Dommarar: Utgård, Falch, Indreberg, Bull, Matningsdal Ein mann vart dømd til fengsel i sju månader for brot på straffelova 1902 § 132 a om motarbeiding av rettsvesenet. Ein mann hadde kome med krenkande ytringar mot to dommarar, eit rettsvitne, ein advokat og ein representant for barnevernstyresmaktene, som alle hadde vore aktørar i saker vedkomade person hadde hatt for domstolane. Dommen gjaldt også to andre, mindre alvorlege, forhold. Høgsterett – eit fleirtal på tre dommarar – viste til at ein rettsstat er avhengig av at dommarar og andre aktørar i rettsvesenet blir verna mot rettsstridig – utilbørleg – åtferd frå personar som måtte vere misnøgde med embetsførselen deira. Eit mindretal på to dommarar meinte at handlingane i hovudsak inneheldt grov sjikane, og at straffa burde setjast til fengsel i 90 dagar. Dommen gir rettleiing om straffenivået ved straffbar motarbeiding av rettsvesenet.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling i ei sak som hovudsakleg gjeld domfelling for motarbeiding av rettsvesenet i form av gjengjelding overfor fem aktørar i sivile saker for domstolane, jf. straffelova 1902 § 132 a.
(2)Lofoten tingrett gav 16. mars 2015 dom med slik domsslutning: "A, født 00.00.1976, frifinnes for hovedtiltalebeslutningen post IV. A, født 00.00.1976, dømmes for overtredelse av straffeloven § 132a første ledd b jfr annet ledd jfr fjerde ledd første straffalternativ, straffeloven § 390a og straffeloven § 333, alt sammenholdt med straffeloven § 62 første ledd og § 63 annet ledd, til en straff av fengsel i 10 måneder. Fullbyrdelsen av 4 måneder av straffen utsettes i medhold av straffeloven §§ 52-54 med en prøvetid på 2 år. Til fradrag ved soning av den ubetingede del av straffen går 5 dager for utholdt varetekt."
(3)Den domfelte anka til Hålogaland lagmannsrett over bevisvurderinga under skuldspørsmålet for alle tiltalepostane. Anken vart vist til behandling i lagmannsretten for dei postane som gjaldt straffelova 1902 § 132 a, men nekta for postane som gjaldt straffelova 1902 § 390 a og § 333. Lagmannsretten viste til at straffutmålinga i saka ville bli prøvd som følgje av den delvise tilvisinga av bevisanken.
(4)Då den domfelte ikkje møtte til ankeforhandlinga, vart anken over bevisvurderinga under skuldspørsmålet avvist. Anken over straffeutmålinga vart fremja til behandling, jf. straffeprosesslova § 336 første ledd.
(5)Hålogaland lagmannsretts gav 27. januar 2016 dom med slik domsslutning: "I tingrettens dom gjøres den endring at straffen fastsettes til fengsel i 9 – ni – måneder."
(6)Den domfelte anka vidare til Høgsterett. Anken vart oppfatta til å gjelde både straffutmålinga og lovbruken under skuldspørsmålet. Berre anken over straffutmålinga vart tilvist.
(7)Eg er komen til at anken fører fram, og at straffa bør setjast noko ned.
(8)Som nemnt gjeld saka straffutmålinga i ei sak der dei dominerande tilhøva er fem tilfelle av gjengjelding overfor aktørar i saker for domstolane.
(9)Straffelova 1902 § 132 a første ledd bokstav b – frå no ofte omtala berre som § 132 a – strafflegg slik gjengjelding. Føresegna lyder slik: "For motarbeiding av rettsvesenet straffes den som ved vold, trusler, skadeverk eller annen rettsstridig atferd overfor en aktør i rettsvesenet eller noen av hans nærmeste … b) gjengjelder en handling, et arbeid eller en tjeneste som aktøren har utført i forbindelse med en straffesak eller en sivil sak."
(10)Før eg går inn på straffutmålinga, skal eg gjere nærare greie for det A er domfelt for.
(11)Sams for alle postane som gjeld domfelling etter § 132 a, er at dei gjeld tilfelle der A la ut videoar på internettstaden Youtube der han sjølv var filma medan han uttala seg. I videoane omtala han aktørar i saker der han hadde vore part.
