(1)Påtalemakta, E, F, A, B, G og H har anka Borgarting lagmannsretts dom 20. august 2019 i sak 18-113177AST-BORG/02.
(2)Høgsteretts ankeutval ser slik på saka:
(3)Ankane frå påtalemakta, E, F, A, B og G
(4)Anke til Høgsterett kan ikkje fremjast til handsaming utan samtykke frå ankeutvalet. Utvalet kan berre samtykke når anken gjeld spørsmål med tyding utanfor den aktuelle saka eller andre tilhøve gjer det særleg viktig at anken blir handsama av Høgsterett, jf. straffeprosesslova § 323 fyrste ledd fyrste og andre punktum.
(5)Høgsteretts ankeutval finn samrøystes at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til at nokon av ankane blir handsama av Høgsterett.
(6)Anken frå H
(7)H vart frifunnen i tingretten, men domfelt i lagmannsretten. Han har difor ankerett, jf. straffeprosesslova § 323 fyrste ledd tredje punktum, jf. andre ledd andre punktum. Det inneber at anken berre kan bli nekta fremja dersom ankeutvalet ved eit grunngjeve vedtak samrøystes finn det klart at anken ikkje vil føre fram.
(8)H er saman med fire andre tiltalt for brot på straffelova 1902 § 162 fyrste og andre ledd, jf. femte ledd, jf. § 60 a. Grunnlaget er dette: «I slutten av juni 2015 innførte de ca. 38 kg hasj og ca. 12 kg marihuana fra Nederland til Norge. Etter forutgående planlegging og som deltakere i en samhandlende gruppe, skaffet de narkotikapartiet til veie i Nederland. Med bistand fra B, H og L, ble partiet overlevert av A i Nederland 26. juni 2015 til en dansk polititjenestemann som jobbet under dekke for norsk politi og som hadde fått i oppdrag av F og A å frakte narkotikapartiet til Norge på vegne av K.»
(9)Oslo tingrett sa dom 23. mars 2018 med slik domsslutning for H: «H, f. 00.00.1987, frifinnes.»
(10)Påtalemakta anka til lagmannsretten. Borgarting lagmannsrett sa 20. august 2019 dom med slik domsslutning for H: «H, f. 00.00.1987, dømmes for overtredelse av straffeloven (1902) § 162 første og annet ledd, jf. femte ledd, jf. § 49, jf. § 60 a, til en straff av fengsel i 5 – fem – år. Til fradrag i straffen kommer 40 – førti – dager for utholdt varetekt.»
(11)Det går fram av domsslutninga og grunngjevinga at H vart dømd for medverknad til forsøk.
(12)Anken frå H gjeld rettsbruken, sakshandsaminga og straffutmålinga.
(13)H gjer for det fyrste gjeldande at lagmannsrettens grunngjeving er mangelfull i lys av at han vart frifunnen i tingretten, men domfelt i lagmannsretten.
(14)Krava til lagmannsrettens grunngjeving er utlagd slik i HR-2019-1376-U avsnitt 10: «Det følger av straffeprosessloven § 40 første ledd at domsgrunnene bestemt og uttømmende skal angi det saksforholdet retten har funnet bevist som grunnlag for dommen når siktede domfelles. Etter bestemmelsens fjerde ledd skal domsgrunnene i saker som er behandlet med meddomsrett, angi hovedpunktene i rettens bevisvurdering. Om denne vurderingen heter det i HR-2018-2109-U avsnitt 12 og 13: 'I saker som er behandlet med meddomsrett, følger det av straffeprosessloven § 40 fjerde ledd at domsgrunnene skal angi 'hovedpunktene i rettens bevisvurdering'. I Rt-2011-172 avsnitt 29 er dette presisert dit hen at retten må redegjøre for 'hvorfor et bestemt bevisresultat legges til grunn'. Det som først og fremst kreves, er at det blir redegjort for de 'springende – dvs. sentrale – punkter ved bevisvurderingen, og kort angitt hva som har vært avgjørende', jf. også HR-2018-1601-U avsnitt 14. Ved frifinnelse i tingretten og domfellelse i lagmannsretten, må det gjøres nærmere rede for bevisvurderingen i tilknytning til de omstendighetene der lagmannsretten har konkludert annerledes enn tingretten, jf. Rt-2009-1439 avsnitt 32-34 og HR-2017-1246-A avsnitt 24. Mangelfulle domsgrunner vil sjelden bli ansett som en saksbehandlingsfeil som fører til opphevelse av dommen. For at en mangelfull begrunnelse skal føre til opphevelse, må sentrale punkter i bevisvurderingen bli stående uforklart, jf. Rt-2011-172 avsnitt 29 med henvisning til blant annet Rt-2009-1526 avsnitt 35–37.»
