Dommarar: Utgård, Matheson, Noer, Falkanger, Gjølstad Saka gjaldt inndraging, jf. straffelova 34, i eit tilfelle der den tiltala var frifunnen for straff. Høgsterett viste innleiingsvis til at reglane om inndraging i straffelova var endra i 1999. Føremålet med endringa var å gjere reglane meir effektive, og slik at reglane innanfor dei rammene som omsynet til rettstryggleiken set, i størst mogeleg grad skal bidra til at lovbrytarar ikkje får behalde utbytet. Høgsterett la til grunn at det objektive gjerningsinnhaldet i straffelova § 202 første ledd bokstav b er oppfylt frå bruken til prostitusjon tek til. Det kunne ikkje spele noka rolle at skuldkravet her står i straffebodet og ikkje elles i lova. Kravet mot inndraging var retta mot A personleg, også der verksemda hadde vore driven i aksjeselskap med han som eineaksjeeigar. Den økonomiske vinninga ville då slå ut i den økonomiske verdien av hans eigarinteresser, jf. Rt. 1987 side 1194. Lagmannsretten hadde korrekt lagt til grunn bruttoinndraging. Det skulle likevel vore gjort frådrag for betalt eller ilikna skatt. I mangel av nærare opplysningar vart frådrag gjort for skatt med 100 000 kroner. Lagmannsretten hadde inndrege 100 000 kroner som følgje av verdistiging på eigedommar i den tida leilegheiter var nytta til prostitusjon. Aktor og forsvarar var einige i at det ikkje var grunnlag for slik inndraging. Høgsterett slutta seg til dette, då dette ikkje var tale om utbyte ”av” dei strafflagde handlingane. Høgsterett la til grunn at inndraging ikkje ville vere klart urimeleg. Det var tale om ein profesjonell utleigar, der det hadde vore drive prostitusjon i mange eigedommar over eit ikkje heilt lite tidsrom. I høve til den samla verksemda var det heller ikkje tale om noko spesielt stort inndragingsbeløp. Inndraginga vart etter dette ståande, likevel slik at beløpet vart redusert frå 1 300 000 kroner til 1 100 000 kroner.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld inndraging i eit tilfelle der den tiltala vart frifunnen for straff.
(2)I tiltalevedtak av 25. mars 2008 frå Oslo statsadvokatembete vart A og ein medhjelpar sette under tiltale ved Oslo tingrett. Post I i tiltalevedtaket hadde slik ordlyd: ”Straffeloven § 202 første ledd bokstav b for å ha leid ut lokaler og forstått at lokalene skulle brukes til prostitusjon eller utvist grov uaktsomhet i så måte Grunnlag er følgende forhold eller medvirkning til dette: Gjelder begge: I perioden fra mai 2006 til oktober 2006 på flere steder i X, herunder Y, Z, Æ, Ø, Å og XX, som eier og bestyrer av bygårdene leide han ut rom til flere kvinner som drev prostitusjon i lokalene.”
(3)Tiltalen mot A gjaldt også grovt trygdebedrageri og falsk forklaring ved søknaden om varig uførtrygd.
(4)Oslo tingrett sa 25. september 2009 dom, der A vart funnen skuldig etter tiltalen. I tilknyting til domfelling etter straffelova § 202 første ledd bokstav b vart han dømd til inndraging med 970 000 kroner. Også medhjelparen vart domfelt etter § 202 første ledd bokstav b. Overfor han var det ikkje kravd inndraging.
(5)Begge dei domfelte anka til Borgarting lagmannsrett. Anken gjaldt ikkje domfellinga av A for grovt trygdebedrageri og dokumentfalsk. Under ankeforhandlinga endra aktor grunnlaget frå å gjelde tida frå mai 2006 til å gjelde tida frå 1. januar 2004. Lagmannsretten sa dom 6. desember 2010, der begge vart frifunne for post I i tiltalen. Den delen av domsslutninga som gjaldt denne posten i tiltalen og inndraging ut frå tilhøvet i den, hadde for A slik ordlyd: ” 1. A, født 21. november 1954, frifinnes for overtredelse av straffeloven § 202 første ledd bokstav b. … 3. I medhold av straffeloven § 34 inndras hos A, til fordel for statskassen, et beløp på 1.300.000 – enmilliontrehundretusen – kroner.”
(6)Det vart vidare utmålt straff for dei tilhøva som var endeleg avgjorde ved tingrettsdommen. Mindretal i lagmannsretten, dels ein fagdommar og dels også to av meddommarane, dissenterte for delar av tiltalen, og meinte at A måtte domfellast på grunnlag av grov aktløyse.
