I en straffesak om voldtekt ble det ikke opplyst om at den ene meddommeren var nestleder i styret i et krisesenter. Spørsmålet var om dette vervet gjorde meddommeren inhabil til å dømme i saken. Høyesterett kom enstemmig til at dette ikke var en inhabilitetsgrunn. Høyesterett pekte særlig på forskjellen fra avgjørelsen i Rt-2006-1345. Saken gir rettledning i spørsmålet om habilitet som følger av styreverv i offentlige organ.
(1)Dommar Høgetveit Berg: Saka gjeld spørsmålet om ein meddommar i ei straffesak var inhabil.
(2)A, fødd i 1986, vart 15. februar 2018 tiltalt for brot på straffelova § 291. Grunnlaget for tiltalen var at han i januar 2017 hadde pressa penis mot endetarmsopninga til B som var rusa og/eller sov og var ute av stand til å motsetja seg handlinga. I tillegg vart A tiltalt for brot på straffelova § 297 ved å i oktober 2017 ha stroke C på magen og på kjønnsorganet utanpå buksa medan C sov.
(3)Sarpsborg tingrett dømte 28. mai 2018 A, i tråd med tiltalen, til fengsel i tre år og fire månader. I tillegg vart A dømt til å betala 120 000 kroner i oppreising til B. A vart frifunnen for oppreisingskravet frå C.
(4)A anka dommen – provdøminga under skuldspørsmålet for tiltaleposten om valdtekt og det sivile kravet i samband med dette – til lagmannsretten. I Borgarting lagmannsretts dom 4. mars 2019 fann eit fleirtal på fem dommarar A skuldig etter tiltalen. Lagmannsretten sette straffa for valdtekta og det forholdet som var rettskraftig avgjort i tingretten, til fengsel i tre år og fire månader. Oppreisinga vart som i tingretten sett til 120 000 kroner.
(5)Etter at dommen frå lagmannsretten låg føre, fekk A kunnskap om at den eine meddommaren, lektor D, var nestleiar i styret i Krisesenteret i X.
(6)A anka dommen til Høgsterett. Anken var retta mot lovbruken og sakshandsaminga. A gjorde mellom anna gjeldande at meddommar D, som tilhøyrde det fellande fleirtalet i lagmannsretten, var inhabil sidan ho er nestleiar i styret i Krisesenteret i X. Høgsteretts ankeutval fremja anken for spørsmålet om inhabilitet etter domstollova § 108, men fann elles ikkje grunn til å fremja anken, jf. HR-2019-825-U.
(7)For handsaminga av habilitetsspørsmålet har det til bruk for Høgsterett vore bevisopptak av den fornærma og av meddommar D.
(8)Eg er komen til at anken ikkje fører fram.
(9)Straffesaka gjeld seksualbrotsverk mot ein mann. Spørsmålet er om meddommar D var inhabil fordi ho er nestleiar og fungerande styreleiar i styret i Krisesenteret i X.
(10)Det vart ikkje under ankeforhandlinga i lagmannsretten opplyst om vervet til meddommaren. Det ville vore naturleg å opplyse om dette, sjølv om bruk av krisesenter ikkje var noko tema under ankeforhandlingane. Under alle omstende må habilitetsspørsmålet vurderast på det grunnlaget at inhabilitet no er gjort gjeldande.
(11)Eg tek utgangspunkt i domstollova § 108, som har slik ordlyd: «Dommer kan heller ikke nogen være, når andre særegne omstendigheter foreligger, som er skikket til å svekke tilliten til hans uhildethet. Navnlig gjelder dette, når en part av den grunn krever, at han skal vike sete.»
