Dommarar: Matningsdal, Bårdsen, Høgetveit Berg
(1)Saka gjeld vidare anke over lagmannsrettens vedtak i spørsmålet om ei sak skal handsamast som allmennprosess eller småkravsprosess.
(2)Den underliggande tvisten i saka er om Christian Westheim har rett til å heve kjøpet av to billettar – dagspass – til ein musikkfestival arrangert av Tons of Rock Festival AS ("Tons of Rock"), etter at ein konsert med populærpunkorkesteret Blink-182 vart avlyst om lag tre veker før festivalen. Westheim klaga til Forbrukarklageutvalet, der han under dissens fekk medhald i kravet om heving. Tons of Rock tok då ut stemning. Norske Konsertarrangører har erklært partshjelp for saksøkaren medan Forbrukarrådet har erklært partshjelp for saksøkte.
(3)Oslo tingrett gav 20. mars 2018 orskurd med slik slutning: "Sak nr. 18-013450TVI-OTIR/06 skal behandles etter reglene om småkravsprosess i tvisteloven kapittel 10."
(4)Christian Westheim anka orskurden til Borgarting lagmannsrett, som 27. april 2018 gav orskurd med slik slutning: "1. Anken forkastes. 2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler Christian Westheim til Tons of Rock Festival AS 12 750 – tolvtusensyvhundreogfemti – kroner innen to uker fra forkynnelsen av denne kjennelsen."
(5)Christian Westheim har anka orskurden vidare til Høgsterett. Anken gjeld lagmannsrettens generelle lovforståing. Det er gjort gjeldande at forståinga av tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d første alternativ er feil. Partshjelparens interesse i saka er relevant ved vurderinga av om saka har vesentleg tyding utanfor den konkrete tvisten. Det er derimot utan tyding om det er saksøkaren eller den saksøkte som krev allmennprosess. Det er ikkje rom for ei vurdering av om småkravsprosess er forsvarleg etter § 10-1 tredje ledd bokstav d første alternativ.
(6)Westheim har sett fram slik påstand: "1. Sak nr. 18-0133450TVI-OTIR/06 behandles etter reglene for allmennprosess. 2. Christian Westheim tilkjennes sakskostnader for Høyesterett med kr 17 680. 3. Christian Westheim tilkjennes sakskostnader for lagmannsretten med kr 17 680."
(7)Tons of Rock Festival AS har gjort gjeldande at lagmannsrettens lovforståing er korrekt – og har sett fram slik påstand: "1. Anken avvises. 2. Christian Westheim dømmes til å erstatte Tons of Rock Festival AS sakens kostnader for Høyesterett med kr 12. 750,-. Subsidiær påstand: 1. Anken forkastes. 2. Christian Westheim dømmes til å erstatte Tons of Rock Festival AS sakens kostnader for Høyesterett med kr 12. 750,-."
(8)Høgsteretts ankeutval viser til at det er tale om vidare anke over ein orskurd, der utvalet har avgrensa kompetanse, jf. tvistelova § 30-6. Det er berre anka over lagmannsrettens rettsbruk. Ankeutvalet kan då berre prøve "den generelle rettslige forståelse av en skreven rettsregel", jf. tvistelova § 30-6 bokstav c.
(9)Tvistesummen er i følgje tingrettens orskurd 1 520 kroner med tillegg av forseinkingsrente. Saka skal då i utgangspunktet gå som småkravsprosess, jf. tvistelova § 10-1 andre ledd bokstav a. Spørsmålet er om saka likevel skal handsamast i allmennprosess, jf. tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d, som stiller opp unntak "hvor saken for en part har vesentlig betydning ut over den konkrete tvist, eller hensynet til forsvarlig behandling nødvendiggjør behandling ved allmennprosess".
