Dommarar: Høgetveit Berg, Falch, Normann, Bull, Bårdsen Innhaldet i "hovedbedrift" i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd. Saka gjaldt føretaksstraff og oppreising etter arbeidsuhell med dødeleg utgang. Fleire verksemder hadde arbeidstakarar på den same arbeidsplassen. Spørsmålet var kven av arbeidsgjevarane som skulle reknast som hovudverksemd og med det ha ansvaret for ein samordna HMS-plan. Høgsterett kom til at uttrykket "hovedbedrift", slik det er brukt i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd og utføringsforskrifta § 27-2 femte ledd, viser til ei konkret heilskapsvurdering. Høgsterett uttala vidare at emnet for vurderinga er kven som er nærast til å ha ansvaret for samordninga av HMS-arbeidet, at det er styrande at hovudverksemda har eit samordnande ansvar og at det berre kan vera ei hovudverksemd. Spørsmålet vert kven av arbeidsgjevarane som har breiast og mest varig eller stabil tilknyting til den samla aktiviteten som skal koordinerast. Høgsterett kom endeleg til at ein truleg ikkje kan stille opp ei uttømande liste over dei ulike elementa i denne samanlikninga, men peikte på ei rekkje moment som kan ha relevans. I den konkrete vurderinga la Høgsterett vekt på at den ankande parten som heilskap og over tid dreiv den dominerande verksemda på arbeidsplassen. Anken vart forkasta. Dommen avklarar det rettslege innhaldet i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd.
(1)Dommar Høgetveit Berg: Saka gjeld føretaksstraff og oppreising etter arbeidsuhell med dødeleg utgang, der fleire verksemder hadde arbeidstakarar på den same arbeidsplassen. Spørsmålet er kven som etter arbeidsmiljølovgjevinga skal reknast som hovudverksemd – og med det ha ansvaret for samordninga av arbeidet med helse, miljø og sikkerheit – HMS.
(2)Aust Agder Jernmalmgruber AS eig og driv Klodeborg Pukkverk i Arendal, Landvik Pukkverk i Grimstad og Klodeborg Pukkverk avdeling Eydehavn ved Arendal hamn. Selskapet har to stasjonære knuseverk og eit mobilt grovknuseverk. Verksemda hadde i 2016 omlag 35 tilsette og omlag 44 millionar kroner i driftsinntekter.
(3)Vinteren 2011 inngjekk Klodeborg Pukkverk, som leigetakar, ei avtale med Eydehavn Vekst AS, som utleigar, om planering og uttak av masse på eit område på omlag 50 mål frå Bukkevika til Nitridveien på Eydehavn i Arendal kommune. Arendal Havnevesen KF overtok arealet etter at Eydehavn Vekst AS vart likvidert sommaren 2012. Arendal hamn hadde behov for å frigjera areal i eit høgare tempo, og Aust Agder Jernmalmgruber AS fekk difor vinteren/våren 2013 melding om å forsere arbeidet med å fjerne sprengt stein og køyre massane i deponi. Aust Agder Jernmalmgruber AS hadde ikkje kapasitet til å utføre alt arbeidet sjølv, og engasjerte maskinentreprenøren Lindland Maskin AS. Avtala mellom dei to selskapa vart inngått munnleg hausten 2013.
(4)På arbeidsplassen vart det bora i fjell, sprengt fjell, knust stein og transportert masse. Utsprengt grov stein vart mellomlagra på ein stor tipp før knusing. På toppen av tippen var det etablert eit flatt platå slik at dumparar kunne tømme stein. Tippen vart etablert av Aust Agder Jernmalmgruber AS hausten 2013. Selskapet utførte då også noko massetransport frå sprengingsområdet opp til tippen. Tippen vart etter kvart så høg at risikoen for at utforkøyring kunne føre til ei alvorleg ulykke, også med dødsfølgje, var klar.
(5)Frå byrjinga av januar 2014 overtok Lindland Maskin AS ansvaret for transporten av stein til tippen. Då ulukka hende, hadde både Aust Agder Jernmalmgruber AS og Lindland Maskin AS generelle HMS-planar med retningsliner for bruk av dumpar og sikring ved køyring på tipp. Dei to selskapa samordna likevel ikkje HMS-planane sine og utvikla heller ikkje særskilte HMS-planar for det arbeidet som skulle gjerast i Eydehavn.