(7)Påtalemakta anka til Høgsterett. Anken overfor A gjaldt lovbruken, saksbehandlinga og straffutmålinga. A anka likeeins. Anken frå han gjaldt straffutmålinga, saksbehandlinga og dessutan bevisvurderinga og lovbruken under inndragingsspørsmålet. Anken frå A vart av ankeutvalet tillaten fremja for så vidt gjeld lovbruken under inndragingsspørsmålet. Elles vart ankane ikkje tillatne fremja, jf. HR-2011-598-U.
(8)Eg går no over til å gjere greie for mitt syn på saka, og skal starte med å gi eit riss av bakgrunnen.
(9)A kjøpte frå tidleg på 1990-talet opp ei rekkje bygardar i X med sikte på å leige ut leilegheiter. Dels vart eigedommane kjøpte personleg og dels var det tale om eigedommar tilhøyrande selskap der A kjøpte alle aksjane. Med verknad frå 1. januar 2006 skjedde det ei omdanning til aksjeselskap slik at kvar eigedom utgjorde eitt selskap og med A som eineaksjeeigar. I 2006 eigde A på dette viset ca. 16 bygardar i X, med i alt om lag 200 leilegheiter. A har opplyst at han har drive ut frå det han omtalar som eit ”lågterskeltilbod”, der ein stor del av leigetakarane har vore sosialklientar og personar med rusproblem.
(10)Tiltalen gjaldt utleige til bruk i prostitusjon i seks bygardar. Ved ein politiaksjon mot desse den 31. oktober 2006 vart det i 18 leilegheiter – av i alt 80–90 – påtreft 75 kvinner som politiet mistenkte for å vere prostituerte. Dei fleste av kvinnene opplyste å vere prostituerte, men forklarte gjennomgåande at prostitusjonen skjedde andre stader enn i leilegheitene, mellom anna ”på gata”.
(11)I lagmannsrettsdommen er dei seks bygardane delte opp i grupper.
(12)For tre av bygardane – Y, XX og Ø – var det for lagmannsretten ikkje omstridt at det i 2005–2006 flytta inn ei rekkje kvinner som viste seg å vere prostituerte, og at det då gjekk føre seg prostitusjon i leilegheitene i alle desse gardane. – Det må her nemnast at A overtok eigedommen i Ø først frå 7. april 2006.
(13)Lagmannsretten kom til at A frå juni 2006 forsto at det gjekk føre seg prostitusjon i desse gardane, men kom til at han måtte frifinnast fordi han deretter hadde gjort det ”man med rimelighet kan forlange” for å stanse denne verksemda.
(14)I to av dei andre bygardane vart det drive massasjestudio. I Z opna det i mai 2004 eit massasjestudio. For lagmannsretten var det ikkje omstridt at det i alle fall til ein viss grad hadde gått føre seg prostitusjon i lokala. Også i Å vart det lagt til grunn å ha skjedd prostitusjon. Det gjaldt for ein periode frå ein gong etter oktober 2004 og fram til januar 2005, og det gjaldt i tida etter 1. januar 2006 og fram til politiaksjonen. For desse bygardane vart A frifunnen i lagmannsretten grunna manglande skuld.
(15)Den sjette bygarden i tiltalen var Æ, og den gjaldt to leilegheiter. For den eine leilegheita fann lagmannsretten det ikkje bevist at det hadde skjedd prostitusjon. For den andre leilegheita – som vart leigd ut frå juli 2004 – kom lagmannsretten til at bruken til prostitusjon var bevist, men at skuldkravet ikkje var oppfylt.
(16)Som det har gått fram av det eg ho har gjort greie for, jf. også domsslutninga hos lagmannsretten, vart A frifunnen for tiltalen for utleige til bruk i prostitusjon. Lagmannsretten kom til at det likevel var grunnlag for inndraging overfor han etter straffelova § 34, under tilvising til § 34 første ledd siste punktum der det heiter: ”Inndragning foretas selv om lovovertrederen ikke kan straffes fordi han … ikke utviste skyld.”
