om familiegjenforeining. Det sentrale spørsmålet er om det er støytande mot den norske rettsordenen – ordre public – å la eit ekteskap som er inngått som mindreårig i Syria, gje grunnlag for opphald i Noreg.
(3)B er fødd 00.00.1999. Den 00.00.2012, altså dagen før ho fylte 13 år, gifta ho seg – i Syria – med D. D var då 25 år gamal. Ektemakane er søskenborn. Ekteskapet er lovleg inngått etter syrisk rett.
(4)Den 00.00.2013 fødde B sonen C. Ho var då 13 år gamal. Den 00.00.2015 fødde ho dottera A. B var då 16 år gamal.
(5)Etter giftarmålet budde B hjå svigerfamilien, på landsbygda utanfor X. B og D budde saman i ein periode på om lag tre og eit halvt år, frå januar 2012 til august 2015, men slik at D var bortreist i lengre tidsrom fordi han arbeidde i Libanon. Han var i Libanon frå to til fire månader om gongen og heime i Syria i periodar på inntil halvannan månad om gongen. For å sleppe å gå inn i borgarkrigen i Syria reiste D til Noreg i 2015. Han har opphaldsløyve i Noreg som flyktning.
(6)Den 21. september 2017, ved den norske ambassaden i Beirut i Libanon, søkte B om opphaldsløyve i Noreg for seg sjølv og dei to borna, C og A. Grunnlaget for søknaden var familiegjenforeining med ektemannen D. Alle fire er syriske statsborgarar.
(7)Utlendingsdirektoratet (UDI) avslo 14. desember 2017 søknadene om familiegjenforeining. Etter klage kom Utlendingsnemnda (UNE) i vedtak 10. mars 2019 til det same resultatet. UNE bygde på at det openbert ville verke støytande mot norsk rettsorden – ordre public – dersom ekteskapet vart godteke som grunnlag for opphaldsløyve, jf. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum. UNE meinte at resultatet ikkje var i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 om rett til respekt for familieliv. UNE bygde vidare på at utlendingslova § 41 om opphaldsløyve for sambuarar heller ikkje gav rett til opphald. UNE vurderte også om det var grunnlag for opphald ut frå sterke menneskelege omsyn, jf. utlendingslova § 49, men kom til at dette ikkje var tilfellet.
(8)Den 12. mars 2019 varsla B og dei to borna søksmål mot staten. UNE handsama varselet samstundes som eit krav om omgjering av vedtaket frå 10. mars 2019. I nytt vedtak 7. mai 2019 tok UNE ikkje kravet om omgjering til følgje. B og borna tok deretter ut søksmål.
(9)Oslo tingrett sa 2. mars 2020 dom med slik domsslutning: «1. Utlendingsnemndas vedtak 10. mars 2019 og etterfølgende beslutning 7. mai 2019, er ugyldige. 2. Staten ved Utlendingsnemnda betaler 216 360 – tohundreogsekstentusentrehundreogseksti – kroner i sakskostnader til B, C og A innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne dommen.»
(10)Tingretten kom til at det var feil ved sakshandsaminga til UNE – grunngjevinga knytt til vurderinga av EMK artikkel 8 – noko som kunne ha verka inn på resultatet.
(11)Staten anka dommen til Borgarting lagmannsrett. Den 9. juli 2020 gjorde UNE nytt vedtak om ikkje å gjera om avslaget frå 10. mars 2019. I dette nye vedtaket vart spørsmålet om retten til respekt for familieliv – EMK artikkel 8 – drøfta meir inngåande enn i dei tidlegare vedtaka. B og borna trekte gyldigheita av dette nye vedtaket inn som nytt krav for lagmannsretten.
(12)Lagmannsretten var i tvil om resultatet, men kom til at dei tre vedtaka var gyldige. Borgarting lagmannsrett sa dom 22. september 2020 med slik domsslutning: «1. Staten v/Utlendingsnemnda blir frifunnen. 2. Sakskostnader blir ikkje tilkjent, korkje for tingretten eller lagmannsretten.»
(13)B, C og A anka lagmannsrettens dom til Høgsterett. For lagmannsretten var EMK artikkel 8 eitt av påstandsgrunnlaga for ugyldigheit. I anken til Høgsterett vart det også sett fram krav om fastsetjingsdom for at UNEs avgjerd var i strid med EMK artikkel 8. Høgsteretts ankeutval fremja anken 29. januar 2021. Utvalet tok ikkje stilling til om det var høve til å fremja den nye påstanden.
(14)I ankeutvalets avgjerd 10. mai 2021 fekk D ikkje tre inn som part i saka, men han fekk saman med Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) løyve til å opptre som partshjelparar for dei ankande partane. Partanes syn
(15)Dei ankande partane – B, C og A – har i hovudsak gjort gjeldande:
(16)Vilkåra for opphaldsløve etter utlendingslova § 40 er oppfylte. B ynskjer å halda fram med det etablerte familielivet, som tok til då ho etter eige ynske gifta seg i 2012. Ho og dei to borna har ein svært vanskeleg livssituasjon i ein usikker del av Syria.
(17)Opphaldsløyve etter § 40 vil ikkje vera i strid med ordre public, sml. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum. B var over 18 år då ho søkte om opphaldsløyve. Det avgjerande må vera ei notidsvurdering av verknadene av at ekteskapet blir godteke.
(18)Vedtaka om å nekte B og borna opphald i Noreg inneber ei varig splitting av familien. B og ektemannen hadde vore gifte i over åtte år på det siste vedtakstidspunktet og har to born saman. Dei gifte seg før det vart opprør og krig i Syria og med det også før familien hadde noka tilknyting til Noreg. I 2012 var ein søknad om familiegjenforeining i Noreg ikkje noko ektemakane kunne sjå føre seg. Eit vedtak om å nekte opphaldsløyve for B og borna er eit ueigna verkemiddel for å hindre framtidige barne- eller tvangsekteskap. Det vil ikkje verke støytande å godta ekteskapet som det formelle grunnlaget for opphaldsløyve.
(19)B har uansett krav på opphald etter utlendingslova § 41. Ho har felles born med referansepersonen og ynskjer å halde fram samlivet. Lova kan ikkje tolkast innskrenkande slik at det gjeld ein ordre public-reservasjon også her.