(6)Begge selskapa hadde verneombod. Den siste dokumenterte vernerunderapporten er datert 29. januar 2014, og er gjort av Lindland Maskin AS. Tippen var ikkje tema på nokon av vernerundane.
(7)Ulukka skjedde 24. mars 2014 då A, som var tilsett i Lindland Maskin AS, skulle tippe ei last med stein frå toppen av tippen. På dette tidspunktet var det ikkje tippstokk eller anna sperreinnretning på toppen for å hindre utforkøyring. Det var heller ingen gravemaskin som gjorde teneste som tippmaskin slik at massane kunne tømmast inne på platået og deretter bli skuva over tippkanten. A rygga tipptrucken for langt ut på kanten slik at den fall utfor. Tipptrucken velta rundt minst ein gong og hamna til slutt på hjula i botn av fyllinga. A nytta ikkje setebelte og vart kasta ut gjennom frontruta under rundvelten. Han døydde momentant som følge av knusingsskader i brystregionen.
(8)Agder politidistrikt utferda 27. mai 2016 førelegg mot Aust Agder Jernmalmgruber AS. Førelegget var tufta på forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav 6. desember 2011 nr. 1357 § 27-2, jf. arbeidsmiljølova § 2-2, og bygde på følgjande faktiske grunnlag: "Mandag 24. mars 2014 i Nitridveien ved Arendal Havn på Eydehavn pågikk det arbeid med blant annet bergverksdrift, og en person døde etter å ha veltet med dumper utfor en ca 32 meter høy etablert tipp. Klodeborg og Landvik pukkverk hadde som hovedbedrift ikke sørget for at det var utarbeidet en skriftlig plan for sikkerhet, helse og arbeidsmiljø før arbeidet på stedet startet."
(9)Ved førelegg frå Agder politidistrikt 5. oktober 2016 vart Lindland Maskin AS tiltalt for brot på arbeidsmiljølova § 19-1 første til tredje ledd, jf. § 4-1 første ledd, jf. § 3-1 andre ledd bokstav c, jf. internkontrollforskrifta § 5 nr. 6 og arbeidsmiljølova § 19-1 første til tredje ledd, jf. utføringsforskrifta § 10-3, jf. § 1-3, jf. straffelova 1902 § 48 a.
(10)Aust-Agder tingrett sa 23. mars 2017 dom, der Aust Agder Jernmalmgruber AS og Lindland Maskin AS vart dømde til å betale kvar si bot på 400 000 kroner. Selskapa vart samstundes dømde til i fellesskap å betale kvar av foreldra til den avlidne 150 000 kroner i oppreising. Lindland Maskin AS vart i tillegg dømt til å betale kvar av foreldra 150 000 kroner for tap av forsytar.
(11)Begge selskapa anka dommen til Agder lagmannsrett. Agder lagmannsrett sa dom 19. mars 2018 med slik domsslutning: "1. Aust-Agder Jernmalmgruber AS dømmes for overtredelse av arbeidsmiljøloven § 19-1 første til tredje ledd, jf § 2-2 første ledd, jf forskrift om utførelse av arbeid § 27-2 første til femte ledd, jf straffeloven 1902 § 48a til en bot til statskassen stor 600 000 – sekshundretusen – kroner. 2. Lindland Maskin AS frifinnes for tiltalens post II. 3. Lindland Maskin AS Lindland Maskin AS dømmes for overtredelse av arbeidsmiljøloven § 19-1 første til tredje ledd, jf § 4-1 første ledd, jf § 3-1 annet ledd bokstav c, jf internkontrollforskriften § 5 nr 6, jf straffeloven 1902 § 48a til en bot til statskassen stor 600 000 – sekshundretusen – kroner. 4. Ankene over tingrettens dom, domsslutningen post 3, 4, 5 og 6 forkastes. 5. Saksomkostninger til det offentlige idømmes ikke."
(12)Aust Agder Jernmalmgruber AS har anka dommen til Høgsterett. Anken gjeld lovbruken under skuldspørsmålet. I prosedyren for Høgsterett er sakshandsamingsfeil gjort gjeldande utanfor anken. Dei sivile krava er anka for det tilfellet at anken i straffesaka fører fram. Påtalemakta har før ankeforhandlinga justert heimelskjeda, og Aust Agder Jernmalmgruber AS har ikkje hatt innvendingar mot dette.
