Dommarane Utgård, Øie, Noer, Bårdsen, Schei Saka gjaldt grensegang for landskapsvernområde med grunnlag i jordskiftelova § 88 første ledd første punktum som gir heimel for at jordskifteretten kan klarleggje grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde. Reglane om at det offentlege kan krevje grensegang for å fastsetje grenser som gjeld offentleg regulering av eigarrådevelde, kom inn i lova i 2001. Det var i proposisjonen særleg vist til at grenser som er teikna inn på kart isolert sett kunne gi feil, såleis på opp til 50 meter der målestokken er 1: 50 000. Det vart sagt at kompetansen til å fastsetje grensene berre gjaldt "avvik" som har grunnlag knytt til forskrift og kart. Høgsterett viste til proposisjonen og også til lovteksten, og la til grunn at jordskiftelova § 88 femte ledd om grenseregulering ikkje gjeld for saker som gjeld grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde. Grensa for verneområdet måtte finnast ved å tolke verneforskrifta medrekna kartet som var ein del av denne. Kartet var i målestokk 1: 50 000, og det kunne isolert sett gi eit avvik på opp til 50 meter. Ved oversendinga til kommunar og fylkesmenn av desse dokumenta, var det lagt ved ei grenseskildring, der grensepunkt og liner mellom desse var nærare omtala. Grenseskildringa måtte ha monaleg vekt ved grensefastsetjinga, så langt ho let seg sameine med streken på kartet. Jordskifteretten hadde fastsett grensepunkta, og det var ikkje tvist om desse. Både kartet og grenseskildringa viste rettliner mellom grensepunkta. Det kunne ikkje gi grunn til avvik frå desse rettlinene at desse nokre stader gjekk slik at hytteeigedommar kom rett innanfor reservatgrensa eller at grensa kryssa slike eigedommar. Heller ikkje kunne det gi grunnlag for avvik at slike eigedommar ikkje var nemnde i verneforskrifta. Festetomter var generelt ikkje med i opprekninga der, og det var også elles manglar ved lista. Opprekninga kunne då ikkje kaste lys over den nærare grensedraginga. Dei private partane fekk dermed ikkje medhald i sitt syn om avvik frå desse rettlinene. Det måtte då vere avgjerande at grensepunkta var uomtvista, og at både kart og grenseskildring viste at grensa skulle gå i rettliner mellom desse punkta. Høgsterett viste til at vernestyresmaktene har høve til, og også i særlege tilfelle kan ha plikt til, å justere grensa i ettertid.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld fastsetjing av grense for landskapsvernområde med grunnlag i jordskiftelova § 88.
(2)Trollheimen landskapsvernområde i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylke vart oppretta ved kongeleg resolusjon 11. desember 1987 med heimel i lov om naturvern 19. juni 1970 nr. 63. Verneområdet har eit areal på om lag 1 165 kvadratkilometer.
(3)I forskrifta er det sagt at landskapsvernområdet omfattar heile eller delar av opprekna gards- og bruksnummer i seks kommunar, mellom dei Rennebu. Berre to av eigedommane til dei som er partar i saka no, er med på denne lista. Det går fram av forskrifta at grensene for landskapsvernområdet er teikna inn på kart i målestokk 1: 50 000. Endeleg er det sagt at dei nøyaktige grensene for området skal merkast opp i marka etter nærare tilvising frå forvaltningsstyresmakta.
(4)Ved oversending av vernevedtaket frå Miljøverndepartementet til fylkesmennene i dei to fylka la departementet ved grenseskildringar, men uttala at desse ikkje er ein del av det formelle vernevedtaket.
(5)I eigenskap av forvaltningsstyresmakt sette fylkesmannen i Sør-Trøndelag 8. desember 2008 fram krav om grensegang etter jordskiftelova § 88, i første omgang i Rennebu kommune. Sør-Trøndelag jordskifterett gjorde 16. juli 2009 vedtak om å fremje saka.
(6)Sør-Trøndelag jordskifterett behandla deretter grensedraginga på ein del av strekninga i Rennebu kommune, som i saka har vore omtala som strekning 1, med delstrekningane 1.1 og 1.2. Eg kjem nærare attende til kva grensestrekning det var tale om. Jordskifteretten gjorde 19. november 2009 slikt vedtak: "1. Grensa for Trollheimen landskapsvernområde går frå punkt 65 i kommunegrensa mellom Oppdal og Rennebu nordøstover i rett linje til østligste punkt i Søgardstjønna i punkt 66. Derfra i korteste rettlinje til punkt 67 ved Minilla. Linja er markert med rød strek på kart som er vedlegg til jordskifterettens brev til partene, datert 13.5.2009. 2. Vedtaket settes til forhånds påanke etter jordskifteloven § 62 andre ledd."
