Dommarane Utgård, Bårdsen, Sandberg, Normann, Tjomsland Saken gjaldt utmåling av oppreising til den krenkte med heimel i skadebotlova § 3-5 første ledd, jf. § 3-3 i sak om grov menneskehandel. B var funnen skuldig i brot på føresegnene om menneskehandel i straffelova § 224, ved at ho hadde fått A hit til landet ved bruk av falske dokument og falske påskot om kva føremålet skulle vere. A vart pressa til å skaffe seg inntekter ved prostitusjon, og hindra frå å kome ut av denne. Ho vart såleis fråteken personlege dokument, og ho vart mishandla og truga. Dette skjedde over ein periode på sju månader. B var i lagmannsretten dømd til ei straff av fengsel i 3 år og 2 månader, og av dette kunne om lag 3 år reknast å gjelde menneskehandel. Den utmålte straffa var eit moment når oppreisinga skulle fastsetjast. Høgsterett drøftar i dommen jamføring med typar av seksuallovbrot og familievald, men fann ikkje at samanlikning var nærliggjande. Det var likevel ei viss støtte i oppreisingsbeløpa ved desse handlingane. I saka var det tale om menneskehandel i ei form som innebar ei svært total krenking, som var langvarig og omfattande. Oppreisingsbeløpet vart sett til 150 000 kroner.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld utmåling av oppreising til den krenkte med heimel i skadebotlova § 3-5 første ledd, jf. § 3-3 i sak om grov menneskehandel.
(2)B vart 11. september 2008 sett under tiltale for grov menneskehandel ved at ho ved utilbørleg åtferd hadde utnytta A til prostitusjon over ein periode på sju månader, jf. straffelova § 224 første ledd, jf. fjerde ledd. Seinare – for lagmannsretten – vart dette endra til også å omfatte det å leggje til rette for slik utnytting, jf. straffelova § 224 andre ledd. Både den tiltala og den krenkte er frå X. Tiltalen gjaldt også såkalla databedrageri ved bruk av kredittkortinformasjon frå stolne eller forfalska kredittkort til kjøp av flybillettar over Internett, jf. straffelova § 270 første ledd nr. 2, jf. andre ledd. Også andre tilhøve, som ikkje har ført til domfelling, var med.
(3)Bergen tingrett sa 22. desember 2008 dom, som for straffespørsmålet hadde slik domsslutning: ”B, født 16.06.1977, dømmes for overtredelse av strl. § 224 fjerde ledd, jfr første ledd bokstav a, strl. § 229 første straffalternativ jfr. § 232 og strl. § 270 første ledd nr. 2 jfr annet ledd til en straff av fengsel i 4 – fire – år. Hun tilkommer fradrag for utholdt varetekt med 302 – trehundreogto – dager.”
(4)B vart dømd til å betale A oppreising med 200 000 kroner og skadebot for tapt inntekt med 400 000 kroner.
(5)Dommen vart anka til Gulating lagmannsrett, som 24. juni 2009 sa dom med slik domsslutning: ”B, f. 16.06.1977, dømmes for overtredelse av straffeloven § 224, 1. ledd bokstav a), jfr. 2. ledd bokstav a), jfr. 4. ledd, og straffeloven § 270, 1. ledd nr. 2, jfr. 2. ledd, til fengsel i 3 – tre – år og 2 – to – måneder. Til fradrag i straffen går 486 – firehundreogåttiseks – dager for utholdt varetekt, jfr. straffeloven § 60.”
(6)I ei særskilt orskurd før dommen i lagmannsretten var domfellinga for brot på straffelova § 229, jf. § 232 oppheva og saka avvist for denne tiltaleposten.
(7)Gulating lagmannsrett sa tilleggsdom 17. mars 2010 med slik domsslutning: ”1. B, f. 16.06.1977, betaler i oppreisning kr. 100.000 – kroneretthundretusen – til A innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne dom. 2. B, f. 16.06.1977, tilbakebetaler kr. 400.000 – kronerfirehundretusen – til A innen 2 – to – uker fra forkynnelse av denne dom.”
(8)A har anka tilleggsdommen til Høgsterett. Anken gjeld storleiken på oppreisingsbeløpet. Avgjerda om tilbakebetaling er ikkje anka.
(9)Ankeparten – A – har gjort gjeldande at oppreisingsbeløpet er sett for lågt av lagmannsretten, og at det skulle ha vore på 200 000 kroner slik tingretten kom til.