(13)Mitt syn på saka:
(14)Arbeidsmiljølova § 2-2 regulerer etter overskrifta arbeidsgjevarens plikter overfor andre enn eigne arbeidstakarar. Paragrafen har slik ordlyd: "(1) Når andre enn arbeidsgivers egne arbeidstakere, herunder innleide arbeidstakere eller selvstendige, utfører arbeidsoppgaver i tilknytning til arbeidsgivers aktivitet eller innretning, skal arbeidsgiver: a) sørge for at egen virksomhet er innrettet og egne arbeidstakeres arbeid er ordnet og blir utført på en slik måte at også andre enn egne arbeidstakere er sikret et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, b) samarbeide med andre arbeidsgivere for å sikre et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, c) sørge for at innleid arbeidstakers arbeidstid er i samsvar med bestemmelsene i kapittel 10. (2) Hovedbedriften skal ha ansvaret for samordningen av de enkelte virksomheters helse,- miljø- og sikkerhetsarbeid. Dersom det samtidig sysselsettes mer enn 10 arbeidstakere, og ingen virksomhet kan regnes som hovedbedrift, skal det skriftlig avtales hvem som skal ha ansvaret for samordningen. Kommer slik avtale ikke i stand, skal det meldes til Arbeidstilsynet som bestemmer hvem som skal ha ansvaret for samordningen. (3) Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om gjennomføringen av arbeidsgivers plikter etter denne paragraf."
(15)I saka her, med arbeidstakarar frå fleire verksemder på den same arbeidsplassen, låg det ikkje føre nokon samordna HMS-plan, slik arbeidsmiljølova § 2-2 føreset. Hovudspørsmålet er om Aust Agder Jernmalmgruber AS skal reknast som hovudverksemd etter arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd. I så fall var det dette selskapet som hadde ansvaret for å utarbeide ein slik samordnande HMS-plan.
(16)Eg nemner at for det området denne saka gjeld – bergarbeid – er det med heimel i arbeidsmiljølova § 2-2 tredje ledd gjeve særlege reglar i forskrift. Utføringsforskrifta § 27-2 regulerer krav til risikovurdering og HMS-plan for bergarbeid. Paragrafens femte ledd har slik ordlyd: "Dersom det er arbeidstakere fra flere virksomheter til stede på samme arbeidsplass, skal HMS-planen angi målet, tiltakene og fremgangsmåten for hovedbedriftens samordning av HMS-tiltakene."
(17)Det er ikkje noko i rettskjeldematerialet som kan tyde på at uttrykket "hovedbedrift" i utføringsforskrifta § 27-2 femte ledd har eit anna innhald enn det same uttrykket i heimelslova; arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd.
(18)Korkje lova eller forskrifta inneheld nokon definisjon av kva som skal reknast som hovudverksemd. Dette er heller ikkje noko eintydig omgrep nytta andre stader i lovverket.
(19)Ordlyden i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd første punktum peikar beinveges i retning av at det er den verksemda som dominerer på arbeidsplassen som er hovudverksemda. Ordlyden peikar vel også i retning av ei hierarkisk tilnærming; den berande aktiviteten på arbeidsplassen står i kontrast til moglege støttefunksjonar og underleverandørar.
(20)Samanhengen mellom arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd første til tredje punktum føresett at det berre kan vera ei hovudverksemd. Det at hovudverksemda skal ha ansvaret for "samordninga", peikar på eit ansvar som leiar. Dette trekkjer også klart i retning av at det er den samla aktiviteten – og samstundes arbeidsplassen som heilskap – som skal vurderast.
(21)Arbeidsmiljølova § 2-2 er ei vidareføring av den tidlegare arbeidsmiljølova 1977 § 15 og skal i utgangspunktet tolkast på den same måten, jf. Ot.prp. nr. 49 (2004–2005) side 303. Arbeidsmiljølova § 15 nr. 1 nytta avgrensinga "driver virksomhet på samme arbeidsplass". Dette underbyggjer at ein ikkje kan dele opp vurderinga funksjonelt eller geografisk innanfor ein arbeidsplass. Arbeidsmiljølova § 2-2 første ledd nyttar rett nok ikkje arbeidsplassen som avgrensing av verkeområdet for regelen, men omfattar dei som utfører "arbeidsoppgaver i tilknytning til arbeidsgivers aktivitet eller innretning". Dette peikar etter mitt syn i den same retninga – og harmonerer dårleg med ei vurdering som tek utgangspunkt i delar av den samla aktiviteten på arbeidsplassen.