(20)Det er tale om eit etablert familieliv som er verna av EMK artikkel 8. B og ektemannen budde saman i tre og eit halvt år før han flykta frå Syria. Spørsmålet er om familielivet har krav på vern på vedtakstidspunktet – ikkje kva som var situasjonen i 2012. Sidan ektemannen har status som flyktning, er det uråd å halde fram med familielivet i Syria. Vedtaka byggjer ikkje på ein «fair balance» av interessene til dei ankande partane og staten. Vedtaket er i strid med EMK artikkel 8.
(21)Dei ankande partane har rettsleg interesse i å få fastsetjingsdom for konvensjonsbrot. Vilkåra for objektiv kumulasjon er oppfylte.
(22)Vedtaka til UNE inneber under alle omstende ei usakleg forskjellshandsaming. Praksis viser at i alle andre saker med syriske par der kvinna var mindreårig ved giftarmålet, har UNE gjeve opphaldsløyve.
(23)B, C og A har sett fram slik påstand: «1. Utlendingsnemndas beslutning 9. juli 2020 er ugyldig. 2. Utlendingsnemndas beslutning 9. juli 2020 er i strid med EMK artikkel 8. 3. Staten v/UNE dekker sakens omkostninger for tingrett, lagmannsrett og Høyesterett.»
(24)Partshjelparane – D, Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) – har slutta seg til det som er gjort gjeldande frå dei ankande partane.
(25)Ankemotparten – staten ved Utlendingsnemnda – har i hovudsak gjort gjeldande:
(26)Å godta ekteskapet mellom B og D som rettsleg grunnlag for opphaldsløyve etter utlendingslova § 40 vil openbert verke støytande på norsk rettsorden. Ein må difor sjå bort frå ekteskapet, jf. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum. Her må ein fyrst og fremst leggje vekt på omstenda ved giftarmålet. Når B ikkje har krav på opphald, har borna heller ikkje krav på opphald etter utlendingslova § 42 fyrste ledd.
(27)Born må vernast mot giftarmål og seksuelle overgrep. Dette er grunnleggjande rettsprinsipp i det norske samfunnet. Vurderinga av ordre public må skje på bakgrunn av det synet på barneekteskap og seksuell omgang med born som norsk strafferett byggjer på. Det er straffbart å gifte seg med eit barn eller medverke til at eit barn blir gifta bort, jf. straffelova § 262 andre ledd. Seksuell omgang med born under 14 år blir rekna som valdtekt, jf. straffelova § 299. Når den seksuelle omgangen er samleie, gjeld det ei minstestraff på fengsel i 3 år og ei strafferamme på fengsel i 15 år, jf. straffelova § 300.
(28)Den låge alderen til B – og den store aldersskilnaden mellom ektemakane – tilseier at ekteskapet ikkje kan godtakast. At det har gått relativt lang tid sidan giftarmålet er eine og aleine eit utslag av at B var svært ung då ho gifta seg. Ein kan difor ikkje leggje stor vekt på tida som har gått. Opphaldsløyve heimla i utlendingslova § 40 må difor vera utelukka.
(29)B har heller ikkje krav på opphaldsløyvde etter utlendingslova § 41 om familiegjenforeining for sambuarar. Systemomsyn tilseier at utlendingslova § 41 må lesast slik at føresegna ikkje gjev grunnlag for familiegjenforeining når grunnlaget for samlivet er eit ekteskap som ikkje blir godteke etter ordre public. Dersom utlendingslova § 41 skulle gje vern her, vil ikkje § 40 og reservasjonen for ordre public ha nokon effekt i saker der bortgifta born sjølv har fått born.
(30)Utlendingslova § 49 – om opphald ut frå sterke menneskelege omsyn – gjev heller ikkje grunnlag for familiegjenforeining i saka her. Retten kan berre prøve om vedtaket byggjer på maktmisbruk eller om vedtaket er i strid med retten til vern av familielivet i EMK artikkel 8. Vedtaka til UNE er ikkje utslag av usakleg forskjellshandsaming. Det er relevante skilnader jamført med andre saker der ekteskap med mindreårige i Syria har ført til opphaldsløyve basert på familiegjenforeining. Det er uansett ikkje tale om brot på ein eintydig praksis.
(31)Vedtaka til UNE er ikkje i strid med EMK artikkel 8. Staten har ei folkerettsleg plikt til å motarbeide barneekteskap. Det kan reisast spørsmål ved om det her i det heile teke ligg føre eit familieliv som er verna av EMK artikkel 8. Det kan vidare reisast spørsmål ved det territoriale verkeområdet for EMK. Ut frå dei konkrete omstenda i saka godtek staten at EMK kjem i bruk. Vedtaka til UNE er uansett tufta på vurderingar som byggjer på ein rimeleg balanse mellom interessene til individet og samfunnsinteresser. Dei ankande partane kan ikkje gjera gjeldande rettar etter FNs barnekonvensjon (BK) artikkel 3.
(32)Kravet om fastsetjingsdom for brot mot EMK artikkel 8 er nytt for Høgsterett. For det tilfellet at Høgsterett tillèt objektiv kumulasjon, meiner staten at dei ankande partane ikkje har rettsleg interesse i å få fastsetjingsdom for konvensjonsbrot.
(33)Staten ved Utlendingsnemnda har sett fram slik påstand: «1. Anken forkastes. For det tilfelle at Høyesterett tillater objektiv kumulasjon: 2. Prinsipalt: Kravet inntatt i påstandspunkt nr. 2 avvises. 3. Subsidiært: Staten v/Utlendingsnemnda frifinnes. I alle tilfeller: 4. Staten v/Utlendingsnemnda tilkjennes sakskostnader for Høyesterett.» Mitt syn Generelt om opphaldsløyve på bakgrunn av familiegjenforeining
(34)Etter utlendingslova § 40 har ektemaken til ein referanseperson – den personen søkjaren ynskjer å bli gjenforeint med, jf. utlendingslova § 39 – rettskrav på opphaldsløyve etter nærare vilkår, mellom anna at begge partane er over 18 år, og at dei skal bu saman. Born under 18 år har rettskrav på opphaldsløyve når begge foreldra har eller får opphaldsløyve etter § 40, jf. utlendingslova § 42 fyrste ledd.