(7)Vedtaket var i samsvar med eit utsendt utkast, som ingen av partane i saka hadde hatt merknader til. Vedtaket innebar at grenselina gjekk i rette liner, først mellom punkta 65 og 66 og deretter frå punkt 66 til punkt 67. I rettsboka vart det uttala at grensa ville bli innmålt så snart vedtaket var rettskraftig, og at eventuelle krav om grensereguleringar deretter ville bli tekne opp til drøfting.
(8)Etter at vedtaket var rettskraftig, tok jordskifteretten opp til behandling dei strekningane som det no var usemje om. Retten sa 2. juli 2010 dom – ved ein feil gitt nemninga vedtak – med slik slutning: "1. På strekning 1 går grensa slik som markert med rød strek på kart framlagt som dokument nr. 45. 2. På strekning 2 går grensa slik som markert med rød strek på kart framlagt som dokument nr. 46. 3. På strekning 3 går grensa slik som markert med rød strek på kart framlagt som dokument nr. 47."
(9)Strekning 1 er den same strekninga som den som vart behandla i det førre vedtaket. I det nye vedtaket la retten til grunn at det måtte gjerast avvik frå beine grenseliner på nokre punkt der ei slik grensedraging ville ha kome i konflikt med hytter. Også på strekningane 2 og 3 vart det fastsett beine liner med tilsvarande avvik, på grunn av hytter på strekning 2 og av omsyn til del av ein utmarksteig på strekning 3.
(10)Staten ved Miljøverndepartementet anka til Frostating lagmannsrett, som sa dom 3. juli 2012 med slik domsslutning: "1. Sør-Trøndelag jordskifteretts grensegangsforretning oppheves for så vidt gjelder strekningen mellom koordinatpunktene nr. 72 og nr. 73 inntegnet på jordskifterettens kart med kartarkivnr. 164071. 2. For øvrig forkastes anken. 3. I sakskostnader for lagmannsretten betaler staten ved Miljøverndepartementet 125 564 – etthundreogtjuefemtusenfemhundreogsekstifire – kroner til Edvin Eriksen, Knut Bjarne Pettersen, Peggy Marie Soleim Balke, Ola Stomsvik og Elin og Bjørn Olav Bakkhaug innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne dommen."
(11)Dommen i lagmannsretten vart gitt under dissens. Mindretalet – ein lagdommar – røysta for å oppheve jordskifterettens grensefastsetjing.
(12)Staten ved Miljøverndepartementet har anka dommen til Høgsterett. Håvard Reitås har også anka dommen, og der har staten gitt inn avleidd anke med påstand om realitetsdom.
(13)Ankeparten, staten ved Miljøverndepartementet, har særleg halde fram:
(14)Fastsetjinga av grensa skjer med heimel i jordskiftelova § 88 første og andre ledd. Desse føresegnene gir ikkje reguleringskompetanse til jordskifteretten. Etter førearbeida gjeld ikkje § 88 femte ledd for vernesaker, og denne føresegna høver etter sitt innhald heller ikkje. Justering av grensa må i tilfelle skje ved endring av fredingsforskrifta, noko som kan gjerast av Direktoratet for naturforvaltning for mindre arealendringar.
(15)Jordskifteretten har heller ikkje kompetanse til å regulere vernegrensa innanfor ei sone, som til dømes den på om lag 50 meter som utgjer streken på vernekartet. For slik detaljert fastsetjing av grensa kan det visast til verneforskrifta som fastset at dei nærare grensene skal merkast opp av forvaltningsstyresmakta.
(16)For strekninga del 1 ligg det føre eit rettskraftig vedtak. Dette må leggjast til grunn som del av den samla grensedraginga.
(17)Grensene for landskapsvernområdet må elles fastsetjast etter vanleg juridisk metode. Dei må såleis trekkjast i samsvar med forskrifta. Kartet er ein del av forskrifta. Grenseskildringa, som var vedlagt ved oversendinga til fylkesmennene, er ikkje bindande for avgjerda. Skildringa kastar likevel i vesentleg grad lys over forståinga av kartet, og må derfor ha stor vekt ved grensedraginga. Såleis må det gjelde der det i skildringa for dei aktuelle strekningane er sagt at grensa skal gå i bein line.
