Dommarane: Utgård, Bårdsen, Akerlie, Møse, Skoghøy Saka gjaldt utmåling av straff for polsk statsborgar for i hovudsak eit større tal grove tjuveri og innbrot, utførte under kortvarige opphald her i landet. A og to andre polske statsborgarar gjennomførte grove tjuveri av i alt 69 påhengsmotorar, innbrot i 4 naust med forsøk på tjuveri derifrå og dessutan 8 hytteinnbrot. Desse handlingane vart gjorde i tre periodar i 2009: midt i juni, i slutten av august og i september. For Høgsterett var det opplyst at tjuveria samla gjaldt verdiar på rundt 1,5 millionar kroner. I tillegg kom dei materielle skadane som vart valda på båtar, naust og hytter. Lagmannsretten hadde funne det bevist at føremålet med turane var å stele påhengsmotorar som skulle fraktast ut av landet. Det var tale om det som kan kallast mobile vinningskriminelle, som kjem raskt inn i landet, og forsvinn like raskt både sjølve og med utbytet. Høgsterett uttala at dette er eit alvorleg strafferettsleg problem som det er nødvendig å reagere strengt mot. Saka gjaldt krenkingar av den private sfæra for privatpersonar. Sjølv om det ikkje var grunnlag for domfelling etter straffelova § 60 a om handlingar som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe, var graden av profesjonalitet og organisering likevel moment i straffeutmålinga. Lagmannsretten hadde teke utgangspunkt i ei straff av fengsel i fire år og to månader før frådrag for tilståingsrabatt med seks månader. Straffa vart dermed fengsel i tre år og åtte månader. Høgsterett var einig i dette, likevel slik at tilståingsrabatten ikkje var gjenstand for prøving. Anken vart såleis forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld utmåling av straff for polsk statsborgar for i hovudsak eit større tal grove tjuveri og innbrot, utførte under kortvarige opphald her i landet.
(2)Hordaland statsadvokatembete tok 9. februar 2010 ut tiltale mot A og to andre polske statsborgarar.
(3)Nordhordland tingrett sa 23. mars 2010 dom som for A hadde slik domsslutning i straffespørsmålet: ”A, fødd 27.02.1975 vert dømd for brot på: - Straffelova § 257, jf § 258, jf strl § 60 a, - Straffelova § 257 jf § 258, jf strl § 49, jf. strl § 60 a - Straffelova § 261 - Straffelova § 185 andre avsnitt, jf. Straffelova § 12, 2. avsnitt og - Straffelova § 333 alt saman med Straffelova § 59 andre avsnitt, § 61 og § 62 første avsnitt til fengsel i 4 – fire– år og 6 –seks– månader. Ved soninga går varetektstida til frådrag med 183 – etthundreogåttitre– dagar. Han vert frifunnen for tiltalens post V etter Utlendingslova § 108 første ledd bokstav a jf § 8.”
(4)Det vart i tillegg gitt dom for inndraging av ein del gjenstandar nytta ved handlingane. Mellom desse var også to bilar. Dei tre domfelte vart dessutan dømde til å betale skadebot.
(5)Alle dei tre domfelte anka til lagmannsretten. Anken gjaldt skuldspørsmålet for ein del av handlingane og bruk av straffelova § 60 a som gjeld organisert kriminell gruppe.
(6)Gulating lagmannsrett sa 22. november 2010 dom som for A hadde slik domsslutning for straffekravet: ”A, født 27.02.1975 dømmes for overtredelse av: - Straffeloven § 257 jf § 258, - Straffeloven § 257 jf § 258, jf strl § 49, - Straffeloven § 261 - Straffeloven § 185 andre avsnitt, jf. Straffeloven § 12, 2. avsnitt og - Straffeloven § 333, sammen med de forhold der skyldspørsmålet er rettskraftig avgjort ved Nordhordland tingretts dom av 23 mars 2010, jf straffeloven § 59 andre ledd, § 61 og § 62 første ledd til fengsel i 3 –tre– år og 8 –åtte– måneder. Han tilkommer varetektsfradrag med 427 – firehundreogtjuesyv– dager.”
(7)Som det går fram av domsslutninga kom lagmannsretten til at vilkåra for å nytte § 60 a ikkje var til stades. Kravet om inndraging av dei to bilane vart avvist av prosessuelle grunnar. Avgjerda om skadebot vart fasthalden, men slik at ytterlegare ein post kom til.
(8)A har anka til Høgsterett. Anken gjeld straffutmålinga.
(9)Eg er komen til at anken må forkastast.
(10)Detaljane i sakstilhøvet går fram av tingretten og lagmannsretten sine dommar. Eg avgrensar meg til å nemne nokre hovudpunkt.
(11)Domfellinga av dei tre omfattar grove tjuveri av i alt 69 påhengsmotorar, innbrot i 4 naust med forsøk på tjuveri derifrå og dessutan 8 hytteinnbrot. Desse handlingane vart gjorde i tre periodar i 2009: midt i juni, i slutten av august og i september.
(12)Tjuveria av påhengsmotorar gjaldt motorar i ein storleik frå 4 Hk til 100 Hk. Det var klipt av kjettingar og leidningar i den grad dette var nødvendig for lett å kunne ta med motorane. Det er lagt til grunn at når det ikkje skjedde tjuveri frå nausta, er det fordi dei domfelte ikkje fann noko som dei ville ta med. Frå hyttene vart det teke ein del innbu av ulikt slag, og det vart i tillegg gjort skade på hyttene.
(13)Tjuveria i september gjaldt 12 båtmotorar i Gulen. Om dette skriv tingretten: ”Alle motorane er komne til rette, og etter vitneforklaringar ville det koste 4-500.000,- kr. å kjøpe brukte motorar av tilsvarande storleik og årgang som dei som var tekne. Ein del utstyr som slangar, lås osv er ikkje kome til rette, og det er ikkje nærare opplysningar om samla verdi på det som er øydelagt.”