(35)Utlendingslova inneheld ikkje ei nærare regulering av ekteskapsalder for ekteskap som grunnlag for opphaldsløyve, men blir her supplert av ekteskapslova. Ekteskapsalderen i Noreg er 18 år, jf. ekteskapslova § 1 a. Unntak gjeld for ekteskap inngått i utlandet. Eit slikt ekteskap blir godteke i Noreg dersom det er gyldig inngått i vigselslandet, jf. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fyrste punktum. Utanlandske ekteskap blir likevel ikkje godtekne i Noreg dersom det «åpenbart ville virke støtende på norsk rettsorden (ordre public)», jf. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum.
(36)Dersom søkjaren ikkje er gift, kan utlendingslova § 41 heimle opphaldsløyve. Etter § 41 fyrste ledd har ein søkjar som har levd i eit fast og etablert sambuarforhold i minst to år med ein referanseperson, rettskrav på opphaldsløyve når partane vil halde fram samlivet. Ein søkjar som ikkje har levd saman med referansepersonen, har rettskrav på opphaldsløyve på nærare vilkår dersom dei har barn saman, jf. § 41 andre ledd. Det er eit vilkår for slike opphaldsløyve at både søkjaren og referansepersonen er over 18 år, jf. § 41 fjerde ledd.
(37)Dersom sterke menneskelege omsyn tilseier det, kan opphaldsløyve gjevast utan omsyn til om vilkåra i §§ 40 og 41 er oppfylte, jf. utlendingslova § 49. Søkjaren har ikkje rettskrav på slikt løyve; dette er opp til det frie skjønnet til utlendingsstyresmaktene. Avslag på søknad om opphaldsløyve etter § 49 kan difor berre setjast til side dersom det ligg føre sakshandsamingsfeil eller maktmisbruk.
(38)Eg legg til at ved bruken av alle desse heimlane vil internasjonale plikter kunne vera relevante, jf. utlendingslova § 3 og menneskerettslova § 2. I tillegg kjem dei overordna krava som følgjer av Grunnlova. EMK artikkel 8 og Grunnlova § 102 om retten til familieliv og Grunnlova § 104 om det beste for barnet vil såleis kunne setja grenser for rettsbruken. Det same gjeld FNs barnekonvensjon (BK) artikkel 3. Eg nemner også BK artikkel 19, som pålegg staten å arbeide for å verne alle born mot mellom anna alle former for fysisk eller psykisk vald, skade eller misbruk, mishandling eller utnytting, inkludert seksuelt misbruk. Dette omfattar også barneekteskap. Vidare pålegg BK artikkel 24 nr. 3 staten å setja i verk alle effektive og eigna tiltak for å avskaffe tradisjonsbunden praksis som er skadeleg for borns helse. Endeleg nemner eg FNs kvinnediskrimineringskonvensjon, særleg artikkel 16 nr. 2, som mellom anna slår fast at det skal vera utan rettsverknader å forlova og eller gifte bort born, og at det i lov skal fastsetjast ein minstealder for ekteskap. Dei rettslege rammene for vurderinga av ordre public i saker etter utlendingslova § 40, jf. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum
(39)Ekteskapslova § 18 a, som kom inn i lova i 2007, har slik ordlyd i fyrste ledd fyrste og fjerde punktum: «Et ekteskap som er inngått i utlandet, anerkjennes her i riket dersom ekteskapet er gyldig inngått i vigselslandet. … Et ekteskap anerkjennes likevel ikke dersom dette åpenbart ville virke støtende på norsk rettsorden (ordre public).»
(40)Det følgjer av ordlyden at det skal svært mykje til for ikkje å godta eit ekteskap som er lovleg inngått i utlandet, jf. «åpenbart virke støtende på norsk rettsorden». Dette peikar mot våre samfunnsverdiar og rettsnormer, vårt syn på menneskeverd og den allmenne rettskjensla.
(41)Eg skyt inn at vurderinga av ordre public etter ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum ikkje er ein del av det frie skjønnet til forvaltninga, og at domstolane har uavgrensa kompetanse til å prøve rettsbruken. Dette gjeld ikkje berre innanfor utlendingsretten, men også i dei andre samanhengane der det kan bli aktuelt å setja ekteskapet til side som stridande mot ordre public. Høgsterett må såleis på sjølvstendig grunnlag ta stilling til om UNE hadde heimel til å nekte opphaldsløyve på dette grunnlaget.
(42)Spesialmerknadene i førearbeida til ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum er svært knappe, og seier berre at føresegna er ei kodifisering av eldre rett. Eg siterer difor frå omtalen av dågjeldande rett – i Ot.prp. nr. 100 (2005–2006) side 12: «Et ekteskap inngått i utlandet vil ikke bli anerkjent dersom dette vil stride mot våre grunnleggende retts- og verdinormer, såkalt ordre public. Eksempler på ordre public-tilfeller er der ekteskapet er inngått under rettsstridig tvang eller for øvrig mangler samtykke, eller at ektefellene er svært unge. Hvor unge partene må være før ekteskapet ikke anerkjennes er ikke fastsatt. Ved vurderingen må man ta utgangspunkt i en alder som ligger godt under norsk minstealder for ekteskap, herunder den alder som det er gitt dispensasjon for i medhold av ekteskapsloven § 1 tredje ledd. Ekteskap der partene er 11–12 år ved inngåelsen, vil klart ikke kunne anerkjennes i Norge. Etter ekteskapsloven har det som hovedregel ikke vært gitt dispensasjon til søkere under 17 år. Det finnes imidlertid eksempler på at 15- og 16-åringer har fått tillatelse til å gifte seg. En ordre public-stridig lav alder for ekteskap må etter departementets oppfatning klart antas å være under 15 år.»
(43)Departementet omtalar her ikkje berre godtaking av ekteskap inngått i utlandet, men trekkjer også ein parallell til dispensasjonspraksis for ekteskap inngått i Noreg. Innhaldet i norsk intern rett er ikkje direkte avgjerande for innhaldet i ordre public-norma, men kan gje eit referansepunkt for vurderinga.
