Dommarar: Utgård, Matheson, Stabel
(1)Den 12. januar 2016 gjorde barneverntenesta i Oslo kommune (Bydel X) mellombels vedtak i akuttsituasjon, jf. barnevernlova § 4-6, om å plassere C, ein gut som då snart var 9 år gammal, utanfor heimen på skjult adresse. Bakgrunnen var i hovedsak at barnevernstenesta meinte at mor og far utøvde vold mot C, og at "gutten har behov for å bli skjermet og beskyttet mot ytterligere vold". I utgangspunktet hadde ikkje foreldra til guten – A og B – rett til samvær. Barnevernet gav seinare rett til samvær, først ein halv time i veka og seinare med ein time i veka.
(2)A og B klaga på vedtaket. Fylkesnemnda tok klagen til følge i vedtak 27. januar 2016. Oslo kommune kravde rettsleg overprøving av vedtaket i fylkesnemnda, og fekk då godteke utsett iverksetjing av vedtaket frå fylkesnemnda.
(3)Oslo tingrett gav 18. mars 2016 dom med slik domsslutning: "1. Oslo kommunes vedtak av 12. januar 2016 opprettholdes. 2. C og hans foreldre, A og B, gis rett til samvær med hverandre 1 – en – time hver uke under tilsyn. 3. C forblir plassert på skjult adresse."
(4)A og B anka til Borgarting lagmannsrett, som gjorde vedtak med slik slutning: "Det gis ikke samtykke til at anken fremmes."
(5)A og B har anka til Høgsterett og har i hovudsak halde fram:
(6)Vedtaket frå lagmannsretten er openbert uforsvarleg/klart urimeleg, jf. tvistelova § 29-3 tredje ledd. Bevissituasjonen tilseier at saka blir behandla på nytt av lagmannsretten. Når det må leggjast til grunn at guten forklara seg urett om vald i beredskapsheimen, må dette telje med når det skal vurderast, om han har snakka usant også om vald frå foreldra. I dommaravhøyr har C elles ikkje sagt at han var utsett for vald, trass i gjentekne og inngåande spørsmål.
(7)Det er urimeleg når lagmannsretten argumenterer med at saka om omsorgsovertaking høgst sannsynleg kan kome opp før ei ankeforhandling i denne saka. Anke over akuttvedtak skal under alle omstende behandlast raskt, jf. tvistelova § 36-5. Det er også i det uvisse når sak om omsorgsovertaking vil kunne kome opp, då det først skal skje ei sakkunnig utgreiing. Argumentet hos lagmannsretten om at guten bør ha ein så stabil omsorgssituasjon som mogeleg og at det derfor er naturleg å vente til full behandling, kan brukast i alle saker om akuttplassering, men det er ikkje relevant.
(8)A og B har sett fram slik påstand: "Lagmannsrettens beslutning oppheves."
(9)Oslo kommune har teke til motmæle, og har i hovudsak halde fram:
(10)Vilkåret i tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav d er oppfylt, men § 36-10 tredje ledd er ein "kan"-regel. Lagmannsrettens drøfting er i høve til desse utgangspunkta, og skil seg ikkje negativt frå normen eller nivået i tilsvarande tilfelle.
(11)Sjølv om det må byggjast på at guten snakka usant om vald i beredskapsheimen, er det ikkje grunlag for å seie at han har snakka usant om vald frå foreldra si side.
(12)Dei ankande partar sine synsmåtar om når fylkesnemnda kan behandle saka, er det ikkje dekning for. Det blir vist til det lagmannsretten har sagt om dette.
(13)Vurderinga hos lagmannsretten er ikkje openbert uforsvarleg og/eller urimeleg.
(14)Oslo kommune har sett fram slik påstand: "1. Anken forkastes."
(15)Høgsteretts ankeutval viser til at kompetansen for utvalet er avgrensa til å gjelde saksbehandlinga til lagmannsretten. Dette omfattar mellom anna om dei lovfastsette vilkåra i tvistelova § 36-10 tredje ledd for ankebehandling i lagmannsretten er oppfylte. Ved overprøvinga av desse har utvalet full kompetanse. Utvalet prøver også om vedtaket frå lagmannsretten – og grunngivinga for dette – er forsvarleg, jf. Rt. 2014 side 445 avsnitt 14 og Rt. 2014 side 1034 avsnitt 11 med vidare tilvisingar.
(16)Saka gjeld overprøving av eit akuttvedtak gjort med heimel i barnevernlova § 4-6 andre ledd. Eit slikt akuttvedtak må godkjennast av fylkesnemnda, jf. barnevernlova § 7-22, der det i andre ledd mellom anna står: "Godkjenningen skjer med utgangspunkt i akuttvedtaket". Dette er ei formalgodkjenning utan kontradiksjon.
(17)Dei private partane kan så klage eit godkjent vedtak inn for fylkesnemnda. I barnevernlova § 7-23 andre og tredje ledd heiter det då: "Klagen behandles av nemndsleder alene. Det skal holdes et kort møte hvor partene gis mulighet til å redegjøre for sitt syn og til å tilby slik supplerende bevisførsel som nemndsleder tillater. Vedtak i klagesaken skal foreligge innen en uke etter at fylkesnemnda mottok saken."