(18)Det er manglar ved eigedomslistene ved at ikkje alle eigedommar er nemnde. Dette er ikkje uvanleg, og listene kan ikkje tolkast antitetisk. Såleis manglar også mange eigedommar som tvillaust ligg i verneområdet. At festetomter ikkje er nemnde, er i samsvar med vanleg praksis for slike store landskapsvernområde, og kan ikkje seie noko om grensedraginga.
(19)Partane er einige om at det ved grensedraginga ikkje skal prøvast om vernevedtaket er gyldig. Retten kan då heller ikkje prøve om grensene er tenlege, og eventuelt om dei er bygde på eit konkret behov for vern. I ei grensesone vil det ofte kunne seiast at tilhøva er dei same innanfor og utanfor grenselina, men det kan ikkje vere avgjerande. Konkret tilpassing må eventuelt skje ved forskriftsendring etter at vernegrensa er fastsett.
(20)Verken Grunnlova § 105 eller artikkel 1 til tilleggsprotokoll 1 til den europeiske menneskerettskonvensjonen kan ha vekt ved den tolkinga domstolane her skal gjere.
(21)Domstolane, også Høgsterett, har kompetanse til å seie dom om grensedraginga. Av den grunn er det gitt inn avleidd anke i høve anken frå Reitås, slik at også denne delen av saka kan bli avslutta no.
(22)Staten ved Miljøverndepartementet har sett fram slik påstand: "Anke I: Prinsipalt: Grensen for Trollheimen landskapsvernområde går i rett linje mellom koordinatpunktene nr. 65 og 66, nr. 66 og 67 og nr. 68 og 69 inntegnet på jordskifterettens kart med kartarkivnr. 164071. Subsidiært: Lagmannsrettens dom, domsslutningens punkt 2, oppheves. I begge tilfeller: Lagmannsrettens dom, domsslutningens punkt 3, oppheves. Anke II: Anken forkastes. Anke III: Grensen for Trollheimen landskapsvernområde går i rett linje mellom koordinatpunktene nr. 72 og 73 inntegnet på jordskifterettens kart med kartarkivnr. 164071."
(23)Dei private partane – Edvin Eriksen med fleire og Håvard Reitås – har særleg halde fram:
(24)I jordskiftesaker er det fleire typar vedtak. Det er i dette tilfellet tale om eit rettsfastsetjande vedtak, og det skal gjerast ut frå ei tolking av fredingsvedtaket. Jordskifteretten har ikkje vist til jordskiftelova § 88 femte ledd, slik at det er ikkje tale om noko regulerande vedtak. Tvisten skulle såleis vore avgjort ved dom.
(25)Det er ikkje haldepunkt i ordlyden i jordskiftelova § 88 første ledd for at det gjeld andre reglar i grensegang etter vernevedtak enn i andre typar saker etter denne føresegna. Heimelen for at det kan krevjast grensegang i høve til verneområde, er ganske ny. Det går fram av førearbeida at jordskifteretten ikkje kan prøve kva som er tenleg grense.
(26)Både jordskifteretten og lagmannsretten har teke rett utgangspunkt med omsyn til at det er ei tolking av vernevedtaket som må vere avgjerande. Dei private partane er også einige med staten i at forskriftsteksten og vernekartet må vere likestilte ved tolkinga. Usemja gjeld kva denne tolkinga nærare inneber.
(27)Utgangspunktet er at kartet ikkje er særleg nøyaktig. Grenselina der utgjer såleis om lag 50 meter i terrenget. Kartet avgjer dermed ikkje i seg sjølv kva som er grenselina.
(28)Grenseskildringa har ingen formell status, og denne må då vere eit moment ved tolkinga på linje med mange andre moment. Spesielt må det gjelde fordi det er klare feil og manglar ved grenseskildringa.
(29)Dei private partane i saka no har eigedommar som etter statens syn heilt eller delvis går inn i verneområdet. Som ein følgje av at vernekartet har liten målestokk, og at grenselina er teikna med brei strek, må det reknast med at opplistinga av eigedommar i alle fall er nøyaktig. At berre to av eigedommane til partane i saka er nemnde i forskrifta, talar då for den grensedraginga som jordskifteretten gjorde. Jordskifteretten la då også med rette stor vekt på opprekninga. Det må vere rett, slik jordskifteretten kom til, at eigedommar i grensesona måtte falle utanfor verneområdet der desse eigedommane ikkje var særskilt nemnde.