(44)Ut over dette seier ikkje førearbeida noko meir om innhaldet i ordre public-reservasjonen. Ved endringslov 11. juni 2021 nr. 63, som førebels ikkje har teke til å gjelde, er ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum flytta til nytt andre ledd. Heller ikkje førearbeida til denne endringa, som eg kjem attende til, gjev noko direkte bidrag til tolkinga. Ein må difor kunne leggje vekt på kva som generelt eller i andre samanhengar karakteriserer ordre public. Eit grunnleggjande utgangspunkt er formulert i Rt-2009-1537 Bokhandlaren i Kabul avsnitt 37: «Et ‘ordre public’-forbehold er et forbehold om at den fremmede retten må vike dersom anvendelsen av fremmed rett vil føre til et resultat som strider sterkt med vår rettsfølelse».
(45)Dette utgangspunktet er gjenteke i Rt-2011-531 Krigsforbrytar avsnitt 52. Det er altså ikkje ei vurdering av den utanlandske rettsregelen det er tale om å bruke, men resultatet av at denne blir godteken i Noreg. Ordre public kan karakteriserast som ein tryggingsventil som skal hindre at godtaking av reglar frå framande rettssystem fører til uakseptable resultat i den konkrete saka.
(46)Ei vurdering av resultatet kan ikkje gjerast lausrive frå den konkrete saka. Vurderinga må skje i ein faktisk kontekst og i relasjon til den konkrete rettsverknaden det er tale om. Vurderinga av resultatet er difor ikkje berre ei vurdering av om det generelt er støytande at ekteskapet blir godteke, men fyrst og fremst ei vurdering av om det er støytande at den konkrete rettsverknaden av ekteskapet blir godteken. I vår sak vil ordre public-vurderinga difor knyte seg til om det «åpenbart ville virke støtende» å gje dei ankande partane opphaldsløyve etter utlendingslova §§ 40 og 42 på grunnlag av ekteskapet.
(47)Om rammene for vurderinga av spørsmålet om ordre public etter utlendingslova § 40, jf. ekteskapslova § 18 a, skriv UNE følgjande i vedtaket 10. mars 2019: «Når det gjelder den videre forståelsen av ordre public-reservasjonen i internasjonal privatrett, presiseres det at det er virkningen og resultatet av en anerkjennelse av ekteskapet som må være i strid med norsk rettsfølelse. I dette tilfellet blir spørsmålet om det å anerkjenne ekteskapet med den konsekvens at det kan gis familieinnvandring, vil være åpenbart i strid med viktige formål og verdier i vår rettsorden. Det er følgelig ikke kun en vurdering av situasjonen på vigselstidspunktet, men også en nåtidsvurdering av hvilken betydning en anerkjennelse får på vedtakstidspunktet som må foretas. Nemnda har også merket seg følgende uttalelse fra prof. Helge J. Thue i ‘Anerkjennelse av ekteskap stiftet i utlandet’, Tidsskrift for familierett, arverett og barnevernrettslige spørsmål 01/2003: ‘Ekteskapet har utallige rettslige virkninger. Og det er de enkelte, eller den enkelte, virkning som må være ordre public-stridig. Det er sikker rett og lære, også internasjonalt, at det er ikke den utenlandske regel man anvender som skal prøves ordre public-messig, men de aktuelle virkningene av den.’»
(48)Eg sluttar meg til dette. Spørsmålet i saka her er såleis ikkje om ekteskapet inngått i Syria generelt skal godtakast, det vil seia med alle rettsverknader. Spørsmålet er om rettsverknaden opphaldsløyve tufta på familiegjenforeining kan nektast med den grunngjevinga at ekteskapet kom i stand på ein slik måte at det blir openbert støytande å ta søknaden til følgje i dag.
(49)Vurderinga må også ta opp i seg kva eit opphaldsløyve konkret vil innebera i saka her – og kva eit avslag vil innebera – og om det eine eller andre resultatet vil vera openbert i strid med den norske rettsordenen. Når vurderinga av ordre public er avgrensa på denne måten, vil det også vera relevant å trekkje inn andre reglar. Dersom andre regelsett som går føre formell lov, talar for familiegjenforeining, vil det vera lite rom for å nekte godtaking ut frå ordre public-reservasjonen.
(50)I vurderinga må ein mellom anna ta omsyn til alderen til ektemakane både ved giftarmålet og på søknadstidspunktet, medrekna om ektemakane var og er jambyrdige i alder og utvikling, om partane seinare har innretta seg på at dei er gifte, om dei ynskjer eit familieliv i dag, og om dei har felles barn. Ein må også ta omsyn til dei faktiske og rettslege konsekvensane av ei underkjenning av ekteskapet, mellom anna om det vil innebera ei familiesplitting.
(51)UNE viser i avgjerda frå 9. juli 2020 tilbake til vedtaket frå 10. mars 2019. Dette vedtaket tek utgangspunkt i instruks GI-13/2016 frå Justis- og beredskapsdepartementet, datert 20. desember 2016. I denne instruksen heiter det i punkt 3: «I saker etter utlendingsloven skal UDI og UNE ved vurdering av ordre public-normen i ekteskapsloven § 18 a første ledd som hovedregel legge til grunn en nedre aldersgrense på 16 år for å kunne anerkjenne et ekteskap som er inngått i utlandet på et tidspunkt hvor ingen av partene hadde tilknytning til Norge og hvor en eller begge parter var mindreårig på vigselstidspunktet. Ekteskapet kan unntaksvis anerkjennes selv om en eller begge parter var under 16 år da ekteskapet gyldig ble inngått i utlandet. Ved vurderingen kan det ses hen til om partene er jevnbyrdige i alder og utvikling og partenes alder på søknadstidspunktet. Jo eldre partene er, og jo lengre tid som er gått siden ekteskapet ble inngått, desto mindre støtende kan det være på norsk rettsorden å anerkjenne ekteskapet. Ved vurderingen kan det også ses hen til om partene har felles barn, og det må alltid vurderes om nektelse av å anerkjenne ekteskapet kan representere et brudd på retten til familieliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) artikkel 8.»
