Dommarane Utgård, Bårdsen, Kallerud, Falkanger, Schei Saka gjeldt straffutmåling for narkotikabrotsverk, og hovudspørsmålet var om det var grunnlag for å nytte samfunnsstraff i staden for fengsel. Høgsterett viste til avgjerda i sak HR-2013-00947-A tidlegare same dag. Saka no gjaldt likevel ei sak der straffa var fengsel i meir ein eitt år, og der det skal sterke grunnar til for å nytte samfunnsstraff. Saka gjeldt grovt narkotikabrotsverk ved erverv av 187 gram amfetamin, og i tillegg to andre narkotikabrotsverk. Lagmannsretten hadde utmålt straffa til fengsel i eitt år og fire månader, og både aktor og forsvarar var einige i at det var straffa dersom det ikkje vart nytta samfunnsstraff. Domfelte hadde misbrukt amfetamin i om lag eitt år, då han flytta frå byen og heim til foreldra der han kom frå. Han braut samstundes med narkotikamiljøet, og det er lagt til grunn at han også kutta ut misbruket. Dette skjedde utan bistand av det offentlege hjelpeapparatet. Han hadde heile tida stått i arbeid som fiskar, og det er lagt til grunn at han ikkje rusa seg om bord. Arbeidsgivaren forklara at han kunne ta opp att arbeidet som fiskar etter ei eventuell soning. Høgsterett uttala at det var tvilsamt at det her kunne seiast å vere tale om rehabilitering i den meining dette var gitt i praksis om samfunnsstraff. Ikkje under noko omstende var det ein situasjon der soning i fengsel ville øydelegge den utviklinga som hadde vore. Det var då ikkje tilstrekkelege grunnar til å nytte samfunnsstraff. Etter dette vart anken frå den domfelte forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling for narkotikabrotsverk, og hovudspørsmålet er om det er grunnlag for å nytte samfunnsstraff i staden for fengsel.
(2)A, fødd 26. januar 1987, vart ved tiltakelevedtak 28. januar 2012 sett under tiltale ved Sunnmøre tingrett for eitt brot på straffelova § 162 første og andre ledd og to brot på straffelova § 162 første ledd.
(3)Sunnmøre tingrett sa 17. april 2012 dom med slik domsslutning: "A, født 26.01.1987, dømmes for overtredelse av straffeloven § 162 første og annet ledd og straffeloven § 162 første ledd, jf. straffeloven § 62 første ledd til fengsel i 1 – ett – år og 4 – fire – måneder. Varetekt kommer til fradrag med 7 – sju – dager."
(4)A anka dommen til Frostating lagmannsrett. Anken gjaldt straffutmålinga. Lagmannsretten sa dom 13. november 2012 med slik domsslutning: "1. Anken forkastes. 2. A, født 26. januar 1987, dømmes til å betale det offentlige sakskostnader for lagmannsretten med 7.000 – sjutusen – kroner."
(5)Domfelte har anka til Høgsterett over straffutmålinga. Det er gjort gjeldande at det skulle vore gitt dom på samfunnsstraff i staden for fengsel.
(6)Saka er behandla i samanheng med HR-2013-00947-A og HR-2013-00949-A.
(7)Eg går så over til å gjere greie for på mitt syn på saka.
(8)Domfellinga for grovt narkotikabrotsverk etter straffelova § 162 første og andre ledd gjeld erverv av 187,17 gram amfetamin som han fekk kjøpt i X i mai 2011. Stoffet, som han betalte 28 000 kroner for, vart sendt i ein bag på bussen til Y. Domfelte vart pågripen av politiet 28. mai då han tok mot bagen på busstasjonen i Y. Analyse av stoffet viste at stoffet inneheldt 61 prosent metamfetaminsulfat.
(9)Den eine av domfellingane for narkotikabrotsverk etter straffelova § 162 første ledd gjeld oppbevaring av ytterlegare tre gram amfetamin som domfelte hadde på seg ved pågripinga 28. mai. Den andre domfellinga etter denne føresegna gjeld oppbevaring heime av 26,77 gram amfetamin, som lagmannsretten har lagt til grunn hadde "en meget lav styrkegrad".
