Dommarane Utgård, Normann, Noer
(1)Saka gjeld anke over lagmannsrettens vedtak om ankenekting, jf. straffeprosesslova § 321 andre ledd.
(2)Kristiansand tingrett gav 31. januar 2013 dom med slik slutning: "1. A, født 18.05.1973, dømmes for 1 - en - overtredelse av straffeloven § 219 første ledd. Gjerningstidspunkt: Mars 2008 til februar 2012. Straffen settes til: Fengsel i 1 - ett - år og 8 - åtte - måneder. Til fradrag i straffen kommer 1 - en - dag for utholdt varetekt. 2. A, født 18.05.1973, dømmes til , innen 2 - to - uker fra dommens forkynnelse, å betale til B oppreisningserstatning med kr. 60 000 kroner sekstitusen. 3. A, født 18.05.1973, dømmes til å betale saksomkostninger med kr. 4 000 - kroner firetusen."
(3)A anka over bevisvurderinga og lovbruken under skuldspørsmålet, og over saksbehandlinga, straffutmålinga og dei sivile krava.
(4)Agder lagmannsrett gjorde 20. mars 2013 vedtak med slik slutning: "Anken nektes fremmet."
(5)A har anka over lagmannsrettens vedtak, og har gjort gjeldande at det ligg føre ein saksbehandlingsfeil i form av mangelfull grunngiving. Lagmannsretten har såleis i vedtaket ikkje kommentert nokon av synsmåtane i anken, og lagmannsrettens grunngiving viser heller ikkje at det har vore ei reell overprøving.
(6)A har sett fram slik påstand: "Lagmannsrettens beslutning oppheves."
(7)Påtalemakta er kjend med anken.
(8)Høgsteretts ankeutval viser til at kompetansen for utvalet er avgrensa til å prøve saksbehandlinga i lagmannsretten, jf. straffeprosesslova § 321 siste ledd. Grunngivinga hos lagmannsretten må vise at retten har oppfatta kva feil som er framhaldne å vere i tingrettsdommen, og kvifor anken klart ikkje vil føre fram. Utvalet viser til Rt. 2013 side 758 av avsnitt 12 og Rt. 2013 side 540 avsnitt 7, begge med tilvising til Rt. 2008 side 1764 avsnitta 104 og 105.
(9)Domfelte anka tingrettsdommen ved ankefråsegn datert 18. februar 2013, og deretter vart det den 25. februar av forsvararen sendt inn eit omfattande støtteskriv på sju sider med synsmåtar på det tingretten hadde funne prova som handlingar som gav grunnlag for domfelling etter straffelova § 219. Det vart gjort gjeldande at det berre var grunnlag for domfelling for nokre tilfelle av brot på straffelova § 228.
(10)Om anken over bevisvurderinga uttalar lagmannsretten: "Etter lagmannsrettens oppfatning hadde tingretten fyllestgjørende grunnlag for å kjenne tiltalte skyldig etter tiltalen. Det vises til tingrettens bevisvurdering, herunder gjengivelsen av tiltaltes, fornærmedes og vitners forklaring."
(11)Deretter siterer lagmannsretten over to sider frå domsgrunnane hos tingretten når det gjeld bevisvurderinga.
(12)Etter å ha sitert ei side frå tingrettsdommen om lovbruken, uttalar lagmannsretten at tingretten " her [gir] uttrykk for rett lovsanvendelse".
(13)Om saksbehandlingsanken heiter det: "Lagmannsretten finner det videre klart at anken over de påberopte saksbehandlingsfeil ikke kan føre frem, …".
(14)Når det gjeld straffutmålinga, viser lagmannsretten til straffeprosesslova § 344.
(15)Anken og støtteskrivet blir omtala slik i lagmannsrettens vedtak: "Støtteskrivets anførsler fører ikke til at saken settes i noe annet lys, verken når det gjelder bevisanken, saksbehandlingsanken, eller straffutmålingsanken."
(16)Lagmannsretten har i sitt vedtak ikkje gitt att eller på nokon annan måte gått inn på det som var halde fram i støtteskrivet frå domfelte. Det går då heller ikkje fram av vedtaket at det som der vart framhalde, vart vurdert, og kva som eventuelt var grunnen til at det klart ikkje førte fram. Grunngivinga er då ikkje eigna til å vise at det har skjedd ei reell overprøving av det som særleg vart halde fram i støtteskrivet, jf. den før nemnde avgjerda i Rt. 2008 side 1764. Utvalet minner om at sjølv om ei grunngiving etter straffeprosesslova § 321 femte ledd etter omstenda kan gjerast kortfatta og sjølv om det ikkje er noko krav at alle synsmåtane i anken blir uttrykkeleg kommenterte, må det i domsgrunnane visast kvifor ankane klart ikkje kan føre fram.
(17)Lagmannsrettens vedtak må etter dette opphevast.
(18)Orskurden er samrøystes.