(52)Det kan nok setjast spørjeteikn ved om desse utgangspunkta er fullt ut i samsvar med dei rettslege rammene for vurderinga av ordre public, som eg har gjort greie for over. Sitatet kan kanskje lesast som om kjernen i vurderinga er knytt til sjølve giftarmålet, og ikkje til dei moglege rettsverknadene som ekteskapet fører til i den konkrete saka. Men det kan også lesast som eit oversyn over nokre relevante moment. Men på same måten som lagmannsretten meiner eg at også andre moment må trekkjast inn. Det vil til dømes vera omstende knytte til sjølve giftarmålet og søknaden om familiegjenforeining. Dei norske reglane om ekteskapsalder og den nyleg vedtekne innstramminga av godtaking av utanlandske ekteskap
(53)Kva som er ekteskapsalderen etter norsk rett, er som nemnt ikkje avgjerande for innhaldet i ordre public, men det gjev eit referansepunkt for vurderinga.
(54)Før lovendring i 2018 kunne fylkesmannen, for giftarmål i Noreg, gjera unntak frå ekteskapsalderen på 18 år ned til 16 år der det låg føre «sterke grunner». Før 2007 kunne fylkesmannen gjera unntak, utan noka nedre aldersgrense, dersom det låg føre «særlige grunner». Dette var snevre dispensasjonsheimlar. I samband med lovendringa i 2018, der ein tok bort dispensasjonsheimelen, uttalte familie- og kulturkomiteen i Innst. 267 L (2017–2018) side 2 at det i dei seinare åra har blitt inngått svært få ekteskap der den eine parten var under 18 år, og at lovendringa difor i hovudsak skulle sjåast som eit signal om at Noreg ikkje aksepterer barneekteskap.
(55)I forlenginga av dette uttalte familie- og kulturkomiteen seg også om ekteskap inngått i utlandet, sjå innstillinga side 3: «K omiteen mener at det bør utredes et forbud mot anerkjennelse av alle ekteskap inngått med en part under 18 år, uavhengig av hvor de to partene er bosatt. Slik vil par som påberoper seg å være gift i utlandet før én eller begge parter er 18 år, ikke få sitt ekteskap godkjent av norske myndigheter. Komiteen mener det bør vurderes om den inngripende konsekvens det vil være å ikke anerkjenne et barneekteskap, skal veie mindre enn hensynet til å forhindre flere barneekteskap. Slike ekteskap er overgrep uansett hvor de inngås.»
(56)På denne bakgrunnen fremja regjeringa Prop. 135 L (2020–2021) om innstrammingar i reglane om ekteskap inngått med mindreårig etter utanlandsk rett. Familie- og kulturkomiteen handsama lovforslaget i Innst. 460 L (2020–2021). Fleirtalet i komiteen slutta seg til forslaget frå regjeringa, medan mindretalet ville stramme inn ytterlegare. Endringslova – lov 11. juni 2021 nr. 63 – er, med nokre avgrensa unntak, førebels ikkje sett i kraft.
(57)Ordre public-reservasjonen er ført vidare i ekteskapslova § 18 a andre ledd, men vil som følgje av dei nye reglane i praksis få eit noko snevrare verkeområde.
(58)Ved lovendringa vart det føydd til ein særleg regel om godtaking av ekteskap for partar utan tilknyting til Noreg på vigselstidspunktet, som ny § 18 c: «Et ekteskap som er gyldig inngått etter utenlandsk rett mellom parter som verken var norske statsborgere eller fast bosatt her i riket på vigselstidspunktet, anerkjennes ikke her i riket dersom den ene eller begge av partene på dette tidspunktet var under 18 år. Statsforvalteren kan likevel anerkjenne ekteskapet dersom partene er over 18 år, var over 16 år på vigselstidspunktet og den som var mindreårig på vigselstidspunktet, ønsker ekteskapet anerkjent. Statsforvalteren kan også anerkjenne ekteskapet dersom sterke grunner taler for det. § 18 b andre ledd andre til fjerde punktum gjelder tilsvarende.»
(59)Den rettslege reguleringa er med dette formelt snudd. Ekteskap inngått i utlandet før fylte 18 år blir i utgangspunktet ikkje godtekne, med mindre statsforvaltaren gjev samtykke og den som var mindreårig, ynskjer det. Dette gjeld for dei som var mellom 16 og 18 år ved giftarmålet. Dersom den mindreårige var under 16 år på vigselstidspunktet – som i vår sak – krevst det i tillegg «sterke grunner». Dette vilkåret vil i praksis koma i staden for dagens ordre public-reservasjon. I tillegg gjer denne lovendringa at søkjaren ikkje vil ha eit rettskrav på å få ekteskapet godteke, sidan det er opp til statsforvaltaren å godta det.
(60)Vidare er det tilføydd eit nytt andre ledd i ekteskapslova § 4. Etter denne føresegna kan ektemakane i eit ekteskap som ikkje blir godteke i Noreg, gifte seg dersom vilkåra for giftarmål elles er oppfylte. Den konkrete vurderinga av ordre public
(61)Partane er samde om at ekteskapet mellom B og D er gyldig etter syrisk rett. Sidan D har flyktningstatus, har dei ankande partane difor i utgangspunktet krav på opphaldsløyve i Noreg med heimel i utlendingslova §§ 40 og 42. Spørsmålet er altså om ekteskapet i denne samanhengen ikkje skal godtakast fordi det vil vera openbert støytande å gje opphaldsløyve på dette grunnlaget, jf. ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum.
(62)B fylte 13 år dagen etter at ho gifta seg med D. Dette er fem år under det som i dag er den norske ekteskapsalderen. Ved tidspunktet for giftarmålet i 2012 kunne ein etter norsk rett gifte seg etter fylte 16 år med samtykke frå fylkesmannen. Førearbeida til ekteskapslova nemner ei nedre grense på «11–12 år». Sjølv om ei slik aldersgrense ikkje kan vera absolutt, talar alderen i seg sjølv med styrke for at ekteskapet ikkje bør godtakast. Samstundes set heller ikkje den nyleg vedtekne § 18 c andre ledd andre punktum i ekteskapslova noka absolutt aldersgrense for å godta ekteskap inngått i utlandet.
(63)UNE trekkjer i vedtaket 10. mars 2019 også fram at D er over tolv år eldre enn B, og at dei to ikkje var jambyrdige då dei gifta seg: «Presumsjonen for tvang er sterkere jo lavere alderen på tidspunktet for ekteskapsinngåelse er, og forsterkes av den store aldersforskjellen mellom partene. Nemnda mener at klagerens alder var så lav, at hun i realiteten ikke hadde samtykkekompetanse til å ta et så alvorlig livsvalg som et ekteskap innebærer, og at hun heller ikke kan ha hatt en slik personlig modenhet og posisjon i familien, at hun hadde en reell mulighet til å motsette seg press og forventninger fra andre i sin omgivelse om ekteskapsinngåelse.»