(14)For Høgsterett er det opplyst at tjuveria samla gjaldt verdiar på rundt 1,5 millionar kroner. I tillegg kjem dei materielle skadane som vart valda på båtar, naust og hytter.
(15)A reiste tre gonger til Noreg saman med dei to andre domfelte i denne saka – og ein vekslande fjerdemann. Lagmannsretten har lagt til grunn som bevist at føremålet med turane var å stele påhengsmotorar som skulle fraktast ut av landet. Utbytet frå to av turane er lagt til grunn å vere frakta ut av landet, og lagmannsretten uttalar at det store omfanget ”indikerer at det også er tilstede et salgsledd som sørger for avsetning av tyvegodset”.
(16)Domfellinga av A omfattar også brot på straffelova § 185 andre ledd – forfalsking av eit polsk legitimasjonskort tilhøyrande ein annan person – og brot på straffelova § 333 ved å ha opplyst falsk namn overfor politi og tingrett i saka her.
(17)Lagmannsretten sette straffa for A til fengsel i tre år og åtte månader etter at det var gjort frådrag for ein tilståingsrabatt med seks månader. Det inneber at lagmannsretten har lagt til grunn at straffa utan frådraget ville ha vore på fire år og to månader.
(18)Ved straffutmålinga tek eg utgangspunkt i avgjerda i Rt. 2000 side 2030. To tidlegare straffa polske statsborgarar vart dømde for tre grove tjuveri frå urmakarforretningar. Dei hadde nytta bilar som rambukkar, og fått med seg samla verdiar for vel 1,9 millionar kroner. I dommen er det uttala: ”Etter min mening skiller denne saken seg fra tidligere saker i Høyesterett om grove tyverier av betydelige verdier. Gjerningsmennene er utlendinger som under falsk identitet har kommet til Norge nettopp for å begå grove tyverier, og som umiddelbart forlater landet med utbyttet. Det må legges til grunn at de domfelte hadde kontaktnett for omsetning av stjålne ur. Straffbare forhold av denne karakter og omfang må medføre langvarig fengselsstraff.”
(19)Straffa for dei to vart sett til fengsel i tre år for den eine og i to år og åtte månader for den andre.
(20)Også i vår sak er det tale om det som kan kallast mobile vinningskriminelle, som kjem raskt inn i landet, og som forsvinn like raskt både sjølve og med utbytet. Slike handlingar utgjer eit alvorleg strafferettsleg problem som det er nødvendig å reagere strengt mot.
(21)Dommen frå 2000 gjaldt borttaking av noko større verdiar enn i vår sak. Samtidig var det langt færre tilhøve – tre mot i overkant av sytti. Det må tilleggjast vekt i seg sjølv at talet på strafflagde handlingar er så stort som no, jf. her også det som er uttala i Rt. 1997 side 1976. Ikkje berre er talet på tjuveri og innbrot stort, men det har også skjedd systematisk ved tre opphald her i landet og over ein relativt lang periode.
(22)I vår sak kjem det også inn at det er privatpersonar som er fornærma. Særleg innbrota i hytter er klare krenkingar av den private sfæra. Men også innbrota i naust og tjuveri frå båtar og bryggjer inneber merkande krenkingar for dei mange som er råka av dette. Utbetring av skader kan – ut over det økonomiske – også føre til ulemper. I praksis må nok også mange kjøpe ny motor i ein situasjon der den brukte var fullt ut tenleg.
(23)Lagmannsretten kom til at det ikkje var grunnlag for domfelling etter straffelova § 60 a om handlingar som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe. Graden av profesjonalitet og organisering er likevel moment i straffeutmålinga. Praksis frå før vedtakinga av § 60 a vil her måtte vidareførast.
(24)Eg legg vekt på at dei tre domfelte var saman om den kriminelle aktiviteten, som var godt planlagd og organisert i førekant. Mellom anna hadde dei eigna køyrety og nødvendig verkty. Dei ordna seg med rekognosering, GPS-merking og depot for tjuvegods.
(25)A har ein dom frå 2007 for tjuveri av påhengsmotorar i Sverige. Han vart der dømd til ei straff av fengsel i åtte månader for tjuveri som gjaldt båtmotorar med verdi 330 000 svenske kroner. Dommen understrekar det planlagde ved handlemåten i saka no.
(26)Det er frå domfelte gjort gjeldande at omsynet til helsa hans tilseier nedsetjing av straffa. Opplysningane er ikkje dokumenterte. Under alle omstende er dette vurderingar som mest tenleg kan gjerast av kriminalomsorga.
(27)Dei omstenda som eg no har gjort greie for, gjer såleis at straffa i vår sak bør setjast ein god del høgare enn i 2000-dommen. På same måte som lagmannsretten meiner eg at straffa i utgangspunktet bør setjast til fengsel i fire år og to månader.
(28)Det vart av lagmannsretten gitt ein tilståingsrabatt på seks månader. Spørsmålet om utmålinga av denne er ikkje teke opp i Høgsterett av nokon av partane. Etter omstenda går eg då ikkje inn på det.
(29)Frådraget for varetekt skal no vere 590 dagar.
(30)Eg røystar etter dette for slik D O M : Anken blir forkasta. Til frådrag ved fullbyrdinga går 590 – femhundreognitti – dagar for varetekt.
(31)Dommer Bårdsen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(32)Kst. dommer Akerlie: Likeså.
(33)Dommer Møse: Likeså.
(34)Dommer Skoghøy: Likeså.
(35)Etter røystinga sa Høgsterett slik