(30)Det må også ha ei viss vekt at det geografiske området er definert på vernefaglege omsyn, og at det då ikkje er grunn til å rekne med at hytteområdet var med.
(31)Grunnlova § 105 og særleg artikkel 1 i tilleggsprotokoll 1 til den europeiske menneskerettskonvensjonen må ha vekt ved tolkinga. Enkelte av partane er temmeleg hardt råka av eit vedtak dei ikkje har vore klar over omfatta deira eigedommar. Dette må tilleggjast vekt i tilfelle der staten i liten grad har behov for å gjere inngrepet.
(32)For Reitås gav kommunen byggjeløyve på arealet ut frå ei anna grense enn det staten no gjer gjeldande. Det viser kor tvilsamt grensespørsmålet er. Det er også urimeleg at grensa skal dele ein utmarksteig.
(33)Edvin Eriksen med fleire har sett fram slik påstand i ankesak I: "1. Anken forkastes. 2. Edvin Eriksen, Knut Bjarne Pettersen, Peggy Marie Solheim Balke, Ola Stomsvik, Elin og Bjørn Olav Bakkhaug, Odd Erik Myren og Magnhild Forseth tilkjennes sakskostnader for Høyesterett."
(34)Håvard Reitås har sett fram slik påstand i ankesakene II og III: "1. Sør-Trødelag jordskifteretts grensegangsforretning stadfestes for så vidt gjelder strekningen mellom koordinatpunktene nr. 72 og nr. 73 inntegnet på jordskifterettens kart med kartarkivnr. 164071. 2. Håvard Reitås tilkjennes sakskostnader for lagmannsretten og Høyesterett."
(35)Eg går så over til å gjere greie for mitt syn på saka.
(36)Saka gjeld grensegang med heimel i jordskiftelova § 88 første ledd første punktum, der det heiter: "Eigar kan krevje at jordskifteretten i særskild sak skal klarleggje, merkje av og beskrive grenser for grunneigedom, … eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde."
(37)Etter andre ledd første punktum kan også offentleg styresmakt krevje slik sak der det er tale om offentleg regulering av eigarrådvelde. Tvist i grensegangssak skal avgjerast ved dom, jf. jordskiftelova § 17 andre ledd.
(38)Reglane om at grenser som gjeld offentleg regulering av eigarrådvelde kan krevjast avgjorde ved grensegang etter jordskiftelova § 88 første ledd, kom inn i lova ved lov 15. juni 2001 nr. 78. I Ot.prp. nr. 76 (2000–2001) punkt 4.7.4 heiter det mellom anna om lovendringa: "Departementet viser til at grenser som er teikna inn på kart i målestokk på 1: 5000, isolert sett kan gi ein feil på fem til ti meter. Tilsvarande vil kart i målestokk 1: 50 000 kunne innebere feilavvik på opptil 50 meter. Departementet finn slike feilkjelder uakseptable. Det er derfor behov for å kunne få klarlagt, merka av samt få ei nøyaktig beskriving av grensene for råderettsinnskrenkinga. … Departementet finn grunn til å streke under at avgjerda skal vere i samsvar med vedtaket for vedkomande råderettsinnskrenking, for eksempel den kongelege resolusjonen. Heimelen er strengt knytt til dette vilkåret. Kompetansen til å fastsetje grenser som ikkje fysisk er etablerte, omfattar såleis berre 'avvik' som har grunnlag i feilkjelder knytt til forskrifter og kart."
(39)Jordskiftelova § 88 femte ledd inneheld ein regel om grenseregulering. Denne regelen er ikkje omtala i proposisjonen, og det tyder på at den ikkje er tenkt å skulle gjelde i saker om grenser ved offentleg regulering av eigarrådvelde. Etter mitt syn høver regelen heller ikkje for grenser ved slike område, der utstrekninga blir fastsett ved forvaltningsvedtak. Jordskifteretten kan ikkje godt flytte ei freding frå eitt område til eit anna. Endring av grenser for verneområde må i tilfelle skje ved forskriftsendring. For mindre grenseendringar er kompetansen delegert til Miljøverndepartementet ved forskrift 3. juli 1987 nr. 572 og deretter vidare til Direktoratet for naturforvaltning ved forskrift 3. november 1988 nr. 4324.