(64)Eg er i utgangspunktet samd i dette. B har ved søknaden om opphaldsløyve likevel forklart at ho som tolvåring ynskte å gifte seg med D, og at ho ikkje vart pressa til det. På same måten som lagmannsretten, som rett nok ikkje høyrde partane, men elles sa dom etter beinveges provføring, byggjer eg på at B’ forklaring om dette er tufta på det ho i dag meiner om det som skjedde i 2011 og 2012 då ekteskapet vart avtalt og inngått. Det er etter mitt syn likevel utan tvil tale om eit tvangsekteskap etter norsk rett.
(65)Noreg har ei klar folkerettsleg plikt til å hindre overgrep mot born i form av barne- og tvangsekteskap. Eg viser til det UNE skriv i vedtaket 10. mars 2019: «Det vises blant annet til at FNs verdenserklæring om menneskerettigheter av 1948 blant annet slår fast at ‘Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende ektefeller’. FNs konvensjon om samtykke til ekteskap av 1962 innebærer også at statene er forpliktet til å sikre fullstendig frihet i valg av ektefelle, samt å avskaffe barneekteskap og forlovelse av barn før pubertetsalder. Retten til fritt å velge ektefelle og å inngå ekteskap frivillig er også nedfelt i FNs kvinnediskrimineringskonvensjon art. 16 og FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter av 1966 art. 23. Videre pålegger FNs barnekonvensjon av 1989 statene å treffe effektive og egnede tiltak med henblikk på å avskaffe tradisjonsbestemt praksis som er skadelig for barns helse (art. 24 nr. 3). Myndighetene pålegges i tillegg å verne barn mot alle former for seksuell utnytting og misbruk (art. 34). Nemnda viser til at barne- og tvangsekteskap også i praksis innebærer påtvungen seksuell aktivitet.»
(66)Etter mitt syn har det stor vekt at ekteskapet, i tillegg til at det opphavleg var tufta på tvang, innebar seksuelt misbruk av B. Noreg har etter BK artikkel 34 plikt til å setja i verk tiltak for å hindre slike overgrep. B fødde det fyrste barnet då ho sjølv var eit barn. Det er ved vurderinga også relevant at samleie med born under 14 år etter norsk straffelov skal reknast som valdtekt – med ei minstestraff på fengsel i tre år, jf. straffelova § 300. Ved gjentekne overgrep blir det rekna som grov valdtekt med ei strafferamme på fengsel i 21 år, jf. straffelova § 301 andre ledd bokstav d, jf. fyrste ledd.
(67)Samleie med jenter i så ung alder kan føre til at dei blir gravide utan at kroppen er moden for graviditet. Dette fører til ulike helseplager, jamvel dødsfall, sjå til dømes felles fråsegn frå komiteane under FNs kvinnediskrimineringskonvensjon og FNs barnekonvensjon, felles generell tilråding nr. 31 frå kvinnediskrimineringskomiteen og generell kommentar nr. 18 frå barnekomiteen (CEDAW/C/GC/31-CRC/C/GC/18), side 7: «Child marriage is often accompanied by early and frequent pregnancies and childbirth, resulting in higher than average maternal morbidity and mortality rates. Pregnancy-related deaths are the leading cause of mortality for 15-19 year old girls (married and unmarried) worldwide. Infant mortality among the children of very young mothers is higher (sometimes as much as two times higher) than among those of older mothers.»
(68)UNE konkluderte med at det ville vera openbert støytande på norsk rettsorden å godta ekteskapet, og la det få rettsverknader etter utlendingslova § 40, på tidspunktet for giftarmålet i 2012. Eg er samd i det.
(69)Spørsmålet blir likevel om utviklinga etter giftarmålet i 2012 gjev grunnlag for ein annan konklusjon.
(70)Eg meiner det må ha stor vekt at B var over 18 år på søknadstidspunktet og 21 år på det siste avgjerdstidspunktet. Ho har under heile søknadsprosessen forklart at ho ynskjer å halde fram med samlivet med ektemannen. Som lagmannsretten legg eg til grunn at det er reelt at B ynskjer å koma til Noreg saman med dei to borna sine for å leve saman med ektemannen.
(71)At det på tidspunktet for den siste avgjerda frå UNE har gått over åtte år sidan giftarmålet, og at B i dag er godt over norsk ekteskapsalder, tilseier at det no klart vil verke mindre støytande å la ekteskapet gje grunnlag for opphaldsløyve i Noreg.
(72)Staten har i skranken i Høgsterett erkjent at det må vera ei tidsgrense, men samstundes peikt på at tida som har gått, ikkje kan få stor vekt, sidan hovuddelen av denne er frå før B fylte 18 år. Etter mitt syn kan ein ikkje sjå bort frå at det frå giftarmålet og fram til det siste vedtaket har gått åtte år, og at dei private partane heile tida har innretta seg etter ekteskapet. I ei ordre public-vurdering kan det rett nok leggjast vekt på at det ein etter norsk rett meiner er ei krenking, har skjedd over lang tid. Men på søknads- og vedtakstidspunkta står saka annleis. Etter mitt syn må det ha stor vekt at ektemakane kunne ha gifta seg i dag. Eit opphaldsløyve vil ikkje vera eit nytt overgrep mot B.
(73)Ektemaken D har status som flyktning fordi han ikkje kan returnere til Syria. UNE har i vedtaka difor bygd på at nekting av opphaldsløyve for B og borna i Noreg vil føre til ei varig splitting av familien. UNE skriv i avgjerda 9. juli 2020 at dette er eit tungtvegande omsyn som gjer at det skal svært mykje til for at statens interesser veg tyngre. UNE skriv vidare at det generelle utgangspunktet er at det er til det beste for borna å vakse opp med begge foreldra, med mindre noko anna kjem fram i den konkrete saka. Eg er samd i dette. Sjølv om det eldste barnet var to og eit halvt år gamalt og det yngste berre var tre månadar då faren flykta frå Syria, og dei etter dette berre har hatt samkvem kort tid i Tyrkia, er det ikkje noko som tilseier at det ikkje vil vera til det beste for borna å vakse opp saman med begge foreldra.