(22)Arbeidsmiljølova § 2-2 regulerer situasjonen der også andre enn arbeidsgjevarens eigne arbeidstakarar utfører arbeidsoppgåver i tilknyting til arbeidsgjevarens aktivitet eller innretning. Føremålet med å utpeike ei hovudverksemd er å ha ein samordningsansvarleg.
(23)Regelen tek altså sikte på å fange opp ansvaret som elles etter omstenda ville kunne falle utom den enkelte arbeidsgjevars ansvar eller ansvar som ingen har tenkt på. Regelen vil også motverke at det gjeld ulike HMS-krav parallelt. Kva som skal reknast som hovudverksemd, må såleis relatere seg til den samordningsplikta som etter lova nettopp er lagt til hovudverksemda. Ei plikt til å samordne bør naturleg liggja til den verksemda som er best eigna. Det vil gjennomgåande vera den arbeidsgjevaren som har best oversikt over arbeidsplassen – og til dømes ikkje nødvendigvis den verksemda som elles har størst erfaring med HMS-arbeid.
(24)Dersom først tilknytingskravet mellom to verksemder er oppfylt, talar føremålet samstundes klart for at ein ikkje kan splitte opp ansvaret geografisk eller funksjonelt og med det i realiteten operere med fleire hovudverksemder. Også ei rullering av ansvaret mellom dei ulike verksemdene vil etter mitt syn vera i strid med føremålet. Likevel må det vera rom for å endre hovudverksemd dersom det etter omstenda ligg til rette for det, jf. også avtale- og vedtakskompetansen i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd andre og tredje punktum.
(25)Førearbeida til arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd gjev lite konkret rettleiing. Regelen er som nemnd ei vidareføring av den tidlegare arbeidsmiljølova 1977 § 15 og skal i utgangspunktet tolkast på den same måten, jf. Ot.prp. nr. 49 (2004–2005) side 303. I førearbeida til arbeidsmiljølova 1977 § 15 nr. 1 bokstav c – Ot.prp. nr. 3 (1975–76) side 110 – heiter det: "Etter bokstav c) slås det fast at hovedvirksomheten normalt skal ha ansvaret for samordningen av de enkelte virksomheters verne- og miljøarbeid. Denne regelen er i samsvar med den praksis som følges ved de fleste virksomheter i dag, og tar særlig sikte på de tilfeller hvor arbeidstakere som hører inn under andre arbeidsgivere kommer inn i en eksisterende virksomhet for f.eks. å foreta reparasjoner o.l. I slike tilfeller bør vernetjenesten ved hovedvirksomheten omfatte alle arbeidstakere innenfor virksomhetens område, slik at all virksomhet blir innordnet under denne."
(26)Etter mitt syn gjev heller ikkje desse førearbeida særleg rettleiing – ut over det dømet det blir vist til.
(27)Det er for Høgsterett ikkje lagt fram praksis, i form av avtaler mellom arbeidsgjevarar eller vedtak frå Arbeidstilsynet, som kan kaste lys over kva som nærare ligg i omgrepet hovudverksemd.
(28)Det ligg heller ikkje føre relevant rettspraksis. Aust Agder Jernmalmgruber AS har vist til Rt-1982-645. Saka gjaldt spørsmål om ein byggherre kunne bli ansvarleg etter arbeidsmiljølova 1977 § 87 for lovbrot gjort i entreprenørens verksemd. Høgsterett meinte at det var ein naturleg føresetnad for ansvar for selskapet at det hadde hatt reell moglegheit for instruksjon og kontroll. Denne orskurden gjeld etter mitt syn difor ein annan ansvarssituasjon. Arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd regulerer ikkje kven som har rett og plikt til instruksjon og kontroll med arbeidstakarane, men kven som skal ha ansvaret for å samordne HMS.
