Dommarane Utgård, Stabel, Matheson
(1)Saka gjeld kravsmål om omgjering for avvisingsorskurd gitt med urette og anke over lagmannsretten si fastsetjing av salær til forsvarar i straffesak for tingretten.
(2)Advokat Erling Moss var oppnemnd som offentleg forsvarar i ei straffesak for Rana tingrett og fekk salæret fastsett etter stykkpris. Moss anka vedtaket til Hålogaland lagmannsrett, som forkasta anken i orskurd 12. oktober 2010.
(3)Moss anka lagmannsrettens orskurd vidare til Høgsterett. Anken er datert og sendt per e-post 19. november og per post 22. november 2010. Kvittering for mottak av forkynning er signert av advokat Erling Moss og av han datert 18. oktober 2010.
(4)Høgsteretts ankeutval avviste anken i orskurd 4. februar 2011 (HR-2011-00268-U).
(5)Advokat Erling Moss har kravd omgjering. Moss gjer gjeldande at ankefristen ikkje gikk ut 18. november 2010. Han viser til at lagmannsretten sette 22. oktober 2010 som forkynningsdato.
(6)Høgsteretts ankeutval viser til at det ikkje er høve til omgjering, men at kravsmålet kan behandlast som eit kravsmål om oppfrisking, jf. Rt. 2010 side 510. Kravsmålet om oppfrisking blir teke til følgje.
(7)Ankeutvalet, som berre kan prøve lagmannsrettens saksbehandling og lovtolking, jf. tvistelova § 30-6, finn det samrøystes klart at anken ikkje kan føre fram. Anken blir derfor forkasta i medhald av tvistelova § 30-9 andre ledd.