(40)Ved fastlegginga av grensa for verneområdet må det nyttast vanlege prinsipp for fastlegging av ei grense. I dette tilfellet vil det vere tale om å tolke verneforskrifta medrekna kartet. I forskrifta heiter det at grensene "er teikna inn på kart". Kartet og teksten i forskrifta må vere likestilte grunnlag for fastsetjing av grensa. Ved tolkinga av desse dokumenta vil andre opplysningar og omstende måtte kome inn.
(41)Sakstilhøvet i saka no er då også nettopp slik som påpeika i proposisjonen. Det ligg føre eit kart i målestokk 1: 50 000. Streken på kartet byggjer ei breidde i marka på 50 meter. Dermed er det ut frå desse dokumenta åleine ei uvisse i grensedraginga. Til dette kjem til dømes at grenselina langs elva Minilla – på ei strekning der elva var tenkt å vere grense – er teikna som ein liten boge, sjølv om elva buktar seg fram og tilbake.
(42)I tillegg til sjølve forskrifta med kart vart det laga ei grenseskildring, som følgde med då Miljøverdepartementet sende forskrifta til fylkesmannsembete og kommunar som forskrifta gjaldt. Skildringa omtalar plassering av grensepunkt og kva typar liner det er mellom punkta. Etter mitt syn må denne skildringa ha monaleg vekt ved grensefastsetjinga, så langt ho let seg sameine med streken på kartet. Grenseskildringa viser såleis kva som var meininga med fredinga.
(43)Eg går så over til å sjå på dei konkrete grensedragingane.
(44)For strekning 1 ligg det føre eit rettskraftig vedtak om grensa. Grensa er der fastsett til å gå i ei bein line mellom punkta 65 og 66. Dette må då vere avgjerande for denne strekninga. Som eg har gjort greie for, gjeld jordskiftelova § 88 femte ledd om grenseregulering – makeskifte – ved ulagleg grense ikkje for saker om avgrensing av område med offentleg regulering av eigarrådvelde. Som det går fram av Ot.prp. nr. 57 (1997–98) side 139, må grensefastsetjing og regulering skje i to ulike avgjerder av omsyn til at ankane over dei to typane avgjerder skal gå til høvesvis lagmannsrett og jordskifteoverrett. I det første vedtaket frå 2009 om grensa for strekning 1 synest jordskifteretten, slik eg har omtala tidlegare, å ha tenkt seg at det skulle kome eit etterfølgjande vedtak om regulering. I det nye vedtaket har jordskifteretten vore merksam på at det ikkje er heimel for det i desse sakene. Dermed må det leggjast til grunn at grensa for strekning 1 vart rettskraftig fastsett i det første vedtaket i 2009. Eg kan ikkje dele dei tidlegare instansane sitt syn om at det første vedtaket berre var ei prinsippavgjerd, og at den nærare grensa ville bli fastsett seinare.
(45)Eg går då over til å sjå på den nærare grensefastsetjinga for strekningane 2 og 3 i den påanka jordskifteavgjerda. For strekning 2 gir grenseskildringa ei plassering av grensepunkta 68 og 69, og tilsvarande for strekning 3 med grensepunkta 72 og 73, i begge høve med ei rettline mellom. Partane er einige om at grensestrekane på kartet syner rettliner på dei same strekningane, slik at det i så måte er samsvar mellom kartet og grenseskildringa. Jordskifteretten har fastsett plasseringa av grensepunkta, som er brekkpunkt i grensa. Partane har ikkje hatt innvendingar mot desse.
(46)Jordskifteretten tok utgangspunkt i dei fastsette grensepunkta, og trekte deretter rettliner mellom dei, likevel slik at det vart gjort avvik der slik bein line ville ha kryssa hytteeigedommar på strekning 2 og ein utmarksteig med hyttetomt med påstarta oppføring av grunnmur på strekning 3. Grensa vart trekt slik at ho gjorde eit innhogg i verneområdet som tok omsyn til desse eigedommane og denne teigen, men gjekk elles som rettline. Fleirtalet i lagmannsretten kom til same resultatet som jordskifteretten for hytteeigedommen, men kom til at innhogget ville vere for stort for utmarksteigen til at det kunne omsyntakast som ei tolking av grunnlaget for grensa. Ei rettline ville ført til at 35–40 dekar av utmarksteigen ville vore innanfor områdegrensa.