(12)Det ligg føre omfattande praksis frå Høgsterett knytt til forståinga og bruken av domstollova § 108. Partane er samde om dei rettslege utgangspunkta. Eg nøyer meg difor med å vise til den seinaste avgjerda frå Høgsterett om dette; HR-2019-899-A avsnitt 13: «Bestemmelsen må forstås i lys av retten til en rettferdig rettergang ved en uavhengig og upartisk domstol etter Grunnloven § 95 første ledd, Den europeiske menneskerettskonvensjon artikkel 6 nr. 1 og FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter artikkel 14 nr. 1, jf. blant annet HR-2016-2311-P avsnitt 13 og HR-2018-451-A Gassled. Av sistnevnte avgjørelse fremgår det i avsnitt 11 at dette for det første innebærer at det ‘ikke må foreligge omstendigheter som gjør at dommeren subjektivt sett ikke vil være i stand til å treffe en upartisk avgjørelse uten å skjele til irrelevante hensyn. For det andre må det ikke foreligge forhold som etter en objektiv målestokk gir omverdenen rimelig og saklig grunn til å tvile på dommerens upartiskhet, jf. HR-2016-681-A avsnitt 18.’»
(13)Partane er vidare samde om at den subjektive deltesten er uaktuell i saka her. Det er den objektive testen som er aktuell. Det avgjerande er «om de særlige forholdene i saken etter en objektiv målestokk gir omverdenen rimelig og saklig grunn til å tvile på dommerens upartiskhet», jf. den over nemnde praksisen frå Høgsterett.
(14)Krisesenteret i X er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Moss, Våler, Råde og Rygge. Krisesenteret har eit representantskap med to representantar frå kvar kommune. I tillegg har krisesenteret eit styre, som i 2018 hadde seks medlemmer og to varamedlemmer. Styret hadde sju styremøte i 2018. Krisesenteret hadde ved utgangen av året 8,6 årsverk fordelt på tolv tilsette, og i tillegg 2,5 statleg finansierte prosjektårsverk.
(15)Etter krisesenterlova §§ 1 til 4 er det ei kommunal oppgåve å syte for eit tilbod om krisesenter. Dette skal kunne nyttast av kvinner, menn og born som er utsette for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgjeving eller ein mellombels trygg bustad. Bistanden skal rette seg mot brukaranes individuelle behov. Krisesenter skal gje støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet – og syte for ei heilskapleg oppfølging av brukarane. Sjølv om målgruppa er etter måten vid, så vil oppfølging av ei valdtektssak utanfor ein familie i alle fall ikkje vera i kjernen av verksemda. Eg legg til grunn at dette er nokolunde kjent for folk flest.
(16)Eg nemner at den fornærma i saka her ikkje har hatt kontakt med Krisesenteret i X. Han har heller ikkje vore i kontakt med andre krisesenter. Etter den aktuelle episoden vart han teken i mot på valdtektsmottaket i Fredrikstad. Han har deretter fått oppfølging av fastlege og psykolog.
(17)Krisesentra har ikkje noka rolle i straffesakskjeda, korkje etter straffeprosesslova, krisesenterlova eller elles. Oppgåvene til krisesentra er ikkje retta mot lovbrytarar. Det er ingen tiltak eller arbeidsoppgåver hjå krisesentra som legg opp til noka skuldvurdering eller som elles er knytt til skuldspørsmålet i straffesaker. Krisesentra er ein integrert del av det samla offentlege helsetilbodet, jf. krisesenterlova § 4. Eg legg til grunn at også dette er nokolunde kjent for folk flest.
(18)Styret i Krisesenteret i X er kommunalt oppnemnde i kommunevalperioden, på den same måten som i andre kommunale nemnder og råd. D har i bevisopptaket forklart at styret i Krisesenteret i X ikkje har noko med den daglege drifta å gjera. Styret har ikkje kontakt med brukarane og skal ikkje kjenne identiteten deira. Styret får kunnskap om kor mange som har vore innom senteret. Alle som utfører tenester eller arbeid knytt til krisesenter, har teieplikt, jf. krisesenterlova § 5.