(29)Konklusjonen min er etter dette at det uttrykket "hovedbedrift", slik det er brukt i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd og utføringsforskrifta § 27-2 femte ledd, viser til ei konkret heilskapsvurdering. Emnet er kven som er nærast til å ha ansvaret for samordninga av HMS-arbeidet. Det er styrande at hovudverksemda har eit samordnande ansvar og at det berre kan vera ei hovudverksemd. Ein må samanlikne dei moglege ansvarlege opp mot kvarandre i lys av kven av dei som har breiast og mest varig eller stabil tilknyting til den samla aktiviteten som skal koordinerast.
(30)Ein kan truleg ikkje stille opp ei heilt uttømande liste over dei ulike elementa i denne samanlikninga. Etter mitt syn er det behov for å sjå på både dei formelle og dei faktiske omstenda. Moglege kontraktsforhold mellom dei ulike arbeidsgjevarane vil kunne gje eit utgangspunkt; typisk vil ein posisjon som underleverandør eller underentreprenør peike mot at verksemda ikkje skal reknast som hovudverksemd. Korleis samlokaliseringa har kome i stand, vil også spela inn. Det same gjeld at berre den eine av verksemdene er stasjonær, eller i alle fall har ei sterkare fysisk tilknyting til arbeidsplassen. Arten og omfanget av dei arbeidsoppgåvene som skal samordnast, vil også kunne vera relevant. Dersom det ligg føre ein etablert praksis i eller for bransjen, vil denne ha vekt.
(31)Eg går så over til saka her.
(32)Lindland Maskin AS’ arbeidstakarar utførte arbeid i tilknyting til Aust Agder Jernmalmgruber AS’ aktivitetar på arbeidsplassen. Lindland Maskin AS’ massetransport var dominerande på sjølve tippen – og var i ein periode kan hende også dominerande i den samla verksemda på arbeidsplassen. Aust Agder Jernmalmgruber AS har gjort gjeldande at for denne perioden – då ulukka skjedde – stod oppdraget for Arendal hamn fram som eit entrepriseoppdrag der massetransporten var det essensielle. Eg kan ikkje slutte meg til dette perspektivet, sidan vurderinga av hovudverksemd må knytast til arbeidsplassen som heilskap og over tid.
(33)Den dominerande verksemda på arbeidsplassen var knuseverket til Aust Agder Jernmalmgruber AS. Eg peikar særleg på at selskapet sjølv hadde arbeidsoppgåver knytt til massane og tippen både før og etter transportoppdraget, at selskapet var einaste arbeidsgjevar på arbeidsplassen både før og etter Lindland Maskin AS’ arbeid, og at sistnemnte vart engasjert av Aust Agder Jernmalmgruber AS. Etter mitt syn må Aust Agder Jernmalmgruber AS tvillaust reknast som hovudverksemd.
(34)Forsvararen har, utanfor anken, gjort gjeldande at lagmannsrettens dom må opphevast ettersom retten ikkje har handsama sentrale innvendingar, og dei mangelfulle domsgrunnane hindrar prøving av anken, jf. straffeprosesslova § 342 andre ledd nr. 4, jf. § 343 andre ledd nr. 8. Ut frå mitt syn på det materielle spørsmålet i saka, kan eg ikkje sjå at det ligg føre slike feil ved lagmannsrettens dom.
(35)For det tilfellet at selskapet skal reknast som hovudverksemd, har Aust Agder Jernmalmgruber AS erkjent straffansvar etter arbeidsmiljølova § 19-1 første til tredje ledd, jf. straffelova § 48 a.
(36)Anken må etter dette forkastast. Ettersom heimelsrekkja er noko presisert for Høgsterett, finn eg det mest korrekt å utforme ei ny domsslutning. Sakskostnader er ikkje kravd.
(37)Når straffeanken ikkje fører fram, er oppreisingsansvar erkjent med det beløpet som er tilkjent av lagmannsretten. Anken over lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 4, må då forkastast.
(38)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. Aust Agder Jernmalmgruber AS blir dømt for brot på arbeidsmiljølova § 19-1 første til tredje ledd, jf. § 2-2 andre og tredje ledd, jf. forskrift om utføring av arbeid § 32-1, jf. § 27-2 første til femte ledd, jf. straffelova 1902 § 48 a, til 600 000 – sekshundretusen – kroner i bot. 2. Anken over lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 4, blir forkasta.
(39)Dommer Falch: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(40)Dommer Normann: Likeså.
(41)Dommer Bull: Likeså.
(42)Dommer Bårdsen: Likeså.
(43)Etter røystinga sa Høgsterett slik