(10)Det er innhaldet i tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d første alternativ – "for en part har vesentlig betydning ut over den konkrete tvist" – som er omstridd her. Lagmannsretten skriv om dette: "Lagmannsretten er enig med Westheim i at saken kan ha prinsipiell interesse. Selv om hvert enkelt tilfelle også må vurderes konkret, vil en avgjørelse kunne ha betydning for andre forbrukere og festivalarrangører. Dette er også uttalt av Tons of Rock Festival AS, på side 3 i stevningen til tingretten. At selskapet velger å bringe en tvist om et beløp på 1 520 kroner inn for tingretten, underbygger at saken har betydning for selskapet utover den konkrete tvisten. Det framgår imidlertid av stevningen at søksmålet er brakt inn for tingretten på oppfordring av partshjelperen, Norske Konsertarrangører. Det synes derfor som om saken først og fremst har betydning for bransjen som sådan. Av ordlyden i tvisteloven § 10-1 tredje ledd bokstav d følger det at saken må ha betydning for 'en part'. Det er Westheim som ønsker at saken behandles ved allmennprosess, til tross for at saken ikke har betydning utover den konkrete tvisten for han. Selv om det ikke nødvendigvis er avgjørende hvem av partene som ønsker saken behandlet ved allmennprosess, er lagmannsretten likevel enig med Tons of Rock Festival AS at dette momentet bør ha en viss betydning. Siden bokstav d er ment som en sikkerhetsventil, må det etter lagmannsrettens syn også være relevant ved vurderingen av bestemmelsens første alternativ om småkravsprosess vil være forsvarlig, til tross for sakens prinsipielle karakter. Westheim har særlig vist til at adgangen til å kreve erstatning for sakskostnader er begrenset ved småkravsprosess. Westheim mener at han ikke vil kunne ivareta sine interesser på forsvarlig måte innenfor disse begrensningene. Tatt i betraktning sakens begrensede betydning for Westheim, finner lagmannsretten at det ikke foreligger holdepunkter for at han har behov for bistand utover det han kan kreve dekket etter reglene for småkravsprosess. Det vises til at Forbrukerrådet har erklært partshjelp til fordel for Westheim, og lagmannsretten legger til grunn at partshjelperen vil kunne yte betydelig bistand uten kostnad for Westheim. Etter en samlet vurdering har lagmannsretten kommet til at saken ikke har en slik vesentlig betydning for en part at saken skal behandles ved allmennprosess."
(11)Bruken av "part" i tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d tyder på at det ikkje er tilstrekkeleg at saka har tyding utover den konkrete saka for ein mogleg partshjelpar. Den ankande parten har halde fram at ei streng ordlydstolking inneber at det i forbrukarsaker, uavhengig av om saka er prinsipiell, sjeldan vil vera mogleg for ein einskild forbrukar å fylle vilkåret "vesentlig betydning utover den konkrete sak". Det vil då også vera vanskeleg for til dømes Forbrukarrådet å ta "prinsippsaker" for retten ved allmennprosess.
(12)Spørsmålet om interessa til partshjelparar er i denne samanhengen ikkje drøfta i førearbeida. Førearbeida understrekar likevel at det er fleksibilitet i reglane om småkrav og at det er viktig at handsaminga også av kompliserte tvistar blir tilpassa verdien av tvisten, sjå NOU 2001: 32 B side 763. Dette må etter ankeutvalets syn vera avgjerande. Ein kan ikkje unngå småkravsprosess aleine ved at ein partshjelpar som saka kan ha stor tyding for erklærer partshjelp. Men partshjelpa vil kunne inngå som eit moment ved vurderinga av vilkåret "vesentlig betydning".
(13)Etter ordlyden i tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d kan det sjå ut til at det er utan tyding kva for part saka kan ha prinsipiell tyding for. Det følgjer heller ikkje direkte av ordlyden at det berre er den parten saka eventuelt har prinsipiell tyding for, som kan krevja allmennprosess.
(14)Spørsmålet er ikkje drøfta i førearbeida. Her må såleis føremålet med § 10-1 tredje ledd bokstav d første alternativ vera avgjerande. Dette er ein tryggingsventil som skal sikre ei grundigare sakshandsaming for ein part som meiner saka vil ha tyding for han eller henne utanfor den konkrete tvisten. Der saka ikkje har prinsipiell tyding for parten som krev allmennprosess, er ein ikkje i kjernen av føremålet. Det må difor kunne leggast vekt på om det er saksøkaren eller saksøkte saka eventuelt vil kunne ha prinsipiell tyding for.
(15)Tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d heimlar to ulike grunnlag for at ei sak som i utgangspunktet skal handsamast som småkravsprosess, likevel skal handsamast som allmennprosess, jf. "eller". Ordlyden peiker isolert i retning av at omsynet til "forsvarlig behandling" berre er knytt til vurderinga etter det andre alternativet, og ikkje det første.
(16)Forsvarleg sakshandsaming er likevel eit gjennomgåande omsyn i valet mellom småkravsprosess og allmennprosess. Det følgjer av både systemet i tvistelova § 10-1 og tvistelova § 1-1 andre ledd. I NOU 2001: 32 A side 337 går det fram at omsynet til forsvarleg handsaming og proporsjonalitet må avvegast i vurderinga av om ei sak skal følgje småkravsprosessen. Dette viser at omsynet til "forsvarlig behandling" må kunne vektleggjast ikkje berre etter tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d andre alternativ, men også etter første alternativ.
(17)Ankeutvalet kan såleis ikkje sjå at det heftar feil ved lagmannsrettens tolking av tvistelova § 10-1 tredje ledd bokstav d første alternativ.
(18)Anken blir etter dette forkasta. Ankemotparten med partshjelpar har kravd sakskostnader med 12 750 kroner. Kravet blir teke til følgje, jf. tvistelova § 20-2.