Dommarane Utgård, Tønder og Kallerud
(1)A, fødd 00.00.1991, har anka Borgarting lagmannsretts vedtak 31. oktober 2013 i sak nr. 13- 175447AST-BORG/04, der anke over Oslo tingretts dom 6. september 2013 i sak nr. 13- 134060MED-OTIR/04 vart nekta fremja.
(2)Høgsteretts ankeutval viser til at utvalets kompetanse er avgrensa til å prøve saksbehandlinga til lagmannsretten, jf. straffeprosesslova § 321 sjette ledd. Anken gjeld saksbehandlinga.
(3)Under saksførebuinga har det kome opp spørsmål om lagmannsretten si saksbehandling var feil ved at retten gjorde vedtak om å nekte anken fremja utan å vere merksam på eit støtteskriv frå forsvararen.
(4)Oslo tingretts dom vart forkynt for domfelte 25. september 2013 i Oslo fengsel. Det går fram av forkynningspåteikninga at domfelte anka munnleg på staden. I påskrifta om forkynninga heiter det: "Anken er fullstendig. Anken gjelder både skyldspørsmålet og straffeutmålingen." Anken var ikkje nærare grunngitt.
(5)I alle fall ved oversendinga 21. oktober 2013 frå statsadvokaten til lagmannsretten vart det gitt beskjed til forsvararen om at politiet hadde sett frist for støtteskriv til 11. oktober.
(6)Forsvararen har opplyst at han tok sikte på å sende støtteskrivet om kvelden 30. oktober, men at noko synest å ha gått galt. Statsadvokatembetet mottok faksen 31. oktober klokka 15.28. Forsvararen har uttala at han meiner støtteskrivet vart sendt til lagmannsretten berre som faks. Lagmannsretten har ikkje kunne finne at nokon slik faks vart motteken der. Forsvararen har opplyst at "[V]i tar ikke vare på fakskvitteringer så lenge det mottas bekreftelse og faksen ikke avbryter en frist … .". Lagmannsretten mottok derimot støtteskriv som vanleg brev, - 2 - datert 30. oktober 2013, stempla inn hos lagmannsretten 1. november 2013. Lagmannsretten gjorde vedtak 31. oktober 2013.
(7)Utvalet må ut frå dette leggje til grunn at lagmannsretten først mottok støtteskrivet etter at nektingsvedtaket vart gjort.
(8)Utvalet kan ikkje sjå at det var nokon feil at lagmannsretten ikkje hadde etterlyst støtteskriv. Politiet hadde bede om at det vart sendt støtteskriv seinast 11. oktober. Det er uklart om den første beskjeden om dette hadde rett e-postadresse, men førespurnaden om støtteskriv og beskjeden om fristen var teken opp att i oversendingsbrevet til retten 21. oktober. Dette brevet fekk forsvararen gjenpart av.
(9)Ordninga med støtteskriv er ikkje lovregulert. I dette tilfellet hadde domfelte sjølv anka. Utvalet går ikkje inn på i kva grad ein domfelt og med det forsvararen hans har sjølvstendig ansvar for å sende inn støtteskriv, utan at det er sett frist. For utvalet er det tilstrekkeleg å vise til at når påtalemakta har sett ein frist for støtteskriv til forsvararen, må dette gje forsvararen ei aktivitetsplikt. Spørsmål om utsetjing av fristen må eventuelt takast opp med påtalemakta, eller – om det er nødvendig – med retten.
(10)Utvalet finn støtte i påtaleinstruksen § 28-2 for å gi påtalemakta si fristsetjing slik verknad. Sjølv om føresegna ikkje direkte regulerer spørsmålet, er det tale om ei ordning som ligg nær opp til dei oppgåvene påtalemakta er gitt der. Påtalemakta skal såleis mellom anna hente inn opplysningar for å "klarlegge" tilhøvet der "rettsmiddelbegjæringen [er] uklar".
(11)Når lagmannsretten såg at påtalemakta hadde sett ein frist for støtteskriv, måtte retten kunne byggje på at forsvararen retta seg etter denne, eller eventuelt tok kontakt for å få utsett fristen.
(12)Lagmannsretten gjorde såleis ingen saksbehandlingsfeil når retten behandla anken berre ut frå domfelte si munnlege anke ved forkynninga. Grunngivinga for ankenektinga var då tilstrekkeleg.
(13)Anken over saksbehandlinga kan etter dette ikkje føre fram, og anken må forkastast.
(14)Orskurden er samrøystes.