(12)I tingrettsdommen i saka no, som avgjorde skuldspørsmålet, er det i høve til det domfellinga omfattar, vist til dei utsegnene som er gitt att i hovudtiltalevedtaket og tilleggstiltalevedtaket. I desse tiltalevedtaka er det også vist til videoane som den domfelte hadde lagt ut. Retten la til grunn at det ikkje var tvil om at det var den tiltala som uttala seg. Dette er då grunnlaget som domfellinga gjeld objektivt sett.
(13)Domfellinga for brot på § 132 a etter hovudtiltalevedtaket postane I a og I b har bakgrunn i ei sak for Salten tingrett i april 2014 om overprøving av ei avgjerd i ei barnevernssak i fylkesnemnda. Hovudforhandlinga i tingretten var styrt av dommarfullmektig Carol Sandbye. Prosessfullmektig for den domfelte var advokat Finn Ove Smith. Den domfelte fekk ikkje medhald i kravet sitt.
(14)Post I a gjeld dommarfullmektigen. Om henne heiter det i tiltalevedtaket at A mellom sa at "han skulle ta for seg 'de syke folkene som sitter i retten' og hvorpå han sa at 'i retten sitter psykopatdommer Carol Sandbye'. Han sa også at retten heller tok livet av gutten hans enn å få han utredet. Han gav videre uttrykk for at retten hadde kroniske vrangforestillinger og var maktsyk og hvorpå han sa 'at dette beviser bare at dem e alvorlig sinnslidende i hauet'. Han viste i denne forbindelse også et bilde som han oppgav var av Carol Sandbye og kalte henne i forbindelse med visning av bildet en syk jævel."
(15)Om advokat Smith heiter det i tiltalevedtaket mellom anna at den domfelte sa at "advokat Finn Ove Smith 'er en sjuk jævel som leve godt av å sitt på begge sider av bordet og mishandle og motarbeide barna og familian som han e lønna for å forsvar'. Videre kalte han advokat Smith for 'den jævla morderen' og flere ganger 'idiot' samt sa at advokat Smith hadde tatt strupetak på ham inne på advokatkontoret. …Han viste også et bilde av advokat Smith hvorpå han kalte han 'smithidioten som tar livet av ungan vårres i stedet for å hjelp dem'."
(16)Post II gjeld brot på straffelova 1902 § 390 a for "ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd krenker en annens fred". Posten gjeld ein tilsett i barnevernet, som hadde behandla saka før ho kom til tingretten. Det heiter i tiltalevedtaket at "han sammenlignet arbeidet til barnevernet generelt og spesielt barnevernarbeider Bs arbeid med nazistenes overgrep samt at han viste et bilde av henne hvorpå han blant annet sa 'så får dere sjøl se ondskapen inn i øyan så sett der å glis når ungan knapt klar å pust eller et eller beveg seg fordi dem savne foreldran. Det e ho rivanesen likegyldig'."
(17)A er også domfelt etter post III for brot på straffelova 1902 § 333 fordi han ved eit høve ikkje gav opp fullt namn då han vart beden om det av politiet.
(18)Tilleggstiltalen har bakgrunn i ei sak i Rana tingrett der barnevernet fekk medhald i at A skulle ha besøksforbod i høve til sonen. Tiltalen har tre postar, som alle gjeld gjengjelding overfor aktør i rettsvesenet.
(19)Post I a gjeld ein video der den domfelte mellom anna kalla "sakens tingrettsdommer Fredrik Meyer for 'barnemorder', og sa at Fredrik Meyer er 'stolt a å bryt alle norske lova og EMK', og 'at han der dommeren Fredrik Meyer han tjen over en million i året for å ta livet av ongan etter beste evne'."
(20)Eg tek her også med eit utdrag frå utskrifta av opptaket frå Youtube, der tingrettsdommar Meyer vart omtala slik: "Det er faen meg skadedyrs, eh, etaten, det er faen det det er. Nå er det faen på tide at vi behandler de som skadedyr. Tar vi heller igjen og så får vi ødelegge de og deres familie, så de får faen meg kjenne samme medisin selv, så får dem selv sitte er å bli ødelagt. Både økonomisk, fysisk og psykisk, deres familie."
