Dommarane Utgård, Indreberg, Bårdsen
(1)Saka gjeld anke frå den tiltala over oppnemning av bistandsadvokat for ein annan i samband med ankesak for lagmannsretten.
(2)Ved tiltalevedtak 26. mars 2014 frå Hordaland statsadvokatembete vart A tiltala for brot på straffelova § 233 første ledd. Grunnlaget i tiltalevedtaket lydde slik: "Lørdag 21. september 2013 ca kl. 0300, i X, stakk han sin bror C, født 00.00.1986, i høyre skulder og brystet med kniv. Sistnevnte knivstikk gikk gjennom brystveggen, venstre lunges overlapp og tvers gjennom venstre hjertekammer, og C døde av blødninger."
(3)Bergen tingrett sa 17. juni 2014 dom med slik slutning: "1. A, født 00.00.1989, dømmes for overtredelse av straffeloven § 233 første ledd til fengsel i 11 – elleve – år. Varetekt kommer til fradrag i straffen med 253 dager, beregnet frem til og med den 00.00.2014. 2. A, født 00.00.1989, dømmes til å betale oppreisningserstatning til D med kr 200.000 og til å betale erstatning for økonomisk tap på kr 39.370, som forfaller til betaling 2 – to – uker etter at dommen er forkynt. 3. A, født 00.00.1989, frifinnes for krav om oppreisningserstatning fra B."
(4)Under behandlinga av saka i tingretten fekk B oppnemnd bistandsadvokat.
(5)I tingrettsdommen er lagt til grunn ein hendingsgang der utvalet nøyer seg med å vise til nokre hovudpunkt som synest uomtvista. B og brørne C og A var i same leilegheita drapsnatta. B og C budde saman på eitt av romma, der dei oppheldt seg den aktuelle kvelden. A trua dei, mellom anna med knivstikking, gjennom døra inn dit. C gjekk etter kvart ut av rommet. Han vart då angripen med kniv av A. C trekte seg attende til rommet sitt der B framleis var. B tilkalla så politiet, og det kom også ambulansepersonale til staden. Etter fånyttes forsøk på gjenoppliving vart C erklært død. B var til stades under gjenopplivingsforsøka.
(6)A har anka domfellinga til lagmannsretten. B har kravd ny behandling av sivile krav. B sette 19. august 2014 fram kravsmål om å få oppnemnd bistandsadvokat for seg under ankesaka.
(7)Gulating lagmannsrett nemnde 21. august 2014 opp advokat Laila Kjærevik som bistandsadvokat for B med heimel i straffeprosesslova § 107 b, jf. § 107 a tredje ledd.
(8)A har anka vedtaket om oppnemning til Høgsterett. Det er gjort gjeldande at B ikkje har status som krenkt ("fornærmet") i saka slik tiltalen er utforma. Ho er å sjå på som "annen skadelidt" og som vitne. Straffeprosesslova § 107 a tredje ledd kan då ikkje gi heimel for oppnemning av bistandsadvokat.
(9)B har kome med merknader til anken.
(10)Høgsteretts ankeutval viser til at det ikkje er tale om ein vidare anke. Kompetansen for utvalet er såleis ikkje avgrensa ved reglane i straffeprosesslova § 388.
(11)Anken synest å rette seg både mot lovtolkinga og den konkrete rettsbruken.
(12)Det er lagt til grunn i praksis at ein tiltala blir ramma av ei slik oppnemning slik at han har høve til å anke over den etter straffeprosesslova § 377, sjå Rt. 1997 side 1193 og Rt. 2004 side 521. I avgjerda i Rt. 1997 side 1193 la utvalet, under tilvising til straffeprosesslova § 377, til grunn at ein anke over oppnemning berre kan grunngivast med feil i lovtolkinga eller grovare saksbehandlingsfeil. Utvalet legg til at høvet til anke er eit anna der retten har nekta å nemne opp bistandsadvokat, jf. Rt. 2014 side 222 avsnitt 18.
(13)Lagmannsretten nemnde opp bistandsadvokat med heimel i straffeprosesslova § 107 a tredje ledd. Føresegna er ikkje avgrensa til å gjelde "fornærmede" i straffeprosesslova § 9 a * § 93a. Tredje ledd kom inn i lova i 2008 og er meint å kunne gjelde for tilfelle som fell utanfor § 107 a første og andre ledd, men der det likevel er grunn til å nemne opp bistandsadvokat, jf. Ot.prp. nr. 11 (2007-2008) side 113.
(14)Utvalet kan ikkje sjå at lova er tolka feil når lagmannsretten har lagt til grunn at B fell innanfor den personkrinsen som etter straffeprosesslova § 107 a tredje ledd kan få oppnemnd bistandsadvokat.
(15)Anken blir etter dette å forkaste.
(16)Orskurden er samrøystes.