Dommarane: Utgård, Bårdsen, Sæbø, Falkanger, Gjølstad Saka gjaldt anke over straffutmålinga i sak med domfelling for forsøk på å tvinge dotter på 16 år til å inngå ekteskap. A og familien hans – kone og to døtrer – høyrer til den etniske folkegruppa kurdarar. Dei flykta frå Y og kom til Noreg i februar 2010. Forsøket på tvangsekteskap skjedde gjennom eit vedvarande sosialt press mot ei av døtrene, som då var 16 år gammal. Ho fekk høyre at ho ikkje hadde noko val, og at ho ved å nekte førte skam over familien, og at dei ville bli utstøytte av resten av familien. Den domfelte sette også i verk konkrete tiltak for å gjennomføre tvangsekteskapet, både ved å ta kontakt med ein mulla i Y og ved å ordne med ein ekteskapskontrakt. Han søkte dessutan å få til frivillig tilbakereise for dottera, og undersøkte også om nokon var villige til tilbakeføring med tvang. Det vart ikkje nytta vald eller truslar om vald. Høgsterett tok utgangspunkt i avgjerda i Rt. 2006 side 140, som også gjaldt eit tilfelle av forsøk på tvangsekteskap, og der straffa for far tilsvarande vart sett til fengsel i 2 år og 6 månader. Saka der var alvorlegare, ved at det mellom anna vart sett fram truslar om drap, og at desse saman med lekamskrenkingar gav saka eit visst preg av mishandling. På den andre side har det etter 2006 skjedd ei skjerping i straffenivået ved seksuallovbrot, som må ha eit visst gjennomslag også i saker om tvangsekteskap. I saka no var det tale om sosialt press saman med førebuingar til gjennomføring. Det vart vist til det lagmannsretten hadde uttala om at det må reknast med at dei fleste slike lovbrot skjer på dette viset, "ved et vedvarende sosialt press over tid, for å bryte ned fornærmedes motstand". Høgsterett viste til at dottera berre var 16 år då forsøket på tvangsekteskap vart utført, og at den domfelte sin handlemåte må ha vore svært vanskeleg for henne medan forsøkshandlingane vart utførte. Handlinga fekk også konsekvensar i ettertid, ved at den krenkte – saman med mora og søstera – har flytta og no har hemmeleg adresse. Ved straffutmålinga måtte det som i saka frå 2006 kome inn at det ikkje vart etablert samliv mellom dottera og den påtenkte ektemaken. Ved utmålinga kom det inn at det var ei forsøkshandling. Høgsterett sette straffa til fengsel i 1 år og 4 månader, slik også lagmannsretten hadde gjort.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld anke over straffutmålinga i sak med domfelling for forsøk på å tvinge dotter på 16 år til å inngå ekteskap.
(2)Statsadvokatane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane sette 28. august 2012 A under tiltale for brot på straffelova § 222 andre ledd første straffalternativ, jf. § 49. Grunnlaget lydde slik: "I desember 2011 i X kommune inngikk han avtale med sin bror om at datteren B, født 6. juli 1995, skulle gifte seg med brorens sønn i Y. I den påfølgende tidsperiode frem til mars 2012 påpekte han gjentatte ganger – formentlig daglig – overfor sin datter at ekteskapet måtte inngås på grunn av deres kultur og tradisjon. Videre forberedte han ekteskapsinngåelsen blant annet ved å sende bilde av datteren til sin bror, undersøke muligheter for transport av henne til Y og besørge nødvendig dokumenthåndtering. Han lyktes ikke i sitt forehavende fordi datteren motsatte seg giftemålet."
(3)Romsdal tingrett gav 12. november 2012 dom med slik domsslutning: "1. A, født 24.08.1973, dømmes for overtredelse av straffeloven § 222 andre ledd første straffalternativ, jf. § 49, til en straff av fengsel i 1 – ett – år og 4 – fire – måneder. Varetekt kommer til fradrag med 7 – sju – dager, jf. straffeloven § 60. 2. A, født 24.08.1973, ilegges ikke saksomkostninger."
(4)Den domfelte anka til Frostating lagmannsrett. Anken gjaldt bevisvurderinga under skuldspørsmålet og dessutan lovbruken og straffutmålinga. I vedtak av 4. februar 2013 vart anken over bevisvurderinga under skuldspørsmålet og over lovbruken nekta fremja, medan anken over straffutmålinga vart vist til ankeforhandling. Lagmannsretten forkasta anken ved dom 4. oktober 2013.