(18)I si grunngiving har lagmannsretten uttala: "Grunnvilkåret for å gi samtykke til at anken fremmes, er oppfylt, jf tvisteloven § 36-10 tredje ledd bokstav d. Tingrettens dom går ut på tvang som ikke er besluttet av fylkesnemnda. Etter lagmannsrettens syn er vilkåret etter bokstav b ikke oppfylt. De opplysninger som foreligger om mulig vold i beredskapshjemmet, er ikke av en slik karakter at de gir grunn til å behandle saken om akuttvedtaket på ny. Heller ikke grunnvilkårene i tredje ledd bokstav a og c, er oppfylt. Selv om grunnvilkåret for samtykke er oppfylt, finner retten etter en samlet vurdering ikke tilstrekkelig grunn til å gi slikt samtykke. Det er særlig lagt vekt på at det etter lagmannsrettens syn ikke er sannsynlig at resultatet vil bli et annet etter ankeforhandling. Lagmannsretten legger videre vekt på at gutten bør ha en så stabil omsorgssituasjon som mulig frem til saken kan bli fullstendig belyst i fylkesnemnda. Det er opplyst at behandlingen av saken om omsorgsovertakelsen i fylkesnemnda 10. – 12. mai 2016, er utsatt i påvente av en sakkyndig utredning. Det er ikke opplyst hvor lang utsettelsen er forventet å bli, men det må antas at utsettelsen ikke vil bli særlig langvarig, og at saken i fylkesnemnda høyst sannsynlig vil bli behandlet før en ankeforhandling vil kunne gjennomføres. Idet anken over akuttvedtaket trolig vil bli gjenstandsløs etter at omsorgsovertakelsen er behandlet i fylkesnemnda, anses det ikke hensiktsmessig å stille saken i bero i medhold av tvisteloven § 16-18."
(19)Utvalet viser til at spørsmålet om kva som vil kunne bli utfallet av det forslaget om omsorgsovertaking, som kommunen fremja for fylkesnemnda 23. februar 2016, ikkje er tvistegjenstand. I dette tilfellet er det vedtaket i kommunen – altså akuttvedtaket – som er tvistegjenstand.
(20)Sjølv om det ikkje er eit spørsmål i saka no, viser utvalet til drøftinga i Rt. 2013 side 55 avsnitt 21 om i kva grad innhaldet i kravet om overprøving som er sett fram for retten, vil kunne utgjere ei ytterlegare avgrensing. I avsnitt 21 er dette avslutningsvis forklara slik: "Dette kan då gjelde t.d. krav om endring av samværsordning i ei sak der prøvingskravet overfor retten berre gjaldt spørsmålet om omsorgsordning."
(21)Utvalet nemner utvalsavgjerda i Rt. 2008 side 1456, som gjaldt spørsmålet om overprøving av eit omsorgsvedtak etter barnevernlova § 4-12. Fylkesnemnda sitt vedtak om omsorgsovertaking vart oppheva av tingretten. Kommunen anka avgjerda om omsorgsovertaking til lagmannsretten, som fremja anken. Lagmannsretten tok samtidig avgjerd i medhald av tvistelova § 36-10 andre ledd om at vedtaket i fylkesnemnda skulle stå ved lag til rettskraftig dom. Om dette uttala utvalet: " (23) Saken gjelder … et svært lite barn, som aldri har bodd sammen med sine foreldre. Tilbakeføring vil utvilsomt ha en sterk innvirkning på barnet. Hun vil få en tapsreaksjon. Når saken nå skal vurderes av lagmannsretten, kan utvalget ikke se bort fra at tingrettens dom kan bli endret. I så fall vil barnet igjen måtte oppleve en stor omveltning i sin tilværelse. Etter utvalgets syn bør dette unngås. Utvalget er etter dette enig i lagmannsrettens avgjørelse om at tvangsvedtaket skal opprettholdes til saken er rettskraftig avgjort, selv om dette vil innebære en forsinket tilbakeføring dersom kommunens anke fører frem."
(22)Den saka gjaldt såleis – i motsetning til saka her – avgjerd innanfor ei og same sak, i medhald av tvistelova § 36-10 andre ledd.
(23)Når lagmannsretten i saka no har lagt vekt på kva som måtte bli resultatet av ei endeleg avgjerd av omsorgsspørsmålet, har lagmannsretten med det trekt inn eit spørsmål som ikkje er relevant i avgjerda her. Tingretten har her sett dette på same måten. Det er såleis ein klar mangel ved behandlinga av saka også i tingretten.
(24)Lagmannsretten har vidare uttala at saka om omsorgsovertaking mest sannsynleg vil bli behandla i fylkesnemnda før saka om akuttplassering kunne kome opp i lagmannsretten. I og med at det skulle nemnast opp sakkunnig for fylkesnemnda, måtte det i alle fall påreknast månader til saka kunne kome opp der. Ei sak om overprøving av tvangsvedtak skal behandlast raskt for domstolane, jf. tvistelova § 36-5 første og andre ledd. Som tidlegare omtala har fylkesnemnda ein frist på ei veke frå saka kom inn dit, til å avgjere ein klage over eit akuttvedtak. Utvalet minner her også om kva som er sagt om avgrensinga av kva som er saka ved eit akuttvedtak.
(25)Vedtaket i lagmannsretten blir etter dette oppheva.
(26)Orskurden er samrøystes.