(17)Lagmannsretten fann det, som eg har vist til, prova at det reint faktisk hadde skjedd prostitusjon i alle dei seks bygardane. Inndraginga vart som utgangspunkt vurdert slik for dei ulike gardane: - Y for tida mai – juni 2006 : 40 000 kroner - XX for tida august 2005 – juni 2006: 170 000 kroner - Ø for tida mai – juni 2006: 8 000 kroner - Z for tida mai 2004 – oktober 2006: 656 000 kroner - Å for tida desember 2004 – januar 2005 og tida februar – oktober 2006: 110 000 kroner - Æ fra høsten 2004 – oktober 2006 (to år): 216 000 kroner
(18)Eg går så over til å sjå på det som er gjort gjeldande i anken. Innleiingsvis minner eg om at inndragingsreglane vart endra ved lov 11. juni 1999 nr. 39. Om føremålet med lovendringa heiter det i Ot.prp. nr. 8 (1998–1999) side 5: ” Hovedformålet er å gjøre reglene om inndragning av vinning mer effektive, slik at vinning inndras i flere saker og i større omfang enn i dag. Regelverket bør innenfor de rammer som hensynet til rettssikkerheten setter, i størst mulig grad bidra til at lovbrytere ikke får beholde utbyttet av forbrytelser. Kriminalitet skal ikke lønne seg.”
(19)Dette er eit viktig utgangspunkt når inndragingsreglane skal forståast.
(20)Straffebodet i § 202 første ledd bokstav b rettar seg mot den som ”leier ut lokaler og forstår at lokalene skal brukes til prostitusjon eller utviser grov uaktsomhet i så måte”. Forsvararen har gjort gjeldande at det nettopp er det at ein utleigar forstår at det blir drive prostitusjon i lokala – eller handlar grovt aktlaust i så måte, som er gjort til eit strafflagt tilhøve. Når lagmannsretten kom til at A ikkje forsto at det vart drive prostitusjon i lokala, og det heller ikkje låg føre grov aktløyse i så måte, vil det måtte innebere at det objektive gjerningsinnhaldet etter § 202 første ledd bokstav b ikkje var oppfylt.
(21)Etter mitt syn kan dette ikkje føre fram. Sjølv om formuleringa i føresegna kanskje er litt uvanleg, er det likevel skuldkravet som er teke inn. Såleis kunne føresegna vore delt i to, slik at ho ramma den som ”leier ut lokaler som skal brukes til prostitusjon” og som ”forstår det eller utviser grov uaktsomhet i så måte”. Slik eg ser det, kan det ikkje spele noka rolle om det subjektive står i straffebodet og ikkje elles i lova. Innhaldet kan ikkje vere forskjellig alt etter som føresegna er bygd opp.
(22)Det er heller ikkje slik at utleige til nokon som driv prostitusjon er lovleg så lenge ikkje vedkomande huseigar ”forstår dette”. Objektivt sett er det eit ulovleg tilhøve frå bruken til prostitusjon tek til.
(23)Spørsmålet er likevel om ei slik forståing gjer høvet til inndraging – som etter straffelova § 34 første ledd siste punktum altså kan skje også der det ikkje er utvist skuld – for omfattande. Det kan gjere det risikofylt å leige ut som eit ”lågterskeltilbod”. Også prostituerte skal ha ein stad å bu. Sjølv om eg ser at dette er eit argument med vekt, må dette etter mitt syn kome inn ved vurderinga av om inndraging i tilfelle vil vere klart urimeleg, jf. § 34 første ledd andre punktum.
(24)Inndraginga er retta mot A personleg. I 2004 og 2005 var i det minste ein del av bygardane etter det opplyste i hans personlege eige. Så langt er det ikkje tvilsamt at utbytet ved handlingane tilfall han direkte, jf. ordlyden i straffelova § 34 fjerde ledd første punktum. Frå 1. januar 2006 var bygardane, som tidlegare omtala, lagde inn i aksjeselskap med ein eigedom i kvart selskap og med A som eineaksjeeigar. Også her må det leggjast til grunn at utbytet ved handlingane tilfall A direkte, jf. Rt. 1987 side 1194. Som påpeika der ”ville den økonomiske vinning som tilfløt selskapet ved den straffbare virksomhet, måtte slå ut i den økonomiske verdi av hans eierinteresser”. Som det går fram av dette, er det ikkje tale om gjennomskjering slik ein til vanleg oppfattar dette omgrepet, men om inndraging av verdistiginga som ligg føre på eineaksjeeigaren sin hand. Dette synspunktet kjem inn ved spørsmålet om frådrag for skatt, som eg skal sjå på om litt.
(25)Det er tale om ”utbytte” av ei strafflagd handling. Inndraginga gjeld leige som A fekk inn der lokala vart brukte til prostitusjon. At A kunne ha fått dei same inntekter av same storleik som dei inndraginga gjeld, ved utleige til andre, endrar ikkje dette.
(26)Det er lagt til grunn at sjølve utmålinga av inndraginga skjer ut frå det som er mest sannsynleg. Som det går fram av straffelova § 34 andre ledd tredje punktum er utgangspunktet nettopp om storleiken kan ”godtgjøres”. Av same punktumet følgjer at alternativet er at retten fastset inndragingsbeløpet etter skjønn.