(10)Det er tale om eit grovt brot på forbodet mot menneskehandel, ved at ho vart utnytta til prostitusjon over ein periode på sju månader. Menneskehandel er eit alvorleg brotsverk, noko som også kjem fram ved at dei norske reglane er tekne inn i lova som følgje av norsk tilslutning til FN-konvensjon.
(11)Handlinga kan ikkje utan vidare samanliknast med valdtekt. Særleg kjem det då inn at det er tale om ei svært langvarig krenking som ikkje berre omfattar seksuell utnytting, men også element som vald og plassering i eit heilt framandt miljø. Ved fastsetjinga av oppreisingsbeløpet må det leggjast stor vekt på at slik handling vanlegvis vil ha store skadeverknader, også på lang sikt, for den krenkte.
(12)A har sett fram slik påstand: ”B dømmes til å betale oppreisningserstatning til A fastsatt etter rettens skjønn oppad begrenset til kr. 200.000,-.”
(13)Ankemotparten – B – har gjort gjeldande at det ikkje er grunnlag for å auke oppreisingsbeløpet ut over 100 000 kroner, som var det lagmannsretten kom til.
(14)Ved utmålinga kan det vere grunn til å samanlikne med andre krenkingar med tilsvarande strafferamme og utmålt straff. Samanlikning med nivået ved valdtekt vil då vere nærliggjande. Valdtekt må vurderast som eit alvorlegare brotsverk enn menneskehandel, og gir oftast strengare straff. Spennvidda i saker etter straffelova § 224 er likevel stor, slik at dette vil måtte variere. I vår sak kan det reknast med at straffa for menneskehandel isolert sett er tre år eller litt over det, og det er under det som i dag blir gitt i svært mange saker om valdtekt.
(15)Det er også spørsmål om kva for rolle vedkomande hadde i utføringa av handlinga. I dette tilfellet må det reknast med at det stod nokon bak, som hadde organisert det heile.
(16)B har sett fram slik påstand: ”Anken forkastes.”
(17)Eg går så over til å gi uttrykk for mitt syn på saka.
(18)Skadebotlova § 3-5 gir heimel for skadebot – oppreising – for skade av ikkje-økonomisk art etter mellom anna domfelling for brot på straffelova § 224 om menneskehandel. Gjerningspersonen kan då påleggjast ”å betale den fornærmede en slik engangssum som retten finner rimelig til erstatning (oppreisning) for den voldte tort og smerte og for annen krenking eller skade av ikke-økonomisk art”.
(19)Oppreisinga har dels ein pønal karakter. Men oppreisinga er ikkje minst grunna på at det skal givast ein kompenasjon – ei skadebot – for eit ikkje-økonomisk tap. Oppreising har også ein ideell funksjon i å uttrykkje sterk samfunnsmessig misnøye med den skadegjerande handlinga, jf. HR-2010-01742-A avsnitt 38. Det kan nok også vere andre omsyn som kjem inn. Eg går ikkje nærare inn på dette, og seier heller ikkje noko om kva vekt dei ulike omsyna vil ha reint allment.
(20)Som det går fram av det partane har gjort gjeldande, er det ikkje omtvista at det er grunnlag for oppreising. Saka gjeld dermed utmålinga. Før eg går konkret inn på den, skal eg seie litt om det straffebodet som ligg til grunn for oppreisingsansvaret i saka og dernest om den handlemåten som utmålinga må byggje på.
(21)Straffelova § 224 første ledd omfattar svært ulike tilhøve som har det til felles at ein person blir utnytta ved utilbørleg åtferd. Etter bokstav a er utnytting til prostitusjon eit alternativ, og det er det som er aktuelt i saka no. Men utnytting kan også skje til andre føremål, så som tvangsarbeid eller tvangstenester, medrekna tigging, til krigstenester i framande land og til fjerning av vedkomande sine organ. Det er såleis eit vidt spenn i dei handlingane som blir omfatta.
(22)Straffelova § 224 andre ledd rammar på nærare vilkår den som legg tilhøva til rette for slik utnytting som er omhandla i første ledd.