(74)Det beste for barnet – det vil seia prinsippet om at borns interesser skal vera eit grunnleggjande omsyn ved rettsbruken, jf. Grunnlova § 104 andre ledd – må nemnast særskilt. Dei argumenta som staten meiner gjer at ekteskapet er i strid med norsk ordre public, er i høgste grad tufta på prinsippet om det beste for barnet. Generelt kan eit vedtak som er til gunst for eitt barn, for det fyrste føre til at andre born blir utnytta av ektemakar eller foreldre som har eit ynske om å sikre opphaldsløyve for familien, jf. Ot.prp. nr. 75 (2006–2007) side 160 og Rt-2012-1985 avsnitt 114. For det andre, som denne saka illustrerer, kan eit vedtak som godtek eit barneekteskap i ei konkret sak, kollidere med det generelle arbeidet mot barneekteskap. I relasjon til EMK artikkel 8 skriv UNE i avgjerda 9. juli 2020 følgjande om dette: «Det å beskytte barn mot ekteskapsinngåelse og seksuell omgang er fundamentale prinsipper i det norske samfunnet og av særlig samfunnsmessig betydning. Som nevnt over har Norge forpliktet seg til å sende et klart signal som fordømmer barneekteskap som en skadelig praksis. Det vises blant annet til at FNs verdenserklæring om menneskerettigheter av 1948, FNs konvensjon om samtykke til ekteskap av 1962, FNs kvinnediskrimineringskonvensjon art. 16 og FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter av 1966 art. 23. De høye strafferammene både for ekteskap med barn og seksuell omgang med barn, illustrerer med tyngde viktigheten av disse prinsippene i det norske samfunnet og hvor alvorlig den norske stat ser på slike overgrep. Det ovennevnte illustrerer, etter UNEs syn, at det er svært tungtveiende hensyn som taler mot at ekteskap inngått med barn skal danne grunnlag for familieinnvandring og at en slik nektelse ligger innenfor statens skjønnsmargin. Etter en helhetlig avveining av de motstående hensyn i saken, mener UNE at utfallet i denne saken beror på en rimelig balanse (‘fair balance’) mellom statens interesse i å beskytte barn mot seksuelle overgrep og ekteskap og klagernes og referansepersonens interesse i å utøve et familieliv i Norge. Hensynet til barna og klagerens livssituasjon sett opp mot de motstående hensynene, tilsier etter UNEs vurdering at en nektelsene av oppholdstillatelse ikke vil medføre en krenkelse av EMK art. 8.»
(75)UNE nemner ikkje her at den varige familiesplittinga bygde på at ektemaken til B hadde asyl i Noreg og difor ikkje kan returnere til Syria. Når familiesplittinga er knytt til behovet for asyl, tilseier praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) at det skal meir til for at nektinga av opphaldsløyve skal kunne reknast som utslag av ei rimeleg og balansert vurdering. Eg treng ikkje ta stilling til EMK artikkel 8 eller Grunnlova § 102 i saka her og går difor ikkje inn i dette.
(76)Vurderingstemaet etter ekteskapslova § 18 a fyrste ledd fjerde punktum er noko annleis enn etter EMK artikkel 8 og Grunnlova § 102. Spørsmålet er som nemnt om resultatet av å bruke elles gjeldande norske reglar openbart vil vera i strid med den norske rettskjensla. Ved vektlegginga av dei omsyna som talar for ikkje å godta ekteskapet på grunn av ordre public, er det etter mitt syn sentralt om vedtaket i den konkrete saka er eigna til å nå det meir generelle politiske målet.
(77)Noreg har som nemnt ei klar folkerettsleg plikt til å arbeide både mot tvangsekteskap og seksuelt misbruk av born. Det er tverrpolitisk semje om dette i Noreg, jf. også dei nyleg vedtekne endringane i ekteskapslova. Dei ankande partane og partshjelparane er heilt samde i dette, men har halde fram at nekting av opphaldsløyve i denne konkrete saka er eit ueigna verkemiddel for å hindre framtidige barne- og tvangsekteskap.
(78)Det er nok slik at opphaldsløyve i saka her kan sende eit uheldig signal. Men risikoen for at det vil bli fleire tvangsekteskap i utlandet ut frå kunnskap om denne konkrete saka, er nok ganske liten. Eg er også samd med dei ankande partane i at det neppe straks vil føre til færre tvangsekteskap med born i Syria eller andre stader dersom opphaldsløyve blir nekta i saka her. Ein kan heller ikkje sjå bort frå den situasjonen som faktisk har oppstått. Det har vesentleg vekt at ektemakane i saka her ikkje kan seiast å ha hatt eit ynske om å omgå den norske ekteskapslovgjevinga. Opphaldsløyve i Noreg var ikkje i tankane deira då dei gifta seg i 2012.
(79)Til slutt nemner eg den nyleg vedtekne ekteskapslova § 4 andre ledd. Etter denne føresegna kan partane i eit ekteskap som ikkje blir godteke i Noreg, gifte seg dersom vilkåra for giftarmål elles er oppfylte. Denne føresegna byggjer på ein føresetnad om at det ikkje generelt er openbart støytande at eit barneekteskap blir «reparert».
(80)Oppsummert: På den eine sida vil eit opphaldsløyve i denne saka indirekte sanksjonere ei framferd som det i Noreg er brei semje om at er fullstendig uakseptabel. På hi sida var opphaldsløyve i Noreg ikkje eit tema ved giftarmålet i 2012. Den lange tida som har gått, det faktum at B på søknadstidspunktet var over 18 år og i dag har eit reelt ynske om å halde fram med samlivet med ektemannen, talar for at det vil vera i strid med rettskjensla å nekte henne og borna opphaldsløyve på grunn av ekteskapet. Dersom det ikkje blir gjeve opphaldsløyve, vil familien vera varig splitta. Dette vil ha negative konsekvensar, ikkje minst for borna som blir avskorne frå å vakse opp med begge foreldra. Ei godtaking av ekteskapet inneber ikkje eit framhald av krenkinga av B – kanskje heller tvert om. Ei nekting av opphaldsløyve kan bli oppfatta som ei ytterlegare bør for B – i tillegg til det tidlegare misbruket.
