Dommarane: Gjølstad, Matningsdal, Utgård
(1)Saka gjeld salærfastsetjing til bistandsadvokat i sak som er omfatta av stykkprisforskrifta.
(2)Advokat Karen Forbrigd var oppnemnd som bistandsadvokat i ei straffesak som vart avvikla i Eidsivating lagmannsrett 29.- 31. mars 2011. Ankeforhandlingane vart haldne 29.-30. mars, og det vart 31. mars halde eit kort rettsmøte der det vart sagt dom. Saka gjekk i Hamar. Advokat Forbrigd har kontor i Oslo, men bustadatterhaldet var oppheva.
(3)Advokat Forbrigd sende 6. juni 2011 inn arbeidsoppgåve, der ho kravde dekt ankeforhandlingane etter stykkpris, salær for medgått tid til rettsmøtet 31. mars og godtgjersle for reisefråvær. Ho kravde dessutan dekt utlegg til overnatting og diett også for den tida som hadde tilknyting til rettsmøtet for domsseiing.
(4)Lagmannsretten gjorde 10. juni 2011 vedtak der salæret vart fastsett. Vedtaket bygde på at bistand ved rettsmøtet 31. mars var etterarbeid som var inkludert i stykkprisen. Ho hadde dermed ikkje krav på særskilt godtgjersle for slik deltaking. Kontorfråvær fram til domsseiing vart ikkje dekt, heller ikkje hotell eller diett for siste døgnet.
(5)Advokat Karen Forbrigd har anka lagmannsrettens vedtak til Høgsterett. Anken gjeld lovtolkinga. Ho har gjort gjeldande at stykkprisforskrifta § 7 femte ledd, som gjeld for forsvarar, må nyttast analogisk for bistandsadvokatar. Ein forsvarar har etter denne føresegna krav på særskilt betaling etter reglane i salærforskrifta for deltaking i rettsmøte til domsseiing. Utviklinga i bistandsadvokaten si rolle dei siste åra gjer at det ikkje kan oppretthaldast eit skilje mellom forsvarar og bistandsadvokat på dette punktet. I så fall må det også givast utgiftsdekning og fråversgodtgjersle.
(6)Ved oversendinga til Høgsterett har lagmannsretten uttala at utgiftsdekning og fråversgodtgjersle må givast dersom bistandsadvokaten har krav på særskilt salær for eige domsseiingsmøte.
(7)Advokat Forbrigd har seinare uttala at bistandsadvokaten må ha krav på utgiftsdekning og fråversgodtgjersle utan omsyn til om det er krav på særskilt salær eller om godtgjersla for domsseiingsmøte går inn i stykkprisen. Oppgåvene for ein bistandsadvokat må omfatte det å delta på eit slikt særskilt møte. Utgifter ved reisefråvær blir dekt utanom stykkprisgodtgjersla, då slik godtgjersle ikkje omfattar reisefråvær, jf. stykkprisforskrifta § 2. Reisefråvær blir dekt særskilt etter salærforskrifta § 8.
(8)Høgsteretts ankeutval viser til at vedtak etter salærforskrifta kan ankast til overordna domstol etter reglane i rettshjelpslova § 27, jf. salærforskrifta § 13. Anken følgjer reglane i tvistelova, jf. rettshjelpslova § 27 andre ledd. Kompetansen for utvalet er avgrensa til ei overprøving av lagmannsrettens generelle lovforståing av kva avgjerder retten kan ta etter den føresegna som er nytta, og dessutan om avgjerda er openbert uforsvarleg eller urimeleg, jf. tvistelova § 30-3, jf. § 29-3 tredje ledd. Saka gjeld tolking av stykkprisforskrifta § 10, sett i samanheng med § 7 femte ledd og med § 2, som utvalet kan prøve.
(9)Lagmannsretten har lagt til grunn at det ikkje er krav på særskilt salær for rettsmøtet for domsseiing, men at salær for dette er inkludert i stykkprisen, jf. stykkprisforskrifta § 10.