(47)I argumentasjonen frå dei private partane er det lagt stor vekt på at dei fleste av eigedommane deira ikkje er nemnde i lista i verneforskrifta. Det er gjort gjeldande at når det er tale om areal nær opp til eller til og med på tvers av ei rettline, må dette vere eit tungtvegande moment for grensedraginga. Staten har vist til at det ikkje har vore praksis for å ta med festetomter i verneforskrifter. Verken i dette området eller i ein del andre større slike område, har festeeigedommar vore nemnde. Etter naturvernlova § 18 skal "eiere, brukere eller andre som blir berørt av tiltaket" ha varsel om det, og vedtaket skal etter § 19 "meddeles eieren og brukeren". Men sjølv om det såleis er ein mangel at festetomter ikkje er med, kan eg i denne situasjonen ikkje sjå at det kan ha følgjer for grensetolkinga. Det er gjort konsekvent, også der festetomter tvillaust ligg innanfor grensa. Ordninga har også vore den same i ein del andre større verneområde som det er vist til. Også ein del eigedommar innanfor verneområdet som ikkje er festetomter, manglar på eigedomslista. I denne situasjonen kan eg ikkje sjå at dette tilhøvet seier noko om grensedraginga.
(48)Grenseskildringa er ikkje nøyaktig alle stader. Eg har alt omtala tilhøvet ved Minilla. Det er også andre strekningar der skildringa ikkje har vore dekkjande. Eg kan ikkje sjå at dette er relevant for tvistane i saka i og med at grensepunkta i saka no er uomtvista, og det går fram av både kart og grenseskildring at det er beine liner mellom desse punkta.
(49)Det må godtakast at grensene for eit verneområde blir fastsette nokså skjematisk ved sjølve fredingsvedtaket, og at det ikkje med det same finst fullgod kunnskap om kva eigedommar vedtaket heilt eller delvis omfattar og kven som er eigarar eller festarar der. Det vil sjølvsagt også vere slik at verneverdien ofte vil vere den same på begge sider av grensa, og også slik at eit verneområde kan omfatte også mindre areal som ikkje i seg sjølv har spesiell verneverdi. Når det først er slik at grensepunkta er uomtvista og det er på det reine at det er rettliner mellom desse punkta, kan slike konkrete omstende klart ikkje kome inn ved tolkinga.
(50)Det kan ikkje i ei grensegangssak prøvast om vernevedtaket er gyldig eller ikkje. Det er heller ikkje grunnlag for å trekkje inn artikkel 1 i tilleggsprotokoll 1 til den europeiske menneskerettskonvensjonen i avgjerda av kvar grensa går.
(51)Til slutt minner eg om at verneforskrifta inneheld ei føresegn om at grensa etter vedtaket skulle merkast etter tilvising av vedkomande styresmakt. Vernestyresmaktene har også høve til å justere grensa i ettertid, mellom anna ut frå ei avveging av verneomsyn mot omsynet til dei private partane sine interesser. I særlege tilfelle vil det også kunne liggje føre ei plikt til å gjere det. Det er uttala frå fylkesmannen at justeringar i saka her skal vurderast når grensedraginga er klar. Ei avgjerd om justering av grensa, eventuelt om ikkje å justere grensa, må kunne prøvast for domstolane etter reglene om overprøving av forvaltningsvedtak. Frå dei private partane er vist til artikkel 1 i tilleggsprotokoll 1 til den europeiske menneskerettskonvensjonen om vern av eigedom. Også denne synsmåten må i tilfelle prøvast i ei etterfølgjande sak.
(52)Staten må etter dette få medhald i påstanden sin. Denne omfattar også grensestrekning 1, som vart avgjort i vedtaket i 2009. Eg legg til at det følgjer av det eg har sagt, at grensefastsetjinga hadde vorte den same om ho hadde vore prøvd i realiteten i avgjerda no.
(53)Staten har ikkje kravd sakskostnader for nokon instans. Sakskostnader blir etter dette ikkje tilkjende.
(54)Eg røystar for slik D O M : Anke I: Grensa for Trollheimen landskapsvernområde går i rette liner mellom koordinatpunkta nr. 65 og 66, nr. 66 og 67 og nr. 68 og 69 innteikna på jordskifterettens kart med kartarkivnr. 164071. Anke II: Anken blir forkasta. Anke III: Grensa for Trollheimen landskapsvernområde går i rett line mellom koordinatpunkta nr. 72 og 73 innteikna på jordskifterettens kart med kartarkivnr. 164071. For alle ankane: Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon instans.
(55)Dommer Øie: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(56)Dommer Noer: Likeså.
(57)Dommer Bårdsen: Likeså.
(58)Justitiarius Schei: Likeså.
(59)Etter røystinga sa Høgsterett slik