(5)A har anka straffutmålinga vidare til Høgsterett. Påtalemakta har påstått anken forkasta.
(6)Eg er komen til at anken må forkastast.
(7)Den domfelte og familien hans – kone og to døtrer – høyrer til den etniske folkegruppa kurdarar. Dei flykta frå Y og kom til Noreg i februar 2010.
(8)A er funnen skuldig i ved utilbørleg press å ha forsøkt å tvinge ei av døtrene til å inngå ekteskap. Dottera var då 16 år. Skuldspørsmålet vart endeleg avgjort av tingretten. På same måte som lagmannsretten har gjort, byggjer eg på den framstillinga tingretten gav av sakstilhøvet. Om hendingsgangen heiter det i tingrettsdommen: "I desember 2011 tok tiltalte første gang opp giftemålet med fornærmede. Han ordla seg slik; 'det er bestemt at' du skal gifte deg med brorens sønn eller lignende. Fornærmede sa til tiltalte at hun ikke ville gifte seg med sitt søskenbarn, men gifte seg som voksen med noen hun var glad i. Videre sa hun at ikke noen andre personer skulle bestemme hvem hun skulle gifte seg med. Fornærmede fryktet også den seksuelle omgangen med en fremmed person i et ekteskap hun ikke ønsket. Hun ville heller ikke flytte fra sin familie tilbake til Y. I perioden desember 2011 og frem til mars 2012 sa tiltalte omtrent daglig til fornærmede at det var bestemt at hun skulle gifte seg med sitt søskenbarn i Y eller lignende. Videre sa tiltalte at i følge deres kultur og tradisjon var det ikke noe alternativ for henne. Enhver i familien måtte adlyde beslutninger tatt av familiens overhode, det vil si hans eldste bror. Videre sa tiltalte at dersom hun motsatte seg giftemålet, ville hun bringe skam over hennes nærmeste familie og de ville bli utstøtt av resten av familien. Ved flere av disse anledningene var tiltalte sint og hevet stemmen overfor fornærmede, men han øvet ikke vold mot henne eller frihetsberøvet henne, eller truet med slike handlinger. I tillegg forberedte tiltalte giftemålet ved å sørge for at det ble tatt bilde av fornærmede, iført hijab, for at bildet skulle sendes til eldste broren hans. Videre gav han fullmakt til en mulla i Y, det vil si en muslimsk prest, til å gjennomføre giftemålet der. Tiltalte sørget for at fornærmedes identifikasjonspapirer ble sendt til Y slik at giftemålet kunne forberedes og gjennomføres der med en inngått ekteskapskontrakt som tiltalte hadde inngått. Videre tok han kontakt med kontoret til IOM (International Organization for Migration) i Norge for å få hjelp til en frivillig tilbakeføring av fornærmede til Y. Han undersøkte også om private personer var villige til tvangsmessig bortføring av fornærmede tilbake til Y, men det lot seg ikke gjennomføre. Videre tok han opp beslutningen om giftemålet under måltider med familien sin slik at fornærmede forlot disse måltidene. Tiltalte hadde flere telefonsamtaler med broren sin om giftemålet og hva tiltalte foretok seg i den forbindelse i Norge. Videre lot han fornærmede motvillig få snakke med hans bror per telefon slik at broren fikk anledning til å overtale henne. Da ble hun lovet et fint hus i Y, penger og at hun kom til å få det godt der og lignende. Til slutt holdt tiltalte tilbake offentlig stønad han mottok for de andre i hans egen husstand slik at disse ikke fikk tilstrekkelig penger til nødvendig underhold. Imidlertid ordnet tiltaltes kone det slik at deler av den offentlige stønaden ble utbetalt direkte til henne. Det er på det rene at fornærmede og hennes søskenbarn ikke ble lovformelig gift i Y, selv om tiltalte gav uttrykk for at de allerede var gift med mullaens velsignelse av disse."
(9)I Rt. 2006 side 140 avsnitt 25 omtalar Høgsterett dei grunnleggjande omsyna ved straffutmåling for tvang til inngåing av ekteskap. Som framheva der er retten til sjølv å avgjere kven ein skal gifte seg med, ein grunnleggjande menneskerett. Vidare er det vist til at ved lovendring i 2003, der strafferamma vart sett til fengsel i seks år, markerte lovgivar sitt syn på alvorsgraden av slike handlingar. Eg sluttar meg til synsmåtane i avsnittet.
