(1)Saka gjeld mellombels tilbakekall av førarretten og beslag av førarkort etter vegtrafikklova § 33 nr. 3. Spørsmålet er om varsel om talet på prikkar etter prikkbelastingsforskrifta § 3 fjerde ledd er eit vilkår for tap av førarretten etter vegtrafikklova § 33 nr. 2, jf. forskrifta § 4.
(2)Politimeisteren i Vestfold utferda 6. september 2012 førelegg mot A, fødd 6. desember 1971. Førelegget gjaldt køyring i strid med fartsgrensa, jf. vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 5 første ledd jf. andre ledd, jf. skiltforskrifta § 8. Grunnlaget var slik: "Fredag 24. august 2012 kl. 01.16 i ---- sydgående ved X i Y kjørte han en Mercedes-Benz personbil, med kjennemerke ------ med en hastighet av 131 km/t, til tross for at høyeste tillatte hastighet på stedet ved skilt var 100 km/t."
(3)Førarkortet til A vart teke frå han på staden. Om tap av førarretten heitte det i førelegget: "Ved å vedta dette forelegget samtykker De også i å tape retten til å kjøre førerkortpliktig motorvogn, jf. vegtrafikkloven § 33, jf. prikkforskriftens § 4, for en periode på 6 måneder regnet fra da førerkortet ble beslaglagt eller er levert til politiet. Grunnlaget for prikkbelastningen er at De til sammen hadde 7 aktive prikker forut for denne overtredelsen. Den nye overtredelsen medfører 3 nye prikker, noe som tilsier over 8 aktive prikker samlet. Bestemmelsen i prikkforskriftens § 6 annet ledd er vurdert men ikke funnet anvendelig."
(4)A vedtok ikkje førelegget, og han samtykka heller ikkje i lengd beslag av førarkortet. Politiet sette 27. september 2012 fram kravsmål om rettens samtykke etter vegtrafikklova § 33 nr. 3.
(5)Sogn tingrett gav 12. oktober 2012 orskurd med slik slutning: "Politiet sitt krav om å halde førarkortet til A, fødd 06.12.1971, beslaglagt til dess saka mot han er endelig avgjort, vert ikkje tatt til fylgje."
(6)Påtalemakta anka orskurden til Gulating lagmannsrett som 14. november 2012 gav orskurd med slik slutning: "Førerkortet til A kan beslaglegges til saken mot ham er endelig avgjort, men ikke ut over 24. februar 2013."
(7)Både tingretten og lagmannsretten la til grunn at A ikkje hadde motteke varsel om talet på prikkar etter prikkbelastingsforskrifta § 3 fjerde ledd. Men i motsetning til tingretten kom lagmannsretten til at dette ikkje var avgjerande for heimelen for beslag av førarkortet.
(8)A har anka orskurden til Høgsterett. I korte trekk er det halde fram at lagmannsretten har teke feil når det er lagt til grunn at manglande varsel etter prikkbelastingsforskrifta § 3 ikkje har noko å seie for spørsmålet om beslag av førarkortet og seinare tap av førarretten. Ordlyden er klar og eintydig, og gir ikkje inntrykk av berre å vere ein ordensregel. Til støtte for synet er det og vist til at tap av førarretten er strengt knytt til registrering av prikkar, og at den enkelte registreringa ikkje kan påklagast, at forskrifta vart skjerpa ved endring 20. mai 2011, og til legalitetsprinsippet og avgjerda i Rt. 2009 side 1281.
(9)Det er sett fram slik påstand: "Sogn tingretts kjennelse stadfestes."
(10)Påtalemakta har slutta seg til lagmannsretten si vurdering av verknaden av manglande varsel.
(11)Høgsteretts ankeutval viser til at utvalet har avgrensa kompetanse ved prøvinga, jf. straffeprosesslova § 388. Anken gjeld lovtolkinga, som utvalet kan prøve.
(12)Etter prikkbelastingsforskrifta § 3 skal bøtelegging for visse trafikkforgåingar registrerast med prikkar. I fjerde ledd i føresegna heiter det: "Den som blir registrert med minst fire prikker, skal varsles skriftlig snarest mulig om prikkbelastningen og om mulige konsekvenser av ytterligere prikkbelastninger."
(13)Forskrifta § 4 har slik ordlyd i første ledd første punktum: "Den som registreres med åtte prikker eller mer i løpet av tre år skal tape føreretten for seks måneder."
(14)Spørsmålet i saka er om vegtrafikklova § 33, jf. prikkbelastingsforskrifta § 4 må forståast slik at varsel om prikkbelasting etter forskrifta § 3 fjerde ledd er eit vilkår for tap av førarretten.
(15)Utvalet viser til at forskrifta § 4 første ledd første punktum ikkje inneheld noka tilvising til varsel om registrering. Teksten stiller berre opp vilkår om talet på prikkar og om kva tidsperiode dei skal vere pådregne.
(16)Utvalet kan ikkje sjå at det er grunnlag for å tolke inn ytterlegare vilkår, såleis heller ikkje om krav til varsel om prikkar. Reglane om varsel må sjåast på som tiltak for å hindre fleire forgåingar, og kan ikkje ta sikte på å vere til vern for den einskilde mot tap av førarkort.
(17)Anken blir etter dette ikkje teken til følgje.
(18)Orskurden er samrøystes.