(23)Menneskehandel til utnytting til prostitusjon er eit stort og veksande problem. Ikkje minst er dette tilfelle som følgje av markerte økonomiske og sosiale forskjellar mellom land. Straffelova § 224 vart gitt ved lov 4. juli 2003 nr. 78, som hadde som bakgrunn norsk tilslutning til FNs konvensjon av 15. november 2000 om grenseoverskridande organisert kriminalitet og tilknytt protokoll om menneskehandel mv, jf. nærare i Rt. 2006 side 111. I den saka vart det uttala følgjande i avsnitt 47: ”Forarbeidene til straffeloven § 224 og § 60 a gir generelt uttrykk for at disse lovbruddene er alvorlige. Flertallet i Stortingets justiskomité uttalte således at ”[h]andel med mennesker er en kynisk utnyttelse av fattigdomsskapt sårbarhet som i første rekke rammer kvinner og barn” og at ”vi her snakker om en alvorlig form for profittmotivert og organisert kriminalitet som truer de mest grunnleggende prinsipper om menneskets verdi”, jf. Innst.O.nr.118 (2002-2003) s. 9.”
(24)Straffutmålinga i saka er endeleg avgjort gjennom lagmannsrettsdommen. Samla straff der vart fengsel i tre år og to månader. Det må kunne leggast til grunn at straffa for menneskehandel isolert sett ville ha vore rundt tre års fengsel. Den faktisk utmålte straffa er eit moment når oppreisinga skal fastsetjast.
(25)Eg skal no gå over til å sjå på dei nærare omstenda ved det B er funnen skuldig i. Om dette heiter det i lagmannsrettsdommen: ”I Italia måtte fornærmede gi fra seg passet til en for henne ukjent mann, og ble så introdusert for tiltalte, som hadde reist fra Norge til Milano 04.03.2007. Av tiltalte ble hun utstyrt med billetter og et annet pass – som verken inneholdt hennes bilde eller riktige opplysninger for øvrig. Sammen med en tredje kvinne reiste tiltalte og fornærmede fra Milano med fly 06.03.2007, og ankom etter noen dager Y via København, Gøteborg og Oslo. Etter at fornærmede var kommet til Norge, måtte hun gi fra seg passet til tiltalte, og ble fortalt at hun nå skyldte et meget betydelig pengebeløp for den hjelp hun hadde fått til å gjennomføre reisen. Videre ga tiltalte instruks om at denne gjelden måtte betales med kr 25.000 pr. uke. Tiltalte ordnet bolig for fornærmede sammen med seg selv og andre … prostituerte, i alt på tre forskjellige adresser. Fratatt sine papirer, i et på alle måter fremmed land, og helt uten reelle valgmuligheter, fant fornærmede i den foreliggende situasjon ingen annen utvei enn å følge tiltaltes tilskyndelse om å skaffe penger ved prostitusjon. Fornærmede ble kort tid etter ankomst Y vist stedet hvor hun skulle gå for å finne prostitusjonskunder. Med få og korte avbrudd solgte fornærmede deretter seksuelle tjenester tilnærmet daglig i Y inntil hun ble pågrepet 08.10.2007. Foruten å bli oppsøkt av kunder på gaten, besørget tiltalte også tatt nakenbilder m.v. av fornærmede som ble lagt ut på internett-sider med nærmere kontaktdata. Ved de tilfeller fornærmede ikke klarte å betale kr 25.000 pr. uke utsatte tiltalte henne for slag mot kroppen ved hjelp av en kjepp eller stokk som medførte betydelig smerte og bloduttredelser. Videre truet tiltalte fornærmede med at dersom hun ikke betalte gjelden raskt nok ville fornærmedes familie i X bli informert om hva hun drev med og bli utsatt for represalier. … ”
(26)Domfellinga av B gjaldt både § 224 første ledd bokstav a og § 224 andre ledd bokstav a. I premissane i straffedommen har lagmannsretten summert opp det B vart funnen skuldig i, på følgjande vis: ”Samlet sett er det således funnet bevist at tiltalte har utnyttet fornærmede til prostitusjon gjennom både vold, trusler rettet mot fornærmede selv og hennes familie, samt gjennom misbruk av fornærmedes sårbare situasjon etter at hun var ankommet Norge, blitt fratatt reisedokumenter/identifikasjon, og var uten nevneverdige egne midler, jfr. strl. § 224, 1. ledd bokstav a). Videre omfatter domfellelsen overtredelse av strl. § 224, 2. ledd bokstav a), for så vidt tiltalte la til rette for den etterfølgende utnyttelse ved å utstyre fornærmede med reisedokumenter og å ta henne med til Norge under falske foregivender om hva oppholdet der ville innebære. Overtredelsen er grov særlig på grunn av utbyttets størrelse som nevnt, jfr. strl. § 224, 4. ledd.”