(21)Post 1 b gjeld ein saksbehandlar i tingretten, som gjorde teneste som rettsvitne i saka. Han kalla henne "sån jævla fettkjærring sånn nazi satans kjærring som elska å drep ungan våres fan mæ sånn first clas nazista syke jævla".
(22)Post I c gjeld omtale av den medarbeidaren i barnevernstenesta som hadde sett fram kravet til retten om besøksforbod. I tiltalevedtaket er det sagt at den domfelte kalla henne for " 'jævla hora', 'kukkjærring' videre sier han at hun 'truer alle på livet som prøver å si noe negativt om barnevernet' og at hun 'truer fosterforeldre og besøkende på livet'."
(23)Sjølv om eg her har referert ein god del av opptaka, er det likevel tale om utsnitt. Mykje av det som elles er sagt, er i same tonen som det som er sitert. Som det går fram av nokre av sitata, er det på Youtube også lagt inn bilete av dei aktuelle personane, og det er også opplyst adresse og telefonnummer for fleire av dei.
(24)Høgsterett skal altså berre behandle straffutmålinga i saka no. Det sentrale for utmålinga av straff er domfellingane for motarbeiding av rettsvesenet. Eg viser først til at det her er tale om ytringar mot fem aktørar, og at det då også er tale om fem ulike brot på § 132 a. Sjølv om det er ein samanheng mellom handlingane sett frå den domfelte sin ståstad, kan eg ikkje sjå at dette gjer handlingane mindre alvorlege ut frå dei krenkte sitt behov for vern.
(25)Høgsterett har tidlegare i dag gitt dom i sak HR-2016-01012-A. Det blir der understreka at ein rettsstat er avhengig av at dommarar og andre aktørar i rettsvesenet blir verna mot rettsstridig – utilbørleg – åtferd frå personar som måtte vere misnøgde med embetsførselen deira. Dette er då også etter mitt syn det avgjerande fundamentet for desse reglane, og også det som først og fremst gjer at det må reagerast strengt mot brot på dei. Ikkje noko rettssamfunn kan klare seg utan at aktørane i rettsvesenet har vern mot slike handlingar. Etter mitt syn gir dette den grunnleggjande klangbotnen når straffutmålinga skal vurderast.
(26)Her viser eg også til dom frå Den europeiske menneskerettsdomstolen 27. mai 2003 i sak Skałka mot Polen. Som eit grunnleggjande synspunkt uttalar domstolen i premiss 34: "The work of the courts, which are the guarantors of justice and which have a fundamental role in a State governed by the rule of law, needs to enjoy public confidence. It should therefore be protected against unfounded attacks (see, e.g. Prager and Oberschlick, cited above, § 34; De Haes and Gijsels v. Belgium, judgment of 24 February 1997, Reports of Judgments and Decisions 1997-I, pp. 233-234, § 37)."
(27)I dommen som er avsagt tidlegare i dag HR-2016-01012-A avsnitt 14–15, uttala Høgsterett seg om vernet mot mishagsytringar for ein dommar. Desse synsmåtane er eit viktig grunnlag også i saka no, og dei må leggjast til grunn for alle aktørane i ei sak.
(28)Eg legg til at det etter mitt syn ikkje er grunn til å stille opp nokon allmenn regel om at gjengjelding overfor vitne og partar i ei sak er alvorlegare enn gjengjelding overfor profesjonelle aktørar som dommarar, advokatar eller medarbeidarar i barnevernet. Som framheva i Skałka mot Polen er det eit siktemål med reglar som dei i § 132 a, å verne arbeidet i domstolane mot ugrunna angrep. Slik eg ser det, må det ved straffutmålinga takast utgangspunkt i omstenda i den enkelte saka, utan føringar til kva aktør gjengjeldinga rettar seg mot.