(10)I lagmannsrettsdommen er det sagt at det ikkje er haldepunkt for at A hadde planar om distribusjon eller om å tene pengar på dette stoffet. Det vart likevel lagt til grunn at det ut frå mengde og styrkegrad på det største beslaget låg føre ein monaleg spreiingsfare. Det er uttala at domfelte på dei aktuelle tidspunkta hadde nær kontakt med rusmiljøet i Y.
(11)Lagmannsretten fastsette, som tingretten også hadde gjort, straffa til fengsel i eitt år og fire månader etter at det var teke eit visst omsyn til tilståing. For Høgsterett har både aktor og forsvarar sagt seg einige i utmålinga. Denne straffa dannar utgangspunktet når eg no skal vurdere om det er grunnlag for samfunnsstraff i staden for fengsel.
(12)Når det gjeld dei rettslege spørsmåla i saka, viser eg til det som er sagt i sak HR-2013- 00947-A tidlegare i dag. På eitt punkt er det likevel ein viss skilnad. I den saka var det tale om vurdering opp mot ei straff på fengsel i eitt år. Utgangspunktet i saka no er ei strengare straff enn eitt år, og det er då eit vilkår for å kunne gi dom for samfunnsstraff at sterke grunnar talar for det, sjå straffelova § 28a andre ledd, jf. § 28a første ledd bokstav a. Kravet til sterke grunnar må i noko mon vere påverka av om det er tale om ei straff som ikkje ligg langt frå grensa på eitt år, jf. Rt. 2007 side 950 avsnitt 11.
(13)Eg ser så nærare på spørsmålet om det er grunnlag for å gi dom på samfunnsstraff.
(14)A er no 26 år gammal og er ugift. Han er fiskar og har heile tida vore i arbeid som dette. Til lagmannsretten gav han opp ei årsinntekt på 500 000 – 600 000 kroner.
(15)Lagmannsretten har lagt til grunn at domfelte ikkje hadde nemnande rusproblem, verken med omsyn med narkotika eller med alkohol, fram til 2011. I 2010 etablerte han seg med eigen bustad i Y. Frå starten på 2011 tok han til å misbruke amfetamin. Lagmannsretten har lagt til grunn at misbruket auka utover året, men at han likevel var i stand til å halde på arbeidet, og at han ikkje rusa seg om bord. Det heiter vidare i dommen: "Ved årsskiftet 2011/2012 tok han en beslutning om å kutte ut rusmisbruket. Dette har han klart, blandt annet ved hjelp av foreldrene. Han har flyttet hjem til disse i Z og har gjenopptatt kontakt med barndomsvenner og brutt med narkotikamiljøet i Y. Arbeidsgiver har støttet ham. A har ikke hatt bistand av det offentlige hjelpeapparatet for å komme ut av rusmisbruket."
(16)Eg må ut frå dette byggje på at A har kome seg ut av misbruket. Til det har han hatt støtte, men ikkje frå det offentlege hjelpeapparatet.
(17)Det var tale om ein kortvarig periode med alvorleg misbruk av narkotika. A har likevel heile tida stått i arbeid, og det må leggjast til grunn at han ikkje har rusa seg om bord. Arbeidsgivaren har forklara at A kan ta opp att arbeidet som fiskar etter ei eventuell soning.
(18)Det er tvilsamt at det her kan seiast å vere tale om rehabilitering i den meining dette er gitt i praksis om samfunnsstraff. A er ikkje under noko omstende i ein situasjon der soning av straff i fengsel vil øydeleggje den utviklinga som har vore.
(19)Eg er etter dette komen til at det ikkje ligg føre tilstrekkelege grunnar til å nytte samfunnsstraff i denne saka. Dei allmennpreventive omsyna som er berande for den klare hovudregelen av straff på fengsel utan vilkår i saker som denne, må etter mitt syn vere avgjerande også her.
(20)Eg røystar etter dette for slik D O M : Anken blir forkasta.
(21)Dommer Bårdsen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(22)Dommer Kallerud: Likeså.
(23)Dommer Falkanger: Likeså.
(24)Justitiarius Schei: Likeså.
(25)Etter røystinga sa Høgsterett slik