Dommarane Utgård, Normann, Kallerud
(1)Saka gjeld vidare anke over ein orskurd som avviser eit søksmål under tilvising til at saka høyrer under domsmyndet til Arbeidsretten.
(2)Nær på alle fast tilsette pilotar i flyselskapet Norwegian Air Shuttle ASA (NAS) er organiserte i Norwegian Pilotunion (NPU), tidlegare Norwegian Pilotforening.
(3)I samband med tariffoppgjedret mellom NAS og NPU i mai 2012, utferda NAS ved administrerande direktør Bjørn Kjos den 8. mai "Policyerklæring for pilotansettelser i Europa" som særleg omhandlar korleis selskapet skal gå fram ved pilotbemanninga av flya.
(4)Ved stemning 21. september 2012 til Asker og Bærum tingrett kravde NPU fastsetjingsdom for at NAS bryt med visse punkt i policyfråsegna. I tilsvaret påsto NAS saka avvist både på grunn av manglande rettsleg interesse, og på grunn av at saka eventuelt måtte vore reist for Arbeidsretten.
(5)Tingretten tok opp avvisingsspørsmålet til særskilt avgjerd, og gav 2. januar 2013 orskurd med slik slutning: "1. Sak nr. 12-152098TVI-AHER/2 avvises fra behandling ved Asker og Bærum tingrett. 2. Norwegian Pilotforening dømmes til å erstatte Norwegian Air Shuttle ASA kr 15.000 i saksomkostninger."
(6)Tingretten kom til at policyfråsegna, forstått på grunnlag av pretensjonen frå NPU om at ho var rettsleg bindande, måtte reknast som ein tariffavtale, og at saka med det høyrde under Arbeidsretten, jf. arbeidstvistlova § 33 andre ledd, jf. § 1 bokstav i, jf. bokstav e.
(7)NPU anka til Borgarting lagmannsrett, som ved orskurd 8. april 2013 kom til same resultatet som tingretten. Orskurden har slik slutning: "1. Anken blir forkasta. 2. Norwegian Pilotforening betaler 19 800 – nittentusenåtthundre – kroner til Norwegian Air Shuttle ASA i erstatning for sakskostnader for lagmannsretten innan to veker frå forkynning av orskurden."
(8)Norwegian Pilotunion har anka til Høgsterett og i hovudsak halde fram:
(9)Lagmannsretten har bygd på uriktig faktum når han er komen til at NPU pretenderer at policyfråsegna er ein tariffavtale. Utan omsyn til dette skulle lagmannsretten ikkje ha basert seg berre på pretensjonen, men sjølv ha undersøkt tilhøvet som grunnlag for vurderinga av det saklege domsmyndet for domstolane, jf. domstollova § 36 andre ledd.
(10)Lagmannsretten har forstått og brukt lova feil når han er komen til at policyfråsegna må reknast som ein tariffavtale. Fråsegna er rettsleg bindande, men oppfyller ikkje krava til ein tariffavtale, og då høyrer saka under dei alminnelege domstolane.
(11)Ankeparten har sett fram slik påstand: "Prinsipalt: 1. Sak 12-152098TVI-AHER fremmes til behandling. Subsidiært: 2. Lagmannsrettens kjennelse oppheves. I begge tilfeller: 3. Norwegian Air Shuttle ASA dømmes til å dekke saksøkers omkostninger for tingrett, lagmannsrett og Høyesterett."
(12)Norwegian Air Shuttle ASA har i hovudsak halde fram:
(13)Lagmannsretten har forstått lova riktig når han er komen til at det avgjerande er om policyfråsegna ut frå NPU sin pretensjon må reknast som ein tariffavtale. Spørsmålet om det reelt sett ligg føre ein tariffavtale, høyrer det under Arbeidsretten å avgjere. Den einaste måten å oppnå rettsleg binding på overfor ei fagforeining om lønns- og arbeidsvilkår, er ved tariffavtale. Det finst ikkje noko parallelt system ved sida av arbeidstvistlova for behandling av saker mellom tariffpartar om kollektive rettar og plikter.
(14)Det er sett fram slik påstand: "1. Prinsipalt: Anken nektes fremmet. Subsidiært: Anken forkastes. 2. I begge tilfeller: Norwegian Air Shuttle ASA tilkjennes sakskostnader for Høyesteretts ankeutvalg med kr. 12 600."
(15)Høgsteretts ankeutval viser til at det ligg føre ein vidare anke, og at utgangspunktet då er at utvalet berre kan prøve saksbehandlinga og lovtolkinga hos lagmannsretten, jf. tvistelova § 30-6. Etter tvistelova § 30-6 bokstav a gjeld denne avgrensinga ikkje når ei sak er avvist frå tingretten "fordi saken ikke hører under domstolene". Avvisinga i denne saka er grunngitt med at saka høyrer under Arbeidsretten. Arbeidsretten er ein domstol, og § 30-6 bokstav a kjem då ikkje til bruk, jf. Rt. 1980 side 52 som gjaldt den tilsvarande føresegna i tvistemålslova § 404.