(81)Eg er etter dette komen til at det ikkje er openbert støytande mot den norske rettsordenen at ekteskapet mellom B og D blir godteke etter dei elles gjeldande reglane om opphaldsløyve på grunnlag av familiegjenforeining. UNEs vedtak er difor ugyldig.
(82)Etter dette er det ikkje nødvendig å gå inn på spørsmåla om ugyldigheit på grunn av brot mot Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8, inkludert spørsmåla om det geografiske verkeområdet for EMK og om det ligg føre familieliv etter konvensjonen, utlendingslova § 41, eller om det ligg føre maktmisbruk knytt til bruken av utlendingslova § 49. Fastsetjingsdom for brot på EMK artikkel 8?
(83)Det materielle kravet i saka er at vedtaket frå UNE er ugyldig. Dette har dei ankande partane fått medhald i – ut frå norske rettsreglar. Dei ankande partane har i tillegg kravd fastsetjingsdom for konvensjonsbrot. Som nemnt er det for meg ikkje nødvendig for resultatet i saka å gå inn på spørsmålet om ugyldigheit på grunnlag av brot mot EMK artikkel 8. Kan saksøkaren setja fram krav om fastsetjingsdom for konvensjonsbrot som retten må avgjera, jamvel om det elles ikkje er grunn til å ta stilling til eit slikt brot?
(84)Eg viser til førearbeida til tvistelova, Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) side 154: «Gjør en saksøker gjeldende flere forskjellige rettslige grunnlag til støtte for en påstand, forekommer det ofte at det er klart at ett grunnlag fører fram, men mer tvilsomt om andre gjør det. I slike tilfeller vil domstolene etter vanlige prosessregler – som videreføres i lovforslaget – kunne gi saksøkeren medhold på det grunnlaget som framstår som klart, og unnlate å bruke tid på å vurdere de øvrige grunnlagene. Dette bidrar til å gjøre domstolenes saksbehandling samlet sett mer effektiv. Har saksøkeren til støtte for sin påstand påberopt seg både menneskerettsstrid og krenkelse av rent nasjonale regler, kan det godt forekomme at forholdet til menneskerettskonvensjonen framstår som tvilsomt og uklart, mens det er klart at saksøkeren må få medhold fordi nasjonale regler er overtrådt. Her bør domstolen kunne gi dom bare på grunnlag av de nasjonale reglene uten å ta selvstendig stilling til spørsmålet om menneskerettsstrid. Med en slik dom vil forholdet til menneskerettskonvensjonens krav være brakt i orden. Forutsetningen er naturligvis at en eventuell menneskerettskrenkelse ikke vil gi saksøkeren et videregående krav enn det overtredelsen av den rent nasjonale regel vil gjøre. Det kan likevel tenkes at behovet for rettsavklaring tilsier at domstolen bør ta stilling til det rent menneskerettslige spørsmålet.»
(85)Seinare rettspraksis om høvet til å krevja dom for konvensjonsbrot har vore sett på som sprikjande. Men det er uansett eit grunnkrav at det er påvist eit reelt behov for å få kravet avgjort overfor motparten, jf. tvistelova § 1-3 andre ledd. Eg viser mellom anna til Rt-2015-921 avsnitt 82 og HR-2016-2178-U avsnitt 20.
(86)Dei ankande partane har ikkje peikt på noko konkret behov for dom for konvensjonsbrot som går ut over kravet om å kjenne UNEs vedtak ugyldig. Eg kan difor ikkje sjå at det – og i alle fall ikkje i saka her – er grunnlag for å gjera unntak frå det allmenne prinsippet om at domstolane tek stilling til det som er nødvendig for å gje dom for det materielle kravet som er sett fram. Når eg har konkludert med ugyldigheit på internrettsleg grunnlag, vil ein konsekvens av kravet om dom for konvensjonsbrot vera at domstolen skulle ha ei plikt til å ta stilling til dette spørsmålet i form av eit obiter dictum. Det ville vera systemframandt.
(87)Kravet om dom for konvensjonsbrot må difor avvisast. Sakskostnader
(88)Anken har ført fram, bortsett frå i spørsmålet om fastsetjingsdom for konvensjonsbrot. Dette spørsmålet har likevel vore underordna, og dei ankande partane må seiast å ha fått medhald «i det vesentlige», jf. tvistelova § 20-2 andre ledd. Det er ikkje grunn til å gjera unntak frå hovudregelen om at den vinnande parten skal ha dekt sakskostnadene sine frå motparten.
(89)Dei ankande partane har kravd 216 250 kroner for tingretten, 131 250 kroner for lagmannsretten og 366 019 kroner for Høgsterett – i alt 713 519 kroner. Beløpa er i all hovudsak advokatsalær, meirverdeavgift og rettsgebyr. Staten har ikkje hatt innvendingar mot storleiken på kravet. Eg meiner kravet må godtakast, jf. tvistelova § 20-5.
(90)Eg røystar for slik D O M O G O R S K U R D : 1. Utlendingsnemndas avgjerd 9. juli 2020 om ikkje å gjera om vedtaket 10. mars 2019 er ugyldig. 2. Kravet om fastsetjingsdom for konvensjonsbrot blir avvist. 3. I sakskostnader for tingretten, lagmannsretten og Høgsterett betalar staten ved Utlendingsnemnda til B, C og A 713 519 – sjuhundreogtrettentusenfemhundreognitten – kroner innan 2 – to – veker frå avgjerda er forkynt.
(91)Dommer Bergh: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(92)Dommer Falkanger: Likeså.
(93)Dommer Ringnes: Likeså.
(94)Dommer Webster: Likeså.
(95)Etter røystinga sa Høgsterett slik D O M O G O R S K U R D : 1. Utlendingsnemndas avgjerd 9. juli 2020 om ikkje å gjera om vedtaket 10. mars 2019 er ugyldig. 2. Kravet om fastsetjingsdom for konvensjonsbrot blir avvist. 3. I sakskostnader for tingretten, lagmannsretten og Høgsterett betalar staten ved Utlendingsnemnda til B, C og A 713 519 – sjuhundreogtrettentusenfemhundreognitten – kroner innan 2 – to – veker frå avgjerda er forkynt.