(29)Som før omtala er tilfella av motarbeiding av rettsvesenet dei som må vege tyngst i straffutmålinga. Det er nokre dommar i slike saker, men eg nøyer meg med å vise til tre av dei. I Rt. 2007 side 1601 vart straffa sett til fengsel i seks månader for i hovudsak gjengjelding etter § 132 a. Den domfelte hadde hengt opp ca. 30 plakatar der han skulda to barn i same området for å gi falsk forklaring i ei seksuallovbrotssak. Barna var identifiserbare. Rt. 2010 side 1165 gjaldt truslar mot eit vitne som hadde gitt vitneprov. Den domfelte og vitnet møttest i tinghuset. Den domfelte såg vitnet "inn i øynene, tok seg for halsen og klemte to ganger mens han sa 'du er ferdig' eller lignende". Straffa etter § 132 a vart som utgangspunkt sett til fengsel i fem månader for dette tilhøvet. Endeleg viser eg til dommen frå tidlegare i dag i sak HR-2016-01012-A. Straffa etter § 132 a vart der vurdert til fengsel i om lag 30 dagar. I dommen er det sagt at straffa for brot på § 132 a til vanleg vil vere fengsel utan vilkår.
(30)Som nemnt er det i saka no tale om gjengjelding overfor fem personar. For kvar enkelt er det tale om ei alvorleg krenking. Opptaka er lagde ut på Youtube, med eit potensiale for framfinning direkte og ikkje minst gjennom tilvisingar til dømes i e-postar og ved bruk av sosiale media. Krenkinga er også vedvarande. Det er ekstra alvorleg når personane er tydleg identifiserte, med namn og bilete og til dels også med adresse og telefonnummer.
(31)Omtalen av tingrettsdommar Meyer inneheld dessutan utsegner som må gi særleg grunn til uro hos dommaren og hans næraste.
(32)Forsvararen har vist til at deler av utsegnene dels har samanheng med kritikk mot aktørane. Skarpast er kritikken retta mot advokat Smith som etter A sitt syn "sitt på begge sider av bordet". Om advokat Smith uttalar lagmannsretten: "Lagmannsretten kjenner ikke forholdet mellom tiltalte og advokat Smith ut over det som er gjengitt som anførsler. Det er imidlertid på det rene at tiltalte hadde egen advokat i samværssaken i 2013, og at denne advokaten ikke fant grunn til å reise spørsmål om advokatetikk. Det gjorde heller ikke tiltaltes advokat i straffesaken for tingretten. Tiltalte kunne ha anket 2013-saken og/eller brakt innsigelser mot advokat Smiths opptreden inn for Disiplinærnemnden. Viktigere er at utsagnene tiltalte har fremsatt om og mot advokat Smith, i form og innhold og ikke minst spredningsform, er så alvorlige at de er straffbare uavhengig av uenighet om advokatens opptreden i en konkret sak."
(33)Drøftinga gjeld spørsmålet om handlingane var straffbare. Synsmåtane har etter mitt syn same gjennomslagskraft for straffutmålinga.
(34)Den domfelte har også hatt innvendingar mot dommarfullmektig Sandbye. Innvendingane gjaldt dels at ho gjorde teneste i ei barnevernssak, trass i at ho ikkje var embetsdommar, og dels på at ho nekta han dekning av utgifter. Usemje i dei vurderingane som låg bak dette – der berre det siste var opp til dommarfullmektigen – gav klart ikkje grunnlag for utsegner av det aktuelle slaget.
(35)Etter mitt syn ville kvar enkelt av dei fem brota på § 132 a isolert sett måtte ha ført til ei straff på fengsel utan vilkår. Eg går ikkje inn på nærare utmåling eller på den differensieringa som måtte ha vore gjort av dei fem brota ved isolert utmåling.
(36)Lagmannsretten sette straffa til fengsel i ni månader. Eg har gjort greie for omstenda ved handlingane, som talar for ein streng reaksjon. Mykje kunne tale for å følgje lagmannsrettens straffutmåling. I lys av dei dommane eg nett viste til frå 2007 og 2010, er eg likevel under tvil komen til at straffa bør setjast noko ned. Straffa kan då fastsetjast til fengsel i sju månader. Eg har teke omsyn til at straffa for brot på § 132 a har vorte noko skjerpa dei siste åra. Dommen omfattar også brota på straffelova 1902 § 390 a og § 333. Brotet på § 390 a er ei gjengjeldingshandling retta mot ein tilsett i barnevernet. Dette må også telje med ved straffutmålinga. Brotet på § 333 gir ikkje nemnande utslag i straffa.
