Dommarar: Øie, Utgård, Webster
(1)Saka gjeld anke over lagmannsrettens orskurd om avvising på grunn av for seint framsett anke.
(2)Oslo tingrett gav 1. juni 2016 dom i sak om fullføring av subsidiær fengselsstraff på grunn av vilkårsbrot, jf. straffelova 2005 § 52 c første ledd bokstav a.
(3)Kriminalomsorga region aust anka dommen til Borgarting lagmannsrett som avviste anken i orskurd 27. juni 2016 fordi anken var sett fram for seint.
(4)Kriminalomsorga region aust har anka til Høgsterett og gjort gjeldande at anken vart gitt inn i rett tid. I anken til lagmannsretten skreiv kriminalomsorga at tingrettsdommen var motteken 1. juni, noko som var feil då det rette var 3. juni. Kriminalomsorga region aust har sett fram slik påstand: "Borgarting lagmannsretts kjennelse av 27. juni 2016 oppheves."
(5)A har ikkje kome med merknader.
(6)Høgsteretts ankeutval, som har full kompetanse i saka, legg til grunn at tingrettsdommen kom inn til kriminalomsorga 3. juni, og at det var ved eit mistak at kriminalomsorga i anken gav opp at dommen hadde kome inn 1. juni. I anken har kriminalomsorga vist til at oversendinga frå retten var datert 1. juni, og at dette vart nytta i anken, men at dommen først vart motteken 3. juni som e-post og 7. juni som brevpost. Utvalet legg til grunn at kriminalomsorga ikkje kan lastast nemnande for feilskrifta.
(7)Lagmannsretten gjorde objektivt sett ein feil då retten avviste anken, som var gitt inn i rett tid. Sjølv om det var tale om ein feil som lagmannsretten ikkje på nokon måte kan lastast for, er det likevel tale om ein saksbehandlingsfeil hos retten.
(8)Feilen har ført til at anken med urette vart avvist. Lagmannsrettens orskurd må då opphevast, jf. straffeprosesslova § 343 første ledd.
(9)Orskurden er samrøystes.