(10)Ved lov 7. mars 2008 nr. 5, i kraft 1. juli 2008, vart reglane om bistandsadvokatane i straffeprosesslova endra ved at bistandsadvokatane fekk utvida oppgåver. Etter straffeprosesslova § 107c skal bistandsadvokaten vareta ”fornærmedes og etterlattes interesser i forbindelse med etterforskning og hovedforhandling i saken”. Bistandsadvokaten har rett til å vere til stades i alle rettsmøte, og til å vere med på nærare omtala etterforskingssteg.
(11)I stykkprisforskrifta § 10, som vart endra med verknad frå 1. juli 2008 i samband med ikraftsetjinga av dei nye lovreglane, er det gitt føresegner om stykkpris for bistandsadvokatar. Prinsippet er at stykkprisen skal fastsetjast etter ein multiplikator ut frå den tida som går med til hovud- eller ankeforhandling.
(12)Stykkprisforskrifta § 10 har ingen regel, slik som det er for stykkpris for advokatar i § 7 femte ledd, om at det skal betalast særskilt etter reglane i salærforskrifta mellom anna for særskilt domsseiing. Det går fram av merknadene til § 10, som vart reviderte ved endringa 1. juli 2008, at dette var ein gjennomtenkt skilnad. I kommentaren heiter det såleis: ”Dersom det avholdes særskilt domsavsigelse, regnes bistand i tilknytning til slikt rettsmøte som etterarbeid til hovedforhandlingen, og er inkorporert i stykkprisen for hovedforhandlingen.”
(13)Etter dette legg utvalet til grunn at stykkprisforskrifta § 10 må tolkast i samsvar med ordlyden sin, og at det ikkje er grunnlag for ein analogisk bruk av § 7 femte ledd til utfylling av § 10.
(14)Spørsmålet er så om stykkprisforskrifta §§ 2 og 10 likevel må forståast slik at det skal givast utgiftsdekning og fråværsgodtgjersle for deltaking i det særskilte møte til domsseiing, sjølv om det ikkje blir gitt særskilt godtgjersle for arbeidet i møtet etter reglane i salærforskrifta. Spørsmålet er aktuelt i saka no fordi det er gitt fritak frå bustadatterhaldet, men det vil også kunne kome opp der ein forsvarar i rettskrinsen har lang reiseveg til rettslokalet.
(15)Det følgjer av straffeprosesslova § 107c, slik det er omtala tidlegare, at ein bistandsadvokat har rett til å vere til stades i alle rettsmøte. At godtgjersla for dette går inn i stykkprisen, endrar ikkje at dette er ein del av bistandsadvokaten si oppgåve. Der det er gitt fritak for bustadatterhald, må det då samtidig innebere at vedkomande bistandsadvokat har krav på fråværsgodtgjersle og dekning av utlegg for å kunne vere med på særskilt møte til domsseiing. Krav på dekning av slike kostnader skal ikkje avgjerast etter stykkprisforskrifta, men blir regulert av salærforskrifta §§ 8 og 9.
(16)Lagmannsretten har etter dette tolka stykkprisforskrifta § 10 rett når det gjeld spørsmålet om særskilt salær for deltaking i eige rettsmøte for domsseiing. Tolkinga er derimot feil når det gjeld spørsmålet om fråværsgodtgjersle og utgiftsdekning ved deltaking i eit slikt rettsmøte. Dette siste byggjer på ei tolking av stykkprisforskrifta §§ 2 og 10 og salærforskrifta §§ 8 og 9, sedde i samanheng.
(17)Lagmannsrettens avgjerd må etter dette delvis opphevast.
(18)Spørsmålet om sakskostnader skal avgjerast etter rettshjelpslova § 27 femte ledd, jf. forvaltningslova § 36 første ledd. Advokat Karen Forbrigd må tilkjennast sakskostnader hos staten v/Eidsivating lagmannsrett. Kostnadene blir i samsvar med inngitt oppgåve sette til 10 560 kroner, der 5 400 kroner er salær og resten rettsgebyr. Utvalet legg til grunn at advokat Forbrigd driv verksemd med plikt til å svare meirverdiavgift.
(19)Orskurden er samrøystes.