(15)Tingretten frifant H fordi den ikkje kunne sjå bort frå forklaringa hans. Om dette står det tingrettens dom: «Selv om det kan synes som et mønster at H ble kontaktet eller var til stede med de tiltalte ved avgjørende hendelser for forholdet beskrevet i tiltalen, er det etter rettens syn ikke tilstrekkelige konkrete holdepunkter som tilsier at han fysisk eller psykisk har medvirket til denne innførselen av 50 kilo hasj. På bakgrunn av de strenge beviskrav i strafferetten, finner retten heller ikke å kunne utelukke Hs forklaring om at han ikke var klar over at A drev med innførsel av hasj, ei heller hans forklaring om at han ikke medvirket til innførselen av hasjen.»
(16)For lagmannsretten stod H i hovudsak fast ved forklaringa, men i lys av det samla provbildet blei han ikkje trudd av fleirtalet på to fagdomarar og tre meddomarar i lagmannsretten. Fleirtalet meinte H hadde ein «nærhet til de involverte personene og de sentrale hendelsene som … [gjorde] det helt usannsynlig at han ikke har hatt befatning med planleggingen av innførselen av partiet med hasj og marihuana». Dette underbygde fleirtalet med å vise til mellom anna ei rekkje avlytta telefonsamtalar som H deltok i, observasjonar av han og pengeoverføringar han var innblanda i, og som knytte han til tiltalen. Fleirtalet var såleis «overbevist om at H var en sentral deltaker i gruppen som arbeidet for innførsel av narkotikaen». Fleirtalet drøfta fleire motsegner som forsvararen hadde framheva, utan at det endra konklusjonen.
(17)Ankeutvalet meiner lagmannsrettens grunngjeving er tilstrekkeleg. Anken vil klart ikkje føre fram på dette punktet.
(18)H gjer for det andre gjeldande at han skulle vore frifunnen på grunn av ulovleg politiprovokasjon.
(19)Lagmannsretten drøfta dette slik: «Det at politiet etter overleveringen i Nederland transporterte narkotikaen til Norge og utleverte den der, påvirker ikke skyldspørsmålet for A, F, H og B etter tiltalen post II a. Som det fremgår i punkt 2 over, mener lagmannsretten at forholdet i post II a må betraktes som medvirkning til forsøk og ikke fullbyrdet forbrytelse. De fire tiltalte hadde alle foretatt fullendte forsøk før politiets transport og utlevering av narkotikaen i Norge.»
(20)Lagmannsretten la til grunn at politiet ikkje framkalla ei straffbar handling som elles ikkje ville ha skjedd, jf. Rt-1984-1076 på side 1080. Utvalet kan ikkje sjå at det er feil ved lagmannsrettens vurdering her, eller at politiet elles har handla på ein slik måte at det kan få tyding for H. Også på dette punktet er det klart at anken ikkje vil føre fram.
(21)H gjer for det tredje gjeldande at straffa er for streng.
(22)Spørsmålet er om det er eit openbart mishøve mellom den utmålte straffa og dei straffbare handlingane, jf. HR-2019-2169-U avsnitt 53.
(23)Straffenivået for omgang med hasj er drøfta mellom anna i Rt-1998-267, Rt-2001-1519, Rt-2005-923, Rt-2007-1341, Rt-2008-1585 og HR-2018-486-A. I den sistnemnde dommen, som gjaldt straffutmåling for omgang med til saman 37 kg hasj, tok Høgsterett utgangspunkt i ei straff på «nærmere fire års fengsel», sjå avsnitt 9.
(24)Når det gjeld omgang med marihuana, kan det visast til Rt-2011-962. Her bygde Høgsterett på at «straffen for innførsel av ca. fem kilo marihuana i utgangspunktet ligger på bortimot to års fengsel», sjå avsnitt 12.
(25)Det skal gjerast ei samordnande heilskapsvurdering, jf. HR-2017-1675-A. Vidare må det takast omsyn til at H berre er dømd for medverknad til forsøk. Når det er sagt, har lagmannsretten halde fram at han var «en sentral deltaker i gruppen som arbeidet for innførsel av narkotikaen». Elles har han tidligare fått fleire mindre reaksjonar for omgang med narkotika. I 2017 vart han dømd for oppbevaring av kokain, hasj og marihuana. Dei tidligare reaksjonane er skjerpande, men samtidig gjer dommen frå 2017 at reglane om etterskotsdom kjem inn.
(26)Ankeutvalet finn det klart at heller ikkje anken over straffutmålinga vil føre fram.
(27)På denne bakgrunnen finn ankeutvalet det samrøystes klart at Hs anke ikkje for nokon del kan føre fram, jf. straffeprosesslova § 323 fyrste ledd tredje punktum.
(28)Ettersom anken heller ikkje gjeld spørsmål som har tyding utanfor den aktuelle saka, eller andre tilhøve gjer det særleg viktig at anken blir handsama av Høgsterett, finn ankeutvalet samrøystes at det ikkje blir gjeve samtykke til ankehandsaming, jf. § 323 fyrste ledd fyrste og andre punktum.