(19)Forsvararen har særleg vist til avgjerda i Rt-2006-1345 – som han meiner har slike fellestrekk med saka her at utfallet må bli det same. Dette var ei straffesak om seksuelle overgrep mot eit stebarn. Lagrettens ordførar var offentleg oppnemnd styreleiar i ei privat stifting som dreiv eit senter mot incest. Den fornærma hadde vore i kontakt med senteret. Høgsterett kom til at det var særeigne omstende som gjorde vedkomande inhabil. Eg finn grunn til å sitere nokre avsnitt frå dommen: «(12) Når det først gjelder hva Senter mot Incest Sør-Trøndelag står for, er dette en privat stiftelse som finansieres av kommunale og statlige midler. Om formål og virkefelt heter det i vedtektene: ‘Senter mot Incest Sør-Trøndelag - har som formål å gi hjelp til selvhjelp for incestutsatte og deres familier - er et tilbud for incestutsatte kvinner og menn - skal bekjempe seksuelle overgrep ved å synliggjøre og motarbeide forhold i samfunnet som legitimerer, underbygger og opprettholder overgrepene - skal arbeide for å spre kunnskaper om incest og incestutsattes situasjon.’ […] (14) Flertallet i lagmannsretten skriver i sin inhabilitetskjennelse at senteret har ‘et allmennyttig formål som er alminnelig akseptert av brede lag i befolkningen’. Jeg er enig i det, men mener samtidig at en av dommerne i mindretallet peker på et viktig poeng når han uttaler ‘... at det for folk flest må oppfattes å være til de grader sammenfall mellom senterets formål og fornærmedes situasjon i denne saken, noe som for så vidt er blitt anskueliggjort ved at hun hadde sin første advokatkontakt gjennom senteret’. […] (17) For allmennheten må det etter mitt syn være naturlig i atskillig grad å identifisere styrelederen med senterets virksomhet. Og når senteret langt på vei kan oppfattes som å representere slike interesser som den fornærmede i saken har, mener jeg at det foreligger slike ‘særegne omstendigheter’ som innebærer at styrelederen må anses som inhabil til å behandle den konkrete straffesaken.»
(20)Etter mitt syn kjem det fram avgjerande skilnader frå vår sak i desse avsnitta. Det var for det fyrste tale om ei privat stifting, som rett nok mottok kommunal og statleg støtte. For det andre hadde stiftinga som føremål å mellom anna å auke forståinga for incest som samfunnsproblem. For det tredje låg det føre ei tilknyting ved at den fornærma ved to høve hadde hatt kontakt med stiftinga. For det fjerde, og avgjerande, var det tale om eit vesentleg snevrare tiltak med ei langt meir avgrensa målgruppe. Høgsterett meinte at folk flest måtte oppfatte eit «til de grader sammenfall mellom senterets formål og fornærmedes situasjon». Også eit kommunalt krisesenter kan nok oppfattast å representere slike interesser som den fornærma har i saka her. Men det private og meir omfattande engasjementet som stiftinga stod for i 2006-saka på vegner av ei heilt spesifikk gruppe, må kunne karakteriserast som betydeleg sterkare enn det som er tilfellet i saka her, kor det er tale om eit lovpålagt kommunalt omsorgstilbod.
(21)Ut frå dette meiner eg at ein meddommars posisjon som utpeikt styremedlem i eit interkommunalt krisesenter ikkje gjev ålmenta nokon rimeleg og sakleg grunn til å tvile på at domaren er upartisk i ei valdtektssak som den me har framfor oss her. Det ligg ikkje føre særlege omstende som elles skulle gjera meddommar D inhabil i saka her.
(22)Eg røystar etter dette for slik D O M : Anken blir forkasta.
(23)Dommer Kallerud: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(24)Dommer Matheson: Likeså.
(25)Dommer Bull: Likeså.
(26)Dommer Endresen: Likeså.
(27)Etter røystinga sa Høgsterett slik