(27)Eg går så over til å sjå på utmålinga av oppreisinga. Som det går fram av det eg har sagt om innhaldet i straffelova § 224, gjeld denne paragrafen menneskehandel innanfor eit vidt spekter av handlingar. Det er ikkje etablert noka norm for nivået i desse sakene, heller ikkje for visse typar av dei, og det er då etter mitt syn mest tenleg no å vurdere utmålinga konkret ut frå omstenda i saka. Det er behov for noko meir omfattande praksis før det eventuelt vil vere naturleg å fastsetje ei rettleiande norm for utmålinga i enkelte typetilfelle.
(28)Tilhøvet i vår sak er graverande. Det er i straffedommen lagt til grunn at domfelte tok den krenkte med til Noreg med falske reisedokument og med falske påskot om kva føremålet skulle vere. Og i Noreg vart den krenkte hindra i å kome ut av prostitusjonen, gjennom ulike utilbørlege handlingar. Ho var åleine i eit framand land der ho ikkje kunne språket og var utan noka form for personlege dokument, ho vart mishandla og truga. Samtidig vart ho altså pressa til å skaffe seg inntekter gjennom prostitusjon. Dette varte i sju månader. Dei nærare omstenda går fram av det eg har sitert frå lagmannsrettsdommen.
(29)Straffa for B kan som nemnt vurderast til fengsel i om lag tre år for det som gjaldt menneskehandel. Det er ikkje spesielt høgt samanlikna med det som i dag er nivået ved domfelling til dømes for valdtekt. Straffutmålinga i vår sak i seg sjølv kan ikkje grunne ein høgare sum i oppreising enn det som er tilfelle ved valdtekt, der det fram til no har vore oppstilt ei norm på 100 000 kroner, jf. Rt. 2003 side 1580 og Rt. 2008 side 50. Men som eg kjem til, er ikkje ei slik samanlikning nødvendigvis særleg treffande. Ein viktig skilnad er at krenkinga ved menneskehandel gjerne er meir langvarig.
(30)Eit anna mogeleg samanlikningsgrunnlag kunne vere oppreisingsbeløpa i sak med langvarige overgrep mot mindreårige barn. Også slike overgrep vil kunne gå føre seg i årevis, og det er gjerne lite barna sjølve kan gjere for å kome ut av situasjonen. For desse sakene er det inga fast norm, og det har i ei særleg alvorleg sak der straffa var sett til fengsel i ni år, vore fastsett beløp opp til 150 000 kroner og 300 000 kroner, sjå Rt. 2005 side 1766. Men både tilhøva og beløpa vil nok her variere mykje.
(31)Familievald er ei form for krenking som kan strekkje seg over svært lang tid. Men også her er det tale om så ulike situasjonar at det er vanskeleg å trekkje eintydige samanlikningar. Eg nemner likevel at det i Rt. 2007 side 1537 vart fastsett oppreising med 60 000 kroner i ei sak der straffa var sett til fengsel i eitt år.
(32)Menneskehandelen i vår sak er vurdert som grov av lagmannsretten, og det er uttala at dette særleg er på grunn av storleiken på utbytet. Som framheva i Rt. 2006 side 111 avsnitt 50 har domfelte sine handlingar i slike saker viktige trekk til felles med økonomisk kriminalitet, som blir straffa strengt fordi oppdagingsrisikoen er avgrensa og fordi ein er på eit område der straffa må reknast å verke avskrekkande. Det som er sagt om straff, bør eit stykke på veg også gjelde oppreising. Som eg var inne på, byggjer ordninga med oppreising dels på pønale synsmåtar.
(33)Når eg skal gi uttrykk for kva eg meiner gjerningspersonen bør bere, finn eg ei viss støtte i praksis ikkje minst når det gjeld oppreisingsbeløpa ved seksuallovbrot og familievald. Men det er likevel slik at det er avgrensa kor langt parallellane rekk. Menneskehandel er, som uttrykket viser, ei svært total krenking. Krenkinga i vår sak var – som eg tidlegare har gjort utførleg greie for – langvarig og omfattande.
(34)Etter dette er eg komen til at oppreisinga til A bør setjast til 150 000 kroner.
(35)Eg røystar for slik D O M : B betaler 150 000 – eitthundreogfemtitusen – kroner i oppreising til A innan 2 – to – veker frå forkynninga av denne dommen.
(36)Dommer Bårdsen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(37)Kst. dommer Sandberg: Likeså.
(38)Dommer Normann: Likeså.
(39)Dommer Tjomsland: Likeså.
(40)Etter røystinga sa Høgsterett slik