(1)Saka gjeld spørsmålet om lagmannsretten skulle ha grunngitt eit vedtak om ikkje å gi ankeløyve etter tvistelova § 29-13 første ledd, jf. femte ledd andre punktum.
(2)Santander Consumer Bank AS reiste 8. oktober 2014 søksmål mot A med krav om betaling med grunnlag i sjølvskuldnarkausjon gitt av A for Sør-Anlegg AS sine skyldnader. Kausjonen var avgrensa til 123 032 kroner og knytte seg til kjøp av ein bil. Påstanden for tingretten var 107 649 kroner, der hovudstolen utgjorde 89 797 kroner.
(3)Kristiansand tingrett sa 23. januar 2015 dom med slik domsslutning: "1. A frifinnes. 2. Partene bærer sine egne omkostninger ved saken."
(4)Santander Consumer Bank AS anka dommen til Agder lagmannsrett. Lagmannsretten vedtok 6. mai 2015 under dissens ikkje å gi samtykke til å fremje anken til behandling, jf. tvistelova § 29-13 første ledd. Vedtaket har slik slutning: "1. Anken tillates ikke fremmet. 2. Santander Consumer Bank AS skal betale A sakskostnader for lagmannsretten med 4.000 - firetusen - kroner. Oppfyllelsesfristen er 2 - to - uker etter forkynnelsen."
(5)Fleirtalet i lagmannsretten grunngav ikkje vedtaket ut over å vise til at det vart gjort "etter en samlet vurdering". Mindretalet grunngav relativt utførleg kvifor han meinte anken burde tillatast fremja.
(6)Santander Consumer Bank AS har anka vedtaket til Høgsterett og gjort gjeldande at det ligg føre saksbehandlingsfeil. Det ligg føre særlege omstende som tilseier at lagmannsretten skulle grunngitt kvifor samtykke ikkje vart gitt. Tingretten fann saka tvilsam, og det var også dissens i lagmannsretten i spørsmålet om å fremje anken. Saka reiser prinsipielle spørsmål, der avgjerda kan få innverknad på utfallet av eit stort tal saker. Santander Consumer Bank AS har sett fram slik påstand: "1. Lagmannsrettens beslutning oppheves. 2. A dømmes til å betale sakens omkostninger."
(7)A har gitt tilsvar der det er gjort gjeldande at anken må forkastast. Fleirtalet i lagmannsretten har vist til at det etter ei samla vurdering er komne til at samtykke ikkje bør givast. Avgjerda er verken openbert uforsvarleg eller klart urimeleg, og under alle omstende har manglar ved grunngivinga ikkje verka inn på innhaldet av avgjerda. Det er sett fram slik påstand: "I forhold til tvisteloven § 29-3 jf. § 30-3 nedlegges slik påstand: Anken forkastes. I forhold til tvisteloven § 30-5 nedlegges slik påstand: Anken avvises. I begge tilfelle nedlegges slik saksomkostningspåstand: Santander Consumer Bank As dømmes til å betale A sakens omkostninger for lagmannsretten og Høyesterett."
(8)Høgsteretts ankeutval viser til at ved avgjerder etter tvistelova § 29-13 første ledd kan utvalet berre prøve saksbehandlinga hos lagmannsretten, jf. tvistelova § 29-13 femte ledd. Tvistelova § 29-13 femte ledd fastset at det er krav til grunngiving "når særlige grunner tilsier det". Dette omfattar mellom anna om anken er behandla etter rett vurderingstema, jf. Rt. 2014 side 294 avsnitt 10.
(9)I vedtaket frå lagmannsretten som er til prøving, er det uttala: "Tingretten fant etter sin drøftelse 'at avtalen settes til side i sin helhet i henhold til avtalelovens § 36 fordi det er urimelig å gjøre den gjeldende', se side 11."
(10)Ut over dette er ikkje argumentasjonen i tingrettsdommen omtala. Heller ikkje er det nærare omtala kva banken heldt fram i tingretten eller i anken til lagmannsretten.
(11)Utvalet viser til at banken for det første heldt fram at det var feil når tingretten hadde lagt til grunn at A måtte reknast som forbrukar i høve til banken, jf. finansavtalelova § 57 tredje ledd bokstav a. Banken har vist til at det vart lagt til grunn av tingretten og er uomtvista at A eigde 50 prosent av aksjane i låntakarselskapet - Sør-Anlegg AS, var dagleg leiar og styreformann der og hadde storparten av inntektene sine frå selskapet. For det andre heldt banken fram at A skreiv under kausjonen in blanco og overlet dokumentet til eigaren av dei andre 50 prosentane av aksjane i Sør-Anlegg AS. At denne medaksjonæren førte både A og banken bak lyset, meinte banken ikkje kunne gå ut over den.
(12)Utvalet viser til at mindretalet i lagmannsretten tok opp nokre av dei spørsmåla som her vart reist. Men etter utvalet sitt syn kan dette ikkje i denne saka bøte på eventuell manglande grunngiving hos fleirtalet, like lite som det kan etablere ei plikt til grunngiving for fleirtalet.
(13)Utvalet ser ikkje grunn til reint allment å gå inn på plikta til grunngiving etter tvistelova § 29-13 femte ledd. Som det går fram av det omtala frå banken sin anke til lagmannsretten, reiste dommen spørsmål av dels grunnleggjande karakter, særleg om kven som er forbrukar i ein slik samanheng. Det er også uomtvista at A skreiv under på ei kausjonserklæring in blanco til bruk for ein medaksjonær. Dette er spørsmål av ein slik særeigen karakter at dei burde ha vore omtala og drøfta i vedtaket hos lagmannsretten, jf. det som er sagt om relevante kriterium i § 29-13 første ledd.
(14)Vedtaket i lagmannsretten må etter dette opphevast.
(15)Anken har ført fram. Santander Consumer Bank AS må tilkjennast sakskostnader, som i samsvar med kravet blir sett til 9 650 kroner.
(16)Orskurden er samrøystes.