Dommarane Utgård, Indreberg, Noer
(1)Saka gjeld anke over lagmannsrettens avvising av anke på grunn av manglande underskrift frå den ankande.
(2)Oslo tingrett sa 12. februar 2014 dom med slik domsslutning: "A, født 00.00.1963, dømmes for overtredelse av straffeloven § 162 første ledd til fengsel i 3 – tre – år som fellesstraff med den betingede del av Borgarting lagmannsretts dom av 10.04.2012, jf. straffeloven § 54 nr. 3. Fullbyrdelsen av 2 – to – år av straffen utsettes i medhold av straffeloven §§ 52–54 med en prøvetid på 3 – tre – år."
(3)Saka vart avgjort ved tilståingsdom, jf. straffeprosesslova § 248.
(4)A fekk dommen forkynt for seg i sentralarresten i Oslo politidistrikt 7. mai 2014. I e-post 9. mai 2014 til forsvararen skreiv politiadvokaten at A hadde anka ved forkynninga, og gav frist til 20. mai 2014 for å sende støtteskriv til anken. Forsvararen sende støtteskriv 9. mai 2014 der ho skreiv at dommen vart forkynt for A 7. mai, og at han hadde anka på staden. Saka vart deretter send til Oslo statsadvokatembete, som sende henne vidare til Borgarting lagmannsrett 27. mai 2014. I påskrifta – som forsvararen fekk kopi av – vart det mellom anna uttala at anken ikkje var underskriven av den domfelte, og forsvararen vart gitt frist på ei veke for å sende inn anke som var medunderskriven av den domfelte. Det vart varsla om at anken måtte avvisast dersom ikkje slik underskriven anke vart send inn.
(5)Då anke med medunderskrift ikkje vart send inn, gav Borgarting lagmannsrett 23. juni 2014 orskurd med slik slutning: "Anken avvises."
(6)A har anka avgjerda. Han held fram at avvisinga grunna manglande medunderskrift må byggje på ei mistyding, då han anka ved forkynninga, slik det går fram av e-posten frå politiadvokaten. Det er opplyst at forsvararen oversåg påskrifta frå statsadvokatembetet.
(7)A har sett fram påstand om at lagmannsrettens orskurd blir oppheva.
(8)Påtalemyndigheten har gjort gjeldande at det var tale om ein uforsettleg feil som måtte søkjast avhjelpt. Når det no er kome inn underskriven ankeerklæring, må avvisingsavgjerda kunne omgjerast.
(9)Borgarting lagmannsrett har i brev 14. august 2014 opplyst at retten har vurdert spørsmålet om omgjering etter straffeprosesslova § 381, og at retten er komen til at det ikkje er høve til dette, då avgjerda var ein orskurd som avslutta saka.
(10)Høgsteretts ankeutval viser til at det ikkje er tale om ein vidare anke. Kompetansen for utvalet er såleis ikkje avgrensa ved reglane i straffeprosesslova § 388.
(11)I Rt. 2011 side 1656 avsnitt 21 uttala utvalet om forståinga av straffeprosesslova § 318 første ledd bokstav a: "Det avgjørende er om retten - ut fra en bred skjønnsmessig totalbedømmelse av vedkommendes forhold - finner at oversittelsen ikke bør legges den ankende part til last, jf. for eksempel Rt. 1988 side 1168. Når loven sier bør, betyr det at anken kan antas, selv om parten kan lastes for fristoversittelsen, se for eksempel Bjerke, Keiserud og Sæther: Straffeprosessloven, 4. utgave side 1126."
(12)Denne utsegna er følgd opp i Rt. 2012 side 1683, sjå avsnitt 15.
(13)Utvalet ser så på dei konkrete omstenda i saka no.
(14)Då dommen vart forkynt for A, vart det kryssa av for følgjande alternativ på forkynningsskjemaet: "Domfelte opplyste om at hun/han kommer til å anke dommen, og ble gjort spesielt oppmerksom på informasjon om grunnlag for anke i 'Rettledning til domfelte'. Domfelte ble videre informert om at det snarest må fremsettes skriftlig og signert begrunnelse for anken. Uten begrunnelsen vil ikke anken bli tatt opp til behandling."
(15)Ordlyden i skjemaet inneber at det ikkje er spurt den domfelte om han ankar. Det er bede opplyst om han kjem til å anke, og det er vist til informasjon om grunnlaget for dette. Ei avkryssing av dette alternativet på forkynningsskjemaet inneber såleis ikkje at det er anka.
(16)Forkynningsskjemaet er ikkje heldig utforma. Formuleringa om at det "snarest må fremsettes skriftlig og signert begrunnelse for anken" kan lett forståast slik at det er erklært anke, og at det er spørsmål om å gi inn det som til vanleg blir omtala som støtteskriv. Det er såleis ikkje sett nokon frist for slik "begrunnelse for anken", noko som skulle vore gjort for ein anke. Utvalet viser til at det i andre, vanleg brukte, standardiserte forkynningsskjema er lagt opp til at domfelte kan anke ved forkynninga, og at det så blir bede om støtteskriv.
(17)Som hovudregel gjeld at ein domfelt ikkje skal identifiserast med forsvararen når det gjeld feil denne har gjort. I praksis er det gjort unntak for dette når det gjeld støtteskriv som blir sende inn for seint, jf. Rt. 2008 side 1044. Utvalet går ikkje nærare inn på avgrensinga av dette unntaket. For ein anke er det krav om personleg underskrift, og det kan då ikkje vere plass for identifikasjon, jf. Rt. 2012 side 1683 avsnitt 16.
(18)I lys av den uklare situasjonen ved forkynninga i saka her, kan den domfelte ikkje leggjast til last at han ikkje forsto at det ikkje skjedde ein anke. Utvalet viser til det som alt er sagt om forkynningsmåten. At dette kunne gi grunnlag for mistyding, går fram av den e-posten politiadvokaten sende til forsvararen og der det heitte at dommen vart forkynt for den domfelte og at "han anket på stedet".
(19)Lagmannsrettens orskurd må etter dette opphevast. Om anken skal fremjast etter straffeprosesslova § 321 andre ledd, må avgjerst av lagmannsretten.
(20)Orskurden er samrøystes.