(37)Omsynet til domfelte sin helsesituasjon har ikkje vekt ved utmålinga.
(38)Eg røystar etter dette for slik D O M : I lagmannsrettsdommen blir gjort den endringa at straffa blir sett til fengsel i 7 – sju – månader. Til frådrag går 5 – fem – dagar for uthalden varetekt.
(39)Dommer Falch: Jeg er kommet til at straffen må settes lavere enn førstvoterende går inn for.
(40)De utsagn A er dømt for å ha fremsatt og publisert, inneholder i all hovedsak grov sjikane av navngitte enkeltaktører i rettsvesenet og barnevernet. Utsagnene inneholder i tillegg elementer av grove beskyldninger og en mulig trussel, men totalinntrykket er en flom av saftige og svært krenkende skjellsord.
(41)De former for motarbeiding av rettsvesenet som Høyesterett tidligere har behandlet under straffeloven 1902 § 132 a, har i hovedsak bestått av vold, direkte trusler, privatlivskrenkelser og annen oppsøkende eller nærgående adferd. For de som rammes, er slik adferd ofte mer skremmende og plagsom enn utskjelling i det offentlige rom. Det tilsier etter min mening at straffen som utgangspunkt bør settes lavere for den adferd A er dømt for, enn for nevnte adferd.
(42)As sjikane er foranlediget av to rettssaker han tapte. A er åpenbart kritisk til rettsavgjørelsene og rettsprosessene, og kritikken mot dommerfullmektig Sandbye og advokat Smith er som førstvoterende har redegjort for, i noen grad konkretisert. Sjikanen – og det som finnes av kritikk – er dessuten rettet mot de profesjonelle aktørene i rettsvesenet og barnevernet, ikke mot vitner og private parter som måtte være trukket inn i rettsprosessene slik tilfellet var i Rt. 2007 side 1601 som førstvoterende viser til.
(43)Kritikk mot rettsvesenet og dets aktører er som det klare utgangspunkt ikke rettsstridig og kan derfor fremsettes av enhver uten å rammes av § 132 a. Denne friheten omfatter også kritikk som fornærmer, sjokkerer og opprører. I så måte er det et rom for overdrivelser og spissformuleringer, se EMDs dom i Skałka mot Polen som førstvoterende viser til, og dom 24. februar 1997 De Haas og Gijsels mot Belgia avsnitt 46.
(44)I As tilfelle er imidlertid kritikken lite fremtredende. Det er utskjellingen som dominerer. Jeg er derfor enig med førstvoterende i at det må reageres med en straff som er merkbar.
(45)Det er straffeskjerpende at den rettsstridige adferden er rettet mot flere, jf. straffeloven 1902 § 62 første ledd og § 63 annet ledd. Men i situasjoner som denne, hvor flere profesjonelle aktører er rammet av likeartet grov sjikane, kan virkningen bli at krenkelsen – paradoksalt nok – bli lettere å bære for hver enkelt. Man kommer på sett og vis i godt selskap. Mange av dem som måtte bli oppmerksom på sjikanen, vil få større vansker med å ta den alvorlig. Jeg legger derfor mindre vekt på at mange er rammet. Jeg er imidlertid enig med førstvoterende i at det er straffeskjerpende at sjikanen er distribuert bredt, på Youtube. Det øker muligheten for at sjikanen tilflyter personer som vil ta den på alvor.
(46)Rettspraksis viser et ikke helt entydig bilde av straffenivået ved brudd på § 132 a, men straffen synes noe skjerpet de senere årene. I Rt. 2010 side 1165 og Rt. 2014 side 346 som gjaldt motarbeiding av rettsvesenet i form av henholdsvis trusler mot et vitne og vold mot fornærmede i en straffesak, ble straffenivået satt til fengsel i fem og seks måneder. I lys av det jeg har sagt, mener jeg at den adferd A er dømt for, er mindre alvorlig. Hans straff bør derfor settes lavere.
(47)Jeg stemmer på denne bakgrunn for at straffen nedsettes til fengsel i 90 dager.
(48)Dommer Indreberg: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med annenvoterende, dommer Falch.
(49)Dommer Bull: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende, dommer Utgård.
(50)Dommer Matningsdal: Likeså.
(51)Etter røystinga sa Høgsterett slik