(10)Domfellinga av A gjeld forsøk på tvangsekteskap. Forsøket skjedde gjennom eit vedvarande sosialt press for å bryte ned motstanden hos dottera. Ho fekk høyre at ho ikkje hadde noko val, og at ho ved å nekte førte skam over familien, og at dei ville bli utstøytte av resten av familien. Den domfelte sette også i verk konkrete tiltak for å gjennomføre tvangsekteskapet, både ved å ta kontakt med ein mulla i Y og ved å ordne med ein ekteskapskontrakt. Han søkte dessutan å få til frivillig tilbakereise for dottera, og undersøkte også om nokon var villige til tilbakeføring med tvang. Eg presiserer at det ikkje vart nytta vald eller truslar om vald mot dottera.
(11)Etter straffelova § 51 skal forsøk straffast mildare enn fullført brotsverk. Reduksjonen i straffenivået samanlikna med eit fullført brotsverk, må både avhenge av kor langt forsøket har kome og kva brotsverk det er tale om, jf. mellom anna Rt. 2012 side 1458 avsnitt 19. I ei sak som vår, har domfelte stått for eit sosialt press mot dottera, og ikkje minst førebudd tiltak for å gjennomføre tvangsekteskap.
(12)Ved fastsetjinga av straffenivået for tvang til inngåing av ekteskap må domstolane lojalt leggje til grunn synsmåtane ved lovendringa i 2003. Straffutmålinga i Rt. 2006 side 140, der straffa for forsøk på tvangsekteskap vart sett til fengsel i 2 år og 6 månader for ein far og 2 år for ein bror, må vere eit utgangspunkt også ved straffutmålinga no. Men det må takast omsyn til at det seinare har skjedd ei markert heving av straffenivået for seksuallovbrot, særleg gjennom endring av straffelova kapittel 19 ved lov 25. juni 2010 nr. 46. Som påpeika i 2006-dommen avsnitt 25 er tvangsekteskap såleis "nesten uten unntak også en grov krenkelse av råderetten over egen kropp". Det inneber at samanlikningsnivået må liggje noko over nivået i 2006-saka.
(13)Saka frå 2006 var betydeleg alvorlegare enn saka no. Spesielt må nemnast at det der vart sett fram truslar om drap, og då slik at desse saman med lekamskrenkingar gjorde at det vart "et visst preg av mishandling". Det kan dermed – uavhengig av følgjene av hevinga av straffenivået for seksuallovbrot – ikkje sluttast direkte frå straffa i den saka og til saka no.
(14)I vår sak er det tale om sosialt press saman med førebuingar til gjennomføring. Lagmannsretten har uttala at det "må antas at de fleste overtredelser av straffebudet skjer nettopp på denne måten, i form av et vedvarende sosialt press over tid, for å bryte ned fornærmedes motstand".
(15)Dottera var berre 16 år då forsøket på tvangsekteskap vart utført. Den domfelte sin handlemåte må ha vore svært vanskeleg for henne medan forsøkshandlingane vart utførte. Men også i ettertid fekk forsøket konsekvensar. Eg viser berre til at ho – saman med mora og søstera – har flytta og no har hemmeleg adresse. Ved straffutmålinga må det som i saka frå 2006 kome inn at det ikkje vart etablert samliv på noko vis mellom dottera og den påtenkte ektemaken.
(16)Forsvararen har gjort gjeldande at det bør givast ein straffereduksjon for tilståing. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for det. Den domfelte vedgjekk ikkje straffskuld for tingretten. Han anka også til lagmannsretten over bevisvurderinga under skuldspørsmålet.
(17)Både tingretten og lagmannsretten sette straffa til fengsel i 1 år og 4 månader. Eg er einig i denne utmålinga.
(18)Anken må då forkastast.
(19)Eg røystar etter dette for slik D O M : Anken blir forkasta.
(20)Dommer Bårdsen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(21)Kst. dommer Sæbø: Likeså.
(22)Dommer Falkanger: Likeså.
(23)Dommer Gjølstad: Likeså.
(24)Etter røystinga sa Høgsterett slik