(27)Etter straffelova § 34 andre ledd andre punktum kjem utgifter ikkje til frådrag. Lagmannsretten har korrekt lagt til grunn bruttoinndraging.
(28)Forsvararen har gjort gjeldande at det skulle vore gjort frådrag for skatt. Dette spørsmålet synest ikkje å ha vore framme for dei tidlegare instansane. Tingretten fastsette ei bruttoinndraging, utan frådrag for skatt. Lagmannsretten omtalar skatt indirekte ved drøftinga av frådrag for renteutgifter mv. ved fastsetjinga av utbytet, ved ei tilvising til Matningsdal og Bratholm, Straffeloven med kommentarer (2. utg. 2003) side 226–227 om frådrag for ilikna skatt og betalt skadebot.
(29)I anken til Høgsterett er det gjort gjeldande at det skulle vore gjort frådrag for skatt, under tilvising til opplysningar om gjeldande skattesatsar.
(30)I dei nemde sidene frå Matningsdal og Bratholm går det fram at det før lovendringa i 1999 var fast praksis å gjere frådrag for ilikna skatt og betalt skadebot. Inn under ilikna skatt går også betalt skatt. Eg viser her vidare til Rt. 2008 side 897 avsnitt 43 der det er lagt til grunn at ”betalt eller ilignet skatt skal trekkes fra brutto utbytte”. Kva som er skattesatsane er såleis ikkje av interesse.
(31)Frådragsrett for betalt eller ilikna skatt vil gjelde direkte for den perioden og dei bygardane der A var personleg eigar.
(32)For aksjeselskapa er dette ei innfløkt vurdering. Først må det klargjerast om det er betalt eller ilikna skatt. Deretter er spørsmålet kva verknad utleigeinntektene, omsynteke betalt eller ilikna skatt, har på verdien av selskapa på A si hand. At inndraging kan skje på dette viset, går fram av Rt. 1987 side 1194 der det heiter: ”I og med at retten har lagt til grunn at A i store deler av det tidsrom saken gjelder har sittet som eneaksjonær i selskapet, ville den økonomiske vinning som tilfløt selskapet ved hans straffbare virksomhet, måtte slå ut i den økonomiske verdi av hans eierinteresser.”
(33)Det er såleis tale om ei konstatering av kven ”utbyttet er tilfalt direkte ved handlingen” i straffelova § 34 fjerde ledd første punktum.
(34)Det er heller ikkje for Høgsterett opplyst kva som er betalt eller ilikna i skatt eller kva som eventuelt var skatteposisjonane for selskapa i dei aktuelle åra. I anken er det berre vist til at frådrag må gjerast ut frå gjeldande skattesatsar.
(35)Inndraging skal skje effektivt. I mangel av nærare opplysningar, vel eg å omsynta skatten ved skjønn. Ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering set eg reduksjonen i inndraginga overfor A til 100 000 kroner.
(36)Lagmannsretten inndrog 100 000 kroner som følgje av verdistiging på eigedommane i den tida leilegheiter vart nytta til prostitusjon, ut frå ei vurdering av kor stor del av den samla eigedomsmassen det var tale om. Aktor og forsvarar har vore einige om at det ikkje er grunnlag for slik inndraging. Under tilvising til det nøyer eg meg med å seie at eg ikkje kan sjå at det her er tale om utbyte ”av” dei strafflagde handlingane. Det må såleis også her gjerast eit frådrag med 100 000 kroner i inndraginga overfor A.
(37)For Høgsterett er det gjort gjeldande at inndragingsbeløpet bør setjast ned etter unntaksregelen i straffelova § 34 første ledd andre punktum om reduksjon ”i den grad retten mener at inndragning vil være klart urimelig”. Dette var ikkje gjort gjeldande for lagmannsretten.
(38)Etter mitt syn er det ikkje grunn til nedsetjing. Det er tale om ein profesjonell utleigar, og det har vore drive prostitusjon i mange eigedommar over eit ikkje heilt lite tidsrom. I høve til den samla verksemda for A er det heller ikkje tale om noko spesielt stort inndragingsbeløp.
(39)Eg røystar etter dette for slik D O M : I lagmannsrettsdommen, domsslutninga punkt 3, blir gjort den endringa at beløpet blir sett til 1 100 000 – einmillioneitthundretusen – kroner.
(40)Dommer Matheson: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(41)Dommer Noer: Likeså.
(42)Dommer Falkanger: Likeså.
(43)Dommer Gjølstad: Likeså.
(44)Etter røystinga sa Høgsterett slik