(16)Etter arbeidstvistlova § 33 andre ledd høyrer det under det saklege domsmyndet for Arbeidsretten å "behandle rettstvister som er omhandlet i § 1 bokstav i". Ein "rettstvist" er i § 1 bokstav i definert som "tvist mellom en fagforening og en arbeidsgiver eller arbeids- giverforening om en tariffavtales gyldighet, forståelse eller eksistens, eller om krav som bygger på en tariffavtale". Dersom tvisten er av ein slik art som dette, har Arbeidsretten eksklusivt domsmynde. Eit søksmål reist for dei alminnelege domstolane skal då avvisast, jf. domstollova § 36.
(17)Ein "tariffavtale" må gjerast skriftleg, jf. arbeidstvistlova § 4. Dette er ikkje berre ein ordensregel, men eit formkrav, jf. Arbeidsretten i ARD 1922 side 38: "Loven har med dette krav villet sikre at der altid foreligger et uomtvistelig bevis for at en tariffavtale virkelig er avsluttet, og at partene hver på sin side har vært fullt på det rene med at en endelig bindende kontrakt er kommet istand".
(18)Det kan vere grensetilfelle med omsyn til kva som må til for at det skal vere gjort ein skriftleg avtale. Utan å gå nærare inn på innhaldet i dette kravet, viser utvalet til avgjerd frå Arbeidsretten i ARD 1960 side 154 der det vart uttala at kravet om skriftleg avtale "ikke kan oppfattes så kategorisk at det må være opprettet et av begge parter undertegnet dokument", så lenge det "finnes overbevisende og utvilsomme holdepunkter for at vedkommende parter, tross den manglende 'skriftlighet', måtte ha ment å slutte en tariffavtale, og har vært klar over hva denne avtale skal inneholde".
(19)I kravet om at begge partane har meint å gjere ein tariffavtale, ligg også at einsidige fråsegner ikkje kan reknast som tariffavtaler, jf. Fougner mfl., Kollektiv arbeidsrett, 2004, side 109. Som uttala av Arbeidsretten i det attgjevne frå avgjerda i 1960, må partane ha vore "klar over" at det vart slutta ein tariffavtale. Dersom det ikkje er tale om ei avtalebinding frå begge sider, vil det kunne vere tale om einsidige fråsegner som ikkje utgjer tariffavtalebindingar, jf. Fougner mfl., side 114.
(20)Spørsmålet om ei sak høyrer under Arbeidsretten eller dei alminnelege domstolane, må løysast på grunnlag av pretensjonane frå saksøkjaren om det materielle kravet som blir gjort gjeldande. NPU har i saka no gjort gjeldande at policyfråsegna er rettsleg bindande for NAS overfor NPU, men at ho ikkje oppfyller krava til å vere ein tariffavtale. NPU har såleis reist saka for tingretten.
(21)Lagmannsretten har vist til NPU sine pretensjonar og har oppfatta søksmålet slik at det i realiteten blir gjort gjeldande at det ligg føre ein tariffavtale. I avgjerda er det uttala: "Etter lagmannsrettens syn pretenderer pilotforeininga at fråsegna av 8. mai 2012 etter sitt innhald er ein tariffavtale. Det sentrale er at det blir pretendert at innhaldet er rettsleg forpliktande for arbeidsgjevar, og at desse pliktene blei etablert som ledd av ein større avtale med pilotforeininga. Lagmannsretten kan ikkje sjå at pilotforeininga pretenderer at fråsegna innhaldsmessig skil seg frå ein tariffavtale. Så lenge pilotforeininga pretenderer at fråsegna har eit slikt rettsleg innhald, meiner lagmannsretten at det er snakk om ein tvist som sakleg høyrer inn under Arbeidsretten i medhald av arbeidstvistlova § 33 andre ledd jf. § 1 bokstav i. Lagmannsretten meiner såleis at det var riktig av tingretten å avvise søksmålet."
(22)Det at det – ut frå pretensjonen – ligg føre ein rettsleg bindande disposisjon som i innhald ikkje skil seg frå ein tariffavtale, gjer ikkje utan vidare at det er tale om ein tariffavtale.
(23)Det må også vere ein avtale som fyller dei krava til skriftleg avtale, som det tidlegare er gjort greie for. Saksøkjaren må i tilfelle ha ein pretensjon om at det ligg føre ein slik avtale. I saka no har lagmannsretten lagt til grunn at ingen av partane har meint at fråsegna har vore ein del av ein tariffavtale. Avgjerda inneheld elles inga drøfting av om krava til skriftleg avtale er oppfylt. Når spørsmålet om fråsegna – etter saksøkjaren sin pretensjon - fyller krava til skriftleg avtale såleis ikkje er drøfta av lagmannsretten, er det ein mangel som hindrar utvalet frå å prøve lovtolkinga hos lagmannsretten.
(24)Lagmannsrettens orskurd må då opphevast, jf. tvistelova § 29-21 andre ledd bokstav c.
(25)Spørsmålet om rettsleg interesse, jf. tvistelova § 1-3, har ikkje vore til prøving i anken til Høgsterett. Spørsmålet må om nødvendig avgjerast ved den nye behandlinga i lagmannsretten.
(26)Ut frå resultatet må Norwegian Pilotunion tilkjennast sakskostnader for Høgsterett, jf. tvistelova § 20-2. Beløpet blir sett til 15 000 kroner. Spørsmålet om sakskostnader for dei tidlegare instansane må avgjerast av lagmannsretten som del av den nye prøvinga, jf. tviste- lova § 20-8 tredje ledd.
(27)Orskurden er samrøystes.