Dommarar: Utgård, Stabel, Normann
(1)A har anka avgjerd om sakskostnader i Borgarting lagmannsretts dom 13. mai 2016 i sak nr. 15-132677ASD-BORG/02 mot staten v/Utlendingsnemnda. A har gjort gjeldande at lagmannsretten ved ein feil har gløymt å ta med rettsgebyret når han vart tilkjend sakskostnader for tingretten og lagmannsretten. Ankemotparten har slutta seg til anken.
(2)Høgsteretts ankeutval viser til at ankedomstolen etter tvistelova § 20-9 tredje ledd berre kan prøve lovbruken og saksbehandlinga, og bevisvurderinga så langt den berre gjeld sakskostnadsavgjerda.
(3)Utvalet legg, i samsvar med det partane har gjort gjeldande, til grunn at lagmannsretten ved ein feil ikkje tok med rettsgebyret i tilkjende sakskostnader. Lagmannsrettens dom, slutninga punkt 3 og 4, må derfor opphevast. Saka er tilstrekkeleg opplyst til at utvalet kan ta realitetsavgjerd, jf. tvistelova § 20-9 tredje ledd siste punktum.
(4)Rettsgebyret for tingretten var 6 880 kroner og for lagmannsretten 27 675 kroner. Desse beløpa blir lagde til tidlegare tilkjende sakskostnadsbeløp i dei beløpa som utvalet no fastset.
(5)Ankande part har sett fram påstand om sakskostnader. Påstanden blir teken til følgje, og beløpet blir sett til 11 150 kroner, der salær medrekna meirverdeavgift utgjer 5 000 kroner og - 2 - rettsgebyret 6 150 kroner.
(6)